- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
40

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

40

Fedraheimen.

lite Marts 1828.

Presten O. Asperhein segjer atter
ende ut, at naar han vart Kristen, so
var det ikkje fordi, at han kjende seg
yvertydd um, at Kristendomen var San-
ning, ikkje fordi at Sanningi med si
eigi Magt tvinga seg innpaa han, nei;
men fordi han *i Tvilens Strid* valde
aa vera Kristen. Han vilde vera Kri-
sten, endaa han var i Tvil um, at
Kristendomen var Sanning. Istadenfor
aa arbeida seg gjenom Tvilen, ista-
denfor aa -stræva, til han fann ut det,
som maatte vera det samme, so gjorde
Hr. Pastor Asperheim ”eit Hopp”, og
so var han yver. Han kunde likso godt
ha valt aa vera Fritenkjar. Han var
% Tyil” um, kva som var det rette.
Men so tok han ”Viljen” til Hjelp; det
fekk vera det same med Saningi; men
det og det vilde Hr. Asperheim tru,
og so tok han eit ”Hopp”, eit Vilje-
sprang, — og — — trudde.

Me fær vona, at Hr. Asperheim
ikkje hev fortalt oss den rette Saman-
hengen her. Han maa ha gløymt kor-
leis det gjekk til, at ban vart Kristen;
— det er væl so lengje sidan. For
dersom det var so, som Hr. Asper-
heim her fortel, — so vilde eg sannt
aa segja ikkje gjeva svært mykje for
Kristendomen hans.

Og liksom eg ikkje vilde det, —
soleids vilde eg helder ikkje bry meg
stort um den ”Fritenkjaren”, som hadde
vortet ”Fritenkjar” paa den Maaten,
Hr. Asperheim skildrar. Hr. Åsper-
heim fortel oss med eitt visst Braak,
at nok han og veit litt um, ”kva som
gjeng fyr seg i eit Menneske-Hjarta,
naar han vert vantru.” Dersom Hr.
Pastor Asperheim ikkje veit annat um
den Ting enn det, han hev fortalt i
”Fedrh.” No. 50 ifjor, so burde han
helst ikkje skrivet um den Saki., For
dei Fritenkjararne, han der skildrar,
vil alle lett verta samstellte um. Det
er ikkje det Slaget av ”Fritenkjarar”,
som her er Strid um, Hr. Pastor!
Dei, som er Fritenkjarar, fordi dei
i Kraft av ”Viljen” ”valde” aa vera
det, — dei fortener alt dei kann faa
av strenge Domar og harde Ord, og
dei hev ialfald ikkje ”Fedrh.” forsvaråt
— som Hr. Pastoren veit.

Men liksom me ikkje tvilar um, at
det finst Kristne, som hev teket Trui
fordi Kristendomen viste seg for dei
som den einaste og vissaste Sanning,
so at dei maatte tru paa den, so sannt
som dei vilde vera ærlege og sanne
mot seg sjølve, — soleids finnst det
nok og Fritenkjarar, som, mot sin
Vilje og i den tyngste Sjælekamp, hev
funnet ut, at dei maatte uppgjeva Trui,
dersom dei vilde vera ærlege og sanne
mot seg sjølve, og det er um dei Fri-
tenkjararne ”Fedrh.” hev meint, at
Ein gjorde rettast i aa vyrda dei som
skikkelege Folk, og strida mot Mei-
ningarne deira ikkje med harde Do-
mar og Vond-Ord, men med Grunnar
og klaar Upplysning. — At dei syn-
dar, det er ein Ting for seg, og det
fær Gud døma; for so sannt som dei
er ærlege i sitt, so syndar dei ikkje
med ”vond Vilje”; det er mot Meinin-
garne deira, Ein maa strida, og Mei-
ningar feller ein ikkje med store Ord.
Dette skulde dei Kristne etter mitt Vit
kunna vera med paa. Kann dei ikkje

det, so vil eg i det lengste tru, at det
er deira eiget Lyte.

I sitt Stykkje um ”Synd” hev”Fedrh.*
fylgt sitt Program og arbeidt for Aands-
og Samvitsfridom. Vil Pastor Asper-
heim for Aalvor segja, at det Arbeidet
er ukristelegt?

n)

233:

Bøker.
Hans Nilsen Hauge, et Livsbillede
fra Norges nyere Kirkehistorie, heiter
ei liti Bok av Olav Røst, som mnyst er
trykt og komi i Bokhandelen.

Boki fortel stutt og greidt um det
denne merkjelege Mannen Hans Nilsen
Hauge hev livt igjenom, baade hans
indre Kamp og ytre Motgang. Alt tid-
leg vektest han, som me veit, til aal-
vorlege Tankar, og mognast under tung
Sjælsstrid. Under denne tyktest han
sjaa at han hadde fengje eit serlegt Kall
fraa Vorherre til aa vekkja og friska
Kristenlivet i Landet, som daa var my-
ket nedslept og kaldt. Og so stig han
fram som Prædikant, reiser Landet pgje-
nom i Kross og Krok for aa hjelpa sine
Landsmenn fram til eit sannare Kri-
stenliv. Stod det laakt til med Trui
hjaa Aalmugen, so var det nok ikkje
stort betre med Prestarne helder. - Stør-
steparten av dei var jamvæl reine Rasjo-
nalistar, og dei sette seg av all Magt
mot Hauges Vekkjingsarbeid og fekk
sett han fast Gong paa Gong. Men aa
domfella ein Mann for at han talad det
reine Gudsorde var nok ikkje so beint
fram; nok er det, han vart fyr det me-
ste frigjeven trast. Paa den Maaten
arbeidde Hauge i umlag 6 Aar, og i
den Tidi vart han sett fast 10 Gonger.

Hauge var hellest ikkje berre Prest”,
Han hadde eit klaart Syn for det prak-
tiske Arbeid og gjorde seg myket Stræv
med yvertyda Folk um, at baae desse
Ting burde kunna semjast, og at det
var ein Kristen uverdigt aa vera lika
sæl um det borgarlege Livs Plikter.
Sjølv dreiv han med Handel og Verks-
drift. Gjenom alt dette Strævet vart
Hauge kjend mest i kvar Kraa av Lan-
det, vann mange Venner og so stor
Tiltru bjaa Landsfolket, at dei sluttad
seg til han i Mengd. Dette framstelte
daa hans Modstandarar for Landsstjorni
slik, at Hauge var ein landsfarleg Up-
viglar, endaa han var just det motsette.
Og so vart han sett under Tiltale som
ein Lovbrotsmann og sat i Fangeholet
i 10 lange Aar fyrr Domen fall. Han
hadde vigt si siste Kraft til aa vekkja
aa fremja Folkets aandelege Liv, og so
vart han slik medfaren av dei, som
skulde vera Berarar av Aandslivet, endaa
dei ikkje kunne prova, at han hadde lært
rangt.

Naa! det var Prestarne og Kjeiser-
makti; som krosfeste Freisaren, brende
Huss og fordømde Luther. Tru desse
Autoritetar mistek seg slik i vaare Da-
gar i denne Strid um Sanning og Guds-
tru.

av Motsfelt um aa gjeva Styret eit
Lastord, avdi det ikkje fyrr hadde fengje
gjort um Departementi, og 8 for eit
liknande Forslag av Krag. Det var so-
leids berre 6 Mann, som var nøgde med
Styret i denne Saki. Det var: Asche-
houg, Birkeland, Lambrechts, Bang,
Andresen, Knudsen. Selmer hev ikkje
mange Vener att no.

I Pensjon fekk Byraasjef W. T. Las-
sen 1600 Kronor, Byraasjef P. I. Rogge
1700 Kr., Økstraskrivar I. N. Dahl
600 Kr., Kopist Wichstrøm 1000 Kr.
Høgsteretts-assessor Thomle 3200 Kr.,
Skrivar Abildgaard inkje noko, Skrivar
Alsing 2000 Kr., Fut Vetlesen 2000 Kr.,
Tollkasserar A. Hansen. 2200. Overtoll-
betjent Tonning 1500, Overtollbetjent
O. Nielsen 1800, Oyertollbetjent I. N.
Blehr 18300, Undertollbetjentarne L.
Johannesen 1000, I: H. Lund 1000, H.
M. Normann 1000, Tollrorskar O. Aa-
nonsen 276, Fyrdiriktør Diriks 83200,
Fyrvaktar F. T. C. Jacobsen 800, Jern-
vegseingeniør Å. I. Petersen Ventepen-
gar 3200, Adjunkt N. M. Aalholm 1000,
Direktør O. A. R. Sandberg 4000, Læ-
kjar Thoresen 1600, Kapteinvaktmeister
H. Larsen 2000, Ritmeister C, C. Møl-
ler 1200, Armeintendant Stabel 8200,
Tukthusportnar P. Nielsen 700, Mat-
meister Thoresen 800, Vaktmeistar N.
H. Kirkemo 500 i Ventepengar, Op-
synsbetjentarne C. M. Hansen 500, H.
M. Jakobsen 500, 0. K. Johannesen
500, G. T. Dokken 500, G. T O.
Bakke 500, John Jensen 500, Ole Jacobsen
3800 i Ventepengar, Fabrikassistent E-
O. Glosimodt 600 i Ventepengar, Op-
synskvinnor M. Johnsen 300, L. K.
Brenne 300, Enkjor Sofie Aas 9200,
Hanna Olsen 300, Portnar O. Nilsen
400, Opsynsbetjentarne Stenberg, H.
Jensen og E. L. Frog 400 Kr. No
idag vardet i Tinget framme ei Sak
um Bevilliug til Skars Krutverk, som
vart gjort til ei politikk Sak: naar
det ikkje vilde bevilga so var det
mest avdi Selmer enno stend ved Ro-
ret. Livius Smitt var fælt arg for at
det no rett vert Aalvor i Politikken,
men Vinstre heldt godt i Hop: det
stod mot 40, Gregersen var som van-
legt paa Høgresida, men Didriksen var
til Venstre.

Um Tingvali tek dei no til skriva.
B. Bjørnson meiner at Vest-Upplandet
skulde taka Sigurd Blekastad ifraa Sel til
Tingmann 1 Staden for Jørgensen Ve-
um. Vil dei ikkje hava Fougner lenger,
so, set han fram Sakførar M. Mustad i
n. Aurdal.

«Stormegtigste naadigste Konge* bru-
kar dei segja og skriva i Departementi,
men dei plar vara seg vel for at andre
én Kongen sjølv fær høyra elder sjaa
det. For nye Riksraaden Schweigaard
smatt det likevel fram 1 eit Dokument
um Pensjoner til nokre Tugthus-Vakt-
arar.

Kronprinsen og Krenprinsessa för idag
attende til Sverike. Kongen og Dron-
ningi fer til Vika.

Kristiania, den llte Marts.

Stortinget hev med 75 mod 34 R.
vedtekje eit Forslag av Sverdrup um at der
skal avtakast eit Riksraads-Embette, som
det i 1845 vart gjeve Pengar til det vart
ei Umgjering av Departementi.

Dei 34 var Roll, Schrøder, Jebsen,
F. Steen, Bruun, Helland, Aschehoug,
Grimsgaard, Birkeland, Lambrechts,
Fleischer, Krag, Furu, Bang, Soelberg,
Flor, Rasch, Johanssen, Saxe, Blackstad,
Hansen, Motzfelt, Andresen, Naur, Hel-
liesen, Knudsen, Schiørn, Svendsen, I.

Smitt, Essendrop, Bonnevie, Jenssen,
Harbitz, Hille.
- Burte var: Furulund, L. Smitt, Ta-

raldsen, Dabl og Hirsch.
Av dei 34 røystad 2 (og 2 av dei

75: Bye og Berg) for eit Forslag

Rettingar i No. 8: lste Sida, 4de
Sp.: Men no forfoörse Bjørki* ista-
denfor: *forforst* Bjørki. (I Den
ville Rosa**) kaate* og *Kaatleik* istf.
kyate* og *Kyatleik*, å4de Sida
2den Sp. (I *Kongestasen og Folket*)
stend , Fridomskveisa’* istadenfor ” Træl-
domskveisa*.

Brevveksling.

Mange Lærarar. PiBibelsoga for Sku-
len er snart ventande fraa Vestmannalaget
(Paulson og Mo.)

Bj. «Me beld med Dykk i, at eit Kart
yver Noregsveldi burde koma i Norigs
Soga. Det hev voret paa Tale; kannhenda
det turde laga seg. — Sylvbrudlaupslista vilde

væl dei fleste vera med paa, dersom me

badde eit folkelegt Styre; no gjeng det ikkje
an, av di alt slikt vert teket til Inntekt for
den noverande Regjeringsmaaten. — Nokon
Geografi hev me enno ikkje; men me veit
um, at der er eit Par slike i Arbeid.

ru

Naar du skriv til Bladet um noko,
80 skriv tydelegt Namn og Posthus i
Brevet, ellest kann me ikkje godt vita,
kven du er, elder kvar du er.

omssesissnrs

Lysingar.

Det norske Samlaget.

Dei, som lenge hev ventat paa og
spurt efter Vinjes Skrifter, fær vera
so gode aa venta enno elt litet Bil.
Um ei Vika elder so kjem 25 Ark,
som likevel ikkje er heile Utdraget or

»Dølen* og belder ikkje eit heilt Band.

Lagsmenn, som hev sendt Åarspengarne
fyr 1881 — Kr. 4 — fær detta Hef-
tet og derattaat Lauvduskar IV, 12 Ark
fritt. I Bokhandelen kjem berre lste
Heftet av Vinjes Skrifter til aa kosta
Kr. 4,80. Dei, som vil vera Lagsmenn,
og dermed faa Vinjes Skrifter til ned-
sett Pris, fær segja fraa strakst. Taar
kjem 2dre Heftet av Vinjes Skrifter og
derattaat ei Heimssoga fraa 1814 til vaare
Dagar paa ei 12 Ark.

Overretssagfører Kr. J. Olsen,

Torvgaden 5b. Kristiania,
udfører Retssager, Inkassationer m. v.

Fedraheimen 1882.

Fedraheimen kjem ut i Kristiania kvar
Laurdag og vil som fyrr arbeida for Norsk-
dom, Fridom og Upplysning. Bladet inne-
held Avhandlingar og Smaastykkje um ymse
Dagsspursmaal, dessutan Skildringar, For-
teljingar, Folkesegner, Dikt, Nytt, Rispur o. d.
Av Forieijingar vil det i iste Halvaar bl. a.
innehalda: *Guten fraa Gladheim* av John.
Lie og "Bondestudentar* av Forf. til ”Ein
Fritenkjar” m. fl. — Bladet kostar Kr. 2.20 for
Halvaaret og kann tingast paa alle Posthus.
Elder Ein kann senda Brev beint til Kristi-
ania, og daa med Utskrift: Til Fedraheimens
Ekspediiion, Kristiania. Avissak.* Pengar maa
fylgja.

I Kristiania tingar Ein Bladet i Ekspe-
ditionen, Terggata No. 5 b (Nikolai Olsens
Trykkeri).

Fedraheimen for 2dre Halvaar 1881
er enno aa faa (Pris Kr. 2.20). Der finn Ein
millom mykje annat: *T’artwuiffe*, Lyst-
spel av Mohére (i Umskrift fraa Fransk av
J. Belsheim; — heile Verket).

Utkomet er:

Lystspel i 5 Bolkar av
Tartufl Moliöre. I Umskrift fraa
J Fransk av J. Belsheim.
HOS; Pris EF Kr i Posten 110.
Nikolai Olsens Bogtrykkeri,
Torvgaden 5 b.

Ein Fritenkjar.

Forteljing
av
Arne Garborg.
(101/, Ark; Pris 2 Kr., pr: Post Kr. 2.20).

da. DOES

ved Andreas Austlid,

Vestmannalagets Utgaava, J. W. Eides Forlag

kostar 25 Øyror innb.
4 Bøker fritt i Posten ... Kr. 1.00.
PE FG Je Me en
259 — je eee 0:00.
naar ein sender Pengarne i betalt Brev til
Bokprentar J. W. Eide, Bergen.

Eit eksemplar tå A. Vangs ”Reglo o
Rispo frå Valdris” o eit tå ”Segnerifra Byg-
dom I”, kjøpest gjedne te dubbelt pris av

Ofav Semeleng, v. Slidre. 557

Kristiania.
Nikolai Olsens Boktrykkeri.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0042.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free