- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
67

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ted

> i BV RR ET ST LKR ONE GM de EDEA å DÅ AER AEG Kin"

29de April 1882.

Fedraheimen.

67

sjølv. Hr. G. tykkjest vera gløymsken.
Det er sannt, ”Fedraheimen” greidde ut
sitt eiget Syn paa dei naturalistiske
Diktningi; men det er sannt med, at
han tek hardt paa Fædrelandet for Skuld
dets Aatlaup paa Dagbladet, medan det
ikkje med eit Ord lastar, at detta Bladet
hev teket inn Føljetongar som Brummels
”Napoleon den 3dies Hof”. Dette er
daa vel aa forsvara Dagbladet, og so
segjer Fedraheimen attpaa: ”Naar me
hadde eit slikt Inntryk av Brummels
Roman, so kan vel inkje ”Fædrelandet”
undrast paa, at me ikkje kunde hjelpa
det til aa slaast mot Dagbladet for
Brummels Skyld.” Men endaa hev Fe-
draheimen ikkje forsvarat Dagbladet!
Hr. G. er reint vond, avdi eg sagde;
Me kann ikkje berga oss for aa faa den
Kjensla, at ”Fedraheimen” er ein so god
Ven av ”Dagbl.”, at han lyt vaaga seg
ut for aa hjelpa det, um han so skal
såara sitt eiget Hjarta med det same.
Hr. G. meinar, at dette var det verste,
eg kunde segja um Bladet; eg meinte,
det var det besste og linnaste, eg kunde
segja. Naar ein forsvarar ei laak Sak,
so tek eg vel dette i besste Meining,
nåar eg inkje trur, at han skriv utav
Hjartedjupet, men er so veik, at han
gjerer det for aa hjelpa ein Ven. Hr.
G. vil vera sterk, kann eg skyna, og
difyr finn han ,stor Vanvynding i det,

’at eg hev trudd um han, at han i Iver fyr

ein Ven talad yver seg. Hr. G. kann
roa seg; eg trur inkje det lenger; eg
trur no, at ”Fedraheimen” meinte heilt
upp det, han sagde, naar han gav den
naturalistiske Styggedomen Lovord og
inkje hadde nokot aa segja paa ”Dag-
bladet”, fyrdi det hadde teket inn ”Na-
poleon den 3dies Hof”. Hr. G. spyrer,
”kva for Diktarar det er som berre ligg
og velter seg i Livets Styggedom”. Sva-
ret er: Mange av dei naturalistiske Dik-
tararne; og den naturalistiske Diktningi
forsvarar ”Fedraheimen”, jamvel naar
ho vert so stygg som i ”Napoleon den
tredies Hof.”

Bg hev inkje, som Hr. G. vil, sagt,
at alle andre Diktningar (enn den na-
turalistiske) er uppfødde paå kristelege
Tankar, eg hev sagt, at dei var upp-
fødde paa kristelege Tankar eller paa
Tankar, som Kristendommen hev
fostrat. Hr. G. veit, det er Skilnad
millom kristelege Tankar og Tankar,
som er vortne til der, det kristelege
Livsyn hev teket Folket med Magt.
Eg meiner det, og det er ille fyr Hr.
G., um hau inkje meinar det same, at
den sanne Humanitet er Kristendomens
Fosterbarn, og difyr er Meiningi med
det, eg hin Gong sagde, at alle dei
store Diktarar fyrr Naturalistarne i sine
Diktningar hev synt fram Livet fraa
den kristelege Humanitetens Synsstad.
Det er sjølvsagt, at eg hev sagt dette
berre um den Diktning, som me hev
havt i den kristelege Tidi. Mi Meining
um dei Diktningar, me hev fraa den
græske og romerske Heidningetid, hev
eg fyrr oreidt ut.

