- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
76

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

76

Fedraheimen.

13de Mai 1882.

meir til, at Bøndarne kunna trygt
senda honom til Things i sin Stad.

- Aa vera ein god Kristen er eit Plus

fyr ein Thingmann. Og det skal me
hugsa, at det er ingen i Landet, som

djupare hava røynt Faararne ved

aandeleg Ufridom, bureaukratisk For-
myndarstyre og ”absolut Veto” enn
Lesararne. Vaare Lesarars aandelege
Fader er den største Martyr fyr Aands-
fridomen, som Norig hev havt.

Eg er viss um, at alle frisinna
Menn, som kjenna Jon Kjilland, vil
vera med paa aa gjeva honom Plass
millom dei beste av Thingmanns-Emni
or Thelemork. L.

Kristiania, den 12te Mai.

Lovlydige Folk. Naar den ”kontrolle-
rande Statsmagt”, Odelstinget, dømer,
at Statsraad Helliesen skal betala Stats-
kassen det, som denne tapte i Schøyens
Bu, so svarar Hr. Statsraad Helliesen:

Eg vil ikkje.

Naar den kontrollerande Statsmagt,
Odelsthinget, dømer, at Statsraad Jo-
skal betala Statskassen det,
som er utgjevet for mykje for Prenting

hannesen

av Frimerkje, so svarar Hr. Statsraad
Johansen:

Eg vil ikkje. å

No gjeng Mgbl. eit Stig til. Det
lærer, at dersom Odelsthinget finn det
naudsynt aa setja Riksrett, so vil Høg-
sterett, som etter Grunnloven skal vera
med i Riksretten, ”kunna” svara:

Me vil ikkje.

Me vil ikkje lyda Loven! Me hev
gjort Eiden vaar paa, at me vil lyda
den; men —- me vil ikkje!

Og det skal Høgsterett segja, —
Høgsterett, som kvar Dag sit og dømer
Folk til Tugthus og Trældom, ja til
Øks og Blokk, fordi dei ikkje hev voret
lydige mot Loven!

– Ja, men Grunnen til dette” Kvi
skulde Høgsterett finna paa slikt? spør du.

Jau, fordi han hev misst — ein As-
sessorpost.

Thinget drog inn den eine av dei
tvo Åssessoörpostarne, som for mange Aar
siden vart ”midlertidigt bevilgede ;” difor
skal Høgsterett no gjera seg til Lov-
brjotar.

Det er ei Embættsløn, det gjeld um.
Ei Embættsløn, som dei fraa fyrst av
visste skulde dragast inn att. Btter
Grunnloven er Høgsterett ”komplett”,
naar han er 7 Mann høg. Etter den
siste Storthiugsavgjerdi vil ban vera 10
Mann høg. Og endaa hev han Rett til,
naar det knip, aa taka ekstra Tilhjelp.
Men det nyttar ikkje! Embættshierarkiet
hey misst 1 fast Post; naar Høgsterett
ikkje fær so mange faste Postar, som
Partiet vil, so er han ”inkomplett”, —
og difor ”kann” Høgstérett, i komande
Hende, slengja Loven i Kroken og Eiden
under Bordet og segja som furtne Sku-
legutar:

Me vil ikkje. —

Slik tenkjer Morgenbl, um Riksens
Høgsterett og um dei Menn, som der
sit. Og Mgbl. vilde ikkje bava nokot
imot, um Riksens Høgsterett fann paa
aa gjera slikt eit Stykkje. —

Det er lovlydige Folk!

— Fyrr var det Kongen, som maatte
lata seg bruka. Dei førde ut eit styggt
Snakk um, at Kongen skulde vera slik

ein Kar, som kunde gjera seg til Mei-
neidar og Lovmordar og Fedrelandssvi-
kar for aa berga Morgenbladets fortapte
Politikk. No er det Høgsterett, som
skal dragast ned. No er det den, som
skal brukast. Det er loyale Folk!

— Tallfall segjer dei so sjølve. Men
det vil vera mange i dette Landet, som
vil beda Vaarherre fri seg fraa slik ein
Loyalitet. Og det meiner me dei vil
gjera rett i.

Det er Magen, det kjem an paa. Denne
den djupaste Grunntanken i den gamle
Morgenbladske Embættsmannspolitikken
er no endelig beint og greidt utsagd
i Morgbl. sjølv, og det av ein Prest,
Br. L. T. fraa Vestnes.
mill. a.:

” Af Maven er afhængig vor Simdsro,
vor Gudsfrygt, vort timelege og aande-
lige Vel. — — Daarlig Fordøielse er
Kilde til Pirrelighed og Grettenhed.
Man begynder at se alt i et sort Lys,
miste den gode Tro om sine Medmen-
nesker, drømme om Djævelen og onde
Aander*) og . . . falde let en mørk
og klam Pietismus’s Snarer.”

