- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
114

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.




114

Fedraheimen.

22de Juli 1882.

rald paa. Og so gamle Finsen. Han
hadde hjelpt ein slik Gut fyrr han;

rigtignok var det ein, som vilde paa
Missjonsskulen; men kanskje gjekk han |
med her og. Tarald Ruste køyrde til-

slutt til Byen og talad med desse Men-
nerne. Og det gjekk godt. Grosserar
Helle sagde Ja paa fyrste Ordet. Fin-
sen var seigare; for han hadde lovat
Vaarherre, sagde han, at han vilde
bruka alt det, han kunde avsjaa, til
Sulu-Missjonen. Men tilslutt gav han
seg. Kanskje Vaarherre kunde bøygja
Hjartat hjaa denne Bondeguten slik,
at han og vart Missjonær eingong.
Ein fekk setja alt i Herrens Haand;
hans Vegjer var ikkje vaare Vegjer.
Og so vart daa desse tri Mennerne,
Jaabækianaren, Grosseraren og Sulu-
missjonisten, samstellte um, at dei
skulde hjelpa Daniel Sørbraut fram til
Student-Eksamen. Tilslutt —foreslog
Helle, at dei skulde senda Guten til
Kristiania, paa Fabrikken, for aa faa
han ”ferdig i ein Fart;” det var baade
billegare og betre, sagde han, og so
hadde Jonas Didriksen paa Neset gjort
med sin Son, han Peter. Dette gjekk
dei andre daa tilslutt med paa.

— 80 kom Tarald Ruste ein Kveld
køyrande til Sørbraut, kry som ein
Konge og glad som Smør i Sol, fordi
han hadde gjort dette store Verket,
og fordi han kunde koma til Gards
med slikt eit Fagnad-bod. Og væl-
komen vart han. Heile Huset kom
aa Ende; Daniel lo, Maren kokad
Kaffi, Judith gjekk og stellte um Lens-
mannen som um ein gamall Bestefar,
og sjølve Lias smilte og gneid seg i
Henderne. Maren likad ikkje alt so
godt det siste um, at Daniel skulde
til Kristiania; men det gjekk ikkje an
aa setja seg paa Bakføterne no. Ho
berre spurde seg fyre, um det ikkje
vilde vera vaaglegt aa senda so ung
ein Gut der inn; ho hadde høyrt der
skulde vera so mange stygge Folk,
Frimaurar og Fritenkjarar og . . .
”Aa langtifraa!” sagde Tarald Ruste.
Dei sendde yngre Gutar enn Daniel
der inn, og dessutan so var det berre
nokot Tøv, det, at Frimaurarne slagtad
Folk og sendde dei til Tyrkriet. Det
var skikkelege kristne Folk i Kristiania
liksom her. Latinarar var dei, og Em-
bættsvenner, og hellest nokot stort

Svinepakk 1 mange Maatar; men det

kom ikkje Daniel ved. Han klarad
seg nok. Dermed maatte Maren lata
seg lita. —

Daniel skulde reisa til Hausten
att. Han hadde ikkje Fred heime
lenger; han lengtad til Kristiania. Der
inne var det, at han skulde finna det

: store og ædle og fagre paa Jordi; og

Byen bygde seg upp i hans Hugsyn
som ein Skog av kvite Taarn, lysande
som Marmor upp gjenom ein solfyllt
Dal. Han var stød paa, at so snart
han kom dit, vilde han koma inn i
nokot vidunderlegt, poetiskt, stort, nokot
med Gull og Glans og fagre Møyar
som 1 dei gamle Romånarne; men mot
Inga Holm vilde han alle Dagar vera
trufast. —

— Maren og Lias fylgde han til
Byen og heilt paa Bryggja. Maren var
so rædd ho skulde ha gløymt aa senda
med han nokon Ting, som han kunde

hava Bruk for, og ho spurde han fleire
Gonger, um han ikkje meinte han

kunde turva endaa eit Nøsta med graatt
Ullgarn. Men Daniel meinte han hadde
Ullgarn nok; han var berre so rædd

han skulde koma for seint paa Fim-
baaten. So snart denne hadde lagt
til Bryggja, krabbad han seg umbord,
og han sagde Farvel til Mor si og
Bror sin med Hjartat bankande av
uroleg Gleda.

