- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
68

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

etter Lirekassa i Vollgata.

68

Fedraheimen.

29de April 1882.

Dei er ikkje rædde for aa skjemma
seg ut, desse Folk!

Det maa vera Meiningi, at dei vil
yla det absolute Veto inn i vaart Riks-
liv. Di hev prøvt med alle andre Raader
fyrst, med fortolkande Statsraadar og
Thingprofessorar, med det juridiske Fa-
kultet, med umreisande Apgitatorar, med
Emil Lie; men det hev ikkje nyttat.
Og so tek dei til Taakeluren.

Ja ja! Kva skal dei væl gjera —?

Morgenbladet er ikkje Bondeven utan
kvar Gong det skriv imot Røysteretten.
Men daa er det Bondeven til Gagns.
Det priser Bonden i so høge. Tonar, at
han, Stakkar, kann hava Grunn til aa
spyrja som Jeppe: Er det eg, elder er
det ikkje eg, som fær all denne Offer-
røyken?

Me veit nok i Grunnen ikkje, kor
mange store og gjilde Menn me hev i
denne Thingmajoriteten vaar, — Å. v. s.
kor mange store og gilde Menn me vilde
faa med ein einaste Gong, dersom Majo-
riteten ein god Dag gav seg til aa dansa
Sjølve L.
Jensen vert so gjild og gjæv, at det er
ikkje Maate paa, naar, han ein Gong
imillom stig fram og les upp ei Leksa,
han hev lært i Morgenbladet; og kos
vilde det so ikkje gaa med dei ’andre!
Thingfleirtalet kom til aa verta ei Sam-
ling av Halvgudar.

Men disse Herrarne av Fleirtalet er nok
ikkje jamt so lette paa Foten som t. D.
denne Kapteinen fraa Romsdalen, elder
som denne Byfuten i Brevik. Og det
hev Mgbl. fengjet finna so lengje no, at
det meir og meir sluttar med aa kjæla
for Stortingsbønderne. Det ser, at det
løner seg ikkje. Den Salven, Ein hev,
kann Fin trengja til sine eigne Urias’ar,
som stend der wuppi Thinget og vert
sundhoggde mest til kvar Dag,
treng baade Smurning og Salving, skal

so dei

dei hengja ihop og sjaa nokonlunde ut
som Folk. Difor fær Ascbehoug altid
mest Ros i Mobl., naar han hev voret
ute og fengje flengt seg rigtigt ille.

Dess meir egg Mgbl. seg etter aa
blaasa Liv i Klasseaanden. Her um
Dagen, daa det skreiv um Myrmennerne,
var det so hugsprengt, at det slog seg
lystigt og gav seg til aa lesa upp for
Bønderne av ”Peer Gynt”:

”Hvad har Slægten nu tilbage
fra din Farfars Velmagtsdage?
Hvor er Skjepperne med Mynt
efter gamle Rasmus Gynt?

Far din gav dem Fødder, han,
ødte dem saa glat som Sand!”

Dette skulde segja so mykje som at
Bønderne no, ved aa vera rettvise i
Røysterettssaki, øydde burt den store
politiske Magti, som dei til dessa hadde
havt, og som dei hadde brukt paa slik
ein framifran Maate. Mgbl. nevnde
naturlegvis ingenting um ”Stormløbene
mod Grundloven” i denne Samanhengen.

Me synest no det, at Mebl. helst
ikkje burde tala um slikt i desse Tider.
Er det nokon Stand, som hev øydt burt
si politiske Magt, so er det vel Fimbetts-
standen; men hev kanskje den voret for
flus med aa utvida Røysteretten?” — Det
er nok ikkje paa den Maaten, Ein øyder
si politiske Magt. Den øyder Ein best
— slik som Regjeringi no —, naar Fin
som allermest strævar med aa gjæta
henne, Politisk Magt kann Ein ikkje

gjøyma i Skjeppur liksom ”Mynt;? den
politiske Magti gjæter Ein best, naar
Ein paa rettvis og framsynt Maate brukar
henne.

Vil Bønderne tapa si politiske Magt,
so skal dei gjera som Regjeringi og
Embeættspartiet:
andre Folket, segja nei og nei til alle rett-

stengja seg av fraa det

vise Framgangskrav, gjæta sine Stands-
”prærogativer” med Lovparagraffar og
Lovfortolkningar, — so skal dei sjaa,
at Magti ”fær Føter!” —

Men so langt trur vel ikkje Mgbl,,
at Bønderne ser.

Vonlaust. Fædrl. hev ikkje Von um,
at Høgre skal kunna vinna ved dei
komande Vali. Det trur no ikkje me
helder daa. Men Fædrl. meiner, at alt
um Høgreflokken vert i Faatal, so vil
det likevel vera godt, at det Faatalet
vert so stort som mogeleg.

— Dei talar so dygdefulle Ord mot

”Talmajestæten”. Men naar det kjem

til Stykket, vil dei gjerna hava alt det

Talet, dei kann faa, dei og. Me er alle
Syndarar.

