- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
27

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

18de Februar 1882.

* Fedraheimen.



ro
ad |

her er kome ei tid til opatreising for
alt gamalt godt hjaa os! Korleids
stend det til med fleire av dei andre
by- og fylkesnamnom, som F. held
fram som optakverduge? Kan dei må-
tru rose seg av å ha vore i bruk so
nyleg som Nidaros? og er dei so kjente
for kvar noröman som Nidaros alt
længe har vore? Nei, langt ifrå det!
Nidaros må difor takas opat som eit
av dei første endå. — Då eg 1 1877
gay ut Iste utgåva av Noregs grun-
lov på landsmåle, hadde eg godt høve
til i $$ 57 og 58 og likso i heimstadös-
namnom åt alle eidsvollsmennom, som
fins etter $ 112, å koma med ein heil
dusk med norskare by- og fylkesnamn,
og det er reint forvitnelegt å sjå, kor
råkande F. no slær på same strengen,
som eg den gongen gjorde. ”Amt”
kaller han fylke, medan eg kalla det
storfylke; for eg tenkte helst, at fut-
rikje eller heller skrivarrikje (eller
sorenskriveria) skulde bli kalla fylke:
Med byom våga eg ikkje å gjera so
store ombyte, då bokja, eg sette namna
i, var eit slikt vigtugt akt-stykkje.
Men eg skreiv då altid:

Bjørgvin, Breidvik, Oslo, Vinger»
Litlefosen (som Kr.sund ænno ofte
kalles på Møre), Halden, Litlehamar:
Hamarfest, Vardøy, Vatsøy, Kråkerøy
Larvik, Tromsøy, Bodøy, Nidaros,
Tunsberg og Østerrisøyr.

Og eg skriver tesmeir:
Raumarikje, F.skriv Romerikje

(Akershus Amt)
Rogaland. F. likso (Stavanger — ))
Hordaland, - do. (8. Bergh. —)
Fjordarne, - do. (N. Bergh. — )
Møra, - do. (Raumsd. — )
Vestfold, - do. (Jarlsb. — )
Telemark, - do. (Bratsb. — )
Austagder, —- do. (Nedenes — )
Vestagder, - do. (Lister & Man
dals Amt)
Søroplanda, - do. (Buskeruds — )
Vestoplanda, - do. (Kristians —
Austoplande, - do. (Hedemark. — )
Uttrøndelagen, - do. (8. Th.jems — )
Intrøndelagen, - do(N. Th.hjems — )
Senja, - do. (Tromsø — )
Finmarkja, do. (Finm. — )
B orgesyssel. trur F. derimot ogso

kunde heite Austfold (Smålenene) og
Hålogaland trur han helst kunde beite
Nordlandsfylkje,” då det gamle Hå-
logaland var større æn dette Nordlands-
amte no er,” men måtru ikkje både det
gamle og det nye ”Nordland”i dagleg
Tale er ændå større? So denne grun
imot Hålogalandsfylke var heller låk. —
Som sagt, det er kjært å sjå so stor sam-
staving millom F. og meg i denne sa-
ken; og eg bed difor Fedraheimen
prenta av dette Stykkje mit au, so
desse namna desbetre kan bli festa
i folks minne. Det gjer kvar sin

mon.
Nidaros, 7—2—1882.

Irland.
(Av Sir Roland Blennerhassett.)

Vitzgerold hadde vakta kvart eina-
ste Steg, som dei sambundne tok, og
daa det spudrest, at O. Connor var
fengsla, meinte han at Tidi var
komi,+ til aa slaa eit kraftigt Slag i
Dublin og. Under den Rædsla, som

tok alle i Augnablinken, skulde ikkje
den revolutionære Nemndi faa Tid til
aa gjøyme burt seg sjølv og Papiri
sine. Daa alle dei vigtugaste Føraran
vart sette, kunde kje noko slikt gaa
for seg; heile Røyrsla vart døyvd, og
daa deu Uppreisti, dei hadde bua seg
til i sju Aar, endeleg braut ut, hadde
ikkje Folk Hovdingar og ikkje noko
Sam-Styre. Alt det, som vart gjort,
var berre ei langvarug Øydelegging og

det ikkje løner seg aa gaa tilbake
til. Berre det er det verdt liver i
Minne aat seinare Ætter, at Lordløyt-
nanten Cornwallis, —Statsskrivaren
(Statssekretæren) Lord Castlereagh og
Lordkanslaren, Jarlen av Clare, gjorde
alt det, dei kunde, for aa hindre, at
den engelskvenlege Luten av Folke

skulde gjera dei same Misgjerninganne
mot den irskvenlege, daa Hemnstundi

var komi.