Det ringde tridje Gongen; Baaten
sette i med eit forskræmelegt Yl og
tok til aa arbeida seg ut fraa Bryggja.
Farvæl! Farvæl! høyrde ein paa alle
Kantar, og kvite Lummedukar tok til aa
slaa 1 Lufti som mange smaa Vengjer.
Men der var ingen, som veiftad etter
Daniel. Gamle Maren hadde ikkje
nokon kvit Duk aa veifta med. Ho
hadde berre ein liten ein av raudro-
sutt Bomullsty; men den hadde ho
gløymt etter heime. Ho stod ut i den
eine Kanten av Bryggja, langt burte
fraa dei fine, og beit i Plaggsnippen.
og saag etter ”vesle Daniel” med raude,
jammerfulle Augo. Det var so vondt
aa tenkja paa, at han skulde so langt
burt. Ho vilde ikkje graata, so fra-
mande Folk saag paa det; men Graa-
ten var ikkje god aa døyva. Han fyllte
Bringa som ein saar, varm Flaum, og
fram vilde han paa alle Slags Vis og
Maatar. Han skar seg heit og bren-
nande fram i Augo, og vreid seg bit-
terleg um den magre Munnen. Men
daa Baaten hadde last heilt ut fraa
Bryggja, og ho saag ”vesle Daniel”
staa aaleine der paa Framdekket millom
alle desse Framande, som saag so myrke
og likesæle ut, daa snudde ho seg
burt, bøygde Hovudet ned i Henderne
og greet, so det skok i dei gamle slitne
Akslerne.

Det konstitutionelle Styre vinn seg
fram 1 England.

(Slutten.)

S. Knight Hunt hev gjevi oss ei
god Skildring av Bladgreiurne paa den
Tid 1 ei Bok, som heiter: ”The fourth
estate”. Tde November 1666 vart Bladet
London Gazette grunnlagt. Det kom
ut tyo Gonger 1 Vika, fyrst i Oxford,
sia i London. Snart etter kom det
upp fleire Blad, serleg daa dei tok
paa aa tala um aa gjera Jakob arve-
laus; men under Jakob maatte ingen
skriva lenger um innanlands Politikk.
Under Wilhelm vart det betre att. Det
nye Styre skapa seg strakst eit Blad
sjølv, The Orange Intelligencer. Fraa
1688—92 kom det upp 26 nye Blad.
Likevel var det forbodi dei aa tala
bell døme um Parlamentssaker; difor
heldt den Skikken seg no som fyrr,
at skrivne Blad kvar Dag vart sende
kring i Lande fraa London. Fleire
Blad var laga so, at dei hadde tvo
trykte og tvo reine Blad; paa dei siste
vart daa alt innanlandsk skrivi. Desse
Blad kosta jamleg 15 Øyrur for Num-
mere. Ei Dagspresse, som i Sanning
fortener dette Namne, kom fyrst fram
under Dronning Anna; men daa kom
ho og med full Kraft og vart ei stor
Magt. Den spanske Ervekrigen leika
i Allemanns Hug; Toryar og Whiggar

stod hardt imot kvarandre, og det um

denne hell den andre Flokken vann,

vilde avgjera, um Katolikkar hell Prote-
stantar skulde sitja paa Trona i Eng-
land. Striden kunde ikkje kjempast
ut ved Hoffe og i Parlamente aaleine.
I London kom det daa ut 18 politiske
Blad, 7 meir enn i 1852; fyrst berre
2 Gonger i Vika; men i 1709 vart
Daily Courant grunnlagd, det fyrste
Blad i Europa, som kom ut kvar Dag.
Exeter, Salisbury og andre store Byar
fekk seg Blad av same Slage. Dertil
kom det eit Utal av Smaaskrivter, som
lae fram og dømde alle Hende og
Riks-greiur. Styre og Parlamente frei-
sta vel aa døyve ned dette Blad- og
Smaaskrivt-stelle; iser skulde ein Blad-
skatt, som vart innførd i 1712, gjera
Ende paa Bladskrivingi; men kva
hjelpte det? Styre maatte sjølv i alle
vigtige Tilfelle trive til Pressa likso
væl som Motstandaranne. Dei mest
namngjetne Bokmenn og Statsmenn i
England var allesaman utan Skilnad
Bladmenn, som altid var ferduge med
Pennen, og kann i stor Mun takke
denne kvasse Pennen sin for den Fram-
gangen dei gjorde. Endaa idag høyrer
dei politiske Smaaskrifterne aat Defoe,
Swift og Bolingbroke til det beste i
den engelske Bokheimen. Men snart
gjekk Pressa utanfor dei nærmaste
Partispursmaal. Fram av den nemnde
Striden lyfter seg klaarare og klaarare
den Yvertyding, at Lykke og Fridom
for alle maa vera byggt paa Vælvære
og Vælstand hjaa den einskilde Mannen
og altso maa ha aalmenneleg Vælstand
til Grunnlag. Fraa det politiske kom
Folk strakst til det sociale, fraa Riks-
grunnlage tilSamfundsgrunnlage. Riks-
hushaldslæra hell Nationaløkonomien
hadde dei i England alt arbeidt ikkje
so lite med paa Elisabeth’s Tid; no
arbeidde Grunnlogjenne i denne nye
Vitenskapen seg fastare og klaarare
fram, og det vart strakst arbeidt for
aa faa dei inn i det praktiske Live.
Den engelske Handelen og Nybygderne
kom seg no svært upp, og det synte
tydeleg nok, at dette gode og gagnlege
Arbeid for social Upplysning ikkje var
faafengt.