Til Vinstremennerne vil me segja,
at dei like eins bør møta upp alle Mann.
Er det enn visst,
vil det likevel vera vigtigt, at me vinn

med so stort Fleirtal som mogeleg!

at me vinn, – 50

Den uindskrænkede Folkesuverænitet?
er det, me maa vera rædde,
Fædrl. Vil Fædrl. gjera so væl og
segja oss, kva ”indskrænket Folkesuve-
rænitet” er for ein Ting?

Suverænitet er: Magti t øvste og
siste Instans, den til siste Slutt avgje-
rande Magti. Me veit no, at i verdslig,
politisk Meining ligg denne Magti bjaa
Folket, d. v. s.: i sine eigne Saker hev
Folket, naar det gjeld paa, elder naar
der er Strid, til Slutt den øvste og
avgjerande Magti.

meiner

Kva meiner no det
snilde Fædrelandet med, at denne Maeti
skal vera ”indskrænket?”

Skal det vera so, at vistnok hev
Folket 1 slike Tilfelle det siste Ord, men
dette Ordet maa likevel vigslast av
Kongen for aa gjelda?” — Ja men snilde
Fædreland, so vert det Kongen daa,
som fær det siste Ord, og kor vert det
so av ”Folkesuveræniteten ?”

Tingen er den, at Suverænitet er
Suverænitet, og at ein Sted maa Suye-
ræniteten vera, er han hjaa Folket, so
er han ikkje hjaa Kongen, og er han
hjaa Kongen, so er han ikkje hjaa Fol-
ket; han er som Eogi paa ein Kniv:
han kann ikkje kløyvast. ”Indskrænket
Suverænitet? er det same som ein rund
Firkant elder ein Eld, som ikkje brenn;
med andre Ord, ”Fædreland:” ”indskræn-
ket Suverænitet? — c& Tull.

Suveræniteten er til Kvardagsbruk
regulerad av dei Former, han sjølv hev
sett seg: Folkesuveræniteten verkar gje-
nom dei folkegjevne Lovar. Men i den
Sfundi, at det kjem Ugreida i Riksverket,
naar Fedrelandet elder Fridomen kjem ”i
Faare”, som det heiter, — daa stig
Folkesuveræniteten fram att beil og
klaar som han er i seg sjølv, stig fram
som den avgjerande Magt, som den
skiljande Knivsegg, — og daa viser
det ség, at han er likso ”uindskrænket”
i Dag som han var f. Eks. i 1814.

— da, i 1814 var det paa ein annan

’vilgninesveto og alt dette andre,

Maate, svarar ”Fædrelandet;” daa laag
Landet som herrelaust Gods, og daa

maatte Folket vera ”avgjevande Magt”

aaleine!

Det der er sannt paa sin Maate.

Men dersom me i 1814 hadde havt
slike loyale Folk som Fædrl, og Novem-
bermennerne, so vilde dei daa ha dømt
paa ein annan Maate. Dei vilde ha sagt
som so:

”Nordmennerne hev ikkje Rett til
Etter den 14de Januar
hev dei sin lovlege Herre i hans aller-
naadigste Majestæt Kong Karl den 13de
av Sverig, so at dersom dei ikkje rolegt

aa gjera seg frie.

gjev seg inn under honom og Sverig
etter Kielertraktatens Ord ’og Bod, so
gjer dei Upprør, Me er hans allernaa-
digste Majestæt Kong Fredrik den settes
Undersaattar, so lengje til dess me hev
svoret Karl 13de Truskapseid; men vaar
Arve-Herre og Konge Fredrik den 6te
hev no allernaadigst funret det godt aa
yvergjeva oss til Sverig og bjoda ossaa
lyda Kong Karl den 13de, og det Bodet
er me altso skyldige til aa lyda. So
lengje me ikkje hev gjort det, er me
under hans allernaadigste Majestæt Kong
Fredrik den sette. Det vilde være ei
ærveleg Skam av Nordmennerne, som al-
tid hev voret den allernaadigste Konges
allerunderdanigste Undersaattar, um dei
no vilde svika den Tiltru, som hans
allernaadigste Majestæt allernaadigst hev
sett til oss, og derved vilde me desutan
hindra hans allernaadigste Majestæt i
aa uppfylla sin allerhøgaste Lovnad til
hans allernaadigste Majestæt Kong Karl
den 13de, so at me altso vilde verta
Skuld i, at hans allernaadigste Majestæt
Kong Fredrik den 6te vart standande
som Ljugar for hans aliernaadigste Maje-
stæt Kong Karl den 13de, ja for heile
Buropa, og ei slik Skuld maa dei aller-
underåanigste Nordmennerne ikkje draga
paa seg. Altso, me maa inn under
Syverig !”

— So vilde vaare Novembermenn
og ”Fædrelandet” talat den Gongen. For
slike loyale Folk vil aldri finna, at Fol-
ket hev Rett til aa bruka sin Suye-
rænitet.

