- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
56

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- domen.

50

Fedraheimen.

Sde April 1882

Lesaren upp med aa taka Saki fra denne
Sida. Eg skal halda meg til ”Realismen”
og freista paa aa greida ut det, som er
Hr. G. og meg imillom i Spursmaalet
um Naturalismens Høve til Kristen-
Hr. G. fortel os, at eg hev
kallat Shakespeare ein Fyregangsmann

fyr Realismen i Diktningi, at eg hev i

den realistiske funnet ei Motsetning til
den naturalistiske Diktningi, at eg hev
sagt meg inkje nokot aa vita um denne,
men berre søkt fraa den inbillte Mot-
setningi, den realistiske Diktningi, aa
slutta meg til, kot Slag den naturalistiske
Diktningi er av, og detta hev daa; det
er sjølvsagt, boret galt i Vegen. Naar
Hr. G. spyrr meg, um eg hev leset
Aristoteles, ’so kann eg her gjeva han
Spursmaalet tilbakers: hev Hr. G. leset
Aristoteles’s Utgreiding av, korleis det
gjeng til, naar me tenkjer rett og slut-
tar sannt? Eg trudde, det var den store
græske Filosofens Ho idrer. At Ari-
stoteles er ein Autoritet i Astetik hev
eg aldri høyrt, fyrr Hr. G. fortel oss
det.*) At han er Mannaættis fyrste
Naturforskar og vel den klaaraste Ten-
kjar, som Historia kjenner, visste eg.
Etter det, som Hr. G. fortel, skal han
no ogso saman med Emil Zola vera den
største Autoriteten i den naturalistiske
Diktningi. Eg skal hugsa paa den Lær-
domen. -Men so lyt Hr. G. ogso paa si
Sida freista paa aa gjenomgaa eit Kur-
sus i Logik hjaa den gamle Meistaren.
Aristoteles vilde fara illa med Hr. G.s
Stykkje i No. 7 og 8 av ”Fedrah.”, er
eg rædd fyr. Hr. G. fortel oss, at eg
hev ”sett upp Shakespeare som Fram-
syning fyr den realistiske Diktningi”
Meiningi med desse Ordi er vel den, at
eg hev sett upp Shakespeare som Fram-
syning fyr den realistiske Diktar-
skulen. Eeg trudde no nettupp inkje
fyrr helder um Hr. G., at han tenkte
høgt um Prestarne; men at han skulde
tru meg so ukunnig i det, eg skriv um,
tenkte eg inkje. Ålt, eg hey sagt um
Shakespeare i denne Vegen, er, at ; ingen
hev yvergjenget han i realistisk Skil-
dring af Livet. Er dette inkje sannt?
Lat so Hr. G. syna oss den Mann, som
hev gjort det?” Men naar eg sagde det,
so sagde eg inkje, at Shakespeare høyrde
til det, me kallar realistisk Diktning i
historisk Meining. Naar Hr. G. kallar
Shakespeare den store Romantikaren, so
er det vel helder ikkje hans Meining
at segja, at S. høyrer til den romanti-
ske Diktarskulen, Hr. G. gjeng no
eit Steg vidare enn eg og reknar S.
i nokon Mun med til dei naturalistiske
Diktararne. Det kan nok vera, at Zola
gjer det same. Men eg kunne vel faa
Lov til aa hava ei onnor Meining um
den Tingen. Realisme og Romantik
finnst der fullt upp av hjaa honom;
men netupp fyrdi S. er Romantikar, er
han ikkje Naturalist. Kot eg meinar
med det? Ja, det skal eg freista paa
aa preida ut, naar eg kjem til aa tala
um realistisk og naturalistisk Diktning.
Hr. G. fær det so til, at eg hev sett
upp den realistiske Diktningi som ei
Motsetning til dem naturalistiske. Kor-

leis han hev faat det ut, vert hans Sak;

men mi Sak er det aa segja, at slikt
nokot hev eg inkje sagt. Ege hev sagt,
at der er Skilnad millom det, me er
vande til aa kalla realistisk Diktning,
og den naturalistiske Diktningi. Men
at tvo Ting er ulike, er no inkje det
sama, som at dei er motset kvarandre.
Det er Skilnad millom eit Hus og den
eine Høgdi av eit Hus, men difyre er
Huset inkje ei Motsetning til den eine
Høgdi. Be fortel inkje korkje Hr. G.
elder ”Fedraheimen”s Lesarar nokot, naar
eg segjer at den romantiske Diktningi
kom upp i Fyrstningi av dette Aarhun-
dradet. Daa denne Diktningi var yver-
dreven og usann, stod ein ny Diktning
uppimot den. — Hr. G. meinar nok inkje,