Eit overs merkjelegt Vitnemaal um
den nye Tenkjemaaten er Essay on
projects av Daniel Defoe, ei Bok, som
i mykje kann jamførast med dei patri-
otiske Draumanne aat Justus Moser.
Defoe, som seinare vart so namngjeten
som Diktar av ”Robinsoe Crusoe”, legg
her. fram Grunntanken til eit storfellt
Bankstell, paaviser, kor endelaust stort
Gagn det vil vera for alle aa faa gode
Landeveger, krev mildare Logjer mot
dei, som vert nøydde til aa spela upp,
men strengare Loger mot tydeleg Svik,
legg fram Tanken um Forsikrings-
bankar mot allslags Faare og Skade,
talar for Sælebots- elder Hjelpe-Inn-
rettningar av alle Slag; for Spareban-
kar, for folkeleg Framferd mot daare-
sjuke Folk, daa det er ein uavviseleg
Skyldnad mot den store eine Manna-
ætti, skriv gløggt og gjenomtenkt um
Uppfostring, serleg av Kvende, og um
Fremjing av Vitenskapen ved Rikshjelp.

Franklin, den store nordamerikan-
ske Fridomskjempa, hev sjølv fortalt,
at han alt som Smaagut vart sterkt

teken av dei klaare og nye Tankarne
i Boki hans Defoe, og at det, som han
sidan kom til aa gjera i den ameri-
kanske Revolusjonen, i visse Maatar
berre er ei likefram Fylgd av dei Tan-
karne, han her hadde sogi.

Meir vitenskapelege og dermed ster-
kare i Lengdi er dei strengt national-
økonomiske Verk av William Temple,
William Petty, Dudley North, John
Locke, Charles Davenant og nokre
andre. Me hev agta altfor lite paa
desse gamle engelske Vælstands-Læ-
rarar. William Roscher hev fyrst i

si Bok om den engelske Vælstandslæra.

dregi dei fram i det rette Rome. Det,
som alle desse Bokmenn lae seg etter,
var aa lære aa kjenne den løynlege
Grunnen til, at Hollendingerne hadde
vorti so rike, so ein kunde koma til
aa staa dei att og jamvel vinne framum
dei. Dette Stræve ser me paa mange
Maatar.
av Sjøfiske, for den ostindiske Hande-
len, for lægre Rente; dei forsvara Na-
vigationslogi, stræva for indirekte Skatt
istadenfor direkte, heldt Lovtalar yver
Frihandelen innanlands. Og dermed
arbeider dei upp Kunnskapar um Verd
og Pris, um Gull og Mynt, um Rente
og Arbeidsløn, um Handelsjamvigt og
Handelsfridom. Roscher stend jamvel
paa, at den aalkjende Statsøkonomen
Adam Smith fann alle desse vigtige
Lærunne klaare og utarbeidde; hellest
hev dei fleste trutt, at han var Grun-
naren (Uppfinnaren).

Liv og Vitenskap arbeider her man-
neleg Haand i Haand. Snart saag ein
paa alle Kantar, at det var komi eit
nytt Drag inn i Folkehugen. Den frie
og urædde Gransking, som alt under
Stuartanne rørde paa Vengjenne sine,
styrktest meir og meir. Det kom upp
ein ny Filosofi, ja paa ein Maate ein
ny Teologi, ein ny Moral, som ein
kann segja er den naturlege Framav-
ling av desse nye politiske og religiøse
Tilstand. Og Tenkjarar som Locke,
”Deistarne” og dei engelske Morali-
sterne vart Lyftestenger, som verka.
langt utanum England, og som etter-

kvart drog heile den gamle Verdi ut

av Fari.

Tingmannsvalet for Telemarkje.

Det er ”kje i alle Fylkje, dei kann
taka Tingmannsvalet med slik Ro som
Me hev ”kje Noyem-
bermenn aa gnyvlast med her. Dei faa,
me hev av det Slaget, tigjer seg plent
Og det gjer dei klokt i;
Politik vert
halden for Kjeringtull her i Telemarkje.

her i Telemarkje.

som Steinar.
for Novembermennernes

Nokle faa Centrumsmenn hev me og;
men dei er so godlaatne, at me hev
Me tarv
soleids inkje ordkastast um politiske
Meiningar ved Tingmannsvalet. Det
gjeld berre aa verta samde um Mennerne.
Men dette er ”kje so beintfram endaa,
daa vist inkje her i Telemarkji, som hev
Eit Tingmanns-

”kje det minste Bry av dei.

so mange aa velja paa.
emne finst mest i kvar Bygd. Og det
som verre er: kvar Bygd vil hava fram
sin Mann. Men det er
desse tri Vetoaari hev hjelpt oss so

aa vona, at

monarlegt fram i politisk Upplæring, at
dei einskilde Bygderne ved dette Valet

Dei arbeidde for Upphjelp-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0116.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free