- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
16

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

16

Fedraheimen.

28de Januar 1882.

fundslag — — aa lat oss berre tegja,
tegja, for ein skal ikkje brjota ned
Agen fyr ”Autoriteterne.” 2.

Tru og Forskning")
”— — I denne ærverduge Forsam-
dingi, i Vedvære av lærde og elska Pre-
star og Lærarar i Kyrkja, liksom av
nokre av hennar visaste og hævaste Sø-
ner — ottast eg ikkje fyr aa’ segja, at
i Sanning den er den plikttrugne, age-
- fulle, sanningselskande Granskaren, som
med kvart Stig inn i Løyndomarne aat
Vitskapen og Openberringi, med aldri
vikjande Auga, med aldri svigtande
Hjarta, men nokk med still Agje, som
ender og daa læt han høyra Slagje av
hans eigje Hjarta — beint fram spyrr:
Kva tyder desse Storsynerne og desse
Kjensgjerningarne og desse Framsynin-
garne?” Kva stend der skrive i Danin-
garne av Naturi og i Mannsens Andlits-
drag og Tala, i dei gamle Forteljingarne
og i den heilage Skrifti” Kva tyder
desse Bergslagi, desse Jordlasi, desse
- Flintesteinarne, desse steingjengne Beini,
desse Leivningarne fraa Tider, som ser
ut til aa liggja fyre all Historia, fram-
gravne ved Manna-hendar hell openberra
ved Guds Fingr — kva segjer dei til
oss desse Tingi? Kva er, | hell kosso skal
ein pgreida det, at dei ser ut til aa mot-
segja ein annan, dei ned-ervde Skrift-
utleggjingarne og Vitnesmaale aat San-
’sarne vaare — paa eine Sida det som
er aalmenn Tru og vedteki Læra, og
paa andre Sida det som vert forkynt av
Vitskapen, Røynsla og Maalgranskingi
aat vaar Tid?

Og den trur ikkje rett paa Maoti
aat Sanningi, som gjeng til desse Gransk-
ingarne med paaverka Dømegaava og
- fyreaat uppgjord Meining, hell som styg-
gjest tilbakars fraa nokor tankerett Slut-
ning, som trottig, sytsam, hugvarm og
agefull Ransakning maatte føra han til
—- berre avdi desse Tankesluttningarne
ikkje synest kunna semjast. med upp-
gjorde Meiningar hell gamle Fraasegner.
Eg meiner slett ikkje, at nokon hell
. nokre skal taka til seg sjølv Doms-retten,
korkje i Naturkunna, hell i Trudoms-
læra, som brestande Kunnskap, hell un-
dermaals Dugleik bell vantande Røyn-
skap kann stengja dei ute fraa — eg
meiner ikkje helder, at dei i noko Fall
bev Rett til aa vanda den Summen av
Visdom og stadfest Røynsla, som Forn-
tidi hev leivt aat oss — eg meiner ikkje
helder, at dei i noko Fall, ikkje eigong
naar dei bykkjest med Retten aa kunna
tala imot ein vedtekjen Lærebygnad (Sy-
stem), skal forkynna for braatt noko,
som større Kunna og djupare Gransking
kann koma til aa paavisa vera urett.
Tvert imot, dei beste andelege Gaavorne,
dei djuptenktaste Vismennerne, dei mog-
naste Lærde hev altid vore mest var-
laatne og tegjalle, — varsame 1 aa draga
. Sluttningar og endaa varsamare 1 aa
forkynna dei. — — — Men eg segjer,
at som Læresveinar og som Lærarar i
«desse Granskingarne, er det Skyldnaden
vaar aa halda oss ifraa, med slapp og
trælsleg Krenkjimg av det Vit Gud hev
gjeve oss, aa kalla noko Menne Meistar
— aa godkjenna nokor Kjennsgjerning,
som me ikkje hev umaka oss med aa
sjaa etter — aa forkynna noko som viss
Sanning, som Sjæli kann kvila og Tan-
kjen finna Trygd i, men som me sjølve
berre hev mottekje fraa andre Hond og
utan eigi Gransking. Allraminst skal

* Ordrag or ei Tala, som Archdeacon
Sandford helt paa eitt Kyrkjemøte i Nor-
wich (i England) Hausten 1865. Bisp
Colenso segjer at det var — — ”Ord
tala i Vedvære av minst tvo Bispar av
vaar (den engelske) Kyrkja og av ei stor
Mengd av Presteskape, og sagde utan
Last (reproof) fraa nokon av dei, endaa
ein Part av Tala maa, trur eg, ha kjenst
som Neising i Hjarto aat sume av dei
som var der (Colenso’s Sermons, 2d
edition, Sida 118.)

kr

me i Dag fordøma Skrifter, som
me ikkje hev lese, hell Læror
som me ikkje hev ransaka, hell
Grunnar, som berre han som
granskar Hjarto kann døma.

