- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
48

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

48

Fedraheimen.

25de Marts 1882

kvat han vilde kalla honom. (63) Og
han bad um ei Tavla og skreiv dei
Ordi: Johannes er Namnet hans, og
dei undradest alle.

(64) Men strakst opnadest Munn
hans og Tunga hans, og han talade og
lovade Gud. (65) Og det kom Otte
yver alle Grannarne hans, og alle desse
Tilburder spurdest i heile Fjellbygdi i
Juda. (66) Og alle som høyrde det,
lagde det paa Hjarto sine og sagde:
Kvat skal det verta av dette Barn?
Og Herrens Hond var yver honom.
(67) Og Sakarias, Fader hans, vart
fylld av den heilage Ande, og han
spaadde og sagde: (68) Lovad vere
Herren Israels Gud, for han heve
vitjat Folket sit og gjort Løysing for
det! (69) Og han heve reist upp eit
Frelsar-Horn i Huset til David, Tena-
’ren sin! (70) (Likesom han talade gje-
nom sine heilage Spaamenns Munn, dei
som voro fraa Ævord), (71) ei Frels-
ing ifraa Fiendom vaarom og ifraa
alle deim, som hata oss; (72) aa gjera
Miskunn imot Federne vaare og
minnast si heilage Sætt, (73) den Eid,
som han svor Abraham, Fader vaar,
at han vilde gjeva oss, at naar me
voro frelste or Hendom til Fiendom
vaarom, skulde me tena honom utan
Otte, (75) i Heilagskap og Rettvisa for
honom i alle vaare Livedagar. (76) Og
du, vesle Gut, skal kallast Spaamann
for den Høgste, for du skal ganga
fram for Herrens Andlit og bua til
Vegen hans, (77) og gjeva Folket hans
Kunnskap um Frelsing til Forlaating
fyr Syndom deira, (78) ved vaar Guds
inderlege Miskunn, daa gjenom den
Morgonljoset or Høgdi heve vitjat oss,
(79) til aa skina hjaa deim som sitja
i Daudsens Myrker og Skugge, og aa
styra Føterne vaare paa Freds-Vegen.

(80) Og Smaabarnet vaks og styrk-
- test i Anden og var i Øydemarkom til
dei Dagom, daa han stelte seg fram
tyr Israel.

Andre Hovudstykkjet.

(1) Men det hende i deim Dagom,
at der gjekk ut eit Bod ifraa Keisaren
Augustus, at heile Heimen skulde skatt-
skrivast. (2) Denne Skattskrivingi var
den fyste, som gjekk fyre seg, daa
Kyrenius var Landshovding i Syria.
(3) Og alle gjekk og skulde skattskrivast
kvar til sin eigen Stad. (4) Men soleis
foor ogso Josef or Galilea, or Staden
Nasaret, upp til Judea, til Davids Stad,
som vert kallad Betlehem, avdi han
var av Davids Hus og Ætt, (5) aa
lata skattskriva seg sjølv og Maria,
Festarmøyi hans, som var fremmeleg.
(6) Men det hende, medan dei voro der,
at Tidi vart fullkomi, at ho skulde eiga,
(7) og ho aatte Son sin, den fyst-fødde,
og reivade honom og lagde honom i
ei Krubba, avdi der var ikkje Rom i
Herbyrgjet.

(8) Og der var Gjætarar i den same
Bygdi, som heldo Nottevaking ute yver
Buskapen sin. (9) Og sjaa, Herrens
Engel stod framfyr deim, og Herrens
Guddoms-Glans skein kringum deim, og
dei ottast mykjet. (10) Og Engilen sagde
til dem: Ottast ikkje, for sjaa, eg for-
kynner dykk mykje Fagnad, som skal
timast heile Folket, (11) for dykk er
idag ein Frelsar fødd, som er Herren
Kristus, i Davids Stad. (12) Og detta

skal vera eit Merkje: De skal finna eit
Reivabarn liggjande i ei Krubba.

(13) Men strakst var der hjaa En-
gelen ei ovstor Himel-Her, som lovade
Gud og sagde: (14) Æra vere Gud i
det høgste! Fred paa Jordi og Fag-
nad millom Menneskjom!

(15) Og det hende seg, daa Eng-
larne foro ifraa deim til Himelen, daa
sagde desse Mennar, Gjætararne, til ein
annan: Lat oss no ganga til Betlehem
og sjaa dei Ting, som hava hendt der,
som Herren - heve kunngjort os! (16)
Og dei skundade seg og gjengo dit og
funno Maria og Josef og Smaabarnet
liggjande i Krubbune. (17) Og daa dei
hadde set det, forkynde dei um dei
Ordi, som var talade til deim um detta
Barnet. (18) Og alle som høyrde det,
undradest yver det, som Gjætararne
hadde sagt til deim. (19) Men Maria
gjøymde alle desse Ord og grundade
paa deim i Hjartat sit. (20) Og Gjæ-
tararne gjengo tilbaka, takkade og lo-
vade Gud for det, som dei hadde høyrt
og set, soleis som det var talat til deim.

(21) Og daa dei aatte Dagar vorto
fyle, at Barnet skulde verta umskoret,
daa vart Namnet hans kallat Jesus,
som det var kallat av Engelen, fyrr han
var avlad i Moderlive.

Eg veit meg eit evigt HWimerik.
(Etter Salmeboki til Lanstad.)
)

Eg: veit meg eit evigt Himerik
det lyser so vidt yver Lande.
Inkje Sylv hell Gull glimar slik
dera bur Guds Ord det sanne.

Der inne bur den Herre Krist,
han som Guds Son mun vera;
min Festarmann meg ventar visst
med Fagnad og med Æra.

Ein Ferdamann er eg isann,
Ferdi mi maa eg enda,
herifraa til mitt Fedraland,
meg kann ikkje betre henda.

Vesal eg til Heimen kom,
runnen av ringe Rote,

gjeng berfraa med Haandi tom,
og Døen kjem arg meg imote.

Men visst eg veit at Kroppen min
Døen inkje skal festa,

Gud han sender Sonen sin,

daa maa Døen bresta.

Han skal meg gjeva Tru og
for alt som hera meg plagr,
han skal meg gjeva Fred og
1 alle mine Dagar.

Trygd

Frygd

Han løyser ut or all Vesaldom
paa denne Heimsens Tuva.
Min Herre Jesus roper: kom
og inkje skal du gruva.

«Med Blodet mitt hev eg løyst deg
og elska deg yver all Maate;
døyva skal eg kvar di Sut,

so aldri meir du tarv graate.*

ut

«Heéve du Kjærleik igjen til meg.
kvi vil du paa meir daa gruna!
Synderne dei er tilgjevne deg,
eg heve dei fulla sona.

”Verdi ho skal som Fjukesand
med Gull og Gleda vika; .
men daa stend eg ved di høgre Haand,
den Venen skal inkje svika.*

Di late oss til evig Tid

Gud takka alle saman,

han hev oss gjevet Miskunn si
ved Jesus Kristus. Amen.

$ 112 aaleine!
Hr. Bladstyrar!

$ 12 i Riksakti lyder so:

”Da de Bestemmelser, som i denne
Rigsakt indeholdes, dels ere Gjentagel-
ser af Kongeriget Norges Grundloy,
dels Tilleg til same, grundede paa
den til dette Storting i Grundloven
givne Bemyndigelse, saa skulle de, i
Henseende til Norge, have og beholde
den samme Kraft som % Norges Riges
Grundlov, og ikke kunne forandres
uden paa den å sammes $ 112 fore-
skrevne Maade.”

Her er tydeleg Grunnloven og Riks-
akti sette paa same Fot i”Henseende
til Norge,” baade med Åvsyn paa Lovs-
Kraft og paa Forandringsvilkaar; og
dei er Grunnlovens $ 112’ og inkje
andre.

Med andre Ord: det er tydeleg sagt,
at Reglarne for Forandring i Grunn-
loven — som for Forandring av Riks-
akti — finn Ein, tkkje i $$ 80—82, og
helder ikkje i $ 719, men i $ 112
aaleine.

Dette er nokot, som eg synest Vin-
stre burde halda sterkare fram. For
det er eit so| greidt og klaart Uttal
fraa den Autoritet, som her maa vera
den alra øvste, at det plent tek Magti
fraa alle Høgres Fortolkningskunster.

Din Å. S.

Kristiania, den 24de Marts.

I Stortinget hev dei ogso i denne
Vika negtat fleire Bevilgningar, soleids
til ei
8000 Kr., som Regjeringi kravde.

Skipsmodelutstelling i London

Ogso Lagtinget hev no vedteket
Prestegardslogi. Høgremennerne gjorde

|her mindre Motstand en i Odelstinget.

Det var ogso berre 6, som røystad moi,
at Logi skulde takast utar Skifte elder
Brigde (Aschehoug, Lambrechts, Motz-
feldt, Essendrop, Bisp Smitt og Han-
sen). Prestegardslogi er soleids no Log,
anten so Kongen gjev Samtykket sit
elder inkje. Alle — baade Kongen og alle

andre — maa lyda henne. Stortinget
|hev i denne Avgjerdsli hayt suveræn
Magt. ;

I Odelstinget skulde den kommu-

nale Skattelogi voret framme. Men Saki
er utsett, da det er Von um, at det
vil koma istand eit rimelegt Forlik mil-
lom: Høgre og Regjeringi paa eine og
Vinstre paa hi Sida, eit Forlik, som
gjev Vinstre Segren.

Björnstjerne Bjørnson hev no halde
Foredrag paa ymse Stader her ikrinegi
og alle Stader tek han Folk med s
aandelege Magt. I Drammen, der mange
hadde tekje med seg Pipor, vart det
ikkje noko av med Pipingi, men so
mykje meir av Klapp og Glederop, jam-
vel some som hadde Pipor i Loma
klappa, segjer dei. Um Sundagen talar
han i Kristiania Arbeidarsamfund.

Kristiania Arbeidarsamfund badde det
fyrste Aarsmøte sitt no um Sundagen,
der Reknskapet vart framlagd o. m. dl.
Høgremennerne gjorde det fyrste Aataket
sitt. Det var Fyrespelet til det som skal
ganga for seg i Mai. Um ein 14 Dagar
vert det atter eit Basketak: daa er det
Forslag framme um aa gjeva Kvinnfolk
Røysterett og sette Grensa for Retten
ned til deim, som er 18 Aar gamle, no
maa dei vera 21 Aar.

Grosserar P. W. VW. Kildal døydde no
i Vika. Han var kjend som ein av vaare
duglegaste Handels- og Drivts-Folk, Han
hev vore Valman her i Byen heilt sidan
1856 utan den siste Gongen — daa hadde
ikke Høgrefolket Bruk for honom lenger.

Ettersynet av Riks-Reknskapet. Dette
er det no mange um: Riksrevisionen og
Revisions-Departementet hev det meste,
men Kyrkje-Departementet, Post-Depar-
tementet hev og sitt, og fleire andre
med. Til Løningar gjeng det i alt
294,486 Krunur. - No set Riksrevisionev
fram det Forslaget, at heile Ettersyne
skal leggjast inn under Riksrevisionen;
daa vil Arbeidet verta gjort betre og
billigare, til Løningar vilde det daa
vandt ganga meir en 205,000 Krunor.

I Syerige hev no baade Tingi vedte-
kje den franske Handelsavgjerdsli.

Gumælius hev i 2dre Tinget sett
fram Forslag um, at Tingi ikkje meir
skal skriva ”Stormåktigste Allernådigste
Konung” og helder ikkje bruka denne
Slutten: ”Riksdagen framhårdar med dju-
paste vördnad, trohet ock nit, Stormåk-
tigste, Allernådigste Konung! Eders
Kungl. Majestits underdånigste, troplig-
tigste tjenare ohh undersåtar”.

sær

Lysingar.

Overretssagfører Kr. J. Olsen,
Torvgaden 5b. Kristiania,
udfører Retssager, Inkassationer m. v.

Nordmanden

udgivet af theol. Kand. Kristjan Olsen,
udkommer fra Nytaar i 2 Udgaver:

Den daglige Udgave

koster med Postpenger Kr. 2.16 for Kvar-
talet.
Som Tilleg medfølger:
1. Syn og Sagn, et Blad nærmest for Ung-
dommen, udgivet af S. Knutsen (1 a 2
«Nr. om Maaneden). (Nye Tingere faa
Bladet fra dets Begyndelse.)
2. Grundloven med Rigsakten m. m.

Ugeudgaven

udgaar hver Torsdag i udvidet (stort 6-spal-
tet) Format og koster med Postpenger
Kr. 1.66 for Halvaaret.

y

For Bekjendtgjørelser betales for iste
Gangs Indrykning 10 Øre for Korpus- (eller
Petit-) Linjen og 5 Øre for hver følgende Gang.

Det norske Samlaget.

Dei, som lenge hev ventat paa og
spurt efter Vinjes Skrifter, fær vera
so gode aa venta enno eit litet Bil
Um ei Vika elder so kjem 25 Ark,
som likevel ikkje er heile Utdraget or
»,Dølen* og helder ikkje eit heilt Band.
Lagsmenn, som hev sendt Aarspengarne
fyr 1881 — Kr. 4 — fær detta Hef-
tet og derattaat Lauvduskar IV, 12 Ark
fritt. I Bokbandelen kjem berre lste
Heftet av Vinjes Skrifter til aa kosta
Kr. 4,80. Dei, som vil vera Lagsmenn,
og dermed faa Vinjes Skrifter til ned-
sett Pris, fær segja fraa strakst. [aar
kjem 2dre Heftet av Vinjes Skrifter og
derattaat ei Heimssoga fraa 1814 til vaare
Dagar paa ei 12 Ark.

Paa Undertegnedes Forlag er udkommet:

Af Danmarks Kirkehistore

i vort Aarhundrede.

Nogle Skildringer ved Olaf Røst.

10 Ark (160 Sider). Pris I Krone.

Naar 10 Ekspl. tages, faaes 2 Friekspl. samt
Bøgerne frit tilsendte gjennem Posten. Et
enkelt Ekspl. erholdes ogsaa frit tilsendt pr.
Post, naar 1 Kr. sendes til undertegnede
Forlægger.

Trondhjem i August 1881.

Johan L. Sundt.

Kristiania.
- Nikolai Olsens Boktrykkeri.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0050.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free