- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
32

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

PES

DP

Fedraheimen.

25de Februar 1882

og ho vart væl mot-teki, som det var
Sed, naar dei skulde taka imot slike
Kjeringar. Der vart tilstelt eitt Haag-
sæte aat ho, og det vart lagt under
eitt Høgjende; der skulde det vera
Hønse-fjør i.. Daa ho kom um Kvelden
og den Mannen som hadde vore send
etter ho, daa var ho so klædd, at ho
hadde yve seg ei blaa Tygle-Kaapa (d. e.
ei Kaapa, som vert bundi i Hop med
Tyglar hell Reimar), og den var sett
med Steinar alt ned i Fangje. Kring-
um Halsen hadde ho Glas-perlor.
Paa Hovude hadde ho ei svart Lamb-
skinns-hetta, og fora med kvitt Katte-
skinn. I Hondi hadde ho ein Stav
med ein Knapp paa; den var budd med
Massing, og sett med Steinar ovantil
kringum Knappen. Ho hadde eitt
Belte av Knjosk, med ein stor Skinn-
pung i, og der gøymde ho det Troll-
stelle, som ho trong til Spaadomen
sin. Ho hadde lodne Kalvskinns-skor
paa Føtanne med lange og sterke
Tyengar i, med store Laatuns-knappar
paa Endanne (Laatun var ein Slags
. Massing, som dei bruka mykje i Mil-
lomaldren). Paa Hendanne hadde ho
Hanskar av Katte-skinn, og dei var
kvite og lodne paa Innsida. Daa ho
kom inn, totte alle, at dei laut helsa
paa ho sømeleg, men ho tok imot dei
etter som ho lika kvar Mann. Tor-
kjell Bonde tok ho i Hondi og leidde
ho til det Sæte, som var tilstelt aat ho og
bad ho sjaa yve Heimog Huslyr, Buskap
og Bu. Ho var faamælt um alt. Bordi
vart sette fram um Kvelden, og der
vart laga denne Maten aat Spaa-kje-
ringi: det var Graut av Kjed-mjolk
(d. e. Raamjolk |Koda, Kvæda]| av
Geitar) og so vart det tillaga aat ho
Hjarto av allslags Livende, som fanst
der. Ho hadde Massing-skeid og ein
tviholka Kniv av Kopar med Tann-
skaft (Skaft av Rossmaals-tonn) og
Odden var avbroten. Daa Bordi var
burt-tekne, gjeng. Torkjell Bonde fram
til Torbjørg og spyrr ho, kosso ho
likar Heimen der hell Folks Framferd,
og ko snart ho fær Kunnskap um det
som han heve spurt etter og Folk vilde
vita. Ho segjest ikkje kunna segja
det fyrr enn um Morgonen, fyst ho
hadde sove der um Naatti. —(Meir.)

Kongestasen og Folket.

”Kongelege Menn”, skreiv Dølen i
1869, ”ero som Dragplaaster for Træle-

tankar i Folket. Desse liggja løynde
i daglegt Lag som ein Sjukdom i
Skrotten, fyrr han bryt fram f. Eks
Kveisa (Barnekopper). Men so kjem
Kongsmannen, og so slær det ut. Det
dreg, Plaastret. Det er so: Folk’ synes
frisinnad og sjølvstendige, alt til Trælen
paa denne Maate tyter ut.

Det er i Grunnen Synd, at her ikkje
stadigt skal vera slikt eit Dragplaaster
iblandt oss. Det er nyttigt og lærerikt
at sjaa alle dei Blæror.

Det er gjævt aa kjenna sine Folk.
Denne Byfuten, denne Doktoren, denne
umbods- og stipendi-søkjande Mannen
saag: ut som ein annan fri og ærekjær
Mann, alt til dette Plaastret kom. No
kjenner du den Naturen, og veit kva
han er brukande til. Men det er ikkje
fritt for, at du verdt rædd; for den heile
Folkehud er det fælande for vilde bli
full af Blæror, dersom alle desse usunne
Vætskor stødt og stendigt skulde vera
uta for dette Dreg.”

