- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
31

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

25de Februar 1882.

»

Fedraheimen.

aa kalla det noverande Nordlands Amt
Sør-Haalogaland, og Tromsø Amt
Nord-Haalogaland.

Oslo 20—2 1882.

Soga um Birik den Raude
og korleis dei fann Vinland.

1. Det var ein Kongje som het Olav;

dei kalla han Olav kvite. Olav herja
i Vestviking og vann Dublin paa Irland
og Dublinshire; det vart han Kongje
yve, Han gifte seg med Aud den
djuprike, Dotter til Kjetel Flatnos, som
var Son til Bjørn Buna, ein namn-
gjeten Mann i Norig. Son deira het
Torstein raud. Olav fall i eit Slag
paa Irland; Aud og Torstein for daa
til Sudrøyamne. Der gifte Torstein
seg med Turid, Dotter til Øyvind Aust-
mann, Syster til Helgje magre; dei
hadde mange Born. Torstein vart
Herkongje; han gav seg i Lag med
Sigurd Jarl den mektuge, Son til Øy-
stein Glumra. Dei vann Katanes og
Sudrland, Ros og Moræve og meir enn
halve Skotland; det vart Torstein
Kongje yve, til des Skotanne sveik
han, og han fall der i eitt Slag. Aud
var daa paa Katanes, daa ho spurde,
at Torstein var fallen. Ho let daa
byggja ein Knorr løynleg iSkogjen, og
daa ho var ferdug, siglde ho ut i
Orknøyanne. Der gifte ho burt Gro,
Dotter til Torstein raud; ho var Mor
til Grelod, som var gift med Torfinn
Jarl Hansekljuv. Etter det for Aud
til Island, og var den fyste Vetren i
Bjørnshamn hjaa Bjørn Bror sin.
Sidan eigna Aud til seg alt Land i
Dalanne millom Dogurdaraa og Skraa-
melaupsaa; ho budde paa Kvamm.
Ho hadde Bønestaden sm i Krossho-
lanne; der let ho reisa upp Krossar,
for ho var døypt og væl truande.
Med henne kom det til Island mange
gilde Mennar, som hadde vore her-
tekne i Vestviking og vart kalla Træ-
lar. Ein av dei het Vivel; han var
av stor Ætt og hadde vore her-tekjen
vestanfyr Have og var kalla Træl,
til dess Aud løyste han ut. Og daa
Aud gav Bustader til Skipsfolkje sitt
daa spurde Vivel, kvifor Aud ikkje
gav honom nokon Bustad, som til dei
andre. Aud sae, at det skulde han
ikkje stura paa, og meinte paa det, at
hau vilde reiknast fyr ein gjæv Mann,
kor han var. Ho gav han Vivelsdal
og han budde der. Han var gift;
Sønenne hans het Torgeir og Torbjørn,
dei var emnelege Gutar, og voks upp
hjaa Far sin.

2. Det var ein Mann, som het
Torvald Aasvaldson; han var Soneson
til Ulv Yksne-Toreson. Son hans het Ei-
rik. Torvald og Eirik for fraa Jaren
(”Jæderen”) til Island fyr Draap Skuld;
dei tok Land paa Hornstrendanne, og
budde paabDrangar. Der døydde Tor-
vald, og Eirik gifte seg daa med Tjod-
hild, Dotter til Jørund Atleson og
Torbjørg Knarrarbringa, som daa var
gift med Torbjørn fraa Haukedal.

Daa for Eirik nordantil og rudde seg
Gard i Haukedal og budde paa Birik-
stad ved Vasshorn. Trælanne til Eirik
felde ei Skrida utyve Gjorde til Val-
tjov paa Valtjovstad. Øyolv Saur,
Frenden hans, drap daa Trælanne ved

Skeidsbrekka upp ifraa Vasshorn. Fyr
det drap Eirik Øyolv Saur; han drap
Holmgonge-Ramn paa Leikskaalar au.
Frendanne til Øyolv, Geirstein og Odd
paa Jørve fekk dømt Eirik fyr detta;
daa vart Eirik driven burt fraa Hauke-
dal. Han eigna daa til seg Brokøy
og Yksnøy og budde paa Tradar 1
Sudrøy den fyste Vetren; daa laante
han Torgjest Setstokkane sine. Sidan
for han til Yksnøy og budde paa
Eirikstad. Han kravde daa atte Stok-
kanne sine, men fekk dei ikkje. Birik
dro daa til Breidebolstad og tok dei,
men Torgjest for etter han; dei slost
tett med Gjerde paa Drangar. Der
fall tvo av Sønenne til Torgjest og
nokre Mennar til. Etter detta hadde
dei baae mykje Folk heima hjaa seg.
Eirik fekk Hjelp av Styr og Øyolv
av Svinøy, Torbjørn Vivelson og Sø-
nenne til Torbrand i Alttefjord, men
Torgjest fekk Hjelp av Sønenne til
Tord Gjelle og Torgeir av Hitardal,
Aslak av Langedal og Illugje Son hans.
Eirik og Mennane hans vart dømde
fredlause paa Torsnes Ting. Han
gjorde daa i Stand Skipe sitt 1 Eiriks-
vaag; Øyolv løynde honem i Dimunar-
vaag, det Bile Torgjest og hans Folk
leitte etter han kringum Øyanne. Han
sae til dei, at han tenkte seg til aa
leita upp det Lande, som Gunubjørn,
Son til Ulv Kraaka, saag, daa han

rak vest yve Have og fann Gunbjørn-

skjer. Han segjest vilja koma atte

til Venenne sine, um han fann Lande.

