- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
70

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

10

Fedraheimen.

6te Mai 1882.

tru ti meg; aa eg steig fort i Løn aa
Ansvar. å

Eg ha de so gott som eg kunne
ynskja; men de pinte meg, at eg aldri
fekk Bræv fraa Heimen. Du ska sjaa,

Signe gløymer meg likevel, aa leidest

ve aa vente paa meg, tenkte eg. Inki
sjeldan gjekk eg ne paa Havni, ut
paa Emigrant-Skjipe, lydande ette dei
kjære Tonurne av mitt Mors-Maal,
sjaa-ande ette kjende Andlit. Galskap!
Aa leita etter ein Telemarking, hell
ein Normann dissmeir, i den Folke-
Sveimen, va som aa grava ette ei Naal
i ein Høy-Stakk.

Eg fekk Bræv fraa Gunnar Straume,
at han tenkte paa aa kaama ti New-
York; han ha Hovude fullt av Meka-
nik aa tenkte inki paa anna hell aa
gjera ei Uppfinning, som skulde mæ
ein Gong gjera han ti ein rik aa aal-
kjend Mann.

So skreiv ban, at han ha fengi
Bræv fraa Knut Vestvoll. Folk livde
væl i Heimbygde vaar; Signe Gladheim
skulde naa gjifte seg! Eg trudde eg
ha stupa, eg maatte halde meg i
Skrive-Pulten. Aa! Aa! — — men
d’æ inki so underleg; kvi ska ho lenger
vente paa meg! Eg æ halvt Krypling,
aa kanse vert de alle noko av meg;
daa visst inki paa aldri den Dag ennaa!
Gjøvy ho maatte finne ein, som kunne
skjynne paa ho, aa vera snild imot ho!

So tenkte eg. Naa visste eg, kvi-
fyr eg inki fekk Bræv fraa hennar.
Men, som eg fyrr sae, eg venta svært
paa Bræv fraa deg, Bjønn.

Venteleg va de, sa han.

(Meir.)

Bibelen og dei moralske Reformer.

(Foredrag av Principal I. Macy i Iowa
Collegiums kristelege Samlag:.)
(Umsett fraa Engelsk for ”Fedrah.”)

Dr. Orossby, i sitt sterke Utfall
mot Total-Avhaldsmennerne, tinn den
beste Grunn for si Meining i det, at
Kristus og Apostlarne drakk Vin. Der
er mange Avhaldsvenner, som viser
seg sterkt tekne av denne Dr. Cross-
bys Tale. Og some segjer, at dersom
me gjeng med paa, at den Vinen,

Kristus og Apostlarne drakk, var ru-

sande, so yvergjev me dermed heile
Bibelen til vaare Motstandarar. Ja
Ein segjer, at ved aa gjeva vaart Sam-
tykkje til eit slikt Paastand vilde me
skapa Fritenkjarar, liksom eit liknande
Samtykkje med Avsyn paa Trælesaki
skapte Fritenkjarar, daa det Spurs-
maalet skok Landet. Her er ei Frei-
sting til aa koma inn paa gagnlause

- Forhandlingar um det kemiske Innhald

av ein Drykk, som vart brukt i tu-
sundtal av Aar fyrr Kemien var upp-
funnen. Ingen veit, kor stor Procent
Alkohol der var i den Vinen, som
Kristus og Apostlarne drakk. Og der
er ingen Grunn til aa tru, at der vil
koma nytt Ljos i det Spursmaalet.
Aa tvista um slikt er berre aa øyda
Tid. Der er dei som meine, at der-
som det er uvisst, kvaslags Vin Kristus
og Apöstlarne drakk, so kann me berre
tru, at den Vinen ikkje var rusande,
so slepp me or den Knipa. Det er

’eit uhorvelegt Mistak. Styrken i Bi-

belens Lære ligg ikkje i Uvissa, men
i Vissa; og er der nokon Bibel-Lær-
dom, som der er Tvil um, so er San-
ningi best tent med, at me læt Mot-
standararne hava den. Den Knipa,
Dr. Crossby’s Grunnføring hev skapt,
slepp me ikkje utor paa den Maaten.
Det er ei Knipa, som alle, i alle Ald-
rar, hev havt aa dragast med, naar
dei i Striden mot vonde Skikkar tok
Bibelen til Hjelp. Kvar Reformator
hev vortet møtt med den Grunnføring,
at den Uskikken, han strævad imot,
var uppestudd av gode Menns Lærdom
og Fyredøme fraa eldre Tider. Kor-
leis hev dei greidt seg fraa denne
Knipa? Ikkje aalment ved aa negta
Sanningi. Verkelege Reformatorar hev
for det meste havt det so annt med
sjølve det Arbeidet, Guds Aand hadde
kallat dei til, at dei hev ikkje havt
Tid til aa sansa denne Knipa. Dei
hev latet dei gode Menn fraa eldre
Tidar passa seg sjølve, og hev berre
hamrat inn i livande Menn den livande
Sanning, som Gud hadde gjevet dei.

