- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
15

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

28de Januar 1882.

Fedraheimen.

Og so fekk dei stansat denne Seljings
Aygjerdi.. Storthinget vil faa Takk
og Æra for, at dei her lagde seg
imillom. Men dei vil ingi Æra faa
dei, som raada Kongen til gagnlause
elder skadelege Avgjerder.

Men so lengje det hjaa vaare Stor-
folk er so lite Agt og Æra for vaare
gamle gode Ættemerkje, som det var
hjaa deim, som raadde Kongen til aa
selja gamle Bispegarden, so lengje
tor me ikkje vona, at dei vil skjem-
mast av vaart Hovudstadsnamn. Men
me fær tru, at den Tid vil koma vo-
nom snarare, at dei finna, at dette
Namn er leidt paa mange Maatar, og
at dei vil taka i Bruk att det gode
gamle Namnet Oslo. Det heve no
full historisk Rett. Det heve altid
voret ein Forstad, som dei kallade
Oslo (elder Gamlebyen), og den er no
vaksen i Hop med heile Byen. Og. det
er. soleis no Byens gamle Namn.
Det vilde væl ganga for seg, aa setja
Oslo istadenfor Kristiania som Prente-
stad paa Bøkar og Blad o. s. v.

(Meir.)

mor ær

Irland.
(Av Sir Roland Blennerhassett.)

Den 27de Februar 1798 um Etter-
middagen stana tri Menner framfor
ei Vertshusdyr i Margate og bad um
Hus um Notti. Dei kalla seg Oberst
Morris, Kaptein Jones og Hr. Williams,
sae at dei kom fra Whitestable og
hadde med seg ei Vogn full av Reise-
saker. Føraren for dei gav seg til
aa røda med Tjenararne i Vertshuse,
og fortalde, at i Whitestable hadde
dei tri Ferdafolki tinga med Baat-
folk um aa bli sett over Kanalen til.
Vliessingen i ein liten Farkost. Men
daa Prisen, dei kravde for Overset-
jingi, var altfor høg, hadde dei fram-
ande no stræva for aa faa ein Baat i
Margate, men dei hadde ingen fengje
endaa. Denne Samrøda fekk Folk
til aa tenkja baade det eine og det
andre; some meinte, at dei ukjende
var Tollsvikarar, ettersom dei vilde
over so dult, andre trudde for vist, at
det var andre løynlegare Ting, dei
for med; baade det fine Lage deira og
andre Ting tydde paa noko slikt. Den
lange Veterkvellen gjekk med til Røda
um dette Hende, og fyrr Natti hadde
Politie og fengje høyra um dei løyn-
same Framandfolki. Neste Morgonen,
daa dei tri fekk seg Mat, kom tvo
Politifolk inn i Rome deira og spurde
dei um fleire Ting. Svari deira vilde
ikke Politikaranne lata seg nøgje med,
og dei tok so paa aa sjaa igjenom
Sakenne deira. Kappa aat Kaptein
Jones var det fyrste, som dei tykte
burde ransakast, og 1 ei av Lum-
unne fann dei eit Brev, som var skrive
til det franske Direktorium. Dei opna
det og saag at det inneheldt ei Upp-
maning til det franske Styre um aa
byrja ein Krig med dei brittiske Øy-
anne; det vart daa lova, at naar franske
Herfolk kom i Land i Irland, skulde
det vera Teikn til ei Uppreist; for
Fridomens helige Eld — stod det,
etter den høgtflygande Maaten, dei

daa skreiv paa — vilde fata paa en-

=

gelsk Grunn og; Venerne deira i Eng-
land, Skotland og Irland var fulle av
Lengting etter aa fagne den unge
Kjempa aat den italiske Heren og
dei gjæve Karanne hans paa el eigi
Strand.

Dei tri Framandfolki vart straks
sett fast, og baade dei og Sakerne
deira vart sende til London. Der vart
dei torhøyrde av Statssekretæren, Her-
tugen av Portland. Under Forhøyre
synte det seg, at Williams var ein
vidkjend engelsk Rothoggar, som heitte
Binns, Jones var ein romersk-katolsk
Prest, O’Coigly, og Morris var Arthur
O’Connor, Medlim av det irske Parli-
amente (Stortinge), vald i Landsbyen
Phillipstown i Kings County. Um Sum-
aren 1790 vart han vald paa same
Tid som Robert Stewart — seinare
Lord Castlereagh — vart send til
Parliamente fraa Greivskape Down,
og Arthur Wellesley — seinare Lord
Wellington — fråa den litle Byen Trim
i Greivskape Meath. O’Connor var
Systerson og Erving aat Lord Longue-
ville; han var den mest radikale Med-
limen i Parliamente, og fekk snart
Augo aat alle paa seg. Alt i Marts
1791 skilde han seg fraa Grattan og
negta aa vera med paa noko Slag
Reformering, avdi Reform berre kunde
friske uppatt Adelen, som var Skuld
i heile Ulukke-Styre i Irland, heilt
sia England tok det.