Eg spyrr: kva for ei Uppfinning er
nokor Tid gjord, kva for ei Sanning
bev nokosinne kome fram i Ljose, kva
for eit aalment Godende hev nokosinne
vorte til, i Kunst, i Daning, i Sam-
fundsstell, i Trudom — utan Motstand
og Strid? Kor vilde dei ha vore, desse
Vælgjerderne, som Menneskja hov fengje
Heimel paa ved dessa gudlærde Menn-
arne: Newton, Galilei, Kopernik, Jen-
ner, og Fyregangararne aat Trudoms-
lærararne i vaar Tid — kor vilde det
ha vore, dette som me alle mæter fyr
endaa meir ækta og held endaa meir
kjært, Retten og Andsyare aat den sjølv-
Peigne (individuelle) Meiningi, dei upp-
lysande og frelsande Sanningarne i Vang-
ilja, og den ”Fridomen som Kristus hev
gjort oss frie med” — kor vilde sjølve
Kristendomen ha vore, hell daa denna
vart fornedra og formyrkt, kor vilde Ret-
ten aat den reformerte Kyrkja ha vore
— kor vilde dei ha vore, alle dessa aal-
menne Godendi, fyst Motstræve ned
gjenom Tiderne hadde haft Framgonga
i aa tvinga Samvite, kuva Tan-
kjen og maktstela Granskingi?
I Sanning, mennesklege Læror vert rek-
ne eine Dagjen og godkjende den andre,
Kjættaren i Dag er Sannings-kjempa i
Morgon, og i alle Tider hev det hendt
svært mange, at dei hev godkjent fyr
Sanning det, som dei sjølve ei Gong
var med paa aaa strida mot og skjella
fyr Lygn. Det finst visseleg ei Visdoms-
læra, som mei Dag hey høyrt det um,
at ho er ”faafengd”, og ein ”Vitskap,
som berre er falsleg so kalla”, og el
”Kunna, som skapar Storlæta,” liksom
det finst ei Trudomslæra, som lærer oss
aa fordøma Guds Sanning og som for-
kynner det aa vera Guds Bod, som ikkje
er anna en Folks Fraasegner. Men det
finst au ein ”Visdom, som er. ovantil”,
og ein Vitskap, som er Tenar aat Trui,
og ei Kunna som hjelper fram Sjælerne
til Gud, og ein ”Kjærleik, som uppbyg-
gjer” og ”aldri sviktar”. Eg er heilt
yvetydd um, at ”den sanne og uflekka
Trui” er so langt ifraa aa turva ottast
noko av den vaksande Kunnskapen hell
av, at Vitskapen granskar, hell av, at
den upplyste Manna-tankjen er verksam

ytringarne berre vil styrkja Openber-
ringi av Skrifti.

Til ”Fedraheimen?s Redaktør!

Det stend i siste No. av Bladet
Dykkar: ”Hr. Pastor Asperheim bad os
i Stykket sit ifjor um, at me skulde
gjeva ”Fedraheimen” eit nyt Program,
soleis at Bladet attaat det nasjonale og
politiske Stræv tok up det religiøse
Spursmaalet”. Eeg lyt dertil svara, at
slikt nokot hev eg aldri meint. Eg
trur helder inkje, at eg hev sagt det.
De lyt daa fyrst syna os, korhelst eg
hev sagt det. Bø minnad um, at ”Fe-
draheimen” sjølv hadde sett det up som
sit Program aa vera eit nasjonalt-politisk
Blad paa kristeleg Grunn. Bg tvilad,
um Bladet hadde haldet seg etter det Pro-
grammet, og eg freistad paa aa greia ut,
kvifyr eg meinte det, og so bad eg Bla-
det segja fraa, um det heldt fast ved
det fyrste Programme sit elder inkje.

