- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
92

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fedraheimen.

10de Juni 1882.

tida, at barne skulde bli omskore; og

- då vart han kalla Jesus eller frelsar-

mannen, slik som engelen hadde kalla
han, føræn ban var avla i morlive. —
Men då reinskedagarne var til endes,
bar Josef og Maria barne op til Jorsal
for å syne det fram åt Vårherre i sam-
høye med det, som var førreset i Guds
lov, når det heiter: Alt det førstefødde,
som er han av slage, skal vera invigd
åt Herren! — No var det i Jorsal ein
heiderleg og gudelskande man, eitte
Simeon; han stunda etter trøysta åt is-
rael. Heligånden var i denne Simeon
og hadde sagt honom, at han skulde få

a sjå den guddomsvigde frelsarmannen,

føræn han do. Denne gamlingen kom
no in i jorsalskjørkja etter tilskunding
av Heligånden, net i det same, at Josef
og Maria kom inberand med Jesus; og
ban tek då barne på henderne sine, ærer.
Gud og segjer:: Ja, no Herre, kan du
legge-att augo på tenaren din; for no
fer han herifrå i fred, plent soléids, som
du har lova-ut det; for augorne mine
har no set den frelsingja di, som du
jatta alle folkeferdöom: eit ljos til open-
berring åt heidingom og til guddoms-
heider åt israelsfolke dit!

Simeon. (Etter Paulson og Mo.)
Um aatte Dagar, daa Barnet skulde um-
skjerast, fekk det Namnet Jesus, so som
Engelen hadde sagt. Daa fyrti Dagar
vaaro lidne, vardt Barnet boret fram
fyre Herren i Templet i Jerusalem.
Der var ein Mann, som heitte Simeon,
Den heilage Ande hadde gjevet honom

«den Lovnaden, at han ikkje skulde døya,

fyrr en han hadde fenget sjaa Frelsaren.
Han møtte Josef og Maria med Barnet

i Templet. Daa tok han Barnet paa
Henderna sine, lovade Gud og sagde:
Herre! lat du no din Tenar fara her-

ifraa i Fred, so som du heve sagt. For
Augo mine hava seet Frelsaren, som du
heve lovat alle Folk.

U.

Elskhug.

Aa visste Du bare so saart, som eg ventar
Paa Dagen, daa eg deg aat Altaren hentar!
I Kyrkja eg ser deg, daa gløymer eg Presten,
Du skin yver alle so ser eg kji Resten.
I Hugjen min leikar du Vika igjenom;
Eg synest aa sjaa berre deg burti Grendom.
Og Hjuringjen prillar so vent uti Honni,
Og Hjasen han hoppar so latleg paa Fond
Men venar hell Hjuringen tis eg, du hjalar;
Eg kjem ihug Sommaar og Sol, naar du talar,
Og Hjasen paa Fonni han synest no ljote,
Naar du gjeng paa Golvet til Springaren
skjote.
Nei høyre no Gutar! slikt ser de kji jamleg.
Aa segja det tis eg no meste er skamleg:
Naar eg og so Gjenta mi Springaren dansar,
Maa Spilemannen glo, so han ingjenting
sansar.
Og naar me gjeng Gangaren laglegt og sakte.
Ja daa fær han hugilt og gløymer slaa Takte,
Hei, krint deg paa Golyet baad” snedde og
greidt du!
Du krintar i Hugjen min fyri, det veit Du.
k.

Xristiamia, den 9Yde Juni.

