- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
88

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

mi bt

. Røysteretten.

88

Fedraheimen.

ddie Juni 1882.

Ei gamal blind Kjering sat 1 Kjyr-
kja og høyrde Presten preika so vent.
Der sat ho murra med seg sjølv: ”Gud
late Presten døy, aa Futen liva lengje!
Futen var der, han au, og undrast
paa detta, daa han minntest ikkje
hava gjort noko godt. Utkomen spurde

han Kjeringji ukjend, kvifor ho bad

Gud lata Futen liva lengje. — Ho for-
klaarde daa si Meining so: ”Eg kann

minnast sju Prestar, den seinre altid

betre hell den. fyrre, og tok no Gud
denna, trur eg me maatte faa vaar
Herre sjølv til Prest. Men eg kann
minnast sju Futar au, den seinre altid
verre hell den fyrre, aa døyr no denna,
er eg rædd me fær hin Vonde til Fut!

Skulde me minnast og vonast som
Kjeringji, so lyt me segja fri oss fraa
ei ny Regjering! H.

Kristiania, den 2dre. Juni.
«Aftenposten* vil og forstaa seg paa
Maalgreiur no.
Ein glatt Is aa vaagaseg utpaa det,
Hr. Amandus Schibsted! —

Lovlydige Folk. Endaa at sjølve Asche-
houg hev sagt, at ein maa bøygja seg
for Storthingsavgjerdi um Myrmennerne,
krev Mgbl. like fullt, at Valstyri skal
reisa Rygg mot Storthinget og Grunn-
loven i dette Stykket.

Kor lengje tru Morgenbladet skal

"faa Lov aa gaa laust, tru? —

Det er ikkje Under, at Regjeringi og
dens Menn vrid ség: for ei Vidking av
Utfallet i Kristiania Ar-
beidarsamfund viser, at um Røysteretts-
reglarne var nokonlunde rettvise, so vilde
sjølve Kristiania faa liberale Thingmenn.

Me vil ikkje snakka um dei andre
Byarne. I mange av dei hev Vinstre
Magti alt no.

Slik stend det! Høgreflokken er til
som politisk Fylking i Kraft av rang-
vise Røysterettsreglar; var Loven som
han etter Tid og Høve burde og skulde
vera, — so rauk heile Fylkingen til
Hays.

— Og dette ”Partiet” er det, som
vil hava Rett til aa styra Norigs Rike!

Ur. Bjørnsou! De taler ikke som en
Nordmann !* var det ein Mann som skreik,
daa Bjørnson i Arbeidarsamfundet heldt
sitt fagre, klaare og rolege Foredrag
”Leve Kongen Unionen — og Fædre-
landet”. ,

Daa Mannen skulde til aa greida
for seg, var han — burte. Namnet
hans fekk ingen vita. Det var ein
Riddar med stengt Vizir.

Det hev voret sagt, at Mannen var
Andre hev sagt, at han
var fraa Departementet. Men me kunde
hava Hug til aa segja med ein gamall
og kjend Vits, at Mannen vist helder
var fraa Forstanden.

fraa Drammen.

Naar Kongen kalder*, skal Oberst-
løytnant Bull ha sagt i ein Tale til Sol-
datarne paa FEksismoen Ulven, ”da gaar
vi, enten det er mod ydre eller indre
Fiender, ja mod vor egen Far og Bror.”

Hm. So dei Tankarne skal prentast
inn i Soldaten no.

Oberstløytnant Bull skal i same Talen

ha sagt, at Kongen er Hærens ”øver–

ste General og Herre”. Soldaten skal



altso no lærast upp til aa tru, at det
er Kongen personlegt, han tener, og
ikkje Fedrelandet.

Og naar Kongen personligt kallar,
so skal Soldaten gaa, um det so var
mot sitt eiget Folk, ja um ban so vart
nøydd til aa stinga sin eigen Far ihel
med Bajonetten elder slaa Heilen ut paa
Bror sin med Geværkolba. —

Kva skal det vera godt for, at ein
Fmbættsmann stend og forkynner slikt
for sine Undergjevne, — for dei, som
han. etter Embættsplikt fyrst og fremst
skulde læra upp til aa elska Fedrelandet?

Ein Oberst tarv kanskje ikkje hava
so fælt mykje Vit. Men det vesle han
hev, det skulde han væl bruka!

Det forstend seg: var ber Tale um,
at nokon vilde gjera Upprør og bruka
Vald mot Landet elder Landsens Fridom,

so maatte Kongen senda Soldaten ut.

Men me hev ikkje høyrt andre snakka
um Upprør enn Noyemberformannen
Karl Gulbranson, som meinte, at Landet
kunde koma til aa fløyma i Borgarblod,
og so Mgbl., Fædrl., Thj. Adr. og desse
Kadetkvalparne ned paa Horten, som
vilde vera so glade, dersom dei fekk
Ordre til aa ”sprengja Storthinget.” Er
det mot det, Oberstløytnant Bull tenkjer
seg, at Kongen skulde bruka Hærmagt?
— Aa nei væl.

