- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
130

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

han so mykje godt ..

Stad, der alle saag han.

ham lidt . .€..

130

Fedraheimen.

19de August 1882.

Etter Bordet var det Pipa, og no
totte Daniel det kom væl med, at han
hadde lært aa røykja. Han vart sit-

jande hjaa Klokkaren langt utyver

Dagen. Inga sat slik til, at han ikkje
kunde sjaa henne fraa Voggestolen sin;
men han kjende paa seg, at ho var
inne; og her var so hyggjelegt. So
sælt, so solfullt, so rikt; Make til kose-
leg Stova hadde han ikkje set, og
slik ein Hage, med slike Blomar, og
med eit Lauv, som skalv i Sumarvin-
den som ei søt Kviskring, fanst ikkje
paa Jordi. —

Men sidan maatte Daniel paa Gje-
sting andre Stader. Han maatte til
Lensmannen; og der laut han vera
htt Jaabækianar. Der var ikkje Raad
med det; Lensmann Ruste hadde gjort
. Og næste
Sundag maatte han til Grosseraren.
Der vart det endaa verre. Der var
Middags-Lag, og han laut sitja paa
vinstre Sida av Grosseraren, paa ein
Og so vart
han vist fram. ”Hm! vor Protesjé,”
sagde Grosseraren, daa dei var komne
i Veg med Maten. ”Vi understøtter
vil hjelpe ham frem, ser
De . .. Bare Bondegut; men gode
Evner, siger Rektor; ingen Manerer,
som De ser; men det kommer sig nok!”
— Daniel vart so sveittande skamfull.
Og det vart ikkje betre, daa ein av
Gjesterne, som vilde vera ”behagelig”,
gav seg til aa rosa Grosseraren for
denne hans gode Gjerning, og forma-
nad Daniel til aa vera takksam mot
so ”goddædig? en Mann. Daniel var
svulten som ein Skrubb, men han misste
heile sin Mathug. Resten av Middagen

sat han berre og prikkad i Maten, og
. høyrde med halve Øyro paa, at ein

Prest og ein Skrivar dømde Livet av
Jaabæk og jamrad upp i Himmelens
Skyer um, kor magert det var for
Embættsmænnerne.

So snart dei var komne fraa Bordet,
vilde Daniel ryma. Men det fekk han
ikkje. Han skulde ”versgo hava Kaffi;”

- dessutan, lagde Grosseraren til, hadde

han godt av aa vera med litt i fint

0 Selskap, so han kunde læra Folkeskikk!
«Og so maatte Daniel ”vera med”.
fekk ikkje eingong Lov til aa gjøyma

Han

seg burt nedi Hagen; Grosserar Helle
hadde nok Bruk for sin Protegé. Han
vart utspurd um baade ditt og datt,
og daa dei tilslutt kom inn paa Poli-
tikken, so uttalad den same ”behage-
lige” Gjesten — Hr. Pastor Ring —,

at han vilde vona, Daniel ikkje var
- Jaabækianar.
ikkje hadde tenkt nokot vidare yver

Daniel svarad, at han

Politikken, og det sagde Pastor Ring

"var rett; Grosseraren meinte og, at

Ungdomen helst burde halda seg ifraa
slikt. ”Men Jaabækianar vert hån no

ikkje,” lagde Grosseraren til med eit
«Smil; ”so mykje Tiltru hev eg til
- Guten.” —

Hjaa Finsen var det paa ein annan
Maate. Finsen brydde seg ikkje um
Politikk; men so vilde han vita, um

- Daniel hadde funnet Frelsaren, og det

kunde ikkje Daniel greida. So fekk
han ein lang Formaningstale um aa
søkja Skaparen i sin Ungdom. Men
tilslutt kom Finsen med det, som nok
laag han mest paa Hjarta: um Daniel

’kande som ei Pannekaka.

ikkje kunde vilja vera Missjonær. ”Ikke
saa aa forstaa, kjære Ven, at je vil
lægge naaget Præss paa dej,” sagde
Hr. Finsen; men . . . han vilde kunna

hjelpa Daniel med so mykje større|
Gleda, dersom Vaarherre bøygde hans

Hug slik, at han vart Missjonær.
Skulde det ikkje vera herlegt og stort
aa faa vera med aa byggja Kristi
Kyrkja der ned i Sululand? Maatte
det ikkje vera eit sælt Arbeid aa faa
føra Frelsebodet ut yver Verdi til dei,
som enno laag i Myrkr og i Daudens
Skuggar? — Daniel var i si verste
Beit. Segja beint Nei gjekk ikkje an,
og segja ja — det gjekk ikkje helder
an. Daa fekk han ein frelsande Tanke:
”Mor vil ikkje”, sagde han. Dermed
slapp han for den Gongen, og han
totte han hadde greidt seg godt. Det
same totte gamle Maren, daa han for-
talde det til henne. —

— Som han var komen godt og
væl inn til Kristiania um Hausten att,
fekk han høyra, at Grosserar Helle
hadde spelat upp. Daniel vart reint
fortenkt, men — sånnt aa segja —
glad. So var han daa kvitt den For-
myndaren. Men daa han strakst etter
fekk Brev fraa Lensmannen um, at
heretter laut han berga seg med endaa
mindre Pengar enn fyrr, var det slutt
med Gleda.