Men Fedrarne i 1814 var ikkje so
loyale, og difor hev me no i 68 Aar
takkat Gud. Fedrarne i 1814 sagde:
Folket er suyverænt; ingen Arve-Herre
og Konge kann allernaadigst ”yvergjeva”
oss til eit annat Folk mot vaar Vilje;
no tek me vaar Lagnad i vaar eigi
Haand! Amen. — Og so vart me frie.

I dei store Sogestunder vil det altid
visa seg, at Folkesuveræniteten er —

”uindskrænket”.
q

Eit Vinstreministerium kann me ikkje
faa, segjer Fædrel., so lengje her er
slik Strid um Magtfordelingi. Men naar
den Striden er utjamnad, og Kongemagti
hev fengje det ho vil i den Vegen, so
skal me mnok sjaa her vert Raad til
”Ministerier af Oppositionen!

Åa. jasomen.

Det er som Ein vilde segja til ein
Mann: Kom no og lat meg faa binda
deg godt fast fyrst, so kann du sidan
faa gaa kva Veg du vil. Du skal faa
vera fri, so snart eg hev bundet deg!

Hev Kongemagti absolut Veto, Be-

som
ho fører Strid um, — so kann ho visst

gjerna taka Riksraadar av den ”Oppo-
sisjonen”, Landet daa vil faa.

— Nei, du er ikkje ”heldig”, Fædre-
land, naar du prøve aa vera ”fin? i
Politikken!

Visdomsord or Högreblad. ”Som Regel
vil det i et frit Land være rimeligt, at
Styrelsen handler efter Nasjonalforsam-
lingens Ønske,” segjer Budstikka.

”Det er intet sundt Forhold, at Re-
gjeringen stadig tages af et og samme
Parti”, segjer ”Fædrelandet”.

— Aa, so sannt, so sannt!
dei vilde liva etter det!

Berre

Daa dei hadde ylt fraa seg i Drammen,
var det ein Mann som steig fram og
ropad:. ”Leve denne Aand i Drammen!”

Etter alt det, me hev høyrt um
Drammen, so maa me segja me trur, at
skal slik Uaand kunna liva nokon Stad,
so maa det vera i Drammen.

— Det var Erik. Vullum, dei ylte
aat denne Gongen, Han forklarad for
dei, at der no ikkje var nokon Grunn
til Strid millom By og Land, og at
Byarne ikkje hadde nokon Grunn til aa
vera. 50 glade i Ministeriet Selmer.

Paa Hotel Kong Karl, der Vullum.
budde, var det ein Mann, som var so
fin, at han ikkje vilde bu i Hotel saman
med ”slik ein Pøbel”. Dei segjer Mannen
heitte Ritmeister Vilb. Melhus. Men
me trur helder det hev voret gamle
Christopher Eisenfresser.

Norsk er no offisielt Skulemaal i Kvits-
eid og Laardal (Telemarki). Ved Skule-
kommissjons-Avgjerd er Ausilids ” Abc-
Bok” innførd fast i Skulen som Lesebok
for dei minste Borni.

Stortinget heve vedteket, at Grunn-
logi $ 53 a (Stemmeret tabes ved at
have været dømt til Strafarbeide eller
Afsættelse eller let Fængsel for en For-
brydelse, som omhandles i noget af
Straffelovens Kapitler om Mened, Tyveri,
Røveri eller Bedrageri) ikkje skal gjelda
for deim, som er dømde til Fengsel fyrr
1877, daa dei fekk istand eit sovoret
Brigde i Grunnlogi.

Av Pengarne til Orlogsfloten hev
dei stroket upp imot 700,000 Krunor.

Eit Grunnlogsforslag um at Bustads-
bandet inkje skulde binda Menn, som
hadde voret Statsraadar elder Stortings-
menn, soleids at ein Valkrins skulde hava
Rett til aa velja ein, men ogso berre
ein sovoren Mann til Tings, med han
elles maa halda seg til dei, som budde
i Krinsen, fekk berre 4 Røyster for seg
(Aschehoug, Livius Smitt, an og
Krogh) og 106 mot seg.

Jaabæk hev sett fram Forslag um,
at Stortinget ikkje skal gjeva noko til
kgl. Kommissionar.

- I Kristiania Arbeidersamfund valde dei
um Sundagen Sendelag til Arbeidarmøtet
i Trondheim. Paa Vinstresida var det
kringum 180 som røystad, paa høgre 50.
Den 21 Mai skal det vera Val paa det
halve Styre, 6 Mann. Baade Partar
steller seg i Stand til Basketaket.

12 September skal det haldast Val

|paa Mørerne, Hordaland og i Lister og

Mandal.
Baltasar Christensen gamall dansk fri-
lynd Politiker er daaen, 80 Aar gamall.

Charles Darwin, den vidgjetne engelske
Naturforskaren er daaen. Han var 73
Aar gamall,

Kristiania.
Nikolai Olsens Boktrykkeri. -

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0070.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free