Elder tenkjer han som Moebl. og dei
Folk, at Kongen ein Dag kunde finna
for godt aa ”sætte tilside de juridiske
Distinktioner”, d. v. s. kasta Lov og
Rett yverbord, for aa vinna meir Magt?
Og trur han, at um Kongen gjorde
dette, so skulde den norske Soldaten . . .
hjelpa han med Arbeidet? Ja drepa
sin eigen Far, um denne vilde verja
Landsens Rett og Æra?” —

Ja, ikkje veit me. Men ein Ting
Hev Hr. Oberstløytnant Bull
sagt slikt, — so hev han ikkje ”soget
det or sitt eiget Bryst”. Daa hadde
han aldri vaagat aa koma med slikt paa
Embætts Vegne. –

veit me.

Framhald um Luth. Ugeskrift. Der er
likevæl somt i denne same Reaksjons-
Artikelen, som er morosamt. Som t. D.
dette:

”Fra kristeligt Standpunkt gjælder
det, at paa hvilken Maade og under
hvilke Former en Regjering og en Øv-
righed end fra først af er bleven til,
saa har den dog faact en høtere Ret
og en høiere Indvielse end den, der er
given den ved et Folkevalg; thi efter
Guds Ord ”er der ikke Øvrighed uden
af Gud, men de Øvrigheder, som ere,
her Gud beskikket” —

Av dette lærer me, at Luthersk Uge-
skrift godkjenner, ikkje aaleine Stats-
kup, for det vilde ikkje vera so rart!
men — Revolusjonar. Det er altid
Vaarherre, segjer Bladet, som innset
Regjering og Raadsmagt, øva Maate ho
so vert til paa. Vil altso nokon no
gjera Revolusjon og innføra t. D. Re-
publikken, so veit han, at so snart Ver-
ket er gjort, so vil Ugeskriftet maatta
vera den fyrste til aa vigsla det.

I det heile kunde ein tru, at Uge-
skriftet ikkje hadde so mykje imot Re-
Det finn uwt, at 1 alt
praktisk kann ein Præsident vera likso
god som ein Konge. ”Hvadenten (Stats-
chefen) bærer Navn af Konge eller

publikken endaa.

Præsident, saa er det å hans Haand,
at Folkets spredte Kræfter skal samle
sig til virksom Handling ... Begge
er Repræsentanter for Folket som or-
ganisk Enhed. Hver af dem er paa
sanme Maade sit Folks Hoved, Hove-
det for det ene store Folkelegeme.”
Ja; naar so er, kvi kann me daa ikkje
likso godt hava ein Præsident? —
Nei. Me maa hava ein Konge. For
Folket er ikkje berre den Ætti som liver
Folket hev ei Historze. Men
fordi at me hev Fedrar fyre oss og vil

i Dag,

faa Born etter oss, difor maa me hava
ein Øvstemann, som kann ”repræsentere
Sammenhengen mellem Folkets vexlende
Generationer.”

Hm! — Merkjeleg nok skyt Luth.|

Ugeskr. ikkje her til Bibelen. VFinst
der daa ikkje nokot ”Rom. 13, 14” elder
nokot ”Salme 82, 6”, ”Joh. 10, 34”, ”2
Mos. 21, 6 og 22, 8”, elder nokot annat
Bibelord, som kunde tilstyrkja dette
kvasi-filosofiske Snakket fraa M. J. Mon-
rads’ gamle Prinsebrudlaupspreike*)? —
Der stend nok ikkje nokot
i Bibelen um dette.

Og det fell ikkje noko vidare godt
aa snakka um slikt her i Norig helder.
Skal Huset Bernadotte vera ”Repræsen-
tant?” for den historiske Samanhengen i
det norske Folk?” — Daa kunde ’væl
For det
fyrste var det norske Folket til lengje
fyre Huset Bernadotte, og det hadde bavt
Kongar, gilde, dugelege, store Kongar,
mange hundra Aar fyrr Jean Bernadotte
saag Dagen. Og daa endeleg Jean Ber-
nadotte hadde vortet Prins, etter at han
fyrst hadde voret Republikanar, so kom
han her upp og vart»”adopterad” — inn
i den svenske Kongeætti. Derved skulde
han kanskje verta ”Repræsentant” for

Aå mei.

kven som helst vera det.

”den historiske Samanheng” i det norske
Folk? — Men det, som var endaa gal-
nare, og som gjorde, at han, og sidan
heile Bernadotte-Huset, snarare hev vortet
Repræsentantar for Usamanhengen i den
norske Soga, det var, at han som norsk
Konge kallad seg Karl den l4de. Vil
Ugeskriftet fortelja oss litt um dei 18
norske Kongarne, som hev heitt Karl
fyre honom? —

Bernadottehuset er av Blod fransk-
tysk og av Nasjonalitet svenskt. Er
det for aa hava ein Repræsentant for
den norske historiske Nasjonaliteten, at
me skal hava ein Monarch, — so lat
oss likso godt velja einkvar annan, som
kanskje utfører det Repræsentasjonsar-
beidet gratis!