Endaa den Dag i Dag kann Soga
aat Revolutionen 11798 gjeva ei varande
og nyttig Lære. Burke hev sagt, at
Folke altid veit med seg sjølv, at
Ufred aldri gjev dei nokor Vinding;
læt det seg likvel narra til Strid, er

Brot. Lenge fyrr han hadde den store
Ministeren aat Henrik IV sagt, at
naar store Rike vart uroa med Revo-
lutionar, kom ikkje desse ved eit Til-
felle hell ved ei Upegging 1 ei Fart;
og at naar den store Hopen reiste
seg, so vilde han ikkje taka paa
andre, men han gjorde det avdi
at Tyngslunne, som vart lagde paa
han, ikkje kunde bærast lenger.
Naar me no læt baade dei store
Statsmennanne ha Rett, so fær me
dermed ei Retleiding til aa finne
Grunnen aat det Misnøgje, som no al-
tid er i Irland: I eit Land som no-
konær berre liver av Jordi, maa detliggje
i dei ,agrariske Tilstand”, i at dei,
som arbeider med Jordi, og dei, som
eiger henne, ikkje hev kunna forlikast.
Gjeng det so godt, at dei fær heiltupp
Greie paa desse Sakenne, <0 blir me
nøydde til aa granske noko nærmare
baade det Jordstelle, som raadde i
Irland, fyrr engelsk Lov vart innførd,
og korleids det hev gjengi med Grunn-
eigedomen etter den Tidi. Fyrst naar
deter gjort, kan me til Fulnaen skyne, kvi
den reiste Grunnen til alpolitiskUgreie
i Irland er aa finne i Jordspursmaale.
JEg

Alle veit, at ei Ætt, som skilde
seg i mange Greiner og tala ymse
Maalföre av det same uphavlege Maale,
smaaningom spreidde seg utover Landi
fraa Indus til det atlantiske Storhave
og derifraa over heile det amerikanske
Fastlandet. Bokmenner som Maurer,
Sohm, Lir, Henry Maine og Doktor
Sullivan, som alle hev studera Upphave
til Eigedomen og alle Samfundstilstand,
hev synt os, at Medvite um ein Ætte-
fader hev haldi seg hjaa alle Folkegrei-
nene, etterat dei hadde skilst; dette
Medvite um, at alle er af same Blod, er
det fyrste Bande, som held Mannasam-
funde ihop. Med dette Ættebande
heng det i Hop, at alle dei einskilde
Lemenne stod under ei Magt. At
baade desse Ting var samanstøypte,
kann me best sjaa av det Høve Hus-

Myrding, som me no er glade ved at

det meire enn aa fara vill, det er

faren, den patriarkalske Hovdingen.
stend i til alle dei andre i Huslyen,
Sir Henry Maine legg særleg Vegt
paa kor vandt det er, naar ein skal
døme um desse Sakenne i den allereld-
ste Tidi, aa sjaa nokorlunde visst, um
alle dei, som er ein Husly, er aa
rekne som Skyldingar hell Under-
meun aat han, som dei alle heng sa-
man med ved Ætteband. Fraa denne
Samanstøypning av tvo Ting kjem vel
og den kunstige Utvidkingi av Skyld-
skapen, som snart gjorde, at ein Man-
naflok i Namne vart rekna med til ei
Folkegrein, endaa dei ikkje var sam-
bundne etter Blode, men berre hadde
same Hovdingen. Dette var ofte so,
og deraf kom der ei øvste Magt (Au-
toritet), — som Homer segjer:

hev

Godt det slet ikkje at mange

noko aa segja;
ein vere Herre og Kongje — — —:

Det næste store Skifte i Utviklings-
soga aat Mannaætti er, at kvar Folke-
grein fær seg fast Bustad og byggjer
sit serskilde Landstykkje.

Dei fleste trur, at eit stort Umbrøyte
gjeng for seg i heile Folkelage, naar
denne Tidi er komi; Grunnlage aat
Staten blir no ikkje Skyldskapen, men
Jordbotnen, Grunnen. Huslyen ski-
par seg fulla no som fyrr etter. Sam-
blodskapen; men naar det gjeld store

er,

Folkehopar. kjem Lande istaenfor
Skyldskapen. Maine syner, korleids

denne Ting veks upp i Stræve for aa
skipa politiske Samlag og Statar; det
byrjar med, at Landsbyar og frie
Bondegardar slær seg i Hop; av dette
kjem heile Figedomsstelle i Millomal-
deren. Det vilde likevel vera eit Mis-
tak aa tru, at desse djuptgaaande Um-
brøyte i Utviklingsoga aat vaar Æt
læt seg skjera upp i Tidskifte, som
skil seg tydeleg fraa kvarandre. Dei
hev gjengi for seg smaaningom og
paa ein mest umerkande Maate: berre
det kann me klaart skilje, at Sogeskifti,
so tykkjest vera styrde av den eine, so
av den andre Tanken, slik at ikkje
nokon av dei hev vunni fram te aa
raa aaleine. Paa same Maaten som
Millomalderen havde mykje Magt yve
Tankar og Kjenslur aat Folk, lenge
etter dei var komne so vidt, at Lande
vardt set paa som ein annan Ting
med eit visst Verde, hev og Tanken om
eit Samfund, som kviler paa Blodsam-
bande sin Grunn i Meiningarne og
Leveviset aat eit Samfund, som no;
lang Tid Jordbotnen hev bunde sa-
man. (Meir.)