— Etter dette maa ein tru, at der
er fælt mykje ”daarlig Fordøielse” i
Høgre.
god Gjerning, naar han formanar sine
yngre Émbættsbrødrar til aa ”pleie sin
Mave som et ædelt Dyr.” —

Men glade er me, fordi det ikkje
er ”Fedraheimen”, som hev innehaldet
slikt! — For daa skulde her
Humlebøle.

Presten skriv

Vestnespresten gjer visseleg ei

vortet

«Leve Kongen, Unionen (og Fedrelan-
det) !* ropar Novembermennerne paa sine
”Folkemøte” og viser seg dermed som
sanne Trældoms- og Provinsmenn. Fyrst
nemner dei Kongen, liksom han var
Einyvaldsherre og aatte baade Landet og
dei; so nemner dei ”Unionen”, som —
naar han vert nemnd fyre Fedrelandet
— maa vera det same som Sverige, og
tilslutt, filslutt minnest dei kanskje gamle
Norig. Og kanskje gløymer dei det
Some Tider set dei ”Forfatningi”
istadenfor ”Fedrelandet”; men Forfat-
ningi vil i deira Munn segja det same
altso:
Kongen, Sverig og det absolute Veto.”

reint.

som det absolute Veto; ”leve
— Jau, dei skulde faa raa seg, desse
Novemberfolk, so skulde me snart sjaa
Greiur!

— Sjølve vaar gode Ven ”Fædrl.”
hev funnet det naudsynlegt aa paatala
desse ravgalne og uverdige Leverop, og
deri hev ”Fædrl.” gjort klokt. Men Fædrl.
er ikkje stivare i sin Konstitusjonalisme
sjølv helder, enn at det nok kann finna
seg i, at norske Menn nemner ”Kongen”
fyrst og Fedrelandet etterpaa, liksom
Norig skulde vera aatt og styrt av ein
Einvaldskonge; — og deri hev Fædrl.
gjort mindre klokt.

Frie Menn skulde vita, at Fedre-
landet er det fyrste. Fedrelandet er det,
som me alle er skyldige til aa elska,
Kongen likso væl som andre Borgarar.
Landet er ikkje til for Kongens Skuld;
men Kongen er til for Landets. Landet
skal me alle elska; Kongen elskar me,
ettersom det viser seg, at han elskar
Landet.

* Til Døme paa dette nemner Presten
Luther paa Wartburg og Døyparen Jo-
hannes. å

Den, som set Kongen fyre Fedre-
landet, segjer dermed, at han ikkje fyrst
og fremst held seg for norsk, men fyrst
og fremst for oskarsk, karlsk elder
gustavsk!) Han segjer dessutan, at um
det eingong skulde henda, at Kongens
Sak ikkje var Landets Sak, men at
Kongen og Landet stod imot kvarandre,
so vilde han fylgja Kongen — og svika
Fedrelandet.
norsk Mann, naar han fær tenkt seg um.

Det heiter altso fyrst og fremst:
”Leve Fedrelandet!” Og det næste, som
alle Noyembermenn no hev gløymt, men

Slikt segjer ingen ærleg

som vaare Fedrar aldri gløymer, det er:
”Leve Fridomen!” — Fedrelandet og
Fridomen maa alle Borgarar elska —
Kongen med —, dersom dei vil hava
Rett til aa beita Nordmenn.

Er det ikkje revolusjonært, naar
”Fedrh.” lærer, at den konstitusjonelle
Kongen skal bøygja seg for Fleirtalet?
— spør ”Fædrl.”

Aa nei, det er nok berre den kalde
klaare konstitusjonelle Sanning.

”Men Kongen skal ikkje bøygja seg
for Fleirtalet berre som Fleirtal!”

. Jau; dersom han skal bøygja seg
for Fleirtalet, so skal han bøygja seg,
fordi det er Fleirtal.

”Nei; han skal bøygja seg for Fleir-
talet, naar Fleirtalet hev Rett.”

Ja; men naar hev Fleirtalet Rett?
Det hev voret sagt av Menn, som nok
visste, kva dei sagde, at ”naar eit Folks
Fleirtal hev Urett, so hev det Rett!”
Det vil segja: naar Folkets Fleirtal vil
ein Ting, so maa dette skje, — fordi
der ikkje finst den Magt paa Jordi, som
hev Rett til aa døma yver Fleirtalet.
Kven skulde segja, naar Fleirtalet hadde

I Rett ’elder Urett” Kongen? Men so

vært Kongen ernveldig! Elder det ju-
ridiske Fakultetet” — Men s0 vart Fa-
kultetet einveldigt! I eit fritt Land maa
Fleirtalet styra; d. v. s.: dei Meiningar,
som vinn Fleirtal, maa gjenomførast.
Dersom det hender, at der vart gjort
Urett — og det vil henda under alle
Styreformer! — so er det betre, at der
vert gjort Urett mot faae, enn at der
skal øvast Urett mot dei fleste. (Sjaa
Dgöl. i Redaksjonsartikelen um den
nye Hgteskapsloven.)

