- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
137

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fedraheimen.

Pris fyr Fjordungaaret Kr. 1.10
Betaling fyreaat.

. med Porto og alt.

Fit Blad aat det norske Folket.

Lysingar kostar 10 Øre Petitlinc,
og daa etter Maaten fyr større Bokstavar.

No. 35.

Kristiania den Påre September 18882.

6. Aarg.

TETT TTS STEK

Bondestudentar.
Av Arne Garborg.

(Framhald.)

Paa Talarstolen stod der no ein
my Mann, ein gamall fredeleg Herre
aa sjaa til, med graakvite Haarduskar
uppyver ein halysnaud Skolt, og med
eit Par underlege Horngluggar til Augo.
”Professor Darre!” kviskrad Hans Hau-
gum. ”Professor Darre! — Professor
Darre!” kviskrad det fraa Øyra til
Øyra 1 Salen, og ut paa Verandaen,
og langt ned 1 Hagen, og dei kom
laupande inn med Punseglasi i Neven
og Augo i Haargarden og ropad Bravo!
Bravo! og heile Salen ropad Bravo,
men meir rolegt, liksom naar Skule-
gutar ropar Vivat rector.

Hans Haugum og Ortvedt spratt
upp og trengde seg fram mot Talar-
stolen so langt dei kunde; Daniel fylgde
- ætter, uroleg og glad: no skulde han
endeleg fua høyra Visdomens Ord fraa
sjølve Kjelda.

Professor Darre talad litt laagt;
men Daniel fekk Meining 1 det meste.
Det var nokot um, at Skuletidi ikkje
var so leid, som ein ofta trudde, og
at naar ein vart eldre, so vilde ein
sjaa mangt paa ein annan Maate enn
no, og daa vilde Minni fraa Skule-
dagarne faa baade Liv og Meining.
Og Professoren skaut Nakken fram og
glodde ut i Lufti med Hornlykterne
sine, liksom han øygnad eitkvart der,
langt uppe og ute, som andre ikkje
saag. Og Salen ropad Bravo! Bravo!
— ”Men”, sagde Professor Darre, "lat
meg ikkje gaa meg burt! I Kveld
skal me ikkje vera gamle og kloke,
elder gamle og galne, som det heiter
i ein Variant (Bravo!); i Kveld skal
ine vera unge og øre, elder unge og
galne, um De wil (Hurra!); og kven
veit: kanskje er Ungdoms Galskap til
Slutt den største Visdom” (Bravo).

Men Professoren kunde no eingong
ikkje gaa ut av sitt Skind, sagde han;
han kunde vera so glad i Ungdom og
Galenskap som han vilde, so var han
no for sim Part for gamall til aa slaa
seg reint vill. Naar han skulde vera
ung her i Kveld, so fekk han vera
det paa sin Maate; han fekk ikkje
tala som ein Ungdom, men han vilde
tala so godt han kunde um Ungdomen.
(Bravo!)

Professoren vart no meir høgtide-
leg, kremtad og gjekk yver til ei lang
Utvikling um den akademiske Stand,
som han skildrad som eitslags høgre
Mannheim, lyft langt uppyver det van-
lege Livet. Den, som kom her ind,

