- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
138

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

138

Fedraheimen.

Ydre September 1882.

De um —,? tok Daniel i; men Halvor
Mosebø tok til aa syngja med sitt vesle
visne Maal: ”Hev du set noko ti Kje-
ringjé mi — uppe i Lié, i Lié!” —
”Hæ-hæ-hæ,? lo Daniel; ”men kva segjer
De um —.” — *”Jej æ Bondegut, )ej,
ser du!” sagde Halvor, — ”Bondegut,
jej, ser du! Jej æ fra Tellemarken,
jej, ser du!” — Ja, det var bra det,
meinte Daniel; han for sin Part var
og Son av ein Gardbrukar. ”Hev du
set noko til Kjeringa mi —! — Ska
mi drikke Dus?” sagde Halvor Mo-

sebø. ”Javæl! all right!” — ”Bonde-
gutar baae tvo!” — ”ANU right!” -—
”Skaal, du!” — ”Skaal!” — ”Æht —

Kor Fanden vart det av Olivar . ..
Markus Oliv . ... — Kjenner De
Markus Olivarius?” — Daniel lo; no
hev han alt gløymt, at me drakk Dus!
tenkte han. Nei; Markus Olivarius
kjende han daa ikkje nokot vidare.
”Men kva segjer du um Russetalen?”
— endeleg fekk han Spursmaalet sitt
fram. — ”Um Russetalen! God Tale
det, Far! God Tale det, Far!” — ”Ja,
det syntest eg og. Men...” — ”Ja
der var mykje Skrap og, — Gudbe-

var’s!” — ”Ja, — mykje av desse van-
lege Talemaatarne —.” ”Ja visst,
javisst ... — Kjenner du Markus
Olivarius?” — ”Nei dessverre, ikkje
stort .. .” — ”Pine.—! staut Gut.
Pine —! staut Gut. Ja anten du vil

tru meg elder ikkje... no hev me
butt ihop i halvannat Aar; og dersom

det hev fallet so mykje som... so
mykje som eit halvt Ord! — Ja det
er ein maåkalaus Kar.” — ”Ja det er
det visst. Men du —?” ”Naa?” —

”He-he; ja det er ein Ting, som du
kanskje aldri hev visst —!” — ”Visst?
Eg veit alting, eg. Kom ikkje der!
Veit du kva Aar det var, at —.” —
”Ja der er det just! Veit du, at eg
lengje var din verste Uven, fordi du
kunde meir Historie enn eg, he-he-he?”
— ”Skaal!” — ”Ja lat oss faa litt aa
drikka fyrst ...” ”Du habst Rekt,

min Son. — Skaal! — Ja, Historie
kann eg; kom ikkje der. — Hev du
set noko ti Kjeringa mi, uppe i Lia,
i Lia? — Kor Fanden vart det av
Markus?” — ”Aa, han kjem væl; han
er berre utpaa Verandaen. — Det er

sannt, kva var det no du fekk?” —
”Eg? Eg fekk —” og Halvor slog i
Bordet for kvart Ord —: ”eg fekk
Dægeren tuti meg 3, 4! — men den
Fir’eren skal dei faa betala, skal dei!

. men eg er like god Gut for det,
eg . .. men dei skal faa betala det!
Skarvepakket! — dei skal faa minnast
Halvor Mosebø! Her er Guten, som
ikkje læt seg flaa med Navaren.
skal dei faa sjaa. Skaal!” — Daniel
visste ikkje, kva han skulde segja til
dette. Halvor sat og sturde; so skreik
han upp: ”Hev du set noko til Kje-
ringa mi?” og strakst etter sagde han:
”De fekk 2, 2, De?” — ”Nei, 2, 3.” —
”Aahaa. — Skaal, gamle Busenfrynd!
— Skal me drikka Dus?” — Daniel
lo; ”me drakk just Dus,” sagde han.
— ”Du habst immer Rekt,” sagde Hal-
vor; ”i Kveld er eg full, ser du. Men
det gjer ingen Ting! — Odelsbonde,
ser du! Telebonde, ser du! Kom ikkje
der! — Kor Fanden vart det av Markus
Olivarius?” — Han reiste seg og skjeiv-

lad ut; Daniel ropad etter han, men
han høyrde det ikkje. (Meir.)

å
EEE FuknsanN

Trugsmaal fyrr og no.

I 1821, daa Adelslogi var framme
tridje Gongen paa Stortinget, drog
Karl Johan 3000 Svenskar, rustad til
Ufred, inn paa Etterstad. Dei norske
Soldatarne, som der laag, var ikkje
rustad til Ufred. Ein svensk Flote
laag og skaut paa Hamni, so det sing-
lad i Ruturne i Byen. Men Stortinget
tok ved Adelslogi like radt. Tri Aar
fyreaat, 1 1818, hadde ”Arme-Reduk-
tionen” gjenget fyr seg, det vil segja,
den norske Heren,*som hadde voret
paa umkring 35.000 Mann, vart no
paa umkring 15,000, so i 1821 hadde
ikkje Norig stor Forsvarsmagt. Men
endaa let ikkje Stortinget seg skræma,
og Ufreden vart ikkje av.

I 1824, daa Karl Johan lagde fram
alle sine Grunnlovforslag um absolut
Veto i Lovsaker og meir slikt, samlad
han i Skaane den største svenske Her-
styrken, som hev voret ihop i Freds-
tider i Sverige paa 18-Talet. Stor-
tinget negtad samrøystes sitt Jaminne
til desse Forslag. — Men det var ikkje
hugheilt, annat: Stortinget vart liksom
nokot forstøkkt, fyr di Kongen liksom
trugad med Ufred, og so vart det
ihopsett ei Adresse, bland annat um
at Kongen etter ”Sagens Natur” hadde
absolut Veto i Grunnlovssaker.

I 1814, daa Folket hadde 35000
Mann ute og endaa var uppglødt av Stri-
den, kunngjorde Stortinget, at Grunn-
loven etter ”Sagens Natur” ikkje
trengde Sanktion av Kongen:

Her hev me vel detta vælsignad
”Sagens Natur”. Denne ”Natur” hev
ingenting med Grunnloven aa gjera,
og ingenting med Lov og Rett aa
gjera, men ho er eit Magt-Spursmaal.
Naar Landet er sterkt, hev Kongen
etter ”Sagens Natur” ikkje absolut
Veto; naar Landet er i Faare, so skif-
ter ”Sagens Natur”.

At Stortinget i 1824 let seg skræma,
er visst; kann henda Faaren daa var
større enn i 1821. Men kann ein lasta
Stortinget i 1824 so mykje fyr det?
Det var ikkje ærlegt, segjer dei. Men
eg vil segja, at det var ikkje