I Striden mot Slavedomen var Bibe-
len eit overlag sterkt Vaapen. Som
ingi onnor Bok kalla Bibelen Folk til
aa elska Gud og Mann, til aa hata
Undertrykkjing, til aa vyrda alle som
Brødrar, til aa koma ihug dei bundne,
som Ein sjølv var bunden med dei,
til aa ynka dei fatige, til aa høyra
dei fortryktes Skrik. Trur nokon Mann,
at den store Striden mot Træleskapen
kunde so snart ha voret førd til ein
god Ende, dersom ikkje Bibelen hadde
voret jamnt brukt som Mot-Trældoms-
Bok? Kor finn me hellest den aalmenne
Brorskapen uppsett med slik Kraft?
Kor finn dei Fatige hellest ei Sak
frambori 1 so upplivande Ord? Kor
finn Underkuvarer hellest sin Dom
so kvasst skildrat? I dette harde Baske-
taket i den moralske Krig mot Træl-
domen vart alle, som talad Trælens
Sak, naturlegt drivne til Bibelen som
deira alrabeste Vaapen. Dette vaf so
baade med Kristne og Fritenkjarar,
som arbeidde mot Trældomssyndi. Bi-
belen inneheldt den einaste Læra, som
kunde greide Saki. Alle Læresetningar
fraa andre Kantar var samanliknings-
vis veike og magtlause.

Der var nokre faae Trældoms-Mot-
kjemparar med ein sterk Hug for mikro-
skopiske Smaating, som gjekk yver
Bibelens endeframme og visse Lær-
domar og gjorde seg det annt med
dei smaagrannaste Randsakingar av
nokre faae uvisse Ting. Desse Men-
nerne var fullvisse paa, at den Tena-
ren, som Apostelen Paulus sende attende
til Herren sin, ikkje var Træl. Han
var ein Leigemann i Huset, som rømde
fraa Tenesta si, men som Apostelen
yvertalde til aa snu heim att. Til
dette svarad daa Trældomsforsvararen
Nei. Den Tenaren var ein verkeleg
Træl, som hadde rømt. Han hadde
truleg svart Hud. Paulus fekk Tak
i han, lagde han i Jarn og sende han
attende til Figaren sin. Dertil svarad
Mot-Trældoms-Mikroskopistarne: Desse
Kanaansborni hadde truleg kvit Hud;
dei drog aldri til Afrika og busette
seg; det Folkeslaget døydde ut! Træl-
domsforsvararen sagde: Nei! Kana-
ansborni var svarte; dei bur no i

Afrika; me hev Spaadomarne og For-
synet med oss, naar me gjera dei til
Trælar i Amerika. Det var eit tvil-
samt Ordskifte. Dei Menn, som hadde
Guds Kall til aa vekkja det Amerikan-
ske Samvit upp til Kjensla av Træl-
domssyndi, øydde sjeldan si Tid i
denne uvisse Kjeklestriden. Dei leet
Styvingar og Trældomsmenn hava den.
Deira Gjerning var det aa hamra inni
Samvitet aat den Ætt Guds Ords ende-
framme og tvillause Lære imot Under-
trykkjing. Dette gjorde dei, og deira
Framlegg var umotstandelege.

Lat Totalavhaldsmennerne draga
Lærdom av deira Fyredøme. Bibelen
kallar Folk til eit heilagt Liv.
ingi onnor Bok dømer han alt, som
er styggt og ukjurslegt. Som ingi
onnor Bok dømer han dei, som tek
paa seg ein fin Ham utanpaa, men
innvortes er rotne. Han legg paa oss
det alratyngste Ansvar for Næsten og
hans Vælferd. Den Synd og Vanhelgd,
som stig sterkast fram for Synet aat
denne Ætt, er Drikkesyndi. Dei, som
vyrder Bibel-Kallet til eit heilagt Liv,
maa førast til Elgjing og Mothug for
denne Syndi. Dei kjem til åa ropa
Varsku til alle, som held Glaset til
Næstens Munn. Dei kjem til aa av-
halda seg sjølv aa faa andre til aa
avhalda seg traa kvar einaste Skikk,
som paa nokon Maate kann hindra
Arbeidet mot Fyllesyndi. Bibelen læt
ingen faa Lov aa kvila i Mak, berre
han sjølv er bergad fraa ei Synd.
Bibelen krev, at han skal bruka all
si Kraft til aa berga dei andre med
seg. Han skal vera som eit Ljos for
si Ætt, og han vert aalvorlegt aatva-
rad um, at ikkje Ljoset hans vert til
Myrker.

Bibelen er, trass i den Vanden,
Dr. Crossby hev sett fram, ein kraftig
Totalavhaldslærar. Vanden kann me
berre tigja til, og likevæl vil Krafti
aat dette Umbots-Vaapen vera urørd.
Men til Hugsvaling for dei, som trur,
og til Hugvending for dei vantruande,
og for aa gjera Bibelen endaa krafti-
gare i Umbøtingsarbeidet, er det verdt
aa faa ifraa seg, so mykje som mog-
leg, denne Vanden, som altid held seg
fram, og altid vil leggja seg i Vegen,
og istadenfor den aa faa fullt fram
den endeframme, kraftfulle og klaare
Lærdomen, som Meistaren hev etter-
latet seg.