Hr. Åsperheim og Fedraheimen*.
(F.)

Daa Pastor Asperheim ifjor tok paa
”Fedraheimen” for at han ikkje skulde
vera rett i Trui, og han daa skulde
nemna Grunnar for dette, so nemnde
han fyrst og fremst ”Bladets Umtala
av den naturalistiske Digtning”. Ved
aa forsvara denne hadde Bladet ”gje-
vet Kristendomen eit Slag i Andlitet”,
sagde Presten.

Striden um den naturalistiske Dikt-
ningi er gamall i Frankrike, der denne
Diktningi kom upp. Men der er Stri-
den ein Strid millom æsthetiske og sam-

tundsmoralske Synsmaatar. Naar same

Striden langt um lengje vinn upp til
oss, vert han til ein Strid um Trui.
Pastor Asperheim forklarar seg vi-
dare. Han fortel oss, at han ikkje
veit, kven som hev funnet upp Namnet
Naturalisme. —Helder ikkje veit han,
kva dette Namnet skal tyda elder ut-
trykkja. Han prøver aa slutta seg til
det. Han gjeng ut fraa det, som han
trur han kjenner, nemlig Realismen.
Som Framsyning for Realismen set
han upp den store Romantikeren
William Shakespeare*). Og so sluttar
han: ”Han trur, at Naturalismen hev
komet upp som ei Motsetning til” Rea-
lismen”, so at naar Ein altso kjenner
denne, so kann Ein antithetisk elder
motsetningsvis rekna seg til, kva ”Na-
turalisme” er. Tru me ikkje vilde
finna det, spør Presten, ”um me søkte

det deri, at denne Diktningi ikkje vil
vita av nokot ”ideelt”, høgre Syn
paa Livet?” 0. s. fr.

Me vil for det fyrste fortelja Pa–
storen, at der er god Raad til aa faa
vita, baade kor Namnet Naturalisme
er komet ifraa og kva det meiner.
Der er skrivet mykje um det. Like
eins er der god Raad aa faa vita, kva
”Naturalismen” er og vil. Sjølve Emile
Zola hev forklarat det for kvar den,
som vil lesa. So Hr. Pastoren turvte
altso ikkje sitja her og gissa og slutta
seg til, kva desse Ting er; han kunde
berre fylgja litt med i det aalmenne
Bokliv, so visste han det! og so kunde
han skriva. Men daa vilde han rig-
tig-nok ikkje kunna bruka den natur-
alistiske Diktning til Prov paa, at
”Fedrh.” er ”rang i Trui”.

Naar me ber heime talar um na-
turalistisk Diktning kjem me 1 det
heile lett til aa snakka Tøv, fordi at
me blandar ihop tvo ulike Terminolo-
giar elder Nemningsmaatar. Her uppe
ligg me enno i den gamle Motsetningi
millom ”Romantik og Realisme”; det
er berre so vidt me skikkeleg hev ar-
beidt oss ut or Romantikken. Men i
Frankrike er dei for lang Tid sidan
ferdige med den. I Frankrike er for
lang Tid sidan all Diktning Realisme.
Men innanum Realismen hev der skilt
seg ut tvo nye Skular att: ”Idealisme”
og ”Naturalisme”. —Baae desse Sku-
larne er realistiske. Baade ”Idealistar”
og ”Naturalistar” skildrar Livet som
det er”. Men der er ein Skilnad.
Idealistarne er ikkje nøgd med aa
skildra Livet, dei legg Tankar
(”Idear”) inn i sine Skildringar; dei
forkynner Meinmgar gjenom Diktningi.
Dei skriv med ”Tendens”, som me vilde
segja; Tendensen kann vera meir og
mindre tydeleg, meir og mindre sterk;
men han er der. Naturalistarne deri-
mot er strengare i sin Realisme. > Dei

vil ikkje, at Diktaren skal bruka sin

Kunst til aa forkynna Meiningar med.
Diktaren skal vera berre Artist, berre
Kunstmann. Liksom ein Maalar ikkje
brukar sin Maalarkunst for aa preika
Moral elder Politikk for Folk, men
einast for aa syna fram Naturen, so-
leids skal Diktaren skriva Diktarverk,

*) Shakespeare er ei Blanding av Roman-
tik og Naturalisme; i Litteraturhistoria
reknar dei han med til Romantiken,
alt um han der hev eit Rom for seg
sjølv.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0029.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free