- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
122

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

122

o Fedraheimen.

dte August 1882.

regnæ stend nærmast! Det maa du
ikkje gjera, Halvor Mosebø! Tanta
høyrer til der langt framme, ser du!
Tanta vi, quanta vi, Halvor Mosebø!”
— Ja, no, forstod Halvor det. —:”Ja
kjære, hugsa no paa det, daa!” jamrad
Gammeln; Klassen sat og lo og tenkte
med seg, at slikt var det nok ikkje
lett aa gløyma. —

Men no kom Gammeln innpaa Inn-
haldet av det, som ”den gamle Skar-
ven Tarkvinius Superbus elder Tar-
kvinius Storsnut? hadde sagt, og helst
eit historiskt Foredrag um Rom og
romersk Politikk, som var det mest
aandfulle, Daniel hadde høyrt. Ende-
leg stod han upp, slog ut med Haandi
og sagde høgtidelegt: ”Nu er vi fær-
dige. Nu er vi — ved Gud! — alde-
les færdige. Nu kan vi gaa videre.”
Og so sette han seg til aa gjenomgaa
Leksa til næste Dagen. —

(Meir.)

Brev til «Fedraheimen.
(Frambald fraa No. 30.)

”Lat oss brenna Skipi vaare og
hugheilt sigla ut paa det huskande
Fridoms-havet”, hev eingong ein klok
Mann sagt. No hev Kongsmagti brennt
dei Skipi, ho kunne sigla med, no fær
me daa sjaa, kor det gjeng med Sig-
lingi; kann henda hev Selmer ætlat
att ein Baat aat Oskar, um det skulde
knipa. Men det spyrst daa, um Selmer
er Kar iyr aa styra, so Baaten kjem
i Land, elder um Baaten berre kjem
til aa fara i Tunn. Lat oss tenkja
oss den norske Kongsmagti ved Styret
1 ein Baat. Det ror ein Mann paa
høgre Sida og ein paa vinstre. Vin-
stremannen er den sterkaste og ror,
so Baaten kjem ut or Leid. Kongs-
magti, som held Styret, kunde berre
leggja det yver litet Grandet til den
andre Sida, so gjekk Baaten beint
fram att. Men Høgremannen svivyr-
der Vinstremannen for mykje til dess,
for Vinstremannen hev lenge voret
liksom Husmann aa kalla fyr, og Høg-
remannen hev voret liksom Husbon-
den. So vil ikkje Høgre daa, at Vin-
stremannen skal faa vita, kor sterk
han er, og so gjer den andsvarlege
Selmer den uandsvarlege Kongen i
Vegen og let han taka i Aari med
Høgremannen og hjelpa honom aa ro,
og so ror dei tvo daa, so Sveitten si-
lar og Hud-Fillurne ryk av Fingrane;
Vinstremannen ror berre i Mak, for
han ser godt det, at hine masar
seg ut paa ei liti Stund, og dermed
snur Baaten ut or Leidi att, dit som
Vinstremannen vil hava han, og so er

- Høgremannen reint utsliten, og Folket

stend paa Land og lær aat Styres-
magti, som ikkje kjenner A BC av
Styrings-Reglarne, og daa vil Folket
segja som so: ”Gud betre oss fyr
Styring. Kann ikkje Kongsmagti styra
likare, so lyt me vel freista med ei
onnor Styring, endaa me helst vilde
halda paa det gamle.” Og so stend
den uandsvarlege Kongen der. Men

Selmer, den andsvarlege Selmer, som

hev narrat han upp i detta? ”Jeg har
intet Ansvar for Sagernes Skjæbne,”
segjer han.

Men kann Selmer vera so styve-

leg, elder hev han ein Tanke med
detta? Er det Meiningi hans aa faa
den norske Baaten til aa ro seg rundt,
so den svenske Kongsmagti kann finna
eit Paaskot til aa taka han paa Slæ-
petog etter det svenske Kongs-Skipet?
Forstend ikkje Selmer seg paa Sty-
ring, elder er det hans Meining og
Tanke aa styra galet?
Trondhjem 29de Juli.