Paa Skulen gjekk alt som fyrr; men
fire av Gutarne var gjengne ut: Wall,
Presler, Simon Husmor og Olai Bru-
vik. Den siste sagde dei hadde gift
seg med ei rik Slagtardotter og skulde
vera Handelsmann. Men tvo nye var
komne inn att. Dei hadde fyrr gjen-
get paa ein annan Privatskule; no
hadde dei voret uppe og stroket, og so
skulde dei prøva ei Skuring paa Fa-
brikken, Den eine heitte Gregus John-
sen, ein lang, bleik Fyr, som dei sagde
var Diktar; han hadde endaa skrivet
Vers i ”Posten”. Den andre var gamle
Vidunderbø. Hans rette Namn var
Underbø; men han hadde vortet namn-
gjeten og umdøypt, fordi han ”snart i
ein Mannsalder” hadde gjenget her
inne og stroket til Artium. Men kor
lengje han strauk, og kor ille det
gjekk, so heldt han ut like godt, seig
som eit Vidunder. No var han langt
ut 1 Aari, so dei for Moro Skuld for-
talde, at han hadde ein Son, som var
Student, og som i Eksamenstiderne
las privat med Far sin ”for aa hjelpa
den unge Mannen fram.” Det var ei
aalmenn Segn, at Vidunderbø som ein
ny Jerusalems Skomakar vilde gaa
her inne til Domedag og strjuka til
Artium. —

Meir enn nokongong dyrkad Daniel
si huglagde Møy i sine einslege Drau-
mar. Den Solskinsstundi i Klokkar-
garden livde han uppatt og uppatt, og
ut ifraa den diktad han mange lange
Eventyr, som altid sluttad i ein kvit
Prestegard millom grøne Tre. Men
daa det leid utpaa Hausten ei Stund,
kom der nokot som gjorde, at han
tenkte miadre heitt paa Inga Holm.

Der kom ei ny Tenestgjenta i Huset.

Ho var fraa Vestlandet og heitte Berta

Maria. Det var ei skikkeleg Gjenta,
godsleg og snild, med eit Andlit so
mjukt og rundt og smørblidt og lok-
Daniel saag

paa denne Gjenta og likad henne.
Tala til henne vaagad han ikkje; men
han likad aa sjaa henne, og det var
ikkje lengje, fyrr han tenkte paa henne,
naar han ikkje saag henne og.

Han vilde henne ingenting! for han
elskad henne naturlegvis ikkje. Men
hadde han kunnat litt av Bruviks Kun-
ster, so vilde han gjort seg kjend med
henne i all Tukt og Æra; for daa
hadde det vortet so mykje hyggjele-
gare paa Hybelen. Men Daniel kunde
ikkje Bruviks Kunster. Han vaagad
seg ikkje eingong til aa bjoda Berta
Maria ein Teaterbillett.

Men likevæl var han glad for ho
var her, og tilslutt tenkte han mest
likso tidt paa henne, som paa Inga.
Det var paa ein annan Maate; for
Berta Maria var berre ei Tenesttaus,
og Inga Holm var Idealet; men han
maatte likevæl undrast paa, at ho var
so ofta i Tankarne hans; for han elskad
henne ikkje, det var han stød paa. —

Det var vondt for Daniel aa klara
seg med dei Pengarne, han no fekk;
og han tok til aa faa Smaagjeld. Men
det verste var, at til Sumaren maatte
han hava nye Klæder. Han skreiv til
Lensmannen um dette ei Stund yver
Jol, men fekk ikkje Svar. Endeleg
kom der Brev; men det var fraa Fin-
sen. Og denne skreiv, at Herren i
sin Naade hadde kallat Lensmannen
heim til seg. Og Finsen torde segja,
at den gamle Mannen i Sanning hadde
faret med Fred. Han tvilad ikkje paa,
at den Sjæli var frelst; og for det
maatte me alle, og Daniel ikkje minst,
loya og prisa Gud. Ja, Daniel kunde
vera med paa det; men kor gjekk det
med dei nye Klædi? Finsen skreiv
ikkje eit Ord um dei. Derimot skreiv
han um, at han no vart aaleine um
aa hjelpa Daniel, og at han nok skulde
halda ut til Artium; men daa fekk
Vaarherre hjelpa vidare; for fraa Hau-
sten av skulde Finsen halda ein Gut
paa Missjonsskulen, og meir magtad
ikkje han. —

Daniel vart kald. Det skulde altso
verta til det, at naar han endeleg
naadde so langt, at han vart Student,
— 80 skulde han paa nytt Lag koma
paa berre Bakken.

