- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
35

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gd

som det er.”

Ade Marts 1882.

Fedraheimen.

For det fyrste fordi Diktaren, som
Asperheim segjer, ”hev Hjarta”; det
kann vera vondt endaa for ein,Viten-
skapsmann. aa vera strengt objektiv
alle Tider, og endaa verre er det na-
turlegvis for Diktaren, endaa um denne
nokso mykje er berre ”Artist.” For
det .andre fordi Diktaren ”maalar med
Ord.” Den, som maalar med Fargar
elder Tonar, er ikkje so utsett for aa
blanda seg sjølv inn i si Skildring;
men den, som skal bruka Ord,
vil tidt vera freistad til aa velja Ord,
som høver med hans eigne Meiningar
elder Kjenslur, endaa um dei kanskje
ikkje er av dei, som best kunde maala
Naturen. Zola sjølv klagar yver, at
han ikkje kann vera heilt ut Naturalist;;
han er berre ein ustø Nyemning, segjer
han, og det vil vara lengje enno, fyrr
Skaldarne vert klaare og sterke nok
til aa halda seg sjølve heilt utanfor
sine Bilæte, og soleids kann det daa
henda, at ein Naturalist, som er Fri-
tenkjar, kann koma til aa skriva slik,
at Ein ser, han er Fritenkjar. Men
dersom han gjer det, so er det altso
ikkje fordi han er Naturalist, men
fordi han forbryt seg mot Naturalis-
men, fordi han med andre Ord skriv
”idealistisk”, og det bør altso helder
ikkje Naturalismen hava Skuld fyre.

Åa segja, at Naturalistarne forneg-
tar det ”ideale”, fordi dei i sin Kunst
held seg strengt til Livet, det er paa
Lag som aa segja, at dei nyare Maa-
larar fornegtar det guddomelege, fordi
dei ikkje teiknar Jesus og Apostlarne
av med Straalekransar um Haaret.
Kva Pastor Asperheim meiner med
dei ”høge Skikkelsar fraa ei usynleg
Verd”, som han finn hjaa Shakespeare,
men ikkje hjaa Naturalistarne, er det
ikkje so godt aa vita. Men naar han
fortel oss, at Naturalistarne i si Skil-
dring av Livet, gløymer dei Fyresy-
ningar av desse høge Magter, som er
”infellt i vaar Natur”, og som ”gjer seg
til Herre yver vore Gjerningar”, —
80 veit me ikkje onnor Raad enn aa
beda Åsperheim lesa nokre mnaturali-
stiske Diktarverk. Naar han hev gjort
det, vil me beda Hr. Pastoren segja
oss, um han finn, at det, som der
hender, er heilt og sannt motiverat
(underlagt med Grunnar); — for er
det det, ber Folk i Diktarverket seg
åat som Folk i Livet, og gjer dei sine
Gjerningar etter dei samme Grunnar,
som Folk i Livet plar fylgja —, so

meiner eg, me kann segja, at Dikta-

ren ingentiug hev ”gløymt”, men at
han i Sanning hev gjevet oss ”Livet
Og daa hev Pastor Ås-
perheim — som godkjenner Realismen
— ingen Ting aa segja.

Men segjer Asperheim, det er ingen
av desse Naturalistarne, som hev skil-
drat med Medhug det serleg kristelege
Livet, det maa daa vera nok til aa
visa, at Naturalismen er ukristeleg! —
Det er knapt nok til aa visa, at dei
einskilde naturalistiske Diktarar er
ukristelege. Ein Diktar, som skriv ei
kristeleg — elder ukristeleg — Ten-
densdiktning, viser sig med det same
aa ikkje vera Naturalist. Dersom ein
kristeleg Diktar vil skildra eit kriste-
legt Liv naturalistisk, — so lyt han
skildra det ”som det er”, med alle sine

Veilur og Lyte likso væl som med sine
gode Sidur, — og det kom an paa,
um Pastor Asperheim vilde vera nøgd
med det.

Dei kristne no um Dagen stend
ikkje høgt i gudelegt Liv elder i gude-
leg Eldhug, um me kann tru det, som
vert sagt av visse kristelege Menn.
Og um me vil døma etter den Kristen-
dømen, som kjem fram offentleg — —!
Og det maa me hava Rett til, for av
Frukterne skal Treet kjennast. Lat

oss t. D. sjaa paa dei Prestar og an-

dre heilage Menn, som slaast i ”Uge-

skriftet” elder ”Morgenbladet” um Bis-|. .

peval elder um andre kyrkjelege Ting;
— er dei so mykje meir kjærlege og
forsonlege enn vanlege verdslege Kamp-
hanar? kann dei so mykje betre aga
sitt Sinne elder temja sin Munn? er
dei friare for laage Mistankar, tek dei
meir enn andre alt i den bedste Mei-
ning? — For vanlegt Folk ser det nok
ofta so ut, at der ikkje er annan Skil-
nad paa ”kristelege” og verdslege
Slaastkjempur, enn at dei fyrstnemnde
brukar grovare Munn og er verre til
aa døma enn dei andre. Elder lat oss
tenkja paa det framifraa kristelege
Bladet ”Fædrelandet”! Elskar det sine
Fiendar meir enn andre Blad? Kann
det meir enn andre passa sin Munn
elder styra sitt Sinne? Kor er det ser-
legt kristelege i ”Fædrelandets” For-
fyljing av Johan Sverdrup? — Alt
slikt, og meir til, maatte takast med
1einaturalistisk Skildring av den kristne
no um Dagen, og det vilde ikkje taka
seg godt ut, Hr. Pastor Asperheim!

