- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
28

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fedraheimen.

18de Februar 1882.

ikkje for aa prakka sine Tankar elder
Kjenslur inn paa Folk, men einast for
aa syna fram — Livet.

Kva er eit Kunstverk? spør Zola.

Det er eit Stykkje Natur, set gjenom
eit Temperament, svarar han. Natura-
listarne trur for fullt Aalvor paa, at
Naturen sjølv er poetisk. Diktaren
kann ikkje laga ihop nokot, som er
betre enn den. Han skal altso leggja
si heile Kraft paa aa attergjeva Na-
turen. Og for aa kunna gjera det,
maa han kjenna Naturen. Han maa
studera Livet paa alle Kantar, heilt
upp som ein Vitenskapsmann. Ein
Diktar no um Dagen kann ikkje klara
seg med si ”Diktargaava” elder med
sin ”poetiske Inspiration”, han maa
arbeida strengare og meir enn nokon
annan Kunstmann. Balzac i si Tid
og Zola i vaar hev studerat Paris paa
same Maaten som ein Naturgranskar
studerar ei Blom- elder Dyreslag;
Gustave Flaubert hadde heile Posar
fulle av ”Forstudiar” til kvart einaste
Kapitel i Romanarne sine. Det høgste,
ein Diktar kann naa, er aa gjeva eit
Stykkje Natur med full vitenskapleg
Sanning og likevæl med fullt livande
Liv. Hans eigne Tankar um Ditt og
Datt vedkjem ikkje Kunstverket det
Grand og maa ikkje leggjast inni det,
for daa vilde Kunstverket ikkje lenger
vera Kunstverk. Dette skal vera ob-
jektivt, kaldt og klaart som eit Bilæte
i Marmor.

Naar det no altso er so at Natura-
lismen ikkje aaleine er Realisme, men
er den heile, fylgjestrenge, fuldførde
Realisme, — so kann Ein vita korleis
det gjeng, naar me her heime dømer
um denne Diktningi som ei Motsetning
til Realisme. Den store Motsetningi
for oss er, som sagt, ”Romantik og
Realisme”; Motsetningi der ute i Europa
er: ”Idealisme elder Naturalisme”, naar
no me tek desse tvo Motsetningarne
og rører ihop, so er det greidt, at me
kjem til aa snakka som den blinde
um Fargarne. Alraverst er det natur-
legvis, naar Ein, som Pastor Åsper-
heim, dessutan rører Romantikken ihop
med Realismen, so at det heile gjeng
saman i ei einaste graa Velling.

Hr. Asperheim vil væl segja som
80, at naar Naturalismen er slik, som
det her ovanfor er sagt, so er Natura-
lismen ikkje Poesi. ”FEin Diktar lyt
hava eit Hjarta”, segjer Pastoren, ”eit
Hjarta, som liver med i det, som vert
skildrat; hev han ikkje det, so er han
ikkje Diktar!” ”Han maa vera livande
mieresserat 1 det, han set fram for oss;
han lyt i Skildringi syna si eigi Upp-
fatning av det, han skildrar; han set
Farge paa det av Livet, som han sy-
ner fram 1 si Diktning; han skildrar
Livet som det er med den Baktanken
aa syna oss, korleis det skal vera;
han lyt vilja nokot med det han skriv;
han lyt vilja gjera seg til Folks Lærar”
osfr. Hr. Pastoren krev med andre
Ord, at ein Diktar skal gjera alt det,
som, Naturalistarne just vil, at ein
Diktar zkkje skal gjera, og dersom han
ikkje vil gjera dette, so er han ikkje
Diktar, meiner Presten; ergo er Natura-
lismen ikkje Poesi! Ja, um det skal
eg ikkje tvista med Hr. Pastoren. Det
hev so ofta hendt, at naar der kom

upp ein ny Maate aa dikta paa, so

sagde dei gamle, at dette ikkje var

Diktning, og naar det kom til Stykket,
so viste det seg aa vera Diktning like-
væl. Kva sagde dei gamle, daa Ro-
mantiken kom upp? Det veit visst
Pastor Asperheim. Elder kva sagde
den Monradske Æisthetiken, daa Bjørn-
son kom med sine Bondeforteljingar?
Dei sagde, at Synnøve Solbakken ”var
ikkje Poesi”! — men Synnøve Solbak-
ken var Poesi likevæl. Slikt kann me
altso ikkje bry oss so stort um.