”Endeleg skal det ha stadet aa lesa
i ”Fedraheimen”, at Vantrui ikkje er
Synd; Fedraheimen spottar yver den
Setningen, segjer Presten.” So talar
Hr. G. Men Presten hev ikkje sagt
dette. Det er Skade fyr Hr. G., at
han hev so vondt for aa forstaa det,
Folk segjer. Presten — det er nok eg
— sagde, at "Fedraheimen spotted yver
den Tale, at Vantrui er Synd.” Det
var Fædrelandet, som hadde talat um,
at Vantrui er Synd, og ”Fedrah.”s Til-
svar til denne Tale er full av Spott,
det kann kvar og ein sjaa, som les
igjenom Bladets Tilsvar, No. 45 fyrre
Aaret. Det er heldest mangt og mykjet,
som skulde greidast ut millom Hr. G.
og meg i denne Saki um Vantrui. Han
hev so mykjet aa segja paa det, at
ein, som er i Tvil, vél.aa tru. Det aa
tru, tykkjest Hr. G. meina, hev Viljen

ikkje nokot med aa gjera. Hr. G.’s haad-
lege Snakk nm ”Hoppet” og ”Viljespran-
get”, som fører yver til Trui, hev eg
ikkje gjevet han Grunn til. Be hev
ikkje talat slik; eg trur, som eg trudde,
at me vert borne av el høgre Maet,
naar me fraa tvilande vert truande, og
difyre kunde eg ikkje tala um mnokot
Hopp somme gjorde; ein slik Tale
vilde ikkje vera sann fyr meg, og.ikkje
vilde han vera vyrdnadsfull helder, og
eg vil altid prøva paa aa tala med Vyrd-
nad um det, at ein kjem til aa staa
fast i den kristne Trui. Ee& talad um
Hoppet, som Tvilaren gjerer yver til
Fritenkjarskapen. Tvilaren stend utan
Guds Hjelp, naar han vert Fritenkjar;
han hev skotet henne fraa seg; og eg
talar ikkje med same Vyrdnad um det,
at ein vert Fritenkjar som um det, at
ein vert truande. So tolerant vil Gud
ikkje, me skal vera. Det er ei innver-
tes Fridomssak aa tru; difyr lyt dét og
vera ei ytre Fridomssak; men so fær
dei no ikkje gaa so vidt helder, at me
skal halda Vantrui for likeso gjæv som
Trui, og difyr helder ikkje krevja, at
me Kristne skal tala um sjølve Vantrui
med same Vyrdnad som um Trui. Me
vyrer Fritenkjaren, naar han er eit ær-
legt og sanningskjærlegt Menneskje, men
me kann ikkje vyrda han, fyrdi ban
er Fritenkjar. Daa maatte me halda
upp med aa tru. Åv denne Grunnen

vil eg ikkje tala om Forandring til Tru

med dei same Ordi som eg taler um
Forandringi til Vantru, og difyr inkje
tala um aa gjera eit Hopp inn i Trui.

Hr. G. meinar, at det maa staa laakt
til med Kristendomen, naar ein i Tvilen
hev valt aa vera Kristen. Det skal
altso vera ein vesal Kristendom, mnaar
ein i Fridom, etter fritt Val tek imot
den :kristne Trvui. Han meinar, at daa
kan inkje Sanningi med si eigi Magt
tvinge seg inn paa ein. Vert Kristen-
domen høgre, naar ein tvingast til han,
enn naar ein fritt pjev seg yver til han,
Br. G.? Og trur De inkje, at San-
ningi kann prova si Magt paa Menne-
skjets Viljeliv? Er det daa berre i vaart
intellektuelle Liv, at me kann have noko
Røynsel um Sanningis Magt? So tykkjest
Hr. G. aa meina. Kristendomen skal
prova si Sanning med same Naudsyn
som den mathematiske Sanningi og
soleis tyinga seg inn paa oss og paa den
Maaten bryta Tvilens Band. Hr. G.
hev i Sanning høge Tankar um vaar
Dugleik til aa evla dei djupe Spursmaal
um Livet, naar han trur, at me med
vaar Tanke kann rydja burt Tvilen,
fyrrme vert Kristne med fast Yvertyd-
ning. Men ventelig trur han inkje, at
Sanningi kann faa slik Magt yver eit
tenkjande Menneskje, elder han meinar
med andre Ord, at det i vaar Tid ikkje
vel gjeng an fyr ein upplyst, klaart
tenkjande Mann aa verta ein Kristen
med full Yvertyding. Aa bia paa den
Stundi, at Sanningi vert so sikker fyr
oss, at me ikkje kann rikkast av nokon
Tvilens Tanke, er likeso klokt som det
Æslet gjorde, daa det stod og bidde
paa, at Aai skulde renna ut. Hr. G.
miskjenner Viljens Plass i det aandelige
Livet. Den abstrakte Tenkning skal
fyr han gjera Utslaget. Tru han inkje
veit, at han paa den Maaten kjem i
Strid baade med Kristendomen og med
Filosofien? Ser Hr. G. ein Auktoritet
i han, som sagde: ”Den, som vil gjera
min himmelske Faders Vilje skal faa
Røynsel for, um Lærdomen er av Gud,
elder um eg talar av meg sjølv”, og
som, daa han gret yver Jerusalems Born,
sagde: ”De vilde ikkje!” Hev han Age
fyr ein Filosof som Fichte? F. segjer:
Kot Slags Filosof du er, kjem an paa,
kot Slags Menneskje du er. Det er ein
gamal Draum, dette, som aldri vert
gamal, men endaa vert det berre ein
Draum, at me kann tenkja utan Sam-
band med det seduge Grunnlag i oss,
med vaar heile Livsleid.” Det er nok
t. D. mange, som meinar, at den vid-