” Aristoteles pert mpotetikés (Um Dikte-

kunsten) er hellest væl kjend.
.Bladst.

at denne nye Diktningi vart kallat na-
turalistisk; han veit, at ho vart kallat
realistisk. Og under Namn av realistisk
Diktning gjekk denne Motsetningi til
Romantikken, til dess me for nokre Aar
sidan fekk sjaa, at Franskmenuerne førde
den realistiske Diktningi inn i nye Far,
og daa vart ho kallat naturalistisk Dikt-
ning. Som Diktarar av det eldre reali-
stiske Slaget skal eg nemna Dickens og
Turgeniev. Romåntik-Renlisme—Na-
turalisme, det er Tidsfylgdi. Naar eg
talad um den realistiske Diktning som ulik
den naturalistiske, so var det i denne
historiske Merknaden, eg gjorde den
Skilnad. Ee visste godt, at den natur-
alistiske Diktningi gjekk inn under den
realistiske, at den realistiske Diktning er
Genus og den naturalistiske ein Species
m. dm. Men naar eg visste det — og
eg kann prova, at eg visste det —, so
kunde det inkje vel renna meg i Tan-
ken aa gjera den realistiske Diktningi
til ei Motsetning av den naturalistiske.
Men at eg gjorde ein Skilnad millom
den eldre realistiske Diktningi, som eg
etter det, me er vande til, kallad beint
til realistisk Diktning, og den seinare
realistiske Diktning, som me kallar natur-
alistisk, det meinar eg, eg hev gode
Grunnar fyre. Den eldre realistiske
Diktningi, t. D. hjaa Dickens, hev inkje
sagt seg laus fraa eit høgre, ideelt Livs-
syn, men det hev den naturalistiske
Diktningi gjort fullt ut. Den eldre
realistiske Diktningi leet seg forlika med
det gode og sanne i den romantiske
Diktningi, medan den naturalistiske
Diktningi er motsett alt i Romantiken.

.|Daa den naturalistiske Diktningi hadde

stiget fram i Verdi med Krav paa aa
vera den einaste sanne realistiske Dikt-
ning, vart bo motsagd og møtt med
Styrkje av den eldre realistiske Dikt-
ning, som no mnettupp ved Synet av
Naturalismen hadde gjort eit fast Sam-
band med den ideale Livsuppfatning.
Kvifyr sluttar Hr. G. so trygt, at eg
inkje visste nokot um Naturalisme og
Idealisme! Br det kanskje i eit litet
Blad som ”Fedraheimen” Plass fyr ei
lengre Utgreiding av slike Saker? Og
um eg — det hev eg i mitt Stykkje
ifjor i ”Fedrah.” gjort — i nokon Mun
hadde funnet ei Motsetning millom den
eldre Realisme og den nyare Naturalisme,
kot galet var der so i det? Hr. G.
hjelp meg sjølv til aa prova, at eg var
i min Rett ved aa gjera det. Han let
oss vita, at der i Frankrike er ein ide-
alistisk og ein naturalistisk Realisme i
Diktningi, som tevlar med kvorandre.
Kor større Skilnad hev eg gjort millom
den eldre realistiske Diktningi og Natur-
alismen enn den, som den finn millom
Naturalismen og den idealistiske Real-
isme?” Hr. G. fær det slik til, at eg
hev sagt meg ukunnig i, kot naturali-
stisk Diktning er. Aristoteles vilde lika
illa ein slik Slutning; den er inkje etter
hans Logik. BE sagde, at eg inkje
visste, kven som hadde uppfunnet Nam-
net ”naturalistisk Diktning”; derav dreg
Hr. G. den Slutning, at eg er heilt upp
ukunnig i den naturalistiske Diktningi
sjølv. Han tykkjest inkje kunna forstaa
det, at eg kann hava leset endaa mykjet
av den naturalistiske Diktningi og like-
væl daa inkje leset nokot um, korleis
det Namnet hev vortet til. So lyt eg
forstaa Hr. G.; for han meinar daa vel
inkje, at eg laut lesa um Namnets Hi-
stori, fyrr eg kunde faa nokor Meining
um Diktningi. Det er nok Baggesen,
som hev sagt, at Namnet er ein Bagatel.
Hr. G. vilde daa meina nokot annat.
Sikkert nok er det, anten meinar Hr.
G., at eg inkje kan skyna meg nokot
paa naturalististisk Diktning, fyrdi eg
ikkje hev leset um, korleis det Namnet
hey vortet til, elder ogso fær han ut av
det, eg sagde i Stykkjet mit, at eg hev
sagt meg ukunnig i sjølve den naturali-
stike Diktningi. Tertum non datur.
Men kot han av desse tvo Ting meinar,
tek han grovt imiste. He hev mykjet