Torbjørn og Øyolv og Styr fylgde
Eirik ut-um Øyanne; dei skildest med
den største Venskapen, og Eirik seg-
jer at han vil bjelpa dei likems, um
han tekk Makt til det og dei kunne
turva det. Eirik siglde fraa Snjofjells-
nes ut i Have; han kom inn til den
Jokulen,isom heiter Blaaserk; der-ifraa
for han sud-etter med Lande fyr aa
leita, um der var buande. Han var
den fyste Vetren 1 Firiksøy nær Mitten
av Vestrebygdi. Um Vaaren etter for
han til Eiriksfjord og tok seg Bustad
der. Han for den Sumaren til den
vestre Ubygdi og var der lengje; han
namna mange Stader der. Den are
Vetren var han paa Biriksholmanne
ved Kvarvsnipe, men den trie Su-
maren for han alt nord til Snjofjell
og inn i Ramnsfjord. Daa sae han,
at han var komen fyre Botnen paa
Eiriksfjord. Daa snur han atte og
var den trie Vetren paa Eiriksøy
fyre Mynne paa Eiriksfjord. Men um
Sumaren etter for han til Island og
kom 1 Breidefjord. Han var den Vet-
ren hjaa Ingolv paa Holmslaatr. Um
Vaaren stridde han med Torgjest, men
Eirik tapte. Etter det vart» dei for-
likte. Den Sumaren for Eirik fyr aa
byggja det Lande, som han hadde
funne, og han kalla det Grønland, for
han sae, at Folk vilde helder fara dit,
naar Lande hadde eitt godt Namn.

3. Torgeir Vivelson gifte seg og

fekk Arnora, Dotter til Einar Sig-
mundson paa Laugarbrekka, Sonson
til Kjetel Tistel, som hadde eigna til
seg Tistelsfjord. Einar hadde ei Dot-
ter til, som het Hallveig; Torbjørn
vart gift med henne og fekk med lo
eitt Laugarbrekke-gjorde paa Helles-
vollanne. * Torbjørn flutte dit og vart

ein gild Mann; han var Godordsmann
og helt eitt stort Hus. Dotter hans
het Gudrid; ho var naudende væn, og
ei ferm Gjenta i all si Framferd. Det
var ein Mann, som het Orm, som budde
paa Årnarstape; Kona hans het Hall-
dis. Orm var ein gjæv Bonde og ein
god Ven av Torbjørn; Gudrid var der
lengje 1 Fostring hjaa han. So var
det ein Mann, som het Torgeir; han
budde paa Torgeirfjell; han var ovrik
paa Gods og hadde vore Lausing
(frigjeven Træl). Son hans het Einar;
det var ein væn Mann og emneleg og
allstødt gildt klædd. Finar for paa
Kaupferder millom Landi og det gjekk
han godt; han var stendigt em Vetr
paa Island og den are 1 Norig.

No var det ein Haust, som Einar
var paa Island, at han for med Var-
onne sine ut etter Snjofjellsnes og
skylde selja. Han kjem til Arnarstape;
Orm byd han aa vera der, og det tek
Einar imot, for dei var gode Vener.
Varopne Einars vart borne uti eit Utbur.
Einar løyser upp Varonne, og synte
dei til Orm og Huslyren hans og bad
Orm taka av det slikt han vilde. Orm
tok imot dette Tilbode, og sae, at Fi-
nar var ein gild Kaupmann og hadde
Lykka med seg. Men daa dei helt
pa med Varonne, gjekk det eitt Kvende
fyre Utburs-dyrri. Einar spurde Orm
kvenn det var, det fagre Kvende, som
gjekk der fyre Dyrri, — ”Eg hev kje
set ho fyrr her.” Orm segjer: ”Det
er Gudrid Fostebarne mitt, Dotter til
Torbjørn Bonde paa Laugarbrekka.”
Einar sae: ”Ho er nog ei god Gtfta;
heve der vore nokon og bedla til ho?”
Orm svara: ”Det hev fulla vore bedla
til ho, men ho er ikkje god aa faa;
det merkjest nog, at baade ho er mann-
vand og Far hennar.” ”Ja det er det
same,” sae Einar, ”ho er det Kvende,
som eg ætlar bedla til, og eg vilde,
at du skylde vera Fyretalsmann fyr
meg hjaa Torbjørn, Far hennar, og
føra fram Saki mi paa det beste; eg
skal gjeva deg min fullkomne Venskap
fyr det. Torbjørn Bonde kan hugsa,
at det høver godt, um eg vert hans
Maag, for han er ein gjæv Mann og
heve ein gild Gard, men dei segjer, at
Midelen hans heve minka mykje; men
meg og Far min skortar det korkje
Land hell Lausøyre, og Torbjørn kunne
faa mykje Hjelp med det, um det vart
av dette.” Orm svarar: Eg meiner
fulla, at du er Venen min, men endaa
er eg ikkje fus paa at føra fram denne
Saki, for Torbjørn er storlynd og saar
fyr Heiren sin.” Einar ’segjest ikkje
vilja anna enn at Friingi skulde verta
Orn sae, at han fekk raa. Daa
for Einar sud atte til han kjem heim.
Eitt Bil etterpaa hadde Torbjørn Haust-
gjestebod, som han var van, for det
var mykje til Stormann. Der kom
Orm fraa Arnarstape og mange andre
Vener til Torbjørn. Orm kom 1 Tal med
Torbjörn og segjer, at Einar fraa Tor-
geirsfjell nyleg heve vore der og det
er ein emneleg Gut. Orm tek so
til aa fri fyr Einar, og sae, at det
høyde godt fyr sume Ting Skuld: Du
kann faa mykje Hjelp med det i Penge-
sakjer, Bonde.” Torbjørn svarar; ”Eg
venta ikkje aa høyra slikt av deg, at
eg skylde gjeva Dotter mi aat Son til