Bladet meinar, at det inkje vilde
vera nokor Mun i aa gjera som eg så.
Det kan so vera det, men Bladet hev
no inkje stor Røynsla i den Vegen. So
tidleg som i 1878 helt Bladet paa aa
verta kalt. Styraren sa daa i Etter-
mælet til P. Hærem, at han inkje var
stød um, at det humane (menneskelege)
og det kristelege samhøvde. Aa segja
slikt var halvt aa gjeva Programmet
upp. Bladet skulde inkje so tidleg hava
freistat oss til Tvilsmaal um, at det helt
sit Program fast; so kunde me no betre

— at eg tvert imot trur, at dessa Liys- |

døma um Frampgangen, det vilde haft
etter Programmet. Eg tykkjest sjaa, at
”Fedraheimen” sjølv ikkje hey godt fyr aa
greia denne Saki. Kristendomen hev
voret fredlyst i Bladet, segjer det; Fri-

tenkjarar faar aldri Lov til aa skriva|

mot Kristendomen der, segjer det. Kot
skal me daa segja um Diktet ”Livs-
njoting”, er daa inkje det helder mot
Kristendomen? Meinar Bladet, at det
inkje hev gjevet Lov til aa skriva
beint fram mot Kristendomen, so gjev
eg Bladet Rett i det; men so kjem me
i Hug det, at ”Fedraheimen” nok fyrr
hev sagt, at ogso Positivismen er my-
kjet snil med den gamle Gubben og
difyr vil lata han sjølvdøy. Difyr kann
ein inkje godt lita seg med det, at
Bladet inkje tek til aa gjeva Kristen-
domen vonde Ord; det lyt ogso halda
burte det, som i seg sjølv er Kristen-
Gomen imot, um det vil staa paa kri-
steleg Grunn. Dette meinte eg, og
dette trur eg, eg sa i Stykket mit. Bg
lyt beda Bladet um aa taka inn dette.
Vyrdnadsfullt

0. Asperheim.

Kristiania, den 27de Januar.

I Frankrike er Folk mykje uppøst
no. Fyrst er det det Forslage til
Grunnlovs-Umbrigding, som Gambetta
hev lagt fram, og som dei enno ikkje
veit, korleids det gjeng med. Baade
han og hine Ministrarne vil taka Arv-
skil, nm Forslaget ikkje vert ved-
tekje. :

So er det myki Ugreide i Bankarne.
Lutbrevi til Sueskanalen hadde Speku-
lantar i 1881 drive upp mang-dubbelt
mot det som stend i deim (500 Fr.).
No rauk det, ein som hadde give 300
Fr. for Breve, hadde skruva Prisen upp
til 38500 og baud no fram 60,000 Brev.
Ingen vilde kaupa, alle vilde selja. Og
so fall Prisen ned baade paa deim og
paa andre Bankbrev, serleg til Banken
”union générale”, som den klerikale
Legitimist Bontoux stend fyre. Denne
Bontoux er det mestsom hev valde heile
Ulukka.
Sueskanalen hev tapt kring 800 Millio-
nar Franks, ”union générale” 300 Mil-
lionar. Mange Folk hev misst heile
Velferdi si.

Etter at dette var skrive, kjem det
Bod um at Folketinget hev sagt nei
til Grunnlovs-Forslaget slik som Gam-
betta hadde sett det fram med Liste-
Røysting ved Vali o. m.

Deretter hev Gambetta tekje
Avskil og alle dei andre Ministararne
med hononm.

Grevy skal hava spurt Leon Say,
Formannen i Senatet, um han vil skipa
eit uytt Ministerium.

Rispur.

Segn (fraa Hallingdal). Det var ein
Mann, Mo— heite han, i Gr— budde han,
rik var han som ein Jøde, til Byen vilde
han med sit Smørlas. Kjeringi totte han
esla att for lite Smør heime; ho lurde daa
fraa Lasset eit Smørstykkje og bar det upp-
under Døsen, til ho fekk gjøyma det. Man-
nen saknad Smørstykkje, daa han til Byen
kom. Med det same misste Kjerringi det
eine Auga. Mannen hadde Svarteboki; det
var difor han var so rik med, maavita.
Denne Soga er skilleg sann; for det er nok
av dei som hev set, at Kjerringi berre hadde
eit Auga.