No nyst høyrde eg nokot, som høver
godt til det eg nettupp skreiv. 927de
foor Kongen herfraa til Melhus. Der-
uppe er dei Vinstremenner alle ihop,
og her var dei fælt rædde fyr, korleids
det skulde spenna av. Bønderne vilde
ikkje møta fram og ikkje stasa upp.
So vart det daa sendt upp Blomar
fraa Byen, og nokre ”Konditionerede”
fekk i eitt Flagd (segjer og skriv eitt)
og sette upp paa Stationen. Bønderne
hadde Flagd, men vilde ikkje hava
dei ut. Ei Dame fekk Husmennerne
sine med seg og sat uppe um Natti
og batt Kransar, so um Morgonen var
det endaa paa ei Vis, daa Kongen
kom. Mest ingen Bonde var paa Sta-
tionen, men nokre ”Konditionerede,”
mest Damur og Born; fleire av desse
var fraa Trondhjem. Kongen kom
daa, og dei gav honom og Prinsarne
Blomar, og Kongen tok alle dei Blo-
marne, han fekk, og hadde eit heilt
Fange, segjer dei. Sidan gav han seg
i Snakk med ei Dame og sagde: ”Til-
standet skal nok vera grøtelegt her.”
”Ja”, sagde ho, ”det er nok so; —
men eg vonar no, at dei fleste held
med Kongen.” Men Kongen skynad,
at ho ikkje meinte det, for han fekk
Taarur i Augurne, segjer dei, og sagde,
at det var ikkje lett aa vera Konge,
men at han hadde reint Samvit. Nei,
det er visst sannt, at det ikkje er
godt aa vera Konge, helst naar ein
hev Selmer til Statsminister. Hadde
Aleksander den store og Napoleon den
fyrste havt Selmer til øvste Raadgje-
varen, hadde dei i Soga fenget heita:
Aleksander den vesle og Napoleon den
siste. Det er baade sannt og fagert
det, som vaar store Skald (Riddar av
St. Olavs Ordenen, sovidt eg minnest*)
segjer:

En Konges Vei er let?
Den løi, som sagde det.
Thi ind ad lukte Døre
Gaar Hævn og Had og Øre.

Eg vil elles ikkje svara fyr, at det
er heiltupp sant, det som eg fortalde
um Kongen i Melhus, for eg hev det
berre av eit Kvinnfolk, som hev det
fraa eit Kvinnfolk, som stod og lydde
paa det, som det Kvinnfolket, eg
nemnde istad, svallad med Kongen
um. -Serleg hev eg so mi Tru um
Kongens Taarur; for du veit sjølv, at
Kvinnfolki hev det paa den Maaten,
at dei græt ein Skvett fyr eit godt
Ord (Gud ved, hvor al den Vædske
kommer fra, som Holberg segjer) og
so ser dei heile Verdi gjenom sine
eigne Taarur. Men det er nok visst,
at Kongen ikkje likad seg. Endaa
mindre hadde han vel likat seg, hadde
gamle Aåsbjørn livt i Medalhus endaa.
Daa tenkjer eg Hs. Excellense Selmer
hadde vortet so liten, at eg kunne
lagt han i Vestelomma.

*) ”St. Olavs siste Jertegn”.

Eg skulde vel skriva eitkvart um.

Kongestasen her i Byen og, endaa det
er litet hugnadsamt. Det var stasat
upp med grønt, Flagd og Vimplar alle
Stader, der Kongen skulde fara, men
ikkje andre Stader, so det var greidt
nok, at Festen var fyr Kongen og
ikkje fyr Meraak-Jarnvegen. Det sven-
ske Riks-Vaapen, svenske Flagd og
Fargar og Kongens Namn i blaatt og
gult saag ein mykje av. Fraa Dom-
kyrkja og eit Stykke av Munkegata
nedetter var annatkvart Flagd svensk,
og attaat det stod eit svenskt Flagd
nærmast Porten til Kyrkjegarden, og
inkje norskt. Paa Stationen til Nord-
banen var det fulltupp med norske
Flagd, men i Midten, i baade Endarne
av Tog-Halli, hekk det tvo svenske
Flagd og tedde seg meir enn alle hine.
Dei hadde Husbonds-Plassen. Men
slikt hev eg set so mykje av andre
Stader og, so eg brydde meg ikkje
større um det. Det vart skriket Hurra,
daa Kongen kom, men mange totte,
det var fælt so smaatt med Hurra-
Rop, og sume Stader var det berre
Ungar, som kvein. Detta trudde fleire
kom berre av di, at Folk her (som
andre Stader) er nokot tungføre av
seg, men dei fleste segjer, at sist
Kongen var i Byen her, var Folket
mykje hardare til aa skrika. Detta
hev eg høyrt konservative og hev sagt,
og dei er for moralske til aa ljuga,
veit du. Eg høyrde ikkje paa det, eg
heldt meg ute paa Landet, medan det
grøvste stod paa.

Det var fyrst Meiningi, at Fest-
middagen skulde vera i ”Arbeidarsam-
fundet”, som hev den finaste Fest-Sa-
len i heile Byen, men so var Arbeidar-
Møtet nokre Dagar fyreaat, og dei var
nok ikkje fullstøde paa, at dei kunne
faa luftat ut all den liberale Ill-Teven,
til Kongen kom. So stellte dei til ein
Fest-Sal i Sparebanken, slo Hol paa
Veggen og bygde til ein stor Sal av
Tre, og det kostad vel mange Pengar,
men Høgre skulde syna, at det turvte
ikkje laana Hus av Vinstre. Daa
Kongen skulde aka dit, var det svart
med Folk i Gaturne, der han skulde
koma, og vilde titta paa Kongen. Men
so vilde ikkje Høgre, at Kongen skulde
sjaa det stygge Utbygget, og so laut
Kongen kjøyra ein annan Veg, so han
ikkje fekk sjaa Styggesida, og soleids
fekk Potemkin Kongen væl fram, og
Folket fekk ei lang Nos. Men det er
no ikkje fyrste Gongen.