I Aare 1696 gjekk han inn 1 Sam-
lage ”dei sambundne Irlendarne” paa
same Tid som Lord Edward Fitzgerald;
han vart den idugaste Mannen 1 dette
Samlage; Medlimerne 1 dette vigde
seg med ein høgtideleg Pid til aa ar-
beide for heilt aa skilje Irland fraa
England og skapa ein irsk Republik,
der Menneskerettenne og Læra um
Samfundspakti skulde vera Grunnlaget.
Til alle desse Ting hadde Styre baade
i Dublin og London full Kjennskap.
Alt i Oktober 1797 hadde dei full
Greie paa alt, som det franske Styre
og Revolusjonsnemndi i Irland hadde
millom seg; dei visste, at Lord Fitz-
gerald og O’Connor hadde haft eit
Løyn-Møte med Hoche i Sveits; dei
kjennde dei, som hadde freista paa aa
faa, sett Herfolk i Landi Irland. Um
Morgonen den 16de Desember 1796
siglde ein Flaate ut fraa Brest, og
det kunde vorte ei faarleg Sak for det
engelske Velde, um ikkje ein gruseleg
Storm hadde hindra Landingi um Jole-
dagen. Dei franske Skipi kom fraa
kvarandre og drog heimatter. Det
engelske Styre kjende ogso baade
Namni og Tankarne aat dei, som
dreiv paa Hollendaranne, at dei skulde
sende ein Her til lrland, og som og
fekk Holland inn paa ein Politik, som
slutta med, at Admiral Duncan øyde-
lagde heile den hollandske Sjømagti
den ilte Oktober 1797, Camperdown-
Dagen, som gav Holland so tung ein
Lagnad.

Nettupp Ettermiddagen fyrr Ar-
thur O’Connor og dei tri Fylgjar-
anne hans vart sette fast, hadde Styre
i Dublin fengje overlag skræmande
Tidender. Dei fekk høyre for vist,
at trass i alt Stræve, dei hadde haft,
for aa taka Vaapni fraa Folke, hadde
ikkje mindre enn 279,896 Mann sagt

seg ferduge til aa taka Vaapen, naar
den irske Reyolusjonsnemndi sae ifraa.
Greivskapenne Carlow, Meath, Wick-
low, Kerry, Down og Antrim var heilt-
upp ferduge til Uppreist, og dei sam-
bundne hadde sine Runer ute endaa i
Slotte i Dublin.
enn det daa laag paa dei Menn, som
var tilsette aa tryggje Irland, læt seg
mest ikkje finne i Soga. Dei hadde
ikkje meir enn 40,000 Mann aa gjera
med; og berre ein Part av desse var
øvde Herfolk; største Mengdi var upaa-
litelegt Landvern, som heldt med Re-
volusjonsmennene. Med desse skulde
dei stagge eit Folk, som for største
Parten var Fiendar, og som dertil
hyste ein stor Flokk ferdug til aa
gjera Uppreist, nåar Teikne vart gjevi
og Hjelpi utanfraa kom.

Men Irland vart berga, daa det
i Brodden for Styre stod ein Mann
med Mod, som var ubøygjande og som
hadde ei Kraft, som aldri kvilde, og eit
større Kjennskap til Sakenne, enn alle
andre. Eg trur ikkje den Dagen er
langt burte, daa Irland vil minnast
John Fitzgibbon, Jarl av Clare, som
ein av dei største bland Sønenne sine.

(Meir.)

Om Krossen.
(Etter B. Sehmolekj.

Te større Kross, te nærar Himlen.
Tidt gløymest Gud, naar utan Naud
Ein tumlar seg i Hcimsens Svimlen,
Ei andsar Helvit, Synd og Daud.
Men sæl den Mannen haldast maa,
Som Herren legger Trengslor paa.

Te større Kross, te betre Kristne.
Gud stryker oss paa Prøvestein.

So mange Aakrar vorto visne,

Naar Storm og Regn var altfor sein.
Som Gull i Elden prøvast maa,

I Trengslor me vaar Prøva faa.

Te større Kross, te sterkar Trui.

Ho veks som Tre i Storm med Kraft.
Og pressast maa ei mogi Drue,

Fyrr ho kann gje si søte Saft.

I Trengslor Trui trivast kann,

Som Perlor trivst i Salthavs Sand.

Te større Kross, te større Kjærleik.
I Vind ein Loge brusar hardt.

Er Lufti tung af myrkast Verleik,
Strakst smilar Soli ljos og bjart.
Som Eld av Ylja Næring fær,

So Krossen Kjærleiks Styrkje er.

Te større Kross, te fleire Bøner.

Dei knuste Kryddor giva Smak.

