- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
39

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ren GEL ØRET rn

Bus

llte Marts 1882.

Fedraheimen.

39

”Di tek velog venleg til Takka her; no
eg tykkjer ikkje um, at di skulde
hava nokon Kostnad fyr meg; men
eg vilde ikkje lika det, um det vert
spurt at di ikkje hadde bavt nokkor
verre Jol enn den som no kjem, hjaa
Eirik raude i Brattelid paa Grønland.”
Karlsemne svarar: det skal daa ikkje
verta soso; mi heve paa Skipi vaare
baade Malt og Mjøl og Korn, og di
kann taka av det slikt di vil, og gjer
no slikt eitt Gjestebod som det sømer
seg ein Stormann som dykk.” Og det
tek han imot, Det vart daa laga til
Jole-veisla, og ho vart so gild, at Folk
snaut tottest hava sét slikt eitt Gjeste-
bod. Etter Joli frir Karlsemne til
Gudrid hjaa Eirik, for han meinte, det
var han som raadde fyr det; han totte
det var eitt fagert og fermt Kvende.
Eirik svarar og tek vel imot Friingi,
men segjer at ho var verd eitt godt
Gifte. ”Og so vert det vel so, at ho
lyt fylgja Lagnaden siu”, um han
endaa fekk ho, men hellest hadde han
høyrt berre godt om honom. No spyrr
han henne, og ho let Eirik raa. Og
so vart det daa avgjort og det
vart tilstelt eitt gildt Gjestebod og
halde Brullaup; det var mykje Gleda
i Brattelid um Vetren; dei spila Tavl
og fortalde Sogor og dreiv hellest paa
med slikt som kunne vera til Gaman.
(Meir.)

Meir um norske geografiske Namn.

I dei siste Fedraheimarne hev det
stade eit stykkje um ”Norske by- og
bygdenomn m. m”. No er detta ei

- sak, som det endaa er mykje aa gjera

i, for det er kje berre dei norske by-
og bygdenamni, som hev vorte skam-
førde i Dansketidi, og med bygdenamni
er det endaa ikkje soilla, for naar ein
tek unda amtsnamni, so hev baade
dei større og dei mindre bygdarne mest
alstad sine gamle namn — i skrift
kann dei nok vera forvende, men aal-
mugjen plar uttala dei rett. Der er
t. d. ved Kristiansand ei bygd, som
”officielt? heiter ”Tørrisdal”, men aal-
mugjen segjer ”Toridal” og ”Toreidal”;
det sisste er visst det rettaste. Munch
segjer nok, at det gamle Namne ”synes
at have været Thorgilsdalr, men dette
er vel berre ei Gissing av honom.
Ved Mandal er det ei Sokn, som paa
Gamalnorsk heiter Holheim; no skriv
dei ”Holme”, men aalmugjen segjer
”Holum” og ”Holeim”. I Nordfjord er
det ei bygd, som dei skriv ”Bredheim”,
men aalmugjen segjer nokk ”Breimn”,
som svarar til Gamalnorsk Breidefni
(Breidemne). Paa Sunnmør er det
eit gjeld, som paa Gamalnorsk heiter
”Vanyfli” (les Vanyvle) hell ”Vanifli”.
No uttaler dei ”Vanylven”, men skriv
”Vanelven? og ”Vandelven” endaa det
korkje kjem av ”Vand” hell Elv; det
vøre daa likare aa skriva som dei
gjorde eitt bil i Dansketidi: ”Vanddief-
fuelen”. Slike forvendingar er det
mange av, baade ved bygdenamn og
gardenamn, og so vert dei aalment

- skrivne i Dansk hell Halvdansk (kann-

henda helder Svensk?) form, som ”Sten”

å staden fyr ”Stein”, ”Tvet” ved Kri-

stiansand i st. f. ”Tveit” (aalmugjen

segjer ”Tveid” liksom ”gada” fyr gata,
”geid” i st. f. geit.)

Men dei namni, som i grunnen er
verst medfarne er elvenamni. I staden
fyr dei gamle stutte greide elvenamni
brukar dei lange umskrivingar, som
Kvinesdalselv i st. f.Kvin. No er det
aa merkja med detta, at det gamle
elvenamne ofta berre er i bruk i øv-
ste enden av dalen; lengjer nere segjer
dei berre Storelvi hell Storaana, for
der er den eine elvi so mykje større
en dei andre, at ho ikkje treng noko
serskilt namn. Det er annarleis øvst
1 dalen, for der er det helst fleire
jamstore elvar, so ingi kann heita stor-
elvi med beter rett end dei hine. Ut-
med Sjøkanten, der det er meir Sam”
kvæm millom bygdarne, vilde det bli
for mange Storelvar, og difor hev el-
varne serskilde namn der, men so hev
folkje der sumestad stade under slik
innverknad av ”Kulturfolket”, at dei
brukar det ”officiele” namn. No i dei
seinre tider hev det vorte beter med
detta, dei brukar ikkje no meir t. d.
aa skriva ”Gusdals-elv” i staden fyr
Gausa; derimot vil dei endaa gjerna
danska paa endingarne, t. d, Glommen,
Vormen, Flisen, og so forvende dei
lidt namni au, t. d. Laugen i st. f.
Logjen (Logen), Gula (Gulelven) i st.
f. Gaul (aalmugjen skal segja Gaul’a
og Gol’a).

Som det er med elvarne, so er det
med øyarne. Dei legg til eit -ø, anten
namne paa Norsk endar paa -øy hell
ikkje, og so forvender dei namni att-
aat. Dei skriv t. d. ”Karmø”, endaa
aalmugjen kalla øyi ”Karten” (Gamal-
norsk Kormt, Karmtar) hell ”Karta-
lande” og ”Skutneslande”. Verst er
det med detta i Nordland: aalmugjen
segjer ”Døn” (Gamalnorsk Dyn), men
dei skriv ”Dønnesø”, ”Senjenø” i st. f.
Senja, ”Lekø” i st. f. Leka o- s,v.

Hr. Asperheim og *Fedraheimen*.
(E-)

(Fraa No. 9).

So fortel Pastoren, at ”Fedrh.” hev
forsvaret ”Dagbladet”, vaagat seg ut
for aa hjelpa ”Dagbladet” — i Striden
mot ”Fædrelandet”. Liksom ”Dagbla-
det” elder nokot annat Blad trong
Hjelp. i ein Strid mot ein slik Motstan-
dar! — Nei Hr. Pastor, ”Fedrh.** hev
ikkje gjort annat enn aa forsvara
seg sjølv.

”Fædrelandet” tok paa ”Dagbladet?
for Skuld ein Føljetong, som det te-
ologiske Blad fann usedeleg; daa ”Fæ-
drelandet” hadde gjort det, fann det
nok ut, at det sjølv trong Hjelp, ’og
so vilde det hava dei andre Bladi til
aan hjelpa seg. Og at Høgrebladi
hjelpte til, det tarv eg vel ikkje for-
telja Hr. Pastoren. Dei fekk alle ihop ei
moralsk Rid, so det var reint utru-
legt. Men ”Fædrelandet” hadde nok
ingi stor Tru paa, at dette vilde hjelpa.
”Fædrl.” forstod kanskje, korleis det
hekk ihop med den moralske Braa-Ridi,
som no hadde teket alle Høgrebladi
fraa ”Mgbl.” til ”Dagen”, og det hadde
nok 1 det heile ei Kjenning av, at slik
Parti-Dygd ikkje vilde vinna stor Til-

tru. Difor vilde det hava Vinstre-
bladi med seg paa sin Krig mot vaart
liberale Hovudblad. Og serleg nemnde

det her — um eg ikkje misminnest
— ?V. G.” og ”Fedrh.” Desse Bladi

skulde altso anten ut og hjelpa ”Fæ-
drelandet” mot ”Dagbl.”, elder so
skulde dei sjølve gjerast mistenkte
for aa vera usedelege. Daa var
det, at ”Fedrb.” laut ut og greida
for seg. ”Fedrh.” visste, at ”Fædrl.”
vilde ”taka alt i den beste Meining”
paa sim Maate, og so var der ikkje
onnor Raad enn at Bladstyret laut
forklara for Motstandarar og Lesarar
den samme Grunnen til, at det ikkje
kunde gaa med ”Fædrelandet”. Soleis
vart det Stykket til, som Pastor Asper-
heim no so sanningskjærlegt kallar
.«Fedraheimens Forsvar for Dagbladets
Føljetongar.”

Hadde ”Fedrh.” tagt, so hadde
”Fædrelandet” og Asperheim teket det
som eit Prov paa, at ”Fedrh.” var ugude-
leg. Daa ”Fedraheimen” tala, tok ”Fæ-
drelandet” og Asperheim det paa same
Maaten.

Hr. Pastoren, som ex officio skal
taka alt iden beste Meining, gjeng ty-
deleg ut ifraa, at det som ”Fedrh.”
ifjor skreiv um ”Napoleon den 3dies
Hof”, ikkje var ”Fedraheimens” sanne
Meining. Pastoren prøver aa segja
det og; men han er nok litt rædd for
Kriminalloven, og segjer det difor svært
varlegt. ”Me kann ikkje berga oss for aa
faa den Kjensla”, skriv Pastoren, ,,at
”Fedrh.” er ein so god Ven av ”Dagbl.”,
at han lyt vaaga seg ut for aa hjelpa det,
um han so skal saara sitt eiget Hjarta
med det same.” Vil Pastoren segja
den same Tanken ende ut, so vil ”Fe-
draheimens? Bladstyrar ialfull hava
Tilføre til aa svara, — svara paa den
einaste Maaten som det gjeng an aa
svara paa slikt Snakk paa.

«Ingen Diktar”, skriv Pastoren, ”fær
Lov til aa gjera seg urein med aa
velta seg ned i Søyla og so syna seg
for oss”; ”naar ein Diktar berre ligg
aa velter seg i Livets Styggedom, daa
er han vorten sjuk”. Her maa eg beda
Pastoren forklara meg: 1) kva for
Diktardet er, han meiner, 2)um ”Fedrh.”
elder nokon av dei som skriv i ”Fedrh.”
hev forsvarat slike Diktarar. Fyrr han
gjer det, vil det vera meiningslaust
aa svara.. Og naar Pastoren talar um,
at ”Naturalismen er upfostrat med Lik-
lugt”, medan "alle andre Diktningar er
uppfødde paa kristelege Tankar” (t.
D. den klassiske?), — so kann eg der-
til ikkje svara annat, enn at Pastor
O. Asperheim maa ha lært Literatur-
historie paa ein annan Skule enn eg.

Endeleg skal det ha stadet aa lesa
i ”Fedrh.?”, at Vantrui ikkje er Synd.
”Fedrh.” spottar yver den Setningen,
segjer Presten. Det er helder langt
ifraa, at den Talen er sann, Hr. Pa-
stor!

Synd: er eit religiøst Umgrip; Syndi
fær Gud døma, hev ”Fedrh.” sagt.
Men aa blanda inn dette um ”Syndi”
å det offentlege Ordskifte um Tru og
Vantru, wet hev ”Fedrh.” funnet mei-
ningslaust, og det finn han visst enno.

Dersom det endaa svarad for nokot!
Men naar den kristne segjer til Fri-

i
tenkjaren: du syndar naar du ikkje
trur, — 580 vil Fritenkjaren berre
svara: ja, det varjust det, som skulde

’sannprovast.

Fraa kristeleg Synstad er Vantrui
sjølvsagt Synd, Grunnsyndi, den største
av alle Synder.*) Men dersom du tek-
til aa tvila um Kristendomen, so tek
du naturlegvis med det same til aa
tvila um denne Syndi, og dersom du
uppgjev Kristendomen, so vil du og
uppgjeva Trui paa, at Vantrui er Synd.
Kjem so Presten og segjer til deg:
du er ein Syndar, fordi du ikkje trur!
— 80 vil dette for deg vera meinings-
laust Snakk. Fyrst maatte Presten med
klaare Grunnar yvertyda deg um, at
Kristendomen i seg sjølv var Sanning,
og naar han det hadde gjort, so kunde
han snakka um Syndi; men daa maatte
det vera utrengt, for daa visste du
sjølv. at Vantrui var Synd.

Det er altso gagnlaust aa draga
den Setningen inn i det offentlege
Ordskifte. For der gjeld det Grun-
nar mot Grunnar og Menn mot Menn,
og ingen Mann hev Rett til aa døma
den andre moralskt for hans Meinin-
gar. Skulde der endeleg vera Tale
um Synd, so vilde det nok visa seg,
at dei var Syndarar alle. og det var
det, ”Fedrb.” vilde minna um, daa
han skreiv, at Cand. mag. V. Aubert
og var ein Syndar. — Det vilde Hr.
Cand. mag. V. Aubert nok hellest
ikkje høyra nokot um, ettersom det
saag ut til. Men kanskje den gode
Mannen just av det kann læra aa ten-
kja seg litt um, fyrr han legg i Veg
med aa døma andre som ”Syndarar”.
Likar han ikkje sjølv aa høyra slikt
offentlegt, so bør han tenkja, at andre
ikkje helder likar det, — og ”hvad I
vil, at andre skulle gjøre imod Eder,
det samme gjører og I imod dem?.

— Det var eingong eit Slags Folk,
som brukad den Skikken aa kalla an-
dre for *Syndarar* og segja til dei:
røyv meg ikkje, for eg er reinare enn
du! Det var Folk, som var svært rett-
truande og som heldt seg til Skriften
i alle Ting og leit paa, at dei var
Guds og Abrahams Born. Men det
stend skrivet, at Jesus Kristus ikkje
var det Grand glad i desse Folk. Ja
det stend endaa ein Stad, at han li-
kad betre ein arm Stakkar, som fann
ut, at han sjølv var ein Syndar, enn
han likad den retferdige Mannen, som
stod framfor Guds Aasyn og sagde, at
han sjølv var ein fagna Mann, men
at dei andre var Syndarar.

Det er vist best, Hr. Pastor! at
me tenkjer kvar paa sine eigne Syn-
der og ikkje skrik altfor høgt um an-
nat Folks. Og vil ein Mann føra Kri-
sti Sak mot dei ikkje-kristne, so vil
han tvillaust gjera væl i fara aa fram
baade med Klokskap og vanleg god
Folkeskikk.

”Me vart truande Menn og Kvinnur,
naar me i Tvilens Strid valde aa vera
det.* Men likso væl som det er eit
Verk av Viljen, naar ein vert truande,
likso væl er det det, naar ein vert
vantru*.

So talar Hr. 0. Asperheim.

*) Det bør like væl minnast, at Bibelen
sjølv byd oss aa ”prøva alt” — og

halda paa det gode.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0041.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free