Ja, Dølen kunde faa det til aa laata.
Og kanskje Ordi kunde høva ikkje so
ille no um Dagen og. —

Det vilde altid vera nokot sterkt aa
segja, at kvar einaste Mann, som gjeng
med i all denne Kongestasen, er ein
Kongetræl elder eit Utslag af Fridoms-
Kveisa i Folket. Mange gjeng med for
”Folks” Skuld, elder fordi dei tykkjer det
er leidt, at ikkje Vinstreflokken og skal
vera med aa visa seg loyal osfr. Men
me burde snart vera komne so langt no,
at me visste aa gjera Skil paa Konge-
dømet og Kongen i slike Tilfelle.
Ein kann godt halda paa Kongedømet
og likevæl vera uglad 1 den Mann, som
siter i Embættet. Og me kann likso
godt segja det ende ut, at ingen frilyndt
Mann i Noreg kann hava Kjærleik til
ein Konge, som Aar efter Aar set seg
beint imot Folkeviljen, og held eit Raad,
som Landet i det heile ikkje kann sam-
stavast med.

Og so maa me koma i Hug, at kvar
ein, som er med i denne Kongestasen,
anten han no gjev Pengar til han, eller
han er med i Innbjoding eller med
Godlaat og Hurraroping, han gjev eit
Tillidsvotum til den Styremaaten,
me no lid under. Du kann nok gjeva
Pengar og skriva paa Indbjodingar,
og hauste Hurra 0. m. så. paa dine
eigne ”Præmissur”; men Utslaget vert
likevel, at til større og drustelegare
Gaava Kongen fær, og til finare Vag-
ning nokon av den kongelege Huslyd
no vert mottekjen med, til større og
gjævare Tillitsvotum fær Regjeringi.

Og i det heile skulde det vera Slut
med denne Avgudsdyrking av ”Kongen
og det ganske kongelege Hus” no. Hev
me ein Konge, som er i full Sanning
med oss i vort folkelege Arbeide, og
som Folkje hev Kjærleik og Tillit til,
so lat oss fagna honom og stella oss
med honom liksom med andre store og
gode Menn, som me elskar. Menn ingi
Framsyningav ein Kjærleik og ei Tillit,
som me inkje hev.

Me skal berre høyra ”Morgenbladet”,
naar Vinstre, eller Størsteparten av
Folkje, gjeng med paa denne Konge-
stasen. Det vil syngja Te Deum, so
det klingar yver Lande, og i ei Haade-
vending gjeva Stortingsfleirtalet um til
ein liten uvisleg Flokk ”av radikale
Agitatorer”, som ingi Studning hey i
Folkje. Slikt er snart gjort.

Tromøy, Februar 1882.
Andr. Hansson.

Kristiania, den 24de Februar.

Fraa Vinje (Brev). Det strævar kvar
med sit soleis i det smaa, og det hev
kvar sit aa halle utav. Eg vil for-
telje litt om nokot, me hava kravla
med hera eit par Aar, Det hev lenge
voret kjent og sagt, at Folket i vaare
Bygdar er nage paa Haandi til aa gjera
nokot av kvart av Haandverks- og Konst-
arbeide. Liksom dei i gamle Dagar
gjenom sine Kjempevisor og Stev synte
fram siue poetiske Evne, som mange
andre Bygdelag ikkje var so rike paa,
soleids viser det seg, at dei enno eig
same Gaavurne, som dei no nyttar meir
til gjera det som er fint med Hendarne.

Fyr snart tvo Aar sida byrja Pre-
sten vaar, V. Paulsen, og nokre av dei
beste Menner i Bygdi til aa tenkje paa
faa ein Husflidsskule igang. Me var so
hepne, at me aatte ein dugeleg Mann i
Bygdi som kunde taka paa seg aa vera
Lærar. Det var Treskjerar A. H. Hyl-
land, kjend baade i By og Bygd fyr
sin ualmindelege Dugleik som Treskje-
rar. Dei fekk daa ein Subskription til
Skulen og fekk med smaa Midler og
smaa Voner byrja. Men Skulen hadde
kje stadet rett lengje, fyr det synte seg,
at det kunde gange detta. Arbeidet
vart utruleg fint, og dei var svært
heldige med aa faa Avsetning paa det,
noko som trulegvis Hyllands Namn

gjorde sit til. I Upgjøret viste det seg,
at Skulen aatte nokot Pengar til aa
byrje med til neste Aar au. Tilskot
av Statsmidlar fekk deiau iaar, so Sku-
len hev triyvst rett godt med kring 20
Skulegutar, omtrent alle fraa Vinje.