Ein Skipar best paa Godver skyner,
Naar Stormen teker sterkast Tak,
Naar Trengslor trengde David mest,
Daa klang hans Song og Harpa best.

Te større Kross, te kjærar Dauden.
Han vert ei trygg og sikker Hamn
I Uvers-Stormom og i Naudenn?,
Og Løysing er hans rette Namn.
Paa Gravi Krossen stend til Slut
Til Teiken, at du hev stridt ut.

Te større Kross, te fagrar Kruna.
Imillom frelste Menn*skjors Tal
Forgangast aldri skal den Bunad,
Som oss i Himeln pryda skal.

Dei Skattar, som me der skal faa,
Gjer alle Trengslor her so smaa.

Krossfeste Jesus! Hjelp meg bera
Med Tolmod Krossen etter deg!
Lat den av alt meg kjærast vera!
Og planta Hjartat so i meg,

Det Tru og Von og Kjærleik faar,
Til Kruna yver Krossen staar!

Eit større Ansvar,

Til aa tenkja paa
fyr Fædrelandet m. fl.

Eg høyrde her um Dagen ein Mann
sagde um Kjellands Bok ”Arbeidsfolk”,
at det ikkje var rett soleis aa avbylja
Samfundets Brester. Eg kom til aa
tenkja paa detta. Er dei verkeleg so
rædde fyr aa avhylja Samfundets Bre-
ster? Svaret vert nok ikkje altid
eins, for det skil, kva for Samfundslag
Tala er um. Det er vist, at naar det
gjeld dei sokallad lægre Samfundslag,
er dei slett ikkje rædde fyr aa draga
fram dei Skuggesidurne, dei kann finna
der. Daa segjer dei: ein skal halda
seg til Sanningi, Syndi skal ein aatala
og refsa, ein skal ikkje gjøla fyr Aal-
mugen o. s. fr. Eg hugsar mill. a.
at det ei Gong hev stadet i ”Fædre-
landet” eit helder langt Uppset, som-
iser skildrad Nattelaupingi i sume av
Landsbygdom vaare, og dette Stykkjet
viste at Sedskaps-tilstandet i desse
Bygdom ikkje var det beste. Inn-
imillom skal eg minna um, at fyrst
ein som Sidestykkje til detta vilde
avhyljæø den Nattelaupingi, som gjeng
fyre seg i sjølve vaar intelligente”
Hovudstad, vilde Skildringi slett ikkje
verta ljosare enn den, som ”Fædrelan-
det” syner oss, men um detta tegjer
dei underleg nokk. Likeins minnest
eg kosso ”Morgenbladet” fleire Gongjer
hev talat um den Raaskapen, Faa-
kunna, Fylleskapen, Ureinska m. m.,
som finst i Landsbygdom. da, slikt
skal dragast fram, det hev: desse
”Raabarkede” godt av aa høyra, for
em skal halda seg til Sanningi og
ikkje gjøla fyr Aalmogen allraminst i
vaar Tid.

Det er annarleis med dei ”høgre”
Samfundslag. Vaagar nokon aa av-
hylja dei Bresterne, som der finst,
so vert Framstellingi hans strakst
stemplad som Forgift, elder um ho
raamar Prestarne, vert ho kallad
”ukristeleg.” I alle Tilfelle segjer dei:
Skildringi er uppskrøyvd, ho er fargad,
ho høver ikkje paa oss o. s. fr. Og
dei varar Folk mot slike Bokmenner,
for dei er ”farlige Folk” som bryt ned
Agen fyr ”Autoriteterne” m.m. Allra-
verst er det um Bokmannen vaagar
draga fram den Sedløysa hell den an-
dre Styggedomen, som kann finnast
paa dei høgste Staderne, t. D. ved
eitkvart Hoff. Me hev ogso nyleg
høyrt den merkjelege Vitnesburden av
Folk, som skulde vera allra mest sak-
kunnige, at um det ikkje etter Logi
er refsande aa skulda Hoffi fyr Sed-
løysa, so bør det vera refsande. Di-
for er det ikkje underlegt, at dei er
so harme paa sume av vaare nyare
Bokmenner, ja endaa slik ein Mann
som Chr. Bruun hev fengjet Illæta
fyr sine Ord, sidan han og hev vaagat
aatala nokre Samfundssynder som dei
helder vilde hava løynt med Tegjings
Kaapa. Og Hr. Bruun kann dei dess-
utan ikkje gjera fraa seg paa den
vanlege Maaten, ved aa reikna hans
Ord til Verkningarne av Vantrui.

Stutt aa segja: Syndii dei ”lægre”
Samfundslagi, ho skal ein aatala og
refsa, for ein skal halda seg til San-
ningi og ikkje gjøla fyr Aalmugen,
men med Syndi i dei "høgre? Sam-.

sg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0017.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free