Bibelumskrifti. Professor Dr. E. Blix
hev med Tilhjelp av Ivar Åasen um-
skrivet Pauli Brev til Romararne, og
Professorarne F. W. Bugge og C. R.
Unger, som hev granskat Umskrifti, hev
funnet Arbeidet so godt,
kann rosa det nok. Og Styret for det
Norske Samlaget hev fengjet Kand.
Mathias Skard og Prest Belsheim
og Professor Blix til aa gjenomarbeida
ei Umskrift av Hr. Skard af Markus-
evangeliet.
arbeidt i eit Par Vikur fraa Morgon
til Kveld, og hev ferdig ei Umskrift,
som kann prentast. Hr. Skard hev

at dei ikkje:

Paa dette Arbeidet hev dei|aa

derattaat umskrivet fleire av dei nyte-
stamentlege Bøkerne, men desse Um-
skrifterne tarv Gjenomarbeiding, fyrr dei
kann utgjevast. Baade Hr. Skard og
Hr. Belsheim hev umskrivet Lukas-
evangeliet, og desse Umskrifterne er, kvar
for seg, gode til Grunnlag fyr ei norsk
Utgaava av det Nye Testamentet, men
maa samanarbeidast og samanhaldast med
Grunnteksten, fyrr dei kann utgjevast.
Ein teologisk Student hev gjort ein
Freistnad med aa umskriva Brevet til
Kolossæfolket. Det er soleids ikkje litet
fyrebutt av Bibelumskrift, som det gjeld
um aa faa yverfaret av andre kunnige
Menn, daa det aldri kann vera Tale um
aa utgjeva nokot slikt, fyrr det i alle
Maatar er so godt, som det er Raad til.
Og me kann faa det godt no,
hev ein so framifraa dugleg Mann som
Dr. Blix til Hjelp med Arbeidet. —
Men no kunde det vera godt aa hava

daa me

mange Pengar, so Ein kunde faa driva
dess meire paa. Ein Bonde fraa Upp-
landi hev sjølvminnt sendt det Norske
Samlaget Kr. 50 til Hjelp ved dette
Arbeidet, og me bed andre, som skynar,
at det her gjeld ei stor og god Sak, aa
gjera likeins. Kasseraren fyr Samlaget,
Hr. Hallv. Johansson, vil taka imot, og
Det,
som kjem inn, vert alt brukt berre til
Studning fyr Bibelumskriftsarbeidet.

gjera Greida fyr Rekneskapen.

Den 6te heldt Kong Oskar II og Kona
hans Sylvbrudlaup.
skaut dei, som Fienden laag i Fjorden.

Paa Festningen

Uppe paa Slottspladssen, ikring Hesten,
var det wuppsett i ein Halvring norske
og svenske Flagg. Hotel Grand og Skan-
dinavie m. fl. flaggad svenskt og norskt.
Veret var surt.

dei ”sjølvstendige”

Himmelen greet yver
Nordmenn.

Repræsentanten Møller fraa Arendal ta-
lad i Riksforsamlingi 1814 um ”den for-
giftende merchantilske Egoismus, der
kun leder til Æreløshed, Overdaad, Blød-
hed, Modløshed, Penge-Overmod og den
frækkeste Ufædrelandskhed.”

Repræsentanten Møller fraa Arendal
hev kjennt sine Dyr.

«Dette Veto, hvorom her handles, be-|

staar deri, at Kongen kan sige Nei, naar
Nationen siger Ja. Vil I have det saa,
Nordmænd? Jeg for min Part, Lands-
mænd, svor, da jeg drog ud af Thrond-
hjems gamle Stad, under ingensombelst
Betingelse at samtykke i, hvad jeg an-
for Norge. Eden skal
være ubrødelig. Bort med Veto!”

— 0 talad, 1 eit Ordskifte um Na-
turalisasjonsretten, Thrønderen Sodemann
paa det overordentlige Storthing 1 1814.

Og Sodemann talad væl.

ser vanærende

Skrivar Strøm forklarar, at han ikkje|

hev kravt Eid til ”Norges og Sveriges
Konge” av’ dei, som vilde sverja Kon-
stitusjonen Truskap. — Det var det, me
Slike stygge Sogur skulde
ikkje setjast ut.

kunde tenkja.

Byfut €. Voss paa Hamar upplyser i
Mgbl., at han ikkje vil lyda Mgbl. i
gjera Motstand mot Storthingsavgjerdi
Me tenkjer alle Val-
styrarar vil visa seg loyale, naar det
kjem til Stykket. Det apsvarslause

i Myrmannssaki.