Den f/, no sidst sluta eit Kursus i
Bogrend (Skulen skal flytjas) og daa
hadde dei ei liti Fest med Kaffe og
Bakels. Det synte seg, at der er
gjort store Framstig fraa ifjor til iaar,
og Arbeidet var yverhovud merkjeleg
godt gjort, ja somt meste makalaust aa
kalle. Det kan verta til inkje so lite
Intekt fyr Folk dette, endaa eg trur,
at dei hev att verste Knuten aa løyse —
aa faa Å vsetningentil aa verta støog sikker.
Festi som eg tala um var folkesam og livleg
med Sang og Talur — Presten helt Fest-
talen, og Lærer T. Flaaten takka i
Skulens Namn Å. Hylland fyr hans Verk-
semd i SkulensInteresse, nokot dei kann
hava so myket meir Tilføre til aa skyna
paa, som Å. Hylland rimelegvis snart
kjem til aa flytja fraa kon.

Sverdrups Talar held dei no paa tryk-
kja i Kauphamn; for det var ingen
Bokhandlar, som vilde kosta Bolki paa
Prent ber i Kristiania.

Stiftsprovst Tandberg i Kristiania er
vorte Bisp 1 Kristiansand endaa Prest
Skaar hadde dei fleste Provst-Røysterne.

Utskiftings-Logi og nokre andre Smaa-
logjer er ferdige baade fra Odelstinget
og Lagtinget.

Stortinget hadde Maandagen 14 Dagar
sidan 19 Mann uppe til aa helsa paa dei
kongelege. Den Taien som skulde hal-
dast til deim, vart dryfta i tyo Løyn-
Møte i Vika fyrr. Fleire totte, at der
laag Usanning i den Maaten aa tala til
Kongen paa, som Præsidenten foreslog.
L. Bentsen, Jaabæk, Thomesen, Castberg,
Skaar o. fl. totte det kunde vera slut
no med den Slags fine Ord.

Præsidenten (Steen) foreslo at
heile Stortinget skulde ganga til Kon-
gen. Det var det 66, som røysta mot,
men desse 44 for:

Hirscb, Essendrop, Bonnevie, Berg,
Vindal, Jenssen, Harbitz, Hille, Roll,
Schrøder, Jebsen, F. Steen, Bruun, Jak.
Sverdrup, L. Smitt, Helland, Skattebøl,
Aschehoug, Grimsgaard, Birkeland, Lam-
brechts, Fougner, Fleischer, Krag, Furu,
Bang, S.A. Soelberg, Flor, Didriksen,
Racsh, Johanssen, Saxe, Blackstad, Han-
sen, Motzfeldt, Andresen, Larsen-Naur,
Thuesen, Helliesen, Knudsen, Gregersen,
J. Steen, Svendsen og J. Smitt.

Med 85 mot 25 R. vart det avgjort
at eit Sendelag skulde ganga til Kongen.
81 vilde hava den Talen, som Præsi-
denten foreslog, og som er for lang til
aa takast inn 1i Bladet. — Dei 25 var:

Skaar, Konov, Løberg, Juel, Thome-
sen, Rinde, Hurum, Hvamstad, Jørstad,
Hjelmstad, Glestad, Jaabæk, Olsen, Dahl,
Olafsen, Bjerring, Castberg, Huser, Øver-
land, Ueland, L. M. Bentsen, L. Soel-
berg, Frilsetb, Furulund og Berner.

Burte var Liljedal, Reierson, Schiørn
og By.

Til slut foreslog Konov, at Ordskiftet
i Møti skulde trykkjast i ”Stortingsti-
dende”. «For det røysta alle, forutan
Aschehoug, Birkeland og Grimsgaard.

I det franske Folketinget er det no 5
Parti:

1) høgre (Legitimistar, Orleanistar
og Bonapartistar), 90.

2) ”det demokratiske Samlaget (union
démoeratique), det er Regjerings-
partiet, 73, men det er Von, at endaa 30
gjeng inn i det; her stend Jules Ferry,
Marcére, Tirard, Ehoiseul, Roys, Carnot,
Goblet.