gjetne Darwin berre ved si Gransking
er komen til sin Bvolutionstheori; men
dette er eit stort Mistak. Den store
engelske Historikaren og Filosofen Car-
lyle fortél oss, at han av Bror til
Charles Darwin hev høyrt, at der etter
Godfar deira (dei tvo Darwinar) fanst
eit Segl med denne Innkrotingi: Ommia
ex conchis (alt av Cella). Det er nok
Arveskap med Darwin ogso. Mange hev
reist umkring baade i Amerika og Åsiå,
med større Evle enn han, men han ei-
nast kom til Evolutionstheorien av det
han saag. Han hadde den Gjerd i seg,
at han vilde sjaa Livet fraa den Kant.
So lengje som me agtar dei største Filo-
sofarne, og solengje som Kristendomen
hev nokot aa segja bland oss, vert det
nok sannt fyr oss, at Vantru hev si
Rot 1 Viljen. Med dette vil eg inkje
negta, at det no er mykje vandare aa
faa Bining i Stand millom vaar Tenkjing
og Kristentrui, enn det var fyrr. Av
den Grunn meinar eg med, at det er

å I
mange Tvilarar, som er ulukkelege, avdi

dei inkje kann tru; men eit er det aa
tvila, eit annat er det aa segja seg viss
um, at Kristendomen ikkje er guddome-
leg Sanning. Kristendomen hev sterke
historiske Prov for aa vera guddomeleg
Sanning; den vantru Kritik hev tapat
yver heile Lina i sine Aatlaup paa
Kristendomens historiske Paaliteleg’heit,
og um Kristendomens metafysiske Sida
kann den lærdaste og pgløggaste ingen
Ting vita av seg sjølv; so hev Menn
som Guizot og Macanly meint. Men
naar dette er so, so lyt den, som forkastar
Kristendomen, anten vera ukunnig i
Grunnvolen fyr den, elder vilja bort
fraa han. Og forkastar ban utan aa
kjenna, so er vel det ei etbisk Sak.
Hr. G. forstend godt den Ting aa snu
Vranesida ut; det hev han gjort, naar
han fær det slik til, at eg hev meint,
at ein Tvilar vert truande paa den
Maaten, at han staar midt imillom Tru
og Vantru og so ved eit Viljesprang
kjem yver til Trui. Eø hev sagt, at
det er nokot som dreg han yver; han
vert ”boren av ei høgre Magt”, hev eg
sagt, og i denne Magti er nok Saningi
med. Det er netop Saningi, som dreg;
men Saningi, Hr. G., talar inkje berre
til vaart Hovud; ho forordar seg til
kort Menneskjes Samvit. Den, som
i Tvilen vél Kristendomen, gjerer inkje
det sjølvtykkjelegt; han gjerer det,
dreven av Sanningis eigi Magt, han
gjerer det, avdi han eimast i Kristentrui
finn det rette baade fyr Hovud og
Hjarta. Bø kann soleis inkje tena Hr.
G. i aa meina, at der finnst Fritenkja-
rar, som er vortne det tvingade av det
Sanningsdrag som er i dei, og uhugad.