I det heile, Ugeskrift: det um den
historiske ikkje!
Det er daa og i seg sjølv so laust og

Samanbengen duger

tomt som det kann vera. Daa me saag,
at slikt enno i Aaret 1882 kunde skri-
vast paa Prent, kom me uviljande til
aa ynskja, at Kyrkjestyret maatte finna
Grunn til aa setja inn i Litaniet paa
Store Bededag ei Vending som denne her:
”Fraa Doktrinar og halv-hegelsk Pylsesnakk
fri oss, kjære Herre Gud!” —

For tenkje seg ein slik Ting: um
Folket vantreivst under Kongedømet, og
um Landet viste seg aa ikkje hava godt
av det, so skulde me halda paa det like
væl, forat Prof. Monrad og Pastor Fær-

*) Ein Tale, han heldt ved Karl IVs Prinse-
brudlaup, og som han sidan gav uti
Bok. Der stend heile Leksa.

den kunde faa gaa og gleda seg yver,
at her var ein ”Repræsentant for den
historiske Samanhengen” i Landet! —
Den historiske Samanhengen yepræsen-
terar seg nok sjølv gjenom Soga betre
enn eit Kongehus kann gjera det, alra-
helst naar Mennerue av dette Konge-
huset ikkje eingong bur i Landet.

Og dessutan stend der som sagt ikkje
nokot um den historiske Samanhengen
i Rom. 13, 14.

Nei; men Luth. Ugeskr. hev daa
nokot annat og aa byggja paa. ” Kronen
paa Kongens Hoved peger opad!” segjer
Bladet. Det er Tingen! Og fordi Kruna
paa Kongshovudet stend pp og ikkje
ned, — difor ”hev ho sin Glans ovan-
ifraa” (um ho bellest hev nokon Glans
daa), og fordi Kruna fær sin Glans ovan-
ifraa, difor hev Kongen og si Magt og
sin Autoritet ovanifraa . . . Elder med
ein annan Syllogismo:

Daa all Raadsmagt er ”av Gud”, so er
Kongen i serleg Meining av Gud. Men
naar han det er, ”da synes det at
maatte være tilbørligt, at ogsaa Øvrig-
hedsinstituttonernes menneskelige Ord-
niug og Øvrighedspersonernes Kaldelse
og Indsættelse til en vis Grad bærer
en Antydning af. og en DMindelse om
Kilden til denne deres Autoritet (pub!).
Et saadant Fingerpeg mod oven er
Kongedømmet af Guds Naade” Er
du med? —

Elder paa greidaste og stuttaste Maa-
ten: Dei som segjer, at Kongedømet
ikkje er af Guds Naade, er Naturalistar og
Upprørarar mot Gud. Altso er Konge-
dømet av Guds Naade! quod erat demon-
strandum. (Meir.)

Stortinget hev havt eit Ordskifte um
Andreas Munch, der det kom fram fleire
rare Ting. Han hev fyrr fengje 1840
Kronor av Rikskassa for aa vera Pro-
fessor ved Universitetet (han hev aldrr
halde ei Fyrelesing og hev i mange Åar
butt i Danmark, der han eig so mykje, at
han hev 26,000 Kr, i Rentor) — no skal
han faa den same Summen som Diktar.

Hans Ross fær heretter som fyrr
3500 Kr. for aa studera norsk.

Odelstinget hev vedtekje ein Lov
um Utnemning og Utskjeing av Under-
offisarar. Høgre var imot Loven.

Um at Regjeringi ikkje vilde betala
ut dei Pengarne, som Tinget havde be-
vilga til dei av Hernemndi som utanfor
Tingtidi fekk i Stand Herloven, hev
Odelstinget med 51 mot 28 R. tekje den
Raad aa lata eit komande Odelsting gjera
det, det finn naudsynlegt (Hurum, Did-
riksen, Berg og By var med Venstre).

- Aatferdi, Regjeringi bruka mot Alb.
Jacobsen hev Odelstinget ”misbilliget”
med 48 mot 32 R. (Her var Didriksen,
Berg og Bye med Høgre.)

Lagtinget hev sagt ja til fleire
Lovar som det hev fengje fra Odelstinget,
men Konfirmasjons-Loven vart avteken
mot 2 R. (3. Smitt og Essendrop.)

i Ægypten er det fælt til Staak.
Kongen der (elder Underkongen, for
Landet skal no liksom høyra til Tyrk-

|riket), han heiter Tevfik, og Krigsmini-
steren, Arabi Bei elder Arabi Pasja, held -

paa aa setja einannan av. Men Folket,
det vil segja Heren og Prestarne og
nokre andre Storkarar, segjer, dei skal
vera Vener, og no skal dei daa freista
paa vera det. Men England og Frank-
rike hev sendt Krigsskip dit og vil og
hava noko aa segja. Me fær no sjaa
korleids det gjeng.

Kristiania.
Nikolai Olsens Boktrykkeri.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0090.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free