ESTEN STAT ATT TATT

var dermed vigd til Ideens Prest; han
skulde heretter liva, ikkje for det ende-
lause, men for det uendelege, liva
Aandslivet, fom bion theön, i men-
neskeleg Meining (Bravo!), med eit
Ord, mine Herrar, i Sanning liva
for Ideen (Bravo, Bravo!). Alt det
smaae og smaalege, som fylgde det
vanlege Livet, maatte han her frigjera
seg fraa; han maatte so aa segja al-
tid hava Brudlaupsklædningen paa seg;
”nam et heic dii sunt;” for her galdt
det aa vera Menneske i sann Meining,
liva i og for det, som i Sanning var
Mennesket verdigt! Der ute i Kvar-
dagslivet var Mannen sundbytt og
sundskift i dei tusund Smaaformaal, so
han aldri i Fred fekk samla seg i det
ideale; han kunde ikkje i dette ende-
lause Kav høyra Aandsharmonien gje-
nom alle dei spreidde Røyster elder
sjaa Finskapen gjenom Dagens brotne
Straaleleik; — men her, i Aandshei-
men, her naadde ikkje dei villande
wyster inn, her var Høgd og Fred,
her fann Aanden seg sjølv; her vart
ikkje Tanken sundrad og sprengd av
det tilfellige, det smaae og spreidde,
det sundrivne og tankelause, einsidige
og endelege i det vanlege Liv; her
skulde ein, menneskeleg talat, sjaa
Gud som han var, tala med Aanden
Andlit til Andlit (Bravo!) — Ein halv-
full Hund burte i ei Kraa vaagad seg
til aa segja vov! men vart nedhyssad.

Der ute galdt det dei praktiske
Formaal, det nyttige for Dagen, det
”matnyttige”, um han maatte bruka
eit slikt Ord; her galdt det, frigjord
fraa all Vildring 1 det mangfelde og
sundskilde, aa søkja det evige, det i
seg sjølv væsentlege og sanne. I dette
høge Livet, i denne aandelege Preste-
skapen, var det, at mine unge Herrar
no skulde koma inn; — men dei kom
ikkje tomhendte, um so var; — dei
hadde sin — Ungdom.

Professoren utviklad, kor merkje-
leg væl lagad for Ide-Livet just Ung-
domen var med sin sterke ideale Hug
og sin Sans for det store og aalmenne.
Naar den sunne Ungdomen kom inn i
det ideale Aandsliv, var det paa den
eine Sida han, som fann seg sjølv;
men paa den andre dida var det Aan-
den, som fann honom, elder fann seg
sjølv i honom.

— Dei, som stod ved Dørerne, tok
til so smaatt aa draga seg ut att, og
dei, som inne sat, stakk paa Punsen.
Det viste seg, at dette vilde verta ei
lang Leksa.

Daniel høyrde paa med djup Ån-
dakt. Dessverre forstod han det ikkje

heilt ut; men det fann han no i Grun-
nen so rimelegt, og det gjorde ikkje
stort helder; for han kjende paa se
at Professoren hadde Rett.

Det um det høge Aandslivet kjende
han att fraa Kapellan Hirsch, berre
det her var so mykje djupare og lær-
dare; og at det vanlege Kvardagsliv
var nokot Skrap, det visste han fraa
gamalt. —

Det, som kom sist, var best, og
daa fekk Professoren Jubelrop fraa
sjølve Hundarne.

Det var reint galet, sagde Professo-
ren, naar dei unge Studentarne trudde,
at det galdt um aa lesa so svært
mykje i dei fyrste Par Aari. Det var
ikkje Meiningi det. Arbeidet, det kom
tidsnok. Det tunge og tankekløyvande
Stræv med dei tusund einskilde Ting,
som skulde lærast, for at det heile
kunde forma seg fram klaart og ar-
ticuleret, det høvde meir for ein litt
eldre Alder, daa ein hadde meir Kraft
til aa dukka under i det einskilde og
like væl halda fast paa det aalmenne.
— Ikkje for det: den eldre Alderen i
desse Tider gløymde tidt nok det aal-
menne, den med, dukkad so djupt i
det einskilde, at han bleiv der. Ja
sjølve Vitenskapen heldt no um Dagen
paa aa bliva i dette Djupet. Det var
just ei Tid no, daa altslags Ser-viten-
skap gjorde seg breid og vilde gløyma
sin Samanheng med det aalmenne;
Professoren «bad sine unge Venner agta
seg væl for aa koma uti dette. All
Faglærdom var i seg sjølv daud og
aandlaus. Det var ikkje Kunnskapar
um ditt og um datt, som gjorde ein
Mann til Vitenskapsmann; det, som
det galdt um, var Synet paa det heile,
Uppfatningi av dei store, aalmenne
Grunnar, av den store, aalmenne Sa-
manheng (Bravo!) Men no trudde
Professoren, at ein av Grunnarne til,
at dei studerande so lett vilde gløyma
seg burt i den aandlause Faglærdomen,
var just den, at Studentarne ikkje i
dei fyrste Aari visste aa bruka Tidi si
rett, men kastad seg yver Fagstrævet
strakst og trudde det galdt aa stuva
i seg so mykje Kunnskap som moge-
leg. Men det skulde dei nettupp ikkje
gjera. I dei fyrste Aari skulde dei
taka det i Mak (Bravo! Bravo!) og
leggja meir Lag paa aa liva eit sunnt
og idealt Studenterliv — eit Ungdoms-
liv i Ljoset fraa dei evige Ideal —
enn paa aa lesa lærde Bøker. Dei
skulde bruka Tidi til aa umraa seg,
sjaa seg um, finna seg tilrettes i den
nye Heimen, vinna Yversyn og Utsyn
yver dei Vidder, dei sidan skulde van-