Me kallar Bibelen ei gamall Bok.
Men dersom Bibelen er sann, so hev
han berre so vidt byrjat sitt Arbeid.
Dersom Bibelen lærer nokon Ting,
so lærer han det, at her skal koma
ei Verd av Bettferd. Han tek til med
ei Verd, som er heilt ut villmannsleg
og gudlaus; han ender med eit Rike,
der alle skal vera heilage og reine.
Det er lett nok aa faa dei, som trur
paa Bibelen, til aa gaa med paa denne
Læra; men der er likevæl visse Ting
i Tilmaatingi paa Heidning og heilag
av dette moralske Skriftet, som det
ikkje er so lett aa forstaa.

For aa forstaa some av desse Ting
krevst det ei Dømekraft, som ikkje
alle synest eiga. Skal ein skyna ei
Tid, som ligg langt burte fraa vaar,
og er svært ulik den, maa Ein hava
eit skapande og samansetjande Hug-

Som:

syn. Dei fortel um ei Gjenta, som
kom inn paa ei Kraambud aa kjøpte
nokot, og so bad ho Kjøpmannen um

aa skriva Rekning paa Far hennar.

Kjøpmannen spurde das, kven Far

hennar var. Gjenta svarad reint for-

binad: ”Kvaslag? kjenner De ikkje

Far min? Eg tenkte daa alle kjende

han!” Denne styvne Gjenta hadde en-

daa ikkje vakset ifraa den Barnemei-

ning, at det, som var i hennar Tankar,

maatte vera i alt Folks. Eg vil tru,

at me alle er godfor aa forstaa, at

ein Mann i Guinea kann vera i von-

laus Faakunna um Far vaar. Men,

likevæl, naar me skal røda um ei Tid,

som ligg langt burte fraa vaar eigi,

so gjeng me gjerna ut ifraa, at den
Tidi hadde same Tenkjemaaten og.
same Huglaget som vaar, var drivi av

dei same Grunnarne. Dette er ikkje
eit Lyte, men for det meste ei Naud-

syn. Det er altid vondt, og stundom

umogiegt, aa forstaa eit Livshøve, som
i Hovudsaki er ulikt vaart eiget. Og

likevæl er det just det, me maa gjera
for aa forstaa Bibelen i alle hans Til-

maatingar paa langt fraa kvarandre
liggjande og ulike Aldrar.

(Meir.)

Ny Bok.

Stiftskapellanen Alf Baartvedt vil
gjeva ut ei Bok paa Norsk, som skal
heita: Kristeleg tru og livnad.
Me trykkjer av Meldingi hans. Det
er gjævt, at Prestar alt vaagar seg
til aa skriva Bøker paa Norsk. Fi
høveleg Bok um dette Emne veit me
det er stor Trong til, so me trur Folk
vil helsa Tiltaket hans med Fagnad.
Allvist for Lærarar i Bygdarne maa
det vera kjærkomet og gagnlegt aa
faa Kristendoms-Grunnarne utsette i
Samanheng og i norsk Form. — Um
Skrivemaaten hans skal me no berre
segja, at me tykkjer han gjerne kunde
hava bruka j noko meir etter g og k
og skrevet kjem og Gjerning inkje
kem og Gerning, som han gjer; for
daa er det noko tyngre aa lesa.

”(Boki) er ei kortfattad lære-historisk
handbok fyr skule og heim. Um uttala
er at marka: øy som øi, i ofta som e
og u som 0; y ofta som ø; g og k
oftast som gj og kj fyre e, i, y, =, 9,
og øy: d ofta utan ljod. Forfattarn
har gått ut frå, at norsk mål kan skri-
vast so, at vore born forstår det betre
enn dansk og svensk, og med desse to
mål er vort saman um mange ord. Val
af ord og retskrivning rettar seg myket
etter oldnorsk, som so merkande liver
på tunga vor. Det oldnorska er ein
dyr arv og eit kært minne um den
gamla tidi og talar betre enn bautastei-
nar og gamle sverd. At redda vort
morsmål frå undergang er ei folkesak
av fyrste rang, og ei sak som er større,
ja den størsta av alle, er, at vi vert
glade i Guds ord, og lat oss difyr få
høyra og lesa detta ord i vort eiget
mål. På alle mål er bibeln sett yver
utan på mnorsk. Snart kann han og
med Guds hjelp koma til oss. Det har
no voret den eigentlige tanke med denna
boki, som kallast ”kristeleg tru og liv-
nad”, at gera vor barnalæring meir kær
og heimleg ved at klæda henne 1 vort
morsmål, og at hjelpa lærarn at finna
lette og høvelege ord fyr det djupaste
i vor kensla, den kristnatrua. Grunn-
tanken i boki er: ”Detta er skrevet, at

de skal tru, at Jesus er Kristus”, og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0072.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free