by

annat aa lesa enn naturalistisk Diktning;
eg gjev meg helder inkje ut fyr ein
Literat, men naar eg talad um den
naturalistiske Diktningi, so sagde eg den
Meining um henne, som eg var komen
til ved det, eg hadde leset baade av
henne og um henne. (Meir.)

(I fyrre No. skulde det,
kjem, voret innteket:)

Um ”Samhøvet millom det kristelege
og humane” inneheldt Garborgs Stykke
um Peter Hærem (Fedrah. 30 Marts
1878) inkje annat enn dette:

I sine seinare Aar fekk Hærem meir
og meir Syn fyre, at me ogso maatte
faa det ”Menneskelege” elder humane
med i Kristendomen og Livet. — Eg
maa ikkje segja eg veit, korleis han fekk
dette ”Menneskelege” til aa hengja ihop
med sin Kristendom. Kannhenda hekk
det ikkje ihop. Men han saag, at det
maatte med, og so tok ban det med, so
godt han kunde.” Bladst.

som her

mi aro3

Böker.

Den helige saga og kjörkjesaga på
norsk av 0. J. Høyem, serleg skreve etter
”Større Bibelhistorie ved I. T.A. Tang”
i Danmark. Nidaros 1881. Ubunde
kr. 5.50, hunde kr. 6

Unorsk og norsk eller fremmedords
avlösning av K. Knudsen, overlærer.
Kristiania 1881. 5 kr.

De er eitt Bil no, si dei kom utt
desse Bøkanne, so dei nokk helst skulde
hava vore umrødde fyrr, men eg hev
venta paa, at hævare Folk hell eg er
skulde skrive um dei. Eg trur, at dei
ikkje er so paa-akta i Maalmann-flokkjen,
som dei er være te.

De sto ei Gong i Fjor i Fedraheimen
ei Uppmaning te "Ivar Aasen bell Hans
Ross um aa skrive ei dansk-norsk Or-
bok. Dei segjer at Aasen held paa mæ
slik ei Or-bok no, men te ho kjem, —
aa de kann bli lengje te dess — kann
ein hjelpe seg eitt gott Stykkje mæ
Knudsens Bok, tykkjer eg. So vidt eg
kan sjaa, inneheld ho alle dei Ori, som
stend i Aasens ”Norske Ordbog”, aa um-
fram dei fleste ”Avløysarar, av Frem-
mend-or, som hev kome paa Prent, anti
i Landsmaale hell i dansk, — de er ikkje
mange Ori dei som er heilt nye, gjorde
av Knudsen sjølv. Dei norske Ori er
skrivne etter Knudsens Grunnsetningar,
so dei titt kann sjaa snodige ut, serleg
fyr Fjellmenn aa Vestlendingar, t. D.
”møket” (mykje) ”sægje” (segja), men
so set han i Klombr (Parentes) den rette
Bokstaven, t. D. Fø(r)st (7), so nær som
ve æ (t. D. i ”ælv”), i st. fyr ”e”, avdi
de ber so ofte paa, at Lesaren MEG
trøng um nokor slik Hjelp. — Sume av
dessi ÅAvløsaranne hae no likso gott
kunna vore burte, men de lyt væl so
vera, at de bli sumt Lette-konn i so rik
ei Samling. Knudsen hev verka mykje
fyr eitt norskare Bokmaal paa sin Maate,
men de som han bør hava mest Takk
fyr av dei ”norsk-norske” Maalmenn, de
er ”Unorsk og norsk”. De er i Sanning
sjelda aa sjaa, at nokon ofrar ei 8000
Krunur og likso mange Årbeidstimar
fyr ei Sak, slikt som Knudsen hev gjort
fyr at denne Bokji kunne koma ut aa
bli so billig.