Ein sann Naturalist vil skildra det
kristelege Livet som alt annat Liv utan
Medhug og utan Mothug. Det, han
— som Diktar — bryr seg um, det
er det artistiske ved Tingen, d. v. s.:
han hev sin ”Hug” 1 aa faa sandt og
livande fram 1 Bilæte, det han hev valt
seg til Emne. Det vil altso mest koma
an paa dei Kristne sjølve, um dei skal
taka seg godt elder daarlegt ut i eit
naturalistiskt Dikt. For dei maa ikkje
venta ”Medhug” av Naturalisten i den
Meining. at han skulde fuska i Skil-
dringi elder ljuga dei betre, enn dei i
Røyndi viser seg aa vera.

Hr. Asperheim reknar Kristian El-
ster med til Naturalistarne. Dette er
no i seg sjølv so galet som det kann
vera*). Men lat gaa! Lat oss finna
oss i, at Kristian Elster i denne Sa-
manhengen vert kallad Naturalist.
No hev Kristian Elster i ”Farlige Folk”
skildrat oss ein Kristen, — den unge
Frøken Vik. Eg vil beda Pastor Ås-
perheim lesa den Skildringi. Og naar
han hev gjort det, — vil han so segja
oss, um den Skildringi er skrivi med
”Mothug” elder ”Medhug”? Det skulde
vera svært forvitnelegt aa faa vita det.
Og so fær Hr. Pastoren hugsa, at det
er han sjølv, som hev reknat Elster
med til Naturalistarne!

Eg hev aldri visst rettare enn at
det var den gudelege Diktning, som
hadde med aa skildra det aandelege
Liv i Bøn og Tru, som Pastor Asper-

*) Kanskje alle fritenkjande Diktarar her-
etter skal heita Naturalistar, liksom alle
fritenkjande Vitenskapsmennforei Tid si-
dan maatte heita ”Positivistar”. Det er
so underlegt med den Halvkulturen!

heim no vil hava Naturalistarne til
aa fortelja oss um, og at den ”pro-
fane” elder verdslege Diktningi hadde
det naturlege Menneskeliv til sitt Emne,
Gakk til Göthe, Lessing, Schiller osfr.;
gakk til Shakespeare, Byron, Walter
Scott osfr.; gakk til Holberg, Øhlen-
schlæger, Heiberg osfr.; gakk til Wer-
geland, Bjørnson, Ibsen osfr., og eg
kunde segja: gakk til Homer, Sofokles,
Æischylos osfr., elder til Horats, Ver-
gil, Ovid osfr.! — og slik kunde Ein
halda paa, so langt som Presten kunde
fylgja, og endaa eit Stykkje til kanskje
. gakk til alle desse gamle og god-
kjende Skaldarne, og sjaa kor mange
Skildringar du der finn av ”Menn og
Kvinnur, som trur paa Kristus og li-
ver etter denne Trui, Folk, som bed
til Gud og søkjer Trøst hjaa honom,
Folk, som kjempar med seg sjølve,
for at den kristelege Sanning kann
faa Magt yver der”! Fr det ikkje just det,
som. hev gjort Pietistarne so galne
paa all versdleg Diktning, at Skaldarne
aldri skriv um Livet i Gud, men altid
um Livet i Verdi? Vil kanskje Pa-
stor Asperheim døma som Pietistarne?

Vil han segja som so, at daa Gøthe,

Schiller, Moliére, Byron, Ølenschlsæger,
Wergeland osfr. osfr. ikkje skildrar
det kristelege Liv i Gud — og ”dette
maa me merkja ossj naar me skal
døma . . . Diktningi og korleids ho
stend til Kristendomen”! — so er dei
ikkje aaleine i seg sjølve ukristelege
og forkastelege, so at ingen bør lesa
dei, men so er og alle dei Blad, som
forsvarar desse Skaldarne og deira
Diktning, like eins forkastelege og for-
dømelege, ja reine Fritenkjarblad?
Vil Pastor Asperheim tala slik, so vil
ban dermed for det fyrste fordøma
alle dei gode gamle” Bokmenn, som
no gjeld for Autoritetar, for det andre
vil han fordøma vaart Kyrkje- og Skule-
styre, som læt Ungdomen i alle Skular
lesa desse Skaldarne, og for det tridje
vil han fordøma seg sjølv; for Hr.
Pastor Asperheim godkjenner iallfall
Shakespeare og dei, som han kallar
Realistar! —

”Eit litevetta upplyst og tenkjande
Menneskje,” skriv Pastor Asperheim
paa Tal um Knut Holt i Elsters ”Far-
lige Folk”, ”vil strakst kunna segja,
at ein, som ber seg slik aat som El-
sters Ovkar, anten er ein stor Tosk,
elder ogso kjenner han seg bunden av
høgre Magter, som han lyt vera lydig”.