Men so kann Asperheim segja som
s0, at ei Diktning, som berre legg seg
etter aa visa fram Naturen, utan aa
”setja Fargar paa”, ei slik
ning er der ikkje nokot Gagni. Kva
Meining kann der vera for ein Diktar
i aa setja seg til aa skildra Livet,
naar han ikkje i den Skildringi fær
”syna fram si eigi Uppfatning av det,
han skildrar?” Hertil kann Ein for det
fyrste svara, at — kva Gagn elder
Meining er der i Kunsten 1 det heile?
Og for det andre so svarar den natu-
ralistiske Æsthetiken, at Kunsten ikkje
er til for aa vera ”nyttig” i likefram
Meining. Kunsten er fyrst og fremst
til, fordi der i Mannens Natur er ei
Kunstdrvt, som paa eit visst Kultur-
stig maa gjeva seg Utslag. Mannen
hev ei Drivt til aa etterligna Naturen;
altso etterliknar han Naturen, og naar
han hev gjort det, so hev baade han
og andre Gleda av det, og soleids
veks Kunsten fram. Er dette ein ny
Lærdom? Nei. Kven hev lært det
same fyrr? Aristoteles. — Hev Pastor
Asperheim leset Aristoteles?

(Meir).

(Innsendt.)
Um Fritenkjaranne

er de mykje Tale i vore Dagar. Dæ
hev vori Fritenkjarar mest all Tiæ, sia
Kristendomen kom i Heimen, saa dæ
æ kje dermæ sagt, dæ æ for dæ, dæ æ
meir taa dei no mot før, Dei hev fari
saa mykji mæ dæ i Løynd før, men
no vaagar dei seg meir fram mæ deæ,
for no vert Folk meir upplyste, saa dei
toler baate sjaa aa høyre ymse Ting,

som væl er fyste Gaangen slikt hender
millom kristne Folk. Dæ æ kje un-
drande dei æ paa Folketunga, for dæ|T
hev alt komi baate up i Orkaste og
upp i Årbeie au, korleis Ret dei skal
hava for Mannsdomen og i Samfunde.
Dæ æ eit Samfundsspursmaal, som lenge
hev vori tenkt i Løynd, som no vaagar
seg fram. Ille er dæ, at dæ ikkje hev
vorti avgjort før, men naar dæ kjem
no endeleg, so æ dæ ikkje te Skam for
Tiæ vaar at dæ kjem, nei dæ æ te
Are for Kristendomen, um han trur
seg te dæ, men de vil bli te Skam um
han drygjer for lenge. Dæ hev komi
dit no, at de stend i Bendingæ, anten
ein skal innlata seg mæ dei bell ikkje,
anten ein skal aatfara dei som Folk hell
som Antikristen sjølv. Dæ æ alt vonom
fleire, som tykkjer dæ va søndleg aa
avskjere dei, men dæ æ au ein stor Hop,

som banset dei som Djevelen.

Me maa akte paa, at dette er eit
Samfundskrav 1 Tiæ vaar, som maa
greiast heime hjaa oss au, aa me plik-
tar aa tenkje paa dæ mæ Aalvor og ikkje
slag dæ fraa os mæ tome Or.