3) ”det republikanske Samlaget” (u.
républibaine), Gambettas Flokk, 140.

4) ”det radikale Vinstre” (la gauche
radicale), 80.

5) Ytste Venstre, med Clemenceau
til Førar. Det vil hava gjort det av

med Senatat, skilt Kyrkja fra Staten
0: 10. 5:

6) nokre Sosialistar.
det 60 ved Lag.

Austrike fekk eit stort Stykkje
Land fraa Tyrkeriket etter den siste
Ufreden millom det og Rusland: Bosnia
og Hersegovina, der det bur slaviske
Folk. No hev desse gjort Uppreist:
dei vil vera for seg sjølv, elder i Sam-
lag med sine slaviske Brøder i Serbia,
Montenegro eller dei slaviske Land i
Austerrike, Sud-Ungarn o. fl.

I 5 og 6 er

Dakota er no vorti ein av dei sam-
bundne Statarne i Amerika. Fyrr var
ho berre ”Territori”.

Skobelev heiter ein rysk Gjeneral, som
er mykje umrødd i den seinste Tidi, av
di han hev halde tyo Talar, der han hev
riye ned paa Tyskarne og talt alle Sla-
var (dei ymse Folk i Rusland, dei fleste
i Austrike og Tyrkland) til aa halda
i Hop, so dei kann faa kuga den sams
Uyvenen. Den fyrste Talen heldt han
i Rusland; so vart han liksom landlyst,
og so var han endaa kvassare i den an-
dre Talen sin, som han heldt til nokre
serbiske Studentar i Paris. No hev den
ryske Kjeisaren sagt, han skal koma
heim til Rusland att og gjera Greide
for seg. Some segjer, at han hev Med-
hald av det ryske Styre i det han hev
sagt. Dei meiner, at Rusland vil hava
Ufred med ei onnor Magt, so Folket
skal koma til aa tenkja paa anna en
det indre Stellet.

Rispur.

Ein lækpredikant gjekk, daa det var
slut paa sjølve uppbyggjelsen, aa spurde folk
etter nokot av kvart. Han spurde soleids
ei gsmal kjerring, um bo var fødd paa ny.
”Aa næ" um eg veit, anten eg er fødd paa
ny hell nean eg”, svara kjerringi.

— Kristjan lest vera heilag aa tok ofte
ei bok aa skulde lesa, endaa han inkje kunne
skjyna ein einaste bokstav. Kjerringi, der
han tente, hadde eingong lagt at ei gamal
fargarbok paa bore. * Kristjan tok boki aa
skulle liksom lesa. Han drog alt i eit ein
djup sokk aa glaamde paa kjerringi. ”Ja, det
er ei rar bok detta, Kristjan”, sa ho. ”Haa
ja! Naar ein berre kunne halda seg etter ,
henne saa”, svara”n Kristjan og sokka.

— Fin slik ein halvkonsjonert møtte ein-
gong ein bonde aa skulle daa neisa honom,
avdi han hadde kaupt seg ein tullop. (Han
var fælt slem ve kjerringi si den same man-
men). ”Det var fælt saa elegant tullup den
manden har kostet sig”, sa han. *”Aa ja
men eg hev no inkje kosta’n berre for min
eigen del; eg brukar aa slengje’n yver kjer-
ringi mi”, naar eg kastar henne ut i snjo=
haugjen”, svara bonden. 0. E.

Naar du skriv til Bladet um noko,

’so skriv tydelegt Namn og Posthus i

Brevet, ellest kann me ikkje godt vita,
kven du er, elder kvar du er.

Lysingar.

(4de Kvartal), 1878-0g ar. 1, 1879, kjø-
per mot høg betaling
stud. jur. H. Gurstad,
Vessels gate 6, Kristiania.

p eksemplar av ”Fedraheimen” for 1877

Utkomet er:

Lystspel i 5 Bolkar av
Tartuff Molidre. I Umskrift fraa
J) Fransk av J. Belsheim.
1198. Pris I Kr. i Posten 1.10:
Nikolai Olsens Bogtrykkeri,
Torvgaden 5 b.

Kristiania.

Nikolai Olsens Boktrykkeri.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0034.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free