O. J. Høyem er ein Mann, som
hev ofra mykje fyr sitt Livs Maal
— han hev vist ikkje vorte feit av
sine norske Bøkar. Denne —seinste
Bokji hans er eitt ovelegt Verk. Måil-
ler-Tangs Biblihistorie er ei framifraa
go Bok i seg sjølv, aa Høyems Umskrift
gjer inkje Skamm paa den danske Grunn-
skrifti. No, daa Bygdemaali skal bru-
kast i Aalmugskulen, er ei slik Bok mest
umissande fyr alle Lærarar paa Lands-
bygdi. De er eitt viktugt Fyriarbei te
den mnorske Bibelumskrifti dette; naar
ein samheld dei Stykkji av Lukas, som

| hev stae i Fedraheimen dei seinste Gon-

gunne mæ Bokji Høyems, so ser ein ko
mange åv Høyems Or aa Vendingar
Umskrivyaren i Fedraheimen hev bruka.

Maalbrigde Høyems er her noko folke-
legare hell i sume av dei eldre Bøkanne

hans; eg tykkjer likvæl der er mykje
unorskt i Bland; t. D, skjønt" i st. fyr
endaa.
Bokmaale meir paa Maali i Trøndelag

So er de dé, at Høyem vil grunne

aa paa Austlande hell paa Maalii Fjell-

bygdanne aa paa Vestlande; de vil nokk
jamnast mæ Ti, men skal de gange
etter kor dei fleste Bokmennanne kjem
ifraa, so vil visst Fjellbygdanne faa Yvi-
takje, for de er likt te, at der vil koma
fleir Diktarar og Bokmenn fraa de folke-
arme Telemark hell fraa heile de store
Anstlande.

-

Kristiania, den 8de April.

Av Salmebøker vert det bruka 4 i
dei ymse Kyrkjorne i Landet: Landstads,
Guldbergs, Hauges og Kingos. Landstads
er i Bruk 1660 Sokner, Guldbergs i 110,
Hauges i 100 og Kingos i. 69. I Ber-
gens Bispedøme er det 178 Sokner,
166 av deim brukar Landstads Salme-
bok, i Trums Bispedøme er det 101,
og 94 av deim hev Landstads Bok. I
Kristiansands Døme er det jamnaste
skift: 88 hev Landstads Bok, 29 Hau-
ges, 386 Guldbergs og 39 Kingos.

Olaf Sveinsson, Klokkar i Selgjord,
vil fleire hava til Tingmann fraa Tele-
fylket neste Venda.

Av Å. 0. Vinjes Skrifter er no lste
Heftet utkomet (25 Ark). Dei som er
med i det norske Samlaget fær Boki
til seg sendt.

Paa Veslehamar-Møtet vart det med
500 R. mot 13 vedtekjen ein Resolv-
sjon um at Joh. Sverdrup mno var
den, som burde koma i Brodden for
Landstyret.

Daane er Profossor hev vore i he-
braisk C. A. Holmboe og Direktør h.
v. for Rikssjukehuset T. Løberg, som
var Tingmann fra Bergen i 1865—66
og 1871—76.

Ør. Pastor Åsperheim hev uppfunnet
og teket Patent paa ei ny Innretning
til ein Karjol. Der hev visst Pastor
Asperheim gjort eit gagnlegt Arbeid!

Lysingar.

Det norske Samlaget hev utgjevet
og i desse Dagar ’kringsendt til Lags-
mennerne og Bokhandlararne:

A. 0. Vinjes Skrifter i Utval.

Iste. Hefte, Ymse Smaastykke or
”Dølen”, 25 Ark.

Pris i Bokhandelen 5 Krunur. Lags-
menn fyr 1881 fær Boki fritt, naar
Åarspengarne er avgjorde med 4 Kru-
nur, og derattaat «Lauvduskar IV*, 12
Ark. — Ein skriv seg inn hjaa Halv.
Johanson, Lykkjevegen 13, Kristiania.
2dre Heftet av Vinjes Skrifter kjem i
1882.

Utkomet er:

Lystspel i 5 Bolkar av
Tartufle Molidre. I Umskrift fraa
) Fransk av J. Belsheim.
112 S. Pris 1 Kr. i Posten 1.10.
Nikolai Olsens Boktrykkeri,
Torvgaden 5 5 bi

- Ein Fritenkjar.

Forteljing
av
Arne Garborg.
(10, Ark; Pris 2 Kr., pr. Post Kr.

fyr 1866 å De i Nikolai Olsens
Dølen Trykkeri, Torggata, 5

Kristiania.
Nikolai Olsens Boktrykkeri,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0058.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free