For det fyrste hev eg aldri fyrr
høyrt ein Prest segja, at Religionen
tvingar Folk aa fara aat som store
Toskar. For det andre hev eg helder
ikkje fyrr høyrt ein Prest segja, at
det aa halda sitt Ord er aa fara aat
som ein stor Tosk.

Naar ein Mann hev lovat ei Gjenta
Ægteskap, og Gjenta krev, at ban skal
halda sin Lovnad, er det væl sjeldan
nokon som finn, at Mannen gjer nokot
moralskt Storverk, um han er ærleg
nok til aa halda sitt Ord. For det
meste vil væl Folk segja, at han ikkje
hev gjort annat enn han var skyldig til
aa gjera. I mange Land kann Gjenta
tilmed tvinga Karen til aa halda sitt
Ord; det er altso ikkje berre Moralen,
men sjølve den turre Retten, som krev

so mykje av eit vakset Mannfolk. Der
trengst altso ingi ”høgre Magter” til
aa blanda seg inn i dette. Heri Lan-
det er Retten væl ikkje so langt komen
i dette Stykket som utanlands. Men
me kann vera trygge paa, at det vert
til det her og eingong, at Loven under
Straff tvingar Ægteskapslovaren til aa
halda sitt Ord.

At Knut Holt er so ærleg, at han
held sitt Ord utan Lovens Tvang, det
er godt og fagert. Men hev han der-
med ”svingat seg upp paa Høgdi av
den kristelege Moralen”? Eg trur, Hr.
Pastoren skulde tenkja seg litt betre
um, fyrr han sagde so store Ord.

Skildringi um Knut Holt og den
amerikanske Gjenta meiner eg og er
usann; men eg trur Usanningi ligg
paa ein annan Kant. Det usanne er,
at Elster læt den halv-ville Gjenta
elska paa ein slik Maate. Fit Kvinn-
folk som ho vil ikkje gjera det. Ho
vil ikkje leita fraa Lissabon til den
norske Smaabyen gjenom tusund Even-
tyr og Hindringar etter Elskaren sin.
Ho vil slaa seg til Ro fyrr. Men der-
som slikt hende 1 Livet, so vilde ein
ærleg Mann — kristen elder ukristen
— maatte gjera som Knut Holt gjorde.

Skilnaden millom den kristne og
den ukristne skulde i dette Tilfellet
vera den, at den kristne gjorde sin
Skyldnad med Gleda, fordi han tottest
sjaa, at det so var Guds Vilje, men
den ukristne gjorde det med Uhug og
Sorg. Hadde Knut Holt gjerne og
gladelig bytt Kornelia Vik burt imot
den amerikanske, berre fordi han sette
si høgste Gleda i det aa gjera si Pligt,
— 50 kunde Pastor Asperheim ha sagt,
at han hadde ”svingat seg upp paa
Høgdi av den kristelege Moralen!”

Um. Knut Holt hev ”Fedrh.” hellest
sagt, at han var Fritenkjar, men ikkje
moral-laus. So mykje maa det væl
gaa an aa segja, — helst naar Ein i
sjølve Livet ofta fær røyna, at der er
Fritenkjarar, som ikkje er morallause.
Naar Hr. Asperheim fortel, at det er
”lett aa sjaa,” at Knut Holt hev ”Fe-
draheimens fulle Medhug”, so er dette
nokot, som Hr. Asperheim sjølv hev:
funnet ut, og som han sjølv fær for-
svara. (Meir.)

Fraa Bergen.
(Brev til Fedraheimen.)

Bergen, 10de Februar 1882.
Gode Fedraheim!

Du nemnde i No. 1, at den nye
Bibelsoga vist snart var ventande fraa
Vestmannalaget. Eg heve frett, at
Boki (Bibelsoga ved Paulson og Mo)
var ferdig fraa Prentestolen fyre Ny-
aar; soleids kan ein vona aa faa henne
i Handelen med det fyrste. Bokhand-
lar Ed. B. Gjertsen her i Byen er For-
leggjar.

Vetteren heve til dessar voret open
og rusken med Regn og Storm dag-
stødt, til aa kalla. Den vesle Floten
av Skaanerbriggar sleit vondt denne
Gongen. Bergen hadde fyre nokre Aar
sidan mange væne Farty av detta Sla-
get, som heldt seg myket i Frugtferdi
fraa Midelbavet til Øystersjøen; det
var oftaste ein bergensk Skaanerbrig,
som naadde fyrst fram til Petersborg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0037.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free