Morgenbladet kann gaa her inne og
gjøy og preika Revolusjon; Folk med
Andsvar vil vita aa lyda Loven.

Olaus Fjørtoft skreiv i 1871: ”Den
Læra,i at Storting og Regjering skal
staa som tvo Makter og vege kverandre
op, er dømd og kan inkje vekkjast att.
Væra er koma baade utover dæ, at
Kongen er Staten, og at Kongen er ein
Mann, som skal ha noke aa seje mot
Folkje. Kongane hev inkje Rett til aa
vere slike Storkarar lenger, at dei skal
vege op eit heilt Folk. Lysten og Hug-
maala deira maa staa under Folkevilja.
Kongemakta er av Tanken dømd til aa
vere eit Huskors, ein lyt drage paa, so
lengje til dæ ryk sund av seg sjøl.
Enten De no tru paa, at dette ska skje
elder inkje, so maa kvar Mann skjyne,
at dæ er dæ største Tanketull, som ten-
kjast kann, at Kongen skal ha Rett til
aa sete seg imot dæ Folkje vil, elder
krabbe attende, Dæ,
som eit folkevalt Ting set sin Konge,
elder dæ, som dæ ber honom gjere, dæ
fær han finne seg 1, vil han ha Lov til
aa sitje paa Stolen sin. — Og som mæ

skuvande imot.

Kongsgreia, so mæ Styre ellest. Tinge
skal gji Logene, og Styre skal sjaa etter,
at dei vert vyrde, og dæ er ein Uting,
naar Styre vil liggje paa Ufres-Fot mæ
Folkje.
seg 1 aa staa under og tene eit foike-
valt Ting, so fær dei putle seg vekk,
dæ er ei grei Lære, og inga anna er
rett; for Folkje maa daa faa Lov til
aa vere Herre i sit eje Hus, skulde me
«Kan
vere Tenarar, so fær dei, som me sa,
gaa av, Og so kan dei verte Talemenner
fyr sine eigne Meiningar i Tinge, i Fall
noken vil ha dei der. Skal Styre og
Ting staa slik paa Kripsfot mæ kvar-
andre, so vert dæ Ufre og Ugreje i eit
Land. Nei dæ er i Tinge, Meiningane

Kan Styremennene inkje finne

meine. inkje Styringsmennene

skal dryftast, og inkje millom Ting og
Styre; men so vert dæ, so lengje inkje
den Ting er grei og klaar, at Kongen
inkje hev mnoken Rett over eit Folk;
han er innsett som ein livsvarig Tenar
og inkje som ein Herre.” —

Nokonlunde det same skreiv Fredrik
Stang i 1833.

Stortinget hev valt desse til vera med
i Jurykommissionen: J. Sverdrup
(fekk 79 R.), B. Haugland (73),
Eskeland (65), A. Qvam (61) og (ved
nyt Val) 8. Arctander (77) og (atter ved
nyt Val) N. Enge (65) og E. Glestad
(55). Varamenner vart: H. E. Berner
(55), O. Lindstøl (55), M. Aarflot (51).

Tinget hev gjort fraa seg Bevillin-
garne til Tollstellet, Fengselsstellet, Skog-
stellet, Jarnvegsstellet, og til Regjeringi.
Ho fekk i Aar som ifjor berre 380,000

Kr. til Ved, Ljos og Skrivestell. Fyrr

bev ho bavt mykje meir, men ho hev |-

kunna klara seg med det, ho fekk, og
so vilde ingen gjeva meir i Aar.
Lagtinget hev mot 5 R. (Krag,
Aschehoug, Hansen, Svendsen, Lam-
brechts) vedtekje Underoffisers-Loven.