av.

ein Træl. So du-finn, at Midelen min
minkar — ho skal ikkje fara med deg
atte, fyst du totte, ho var verd so laakt
eitt Gifte” Orm for heim og alle
Gjestebods-mennanne kvar til seg. Gud-
rid var etter hjaa Far sin og var
heima den Vetren.

Men um Vaaren baud Torbjørn i
Hop Venenne sine, og let laga til Gje-
stebod; der kom mykje Folk, og det
vart ei gild Veisla. I Gjestebode bad
Torbjørn dei gjeva Ljod og tala sosso:
”Her heve eg butt lengje, eg heve røynt
Folks God-vilje og Kjærleik, og eg
kann ikkje segja anna, enn at mi heve
kome væl utav det med einannan.
Men no tek det til aa ganga til Atters
fyr meg, endaa Godse mitt til denne
Tid ikkje heve vore halde fyr lite.
No vil eg fyrr flytja Bustaden min enn
missa min Heir, fyrr fara av Lande
enh svivyrda Ætt: mi; eg vil no
prøva det, som Eirik raude, Venen
min, lova meg, daa me skildest i
Breidefjorden, eg ætlar no fara til
Grønland i Sumar, um det gjeng som
eg vil.” Folk totte, det var ei stor
Tidend denne Raad-gjerdi. for Tor-
bjørn hadde lengje vore vensæl, men
dei tottest vita, at Torbjørn hadde sett
seg det fyre so fast, avdi han hadde
kome fram med det sosso, at det ikkje
vilde vera til noko aa telja han ifraa
det. Torbjørn gav Folk Gaavor, og
Veisla slutta etter detta, og Folkje
for heim atte kvar til seg. Torbjørn
selde Garden sin og kauper eitt Skip,
som ’sto uppei Raunhamn-osen. Det
raadde seg til aa fara med han 30
Mann; der var Orm fraa Arnarstape
og Kona hans, og dei Venenne aat
Torbjørn, som ikkje vilde skiljast med
han. Sidan siglde dei til Havs. Daa
dei letta, hadde dei god Vind, men
daa dei kom ut 1 Have, tok Byren av
og dei fekk eitt fælt Uver og dei hadde
ei mødsam Reis um Sumaren. So kom
det Sjukje i Folkje deira, og Orm døydde
og Halldis Kona hans og halve Mann-
skape. Det tok til aa ganga tunge
Baaror og dei fekk mykje Vaas og
Møda i alle Maatar, men dei kom daa
til Herjolvnes paa Grønland ved Vetr-
nætanne (midt i Oktober). Paa Her-
jolvnes budde der ein Mann, som het
Torkjell. Det var ein gjæv Mann og
ein god Bonde. Han tok imot Tor-
bjørn og alle Mennanne hans um Vet-
ren. Torkjell helt dei godt, og dei
lika seg godt der Torbjørn og alle Men-
nanne hans.

Den Tidi var det eitt fælt Uaar
paa Grønland; dei hadde fengje lite,
dei som hadde vore paa Veide-ferder,
og sume hadde ikkje kome atte. Der
var eitt Kvende der i Bygdi, som het
Torbjørg; ho var Spaa-kjering og dei
kalla ho Litle-volva. Ho hadde haft
9 Systar, og dei hadde vore Spaa-
kjeringar alle saman, men berre ho
var daa i Live. Torbjørg hadde den
Visi um Vetranne, at ho for ruudt
paa Gjestebod og Folk baud ho heim,
mest dei som var forvitne paa Lag-
naden sin, hell paa kosso Aaringjen
skylde verta, og avdi Torkjell var
største Bonden der i Bygdi, so totte
dei at det høyrde han til aa faa visst,
naar det Uaare, som var daa, skylde
slutta. Torkjell byd Spaa-kjeringi dit,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0033.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free