EEE

dra; dei skulde njota sin Ungdom, men
njota som Studentar, som aandsvigde

8,|Sveinar i Ideens Presteskap, som cives

akademici; og det var det herlege ved
aa vera ung Student; det var det
sanne Innhald av Russe-Gleda, av Ju-
belen og Festen her i Kveld. (Stort
Samtykkje). Og so vilde daa endeleg
Professoren slutta med eit Leve! for
den studerande Ungdom. ”Hurra!”
”Hurra!” ropad dei Salen rundt, kvar
i sin Takt, so det fekk ingen Ende;
tilslutt døydde Ropingi burt i ei lang,
brakande Klapping.

Etterpaa vart Professoren under
Jubel og Laatt boren paa Gullstol.
Daniel hadde aldri set slikt fyrr og
totte det saag dumt ut; men klappad
gjorde han som dei andre; for det
siste Stykket av Talen totte han var
reint makalaust. —

Han arbeidde seg attende til Bordet
sitt og smakad paa Punsen. Han var
so modig og glad. Verdi var so hyg-
gjeleg, og Folk var so gode; han fekk
slik Hug til aa tala med dei, — tala
ut, segja si Hjartans Meining til dei.
og faa høyra deira Hjartans Meining
igjen; og helst hadde han Hug til aa
tala med sin kjære Ven Haugum. Men
Haugum stod langt burti Salen og
snakkad med ein framand Fyr — ein
stor Tosk saag det ut til an vera —;
og Aslak Fjordan var komen inn i eit.
annat Lag ved eit annat Bord, og
der sat han og gjorde slikt eit Staak,
at Daniel lo med seg, og tenkte i in-
derlig Gleda, at Aslak nok alt var full.
Men Ortvedt var ingenstad aa sjaa.
So sette Daniel seg ned for aa venta.

— Der kom Markus Olivarius Mar-
kussen og Halvor Mosebø kryssande
hit millom Bordføter og Styvlar; ustøde
var dei visst sjølve, og seint gjekk
det; men Markus Olivarius Markussen
lo i høgan Sky. ”Ha-ha-ha-ha! Sjø-
gang idag! Og forb-banna mange Vrak!”
— han hermde ei Rispa, som han just
hadde høyrt av Halvor. Daa denne
kom framtil Daniel, helsad han med
stor Gleda, treiv Haandi hans og gra-
tulerad sin ”Busenfrynd” utan Ende,
og Daniel, som hellest aldri kunde
lika Halvor Mosebø, vart likso glad,
drog han nedpaa Stolen ved Sida av
seg, og lo, fordi Halvor var full. Det
var so morosamt aa vera ung og slaa
seg laus! Og Daniel kjende ein urime-
leg Hug til aa leggja Armarne um
Halsen hans Halvor og sverja han
Venskap til æveleg Tid; — men Halvor.
spurde etter Puns, han. Og der var
Puns nok. Dei fyllte Glasi, sagde
”Skaal” og drakk. ”Naa, kva segjer

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0139.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free