Be lyt no vera ferdig med mitt Til-
svar til dei, som hev skrivet mot meg
i Fedraheimen. Eg hev snutt meg i
det meste mot Hr. G., for med aa svara
han hev eg svarat den unemnde, som
skreiv i Bladet nokor Tid sidan. Hr.
G. hev skrivet litet pent. Med Svi-
vyrda hev han talat um ”Presten”, som
er ute og skriv, — endaa eg inkje hev
skrivet, avdi eg var Prest; eg kann
helder segja i Trass av det. Det er,
maa henda, inkje mange Prestar, som
tykkjest godt um, at eg skriv i eit
Blad som ”Fedraheimen;” men eg hev
fyr ein Del voret glad i Bladet og
vilde gjerne hjelpa til at faa det paa
det ”turre”. Kan henda eg hev mis-
teket meg. Trudde Hr. G. at Skrivingi
mi gav eit godt Tilføre til aa lata ut
sit Hat til Prestarne — so ser det ut —,
unner eg han godt den Lettingi, han
hev kjendt, naar han skreiv.

Bladet hev sagt, det det hadde aa
segja, i Redaksjonsartiklarne i No.
1 og 6. Bladstyret.

Bibelumskrifti.

Herr bladstyrar! Bg vart reint glad,
daa eg saag i Fedraheimen, at ein hadde
teket til aa umsetja nokot av Nytesta-
mentet.
og syntist svært godt um wumsetjingi;
men det var ein ting, eg ikkje likad,
og det var, at wumsetjåren hev umsett
ordet ”evangelium” med ”vangilja”. Kvi-
for kunne han inkji ha umsett det med
”olædeordet”, so som Høyem hev gjort,
nær han skulde gjera ei umbrøyting?
”Glædeordet” synst eg er eit so godt
ord, at det er vondt um aa finna nokot
betre. Eg var |umsetjaren mykji takk
skuldig for ei liti utgreiding um dette.

Slidre 10—4—1882.
Med vyrdnad.
Olav Semeleng.

Jesus er mitt Upphav og min Ende.
. (Etter Landstads Salmebok.)

Min Jesus han er alt, mit Upphav og min

Ende;

i all mi Livsens Ferd, kvar eg meg snur og
vender,

so er han Maalet mitt, det som eg siktar
—— paa;

han er den einast” han, som Hugen min
; mun traa.

Naar eg min Jesus hev, eg bryr meg ”kje

å um anna,

lat koma Elå og Storm, eg skal do støleg
standa;

ja kvar ei Byrd eg ber, den vert meg hug-
nadleg

for Skuld den Kjærleik stor, som du hev
lagt til meg.

Med Jesus somner eg, med Jesus mun eg
vakna,

eg glad og hugheil er, eg ingen Ting kann
sakna.

For gjenem Dauden og eg sviva skal med
t Fred,

det er ”kje meir aa døy, for Livet fylgjer
med.

Min Jesus styr du meg kvar Dag som eg
: , skal liva,

eg nokon Stad maa
stiga.

Skal eg meg styra sjølv, daa gjeng det al-
dri væl,

men naar du styrer meg, eg fram kan skride
4 sæl.

at aldri utan deg

Meg: sjølv med Liv og Sjæl eg vil deg un-
dergiva,

alt som eg segj” og trur, ja alt som eg mun
driva.

Aa tak imot meg Gud, lat meg faa vera
din,

gjer med meg som du vil, din Vilje er og
min.

For kvar ein Dag eg vil all Hugen til deg
festa,

vera eit lydugt Baan, det vil eg skilleg
freista;
ja trugen vil eg bli i Gleda som i Sut,

so lenge som du meg i Livet gjever Lut.

Og naar det lid so langt alt med din vise

Vilje,
du kjem og vil meg ut fraa denne Heimen
o skilja —

sæl vere Koma di, so glad eg fylgja skal.
Aa gjev det var den Dag eg set i Himlens
Hal.

S. M.

Kristiania, den 28de April.

«Taakeluren** elder ”den brutale Næ-
verett” — Høgres 4de ”Aandsmagt” —
var ute i Drammen no i Vika. Høgre
derburte vilde visa, at dei hev Intelli-
gens i Drammen med, og so peip dei
og heldt eit Leven, so det kunde ikkje
voret gjort betre av Gategutar.

Bg las det igjønom alt saman”

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0069.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free