Ein Byfut, som flagga svenskt paa lide
Mai. (Brev fraa Aalesund). Hr. Blad-
styrar! Som ”Fedraheimen” fyrr veit,
er her god Raad paa Bakstrævarar.
Faatalsmennerne hev her naatt det Maal,
som dei so ivrigt arbeider fyr, némleg
— aa faa Fleirtal. Det vil segja, naar

dei reknar ”Ingentingianarne” paa si
Sida. Men her er ikkje fritt for Vin-
stremenn helder, og det staute Karar
au. Desse fekk istand ein 17de Maifest.
Det var fyrst eit Flagtog av Skuleborn
fraa alle Skular; Borni gjekk tri og tri
saman; elt bar raudt, eit kvitt og eit
blaatt Flagg, og her og der var der
store norske Flagg. Det var velei800
Born, som slik gjekk i Festferd gjenom
Byen. Adjunkt Klausen beldt Festtala,
– eit lite Meisterstykke av ei Tale.
Solskin var det, og Solskinslag var Folk

i og. Men ein fær ikkje høyra berre
godt. — Flaggkomitéere hadde vedteket,

at baade reine og unionsmerkte Flagg
skulde brukast, og det var naturlegt;
for det reine hev god Grunn fyr seg
paa den l7de Mai. "Men daa fekk: No-
vemberfolket vondt. Ein Lærar paa
Latinskulen trugad ein Skulegut med,
at han skulde koma i Avisa, dersom
han gjekk med reint Flagg; men Gu-
ten gjekk likevel. Der var visst mange
som ikkje fekk sova den Notti, berre
fyr dei reine Plagi, der var.

Men der var dei, som regtigt vilde
visa seg ”velsindede”. Byfuten flaggad
med svenskt Flagg han. Det er syr-
gjelegt; men det er sanni. Tett att
med Stova hans var der ei Stong med
eit stort, svært svenskt Flagge. Men
Mannen hadde daa ikkje plent gløymt
det Landet, som han liver i og av, og
difyre hadde han fengje seg fat i eit
ørlite norskt Flagg — med Unionsmærke
naturlegvis — og sett det inne imillom

nokre Busker paa mindste Huset sitt.

Her er Telegrafkursus her no, og Lær-
lingarne der gjekk stad og peip aat By-
futens Flaggjing; men daa sende Byfu-
ten Bod til Politimeistaren om, at ban
skulde halda eit Auga med dei. — By-
futen vert vel snart dekorerad. h.

Men Brevet
Bidst.

Soga synest utruleg.
er fraa namngjeven Mann.

Der er stor Arbeidsskoft i Amerika,
Folk vil hava større Løner. Det er
mest Jarnarbeidarar; 200,000 av dei
skal no ganga og driva.

I Frankrike hev dei fyrr fengje godt
Stell paa Folkeskulen, no vil dei og
faa den høgre Skulen fri for Preste-
veldet og ellest laga paa det beste.

Garibaldi døydde paa Øy1 si, Kaprera,
um Fredags Kvelden. Hermed er det
daa Slut paa det rike Livet. Liket hans
skal brennast, og Oska leggjast 1 ei Gra-
nit-Krukke, som skal verta standande
paa Kaprera. Stortinget hev vedtekje
2 Maanars Landssorg og gjevet Kona
og Borni hans 10000 Kronor kvar um
Aaret.

Lysingar.
Qvams Skole.

(Smaaskole, Middelskole, kortvarigt
Kursus for ældre paa Latin- og En-
gelsklinje, 2aarigt Latin- og Realgym-
1asum). Indmeldelser modtages Kl.
12—2, Universitetsgaden No. 6.

P. Qvam.

Aa boco-Bok

ved Andreas Austlid,

Vestmannalagets Utgaava, J. W. Eides Forlag,

kostar 25 Øyror innb.

4 Bøker fritt i Posten ... Kr. 1.00. .
pre SEN 900.
ee 00,

naar ein sender Pengarne i betalt Brev til
Bokprentar J. W. Eide, Bergen.

reser

Kristiania.
Nikolai Olsens Boktrykkeri.

k

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0094.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free