”Men naar Fleirtalet gjeng mot Loven,
slik som Storthingsfleirtalet gjorde den
de Juni, so skal ikkje Kongen bøygja
seg for det.”

Gjekk Fleirtalet av Ode Juni mot
Loven? Nei; det gjekk imot ei viss
Fortolkning av Loven! — og det er
nokot annat. Fleirtalet av Ode Juni
heldt seg so strengt til Lovens Ord, at
baade Mebl. og Fædrl. no skylder det

for ”Bokstavdyrking”! — Men i Lov-

saker er det nok godt aa halda seg til
Bokstaven, alrahelst naar det gjeld Grunn-
loven. Det var nok endaa ein Konge
her i Landet, som paalagde si Norske
Regjering, at
”Grundlovens bogstavelige Efterlevelse!”
Lovens Bokstav kann vera uklaar elder

ho skulde paasjaa —

Men kva gjer me:so, ”Fædre-
land?” — So forandrar me Lovens
Bokstav! — Men so lengje han stend

8) ,

uhøvande.

fær han gjelda. |

1) Sml. Sars ("Hist. Indledn. til Grund-
loven”) om dei gamle ”kristianske” og
”fredrikske” Nordmenn.

— Det er godt aa vera aandfull,
me skal ikkje negta det. Men vera
aandfull i Lovsaker, det er nok litt
mindre bra. Og naar ein vert 50 aand-
full, at ein reint slepper Bokstaven og
”aandar” seg upp beile nye Grunn-Reg-
lar, som Bokstaven ikkje veit um, ja
daa, ”Fædreland”, — daa er ein nok
litt inne i det revolusjonære!

Budgetnegtingar. So lengje dei trur,
at Storthinget læt seg skræma, so lengje
skrik dei mot Storthinget. Men naar dei
tilslutt skynar, at Storthinget er ubøy-
gjelegt — fordi det hev eit altfor stort og
fast Fleirtal av Folket attum seg, — so
vender Skriket og heile den store Flau-
men av Krav seg mot den Regjeringi,
som ved si ukloke og vrange Ferd hev
Skuldi for alt dette; og mot den Flau-
men mnyttar det ikkje aa setja upp —
”Protokoldiktamina”.

Stortinget hev sjort fraa seg Tele-
grafstellet, Aas Landbruksskule o. m.
Det vilde ikkje gjeva noko til Haakons-
hallen i Bergen, ikkje til nye Fyrar.
Dei Bevillingarne Kongen vilde hava
til Krigsøving i Staden for Bataljons-
Eksis gjekk Tinget inn paa.

Til Vale i Kristiania Arbeidarsamfund
hev Vinstre sett upp slik Valliste: Maalar
Andresen, Skomakar Brun, Lærar Halv.
Johanson, Arbeidar paa ”Siglduken” Kjel-
sen, Lagermann O. Olsen, Redaktør E.
Vullum.. Fraa Høgre er enno ingi Val-
liste komi.

Danmark. Dei nasjonal-liberale av
Høgre gav seg og gjekk med paa Finans-
loven mest slik som Vinstre vilde hava
honom.

Irland. Gladstone vilde bruka ein
mildare Framgangsmaate i Irland; men
det vilde ikkje den irske Ministeren og
den irske Varakongen; dei gjekk av, og
det kom nye Folk i Staden. Men ikkje
fyrr hadde den nye Ministeren, Caven-
dish, kome til Dublin, so vart ban og
Underriksskrivaren Burke drepne ljose
Dagen, men likevæl hev dei ikkje kunna
finna Mordararne. Men Parnell og dei

andre Forararne av det irske Samlaget’

(dei var sette fast, men var nyleg slopne
ut att) bev sagt seg heilt upp fri for
aa hava noko med Mordararne aa gjera,
og at det irske Namne er flekkt so
lenge til dei finn deim.

I Egsypten vil Ministeriet setja av
Kongen (Kediven) og hev bede Tinget
koma saman og segja Ja til denne Avy-
gjerdsla.

Lysingar.

Hos Ed. B. Gjertsen i Bergen. er ud-
kommet og erholdes i alle Boglader: Bibel-
saga ved Paulsen og Mo.

(Vestmannalagets Utgaava).
Pris indb. 70 Øre.

Hos Ed. B. Gjertsen i Bergen er ud-
kommet og erholdes i alle Boglader: Vid-
steen, Oplysninger om Bygdemaalene i Sønd-
hordland. Pris 1 Kr.

Søndmørsk Grammatik

af Ivar Aasen, Restoplag, tilsalgs i Dyb-
vads og Cammermeyers Boglader a Kr. 0.35.

ide

i Xr. 3.00 i Kr. 3.20. Til-
John Lig, Kr. 3.00 i Posten Kr i

salgs i Bogladerne og i

Nikolai Olsens Trykkeri,

Torvgaden 5 b.

En Fortelling fra

Kristiania:
Nikolai Olsens Boktrykkeri.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0078.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free