Brev til Fedraheimen.
’(Framhald fraa No. 31.)

Eg hev raakat paa mange 1 Sumar,
og etter det eg hev høyrt, skal dei
vera tolleg visse paa liberalt Val i
Bergen, heiltupp visse i Stavanger; i
Kristianssand hev dei liberale og Yver-
taket. I Larvik er det Von um libe-
ralt Val kannhenda. I Trondhjem er
det kannhenda liksom ei snaud Von
aa kalla fyr; her er mange, mange
liberale, helst av Smaafolk, men dei
tore ikkje vera ved det, for det vilde
fyr mange vera det same som reine
Armodi. Smaafolk vaagad seg ikkje
til aa gjeva Pengar til Sverdrup fyr
tvo Aar sidan. Er ein Skræddar elder
Skomakar liberal, kann han segja
”Farvæl Hansen;” daa fær ban ikkje
Arbeid. Dei konservative gjeng aldri
til ein liberal Handverkar; det er no
ikkje so undarlegt, men det er rarare,
at dei liberale ikkje støder sine eigne.

Det syner seg her som alltid, dei kon-
servative held betre ihop. Kvat kjem

mo det av? Rotturne paa ei Flu held

betre ihop enn Baarurne, som vaskar
yver. Nei, detta var eit laakt Bilæte,
men eg kann ikkje koma paa nokot.
bet1e i ei Handevending. Sameleids
gjeng det med liberale Kaupmenner:
dei konservative handlar hjaa kon-
servative, dei liberale er like sæle,
kven dei sleng inn til. Aa ja, me
lærer no vel eingong me og. I slike
Tider som no skulde ingen liberal
støda andre enn sine eigne, for so
gjer dei konservative.

Verre enn alt annat er det, at dei
konservative raader fyr Norigs Bank.
Ein skulde tru, at Stortinget ikkje vil
hava liberalt Val i Byarne. Smaafolk
her vaagar seg ikkje til aa hava ei
sjølvstendig Meining i Politikk, naar
dei treng til Banken; fekk dei liberale
Banken, skulde du sjaa, det vart libe-
ralt Val baade i Trondhjem og i mange
andre Byar. Dei liberale veks seg
fleire og fleire til kvar Dag, og paa
Slutten vinn me nok, og so sender me
liberale Tingmenner, og daa vert det.
vel liberal Styring i Banken og; men
Stortinget hev voret ”sindigt” og sum-
lat burt 3 Aar minst, som me kunne
brukat til Framhjelp fyr Landet i
Staden fyr til politisk Kjekl. Det, som
Stortinget gjorde ifjor, var det same som
alle tvihugad og stuttsynte Folk. gjer:
dei ertad upp Motstandaren og pirkad
paa han med ei Knappenaal i Staden
fyr aa slaa til med ein Gong. Det er
det einaste, som hjelper, og det svid
ikkje meir enn denne Smaa-Pirkingi.
Det er fleire her, som trur, at Stor-
tinget jamvæl hev sett Landet i den
største Faaren med denne halve Fram-
ferdi.

Det vert meir og meir berrsynt, at
Høgre-Partiet hev tenkt paa aa bruka
Vaapn-Magt. Men um dei fekk det.
til, so vart det daa den reine Borgar-
krigen; for Sverige vil nok ikkje hjelpa
Selmer-Kierulf. Det er ikkje ulikt til,
at det svenske Høgre-Partiet, som
gjerne vil tyna det liberale Ministeriet:
Posse, gjer Selmer-Kierulf i Veg til
aa styra Norig inn i eit Uføre, so
Sverige kann leggja seg upp i det og
hjelpa det norske Høgre til aa vinna;
so kunne daa Norig sidan leggja seg
upp I dei svenske Greidurne og hjelpa
det svenske Høgre til Magti. Fyrst
skulde daa det svenske Folket kverka
den norske Fridomen, og sidan det.
norske Folket kverka den svenske, og
so hadde me det finaste Kalmar-Sam-
laget, som nokon kunne ynskja seg,
og so fekk me den nye Unions-Åkti
med, som Stortinget ikkje vilde gaa
med paa i 1871. Det er fint uttenkt,
mykje finare enn ein skulde tru, men
det verste er, at dei hev gjort Reik-
ning utan — Folk. Korkje det norske
elder det svenske Folket vil gaa Æren-
der fyr andre, dei hev lenge nok voret
Visargutar paa sin eigen Grunn.

Me hev no set, at det svenske
Folket er med oss. ”Aftonbladet” segjer
det sjølv. Eg hev leset eit Stykke av
” Aftonbladet” i ”Morgenbladet”, og
”Morgenbladet” hev nok prentat det
ord-rett, veit du. I det Stykket stend
det, at ein stor Deil av det svenske

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0132.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free