- Rikdomen til denne Mannen vart ikkje
gamal. Ungarne hans gjorde Ende paa alt
ihop. No er det raka Fant med alt.

Han Jakup Skjefte. (Ved H. Bergh).
Her i Hurumsbygden va dæ i gamall Ti ein
Mann paa Skjefte, eitte Jakup. Han visste

Mange bev lide store Tap.

littevætta meir enn æta se mæt o gjera
Skogsvenda um Dagen, — so no inkji va o
takke hono fere, over dæ han hadde eit Bel
vøre i Finnmarken, o derifraa hadde han
mæ se atte manga taa Kønsto aat Finno.

Dei likte kje meir enn so, at han for
att ifraa dei; men dei lætst inkji noko vale,
dei berre bo’o hono um try Haar taa Huvue
hass; han skjønte nok Fulingadn, han, men
lætst inkje noko vale, han heldan, o ga dei
so try Haar taa eit Røvsskjinn, han hadde
lagt unde Skreppeløke o vidde ha mæ se.

Aa ja, han Jakup laga se te, fortast’ han
kunna, sette paa Heimaattvegen; han la
skjele Vilien ve o tøygde se fram eit gøtt
Snertand, før han va huga te Skjefte att,
maa veta.

Rett so dæ va han stega og gjekk so
alle hardast, to dæ te’nuppe aa dra i Røvs-
skjinne; likevel høkla han paa o let dæ
nykkje, slekt dæ vidde. Men denti dæ lei
paa, to dæ te dra o nuppe so hart, at ner
han Jakup hævde Foten o vidde stige fram,
laut han snøgge se te ta han att o sæta han
paa hi Leie. Der vort han standan midt
paa ville Fjelle, streitte og streitte o sætte
Kruggrygg o vilde fram, men vaaga han se
te lyfte paa Foten, for han likeso snart att-
over so framover. Te Slut to dæ te dre
endaa sterkar i Røvsskinne,iso laa vælihop-
neft unde Skreppereimo; han tvingla attende
over Stokk o Stein o rulla Kobbeskjefte mæ
Skreppun: daa va han sæl han løyfte paa
Løke; men i di sama han slepte Skjinne, for
dæ te bakers so fljøgande Fugl.

E undråst, ko Meisteradn hass tænkte,
denti dæ kom, o han Jakup inkji, før han
stega attpaa, han, o kvilte ikje meir enn
maate, før han sto paa Skjefte i Valdris.

Dette Nr. er det siste, som dei
Tingararne i Amerika fær, som ikkje
hev betalt. Den Mann i Chicago, som
hittils hev vore Kommissjonær for
Bladet, vil ikkje lenger vera det, so
no maa Tingararne senda Bladpengar
til Ekspedisjonen. ForA Dollar fær
dei Bladet i $ Maanar. For Aaret
kostar det i norske Pengar 5 Kr. 30 9.

Lysingar.

Paa mit Forlag er udkommet:

Om Aarsagerne fil Haa-
rets Affald og tidlige Graa-
nen samt Forholdsregler til Forebyg-
gelse og Helbredelse af disse Onder.
Tredie Oplag. Pris 40 Øre. —

Foruden de talrige rosende Udta-
lelser i Pressen om denne Bog kan
nævnes en længere Anbefaling af
Corpslæge Schønheuder.

Tidligere er udkommet:

Sm WManddommens Gjen-
erholdelse. AÅnvisning til selv at
tilberede og anvende Midler, hvorved
Tusinder som forgjæves have søgt Læ-
gehjælp ere blevne helbredede for Føl-
gerne af Selvsvækkelse, Impotens,
Pollutioner, hvidt Flod, Blegsot, Gul-
sot, Gigt, Rheumatisme, almindelig
Svækkelse, daarlig Fordøielse, Hoved-
pine, Søvnløshed. Af en Menneskeven.
Andet Oplag. Pris I Krone + Porto
20 Øre.

De talrige Taksigelser, som i den
korte Tid siden første Oplag udkom,
ere indløbne til Forfatteren, taler til-
strækkeligt for Bogens Fortrinlighed.

J. Kongesund, Ringsaker.

N. 3. Sørensen,

Overretssagfører,
Askim i Smaalenene.

EEE

; Kristiania.
Nikolai Olsens Boktrykkeri.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0018.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free