Skal ein vyre ein Fritenkjar .
som eit anna Menneskje, naar han sviv
i openberleg Vantru? Anten maatte me
skilje ut dei, som me sikkert visste var
kristne og vyre dei berre, men vanvyre
alle hine, hell so maa me vyre likt,
baate den som me veit hev skilt seg

Dikt-

fraa Kristendomen likso mykje som
den me ikkje veit noko visst um. For
var de au ein, som hadde forhert seg
reint mot all Tru, so vaaga ikkje å
Engel eingaang aa fordøme han, og daa
høver dæ endaa minder for oss, som alle
er syndefulle og skal stande for Domen
sjølve og ingen Rett bev, berre maa
bea um Naade. Men naar me ikkje
kann vita so mykji, korleis kann me
vaage oss te døme hell avvyre daa? Den
som er Åvvyring . verd, han skal væl
Domaren finne, men me skal ikkje gjeva
nokon Syndauke, me hev nok mæ aa
Lå oss sjølve. For me veit ikkje Guds
egjer og Meiningæ hans mæ alt.
ar er no dæ, at dæ æ kje te Ros aa Ære
for oss, at slike Menn verdt sette fram, so
me skulde gleast for deira Skuld og takke
Gud for me æ kje slike Menneske, men
heller burde me sjaa dæ som ein Straff,
som skulde drive oss te aa kjenne oss
sjølve. Me skulde ikkje syte so mykje
over Fritenkjaranne som yver oss sjølve
og Gjerninganne vaare.
te meir aa vise dei eit Liv som hev si
Kraft i Kristus og JE berre peike
paa ei tom Tru.
Kristendomen er tolsam.
Kristendomen er som eit Hus, som
er botna i Bergje, han hev fast Grunn
i Guds Or, som skal bli gamlar enn
baate Himmel og Jor. Han hev stae
for mange Hogg og han toler væl fleire.
Han tarv ikkje ottast nokor Heuneg-
makt. Han er trygg, fordi han hev
ein alvis Konge te Styrar yver seg, og
han eig heil Sanning, som ikkje nokon
annan segjer deshell, at han hev. Ja
difor hev han baate Rett og Plikt te
aa meinke dei andre alt han kann, æ
dæ sume som segjer. Men for sin ei-
gen Del treng han ikkje dæ, for dæ verdt
ikkje te Skae, men te Bate for Kristen-
domen alt som hender, um dæ au kan
sjaa bakvendt ut fystunnes,
Ville er ei Prøve, som Gud læt verke,
for at Kristendomen skal vera sterkare
og rikare, naar han gjeng ut derifraa
enn daa han kjem inn i ho. Men skjer
han beint av denue Prøva. so skjer han
au noko af si eigjæ Kraft og Fram-
stigsvon. Dei som før var veike, kann
bli sterke, og dei som gjev seg burt i
Villa, hev væl vendt Ryggen te Tru»
før i Løynd, og Hjarta gjeng wunda
Ljose, men Gjerninganne kann aysannast
heller. Og ikkje er Kristi Rikje eit
Valdsrikje, men de stend frit for kvar
aa gange baate ut aa inn. dInkje skulde
dei, som stend utafor kunne gjevast
Grunn te aa hæe og segja, at me hev
ikkje anna gjort enn aa verja Grensune
vaare. Heille Heimen er som eit stort
Tre, Mergen det er Kristendomen og
Stomnæ er Guds Rikje, Greininne kran-
sar seg omkring, men dei æ saman-
vaksne mæ Tree, skjær ein ein Lem av,
so li dæ Skal alt. Men Villgreininne
skal nok Gud avkarte.

Kristiania, den l7de Februar.

Johan Sverdrup er no mest heilt
frisk att. Han synest no vera kvikare
og livlegare en han hev vore paa lang
Tid.

Med Guds Hjelp hev det ingi Naud
med Politiken vaar so lenge han stend
til Rozs.

Stortinget hev etter Forslag av J.
Sverdrup bevilga 100,000 Krunor til
deim, som 1 Senja og Finmork hev lide
Skade ved dei øgjelege Stormarne, der hev
vore. . Naudi er månge Stader so stor
der uppe, at der maa koma rikeleg og
snygg Hjelp, um Folk ikkje skal setja til,
Husi er nedblaasne mange Stader, Mat hev
dei ikkje og inkje Reidskap til faa seg
Mat belder. Dei samlar inn til deim
paa fleire Stader ind i Landet, men det
slær ikkje til.

Tinget hev sagt nei til Forslaget um
aa gjera Mandal til Kaupstad.

Me skulde sjaa |.

og kvar]

fartuiig,

Odelstinget er ferdigt med Ut-
skivtingsloven, som er vedtekjen noko
nær slik som han kom fraa Lagtinget i
Fjor.

Krunprinsen og Krunprinsessa kom hit
um Laurdagen. Di var det stor Stas i
Byen med Flag og Greidor og Lysning
um Kvelden. Um Maandagen var Stor-

tingspræsidenten og 12 Tingmenner ellest

uppe hjaa det unge Hjonet og helste
det fraa Stortinget. Um Kvelden var
alle dei kongelege i Teatret. Um Tors-
dags-Kvelden var der ”Borgerball” for
deim,

N. J. Sörensen hadde alt for lenge
sidan sendt Søknad til Stortings- Kon-
toret um aa faa sleppa aa bitala Kost-
naden ved Saki si. No hev han fengje
inn fraa sine politiske Vener yver 900
Krumor, det er: likso mykje som Saki
kostad; di hev hev han no tekje Søknaden
sin att Ende.

Misprenting, Sida 23,1 Spalte, L. 28 ovani-
fraa bleikdømde les bleikdæmde.

Dei som ikkje hev betalt, lyt no
gjera det.

Naar du skriv til Bladet um noko,
so skriv tydelegt Namn og Posthus i
Brevet, ellest kann me ikkje godt vita,
kven du er, élder kvar du er.

Lysingar.

Fedraheimen 1882.

Fedraheimen kjem ut i Kristiania kvar
Laurdag og vil som fyrr arbeida for Noørsk-
dom, Fridom og Upplysming. Bladet inne-
beld Avhandlingar og Smaastykkje um ymse
Dagsspursmaal, dessutan Skildringar, For-
teljingar, Folkesegner, Dikt, Nytt, Rispur o. d.
Av Forteijingar vil det i Iste Halvaar bl. a.
innehalda: "Guten fraa Gladheim* av John
Lie og *Bondestudentar** av Forf. til ”Ein
Fritenkjar” m. fl. — Bladet kostar Kr. 2.20 for
Halvaaret og kann tingast paa alle Posthus.
Elder Ein kann senda Brev beint til Kristi-
ania, og daa med Utskrift: Til Fedraheimens
Ekspedition, Kristiania. Avissak.* Pengar maa
fylgja.

I Kristiania tingar Ein Bladet i Ekspe-
ditionen, Torggata No. 5 b (Nikolai Olsens
Trykkeri).

Fedraheimen for 2dre Halvaar 1881
er enno aa faa (Pris Kr. 2.20). Der finn Fin
millom mykje annat: «Tartuffe*, Lyst-
spel av Mohæere (i Umskrift fraa Fransk av
J. Belsheim; — heile Verket).

Nordmanden

udgivet af theol. Kand. Kristjan Olsen,
udkommer fra Nytaar i 2 Udgaver:

Den daglige Udgave

koster med Postpenger Kr. 2.16 for Kvar-
talet.
Som Tilleg medfølger:

1. Syn og Sagn, et Blad nærmest for Tag

dommen, udgivet af S. Knutsen (ha 9
Nr. om Maaneden). (Nye Tingere faa
Bladet fra dets Begyndelse.)

2. Grundloven med Rigsakten m. m.

Tgeudgaven

udgaar hver Torsdag i udvidet (stort 6-spal-
tet) Format og koster med Postpenger
Kr. 1.66 for Halvaaret.

For Bekjendtgjørelser betales for liste
Gangs Indrykning 10 Øre for Korpus- (eller
Petit- ) Linjen og 5 Ørefor hver følgende Gang.

Utkomet er:

Lystspel i 5 Bolkar av

Molidre. I Umskrift fraa

Fransk av J. Belsheim.

119 8. Pris I Kr.’i Posten 1.10.
Nikolai Olsens Bogtrykkeri,

Torvgaden 5 b.

Kristiania.
Nikolai Olsens Boktrykkeri.

-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0030.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free