’Um Middagen veit eg ingenting aa
fortelja, for eg var ikkje med. Eg
høyrde gjetet, at Herads-Styret i Stjør-
dalen hadde negtat aa møta fram paa
Jarnvegs-Stationen og komplimentera
Kongen, men at Ordføraren var med
i Middagen. ”For god Mat vil dei
liberale og hava”, vart det sagt meg.

Eg skal fortelja alt det, eg veit.
Ein av Dagarne var Kongen paa Sten-
kjær, og mange Tusund tok imot han
med Hurra-Rop, so det dunad etter,
er det fortalt. Inntrønderne er libe-
rale alle ihop og skal vera staute og
framtalande.

I Trondhjem skulde dei syngja ein
Song aat Kongen, og alle Songar-Lag
skulde vera med. Dei bad ein god
Vinstremann, som er hæv til aa laga

Vers, um aa dikta ei Visa; han so
gjorde, men ho vart for liberal og
tendentiøs, sagde dei. Eg sender deg
Visa, um du vil prenta ho av.

En konge.
Da Knytling-vældet sank for Ejnars ord,
for bondens vilje her i Thrøndelagen,
som lyn i sky det gjennem Norge for:
— nu er sankt Olavs søn til konge tagen?
Fra Øre-thing ved åens bred
lød kongens røst vidt over fjeld og fjære:
— jeg lover holde lov og ret
og folkets ven og drot at være!

Men usselt råd fandt og til drotten ind,

og glemt var løftet, som han gav på thingez
fra land og folk han vendte hug og sind
og vilde loven under åget bringe.

Da hæver Norge høit sit bryst,

og folkets harm igjennem det sig rører,

da klinger skaldens stærke røst,

og kongen vredes, — men han hører.

Thi ordet gik fra folkedybet ud,

det havde magt en konge selv at tvinge;
han husked løftet, som han gav til Gud,
til Norges folk fra stenen højt på thinge-
Så rakte kongen hånden prud,

og af det håndslag landets lykke grode,
— ét folk, én drot, en pagt i Gud!

Og kongen nævnes end ”den gode.”

Står atter for Norrøna-kongens blik

på thinget da, med Sigvats ord i munden,
det norske folk, — at det til hjertet gik,
hvad frit der lever dybt i folkegrunden!
Og lyder ordet: tag ej råd,

som skiller Dig fra folkekjærligheden!

— da signe Herren kongens dåd

og bøje hånden frem til freden!

So gjekk dei til ein Høgremann,
og han kvad ei Visa, som var utan
Tendens, forstend seg; her er ho.

Der gik en Ildning gjennem Norges Folk,
Da Du, vor Konge, nys paa Thinge talte,
Da Du blev varme Hjerters stærke Tolk,
Dit Maal og vort os klart for Øie malte:
Ei rygges skal den Lovens Grund,

Som fæstet har vort Samfunds rige Lykke,
Det skal ei vidne Sagas Mund,

At Vi forbrød vor Friheds Smykke.

Derfor, o Drot! staar Du saa folkekjær
I Ringen af de høie, gamle Minder,
Det Ord Dig stilte Folkets Hjerte nær,
Nu ved vi, hvor vi rette Fører finder.
Til Høvdingfærd er Folket vant,

Det er vort Thrøndelagens stolte Sage;
Den Sed til ham os altid bandt

Til den, som ei i Slaget veg tilbage.

Det er en Fest paa Kampens strenge Dag:
At øjne Merket, som til Maal kan føre,
Da folger Hæren gjerne Slag 1 Slag,

Da blir det Skam at sidde inden Døre.
Du, Konge! sendte os det Bud,

Som samled Dine Rækker under Merket;
Nu kommer de og holder ud.

Til Seirens Glæde kroner Værket.

Men dei fleste Songararne vilde
ikkje vera med paa aa syngja den-
Her skal vera millom 2 og 300 Son-
garar her; berre 38 av dei var med,
og endaa var det fleire av dei, som
ikkje var Songarar og berre var med
fyr ”Konfektens? Skuld. (Meir.)

Kristiania, den 4de August.

Seige Karar. Alex. L. Kielland hev
skrivet ein ny Roman, som heiter ”Skip-
per Worse” og er ei framifraa Bok. Ho
skildrar dei vestlandske Haugianarne i
den Tidi, daa den gamle Eld og Aand
tok til aa slokna hjaa dei; men i ”Hans
Nilsen Fennefos” hev Diktaren skildrat
ein haugiansk Kristen av det ægte Slag,
og skildrat han so fagert og aalvorlegt,
at det ’er ein Hugnad.

Um Hauge sjølv fortel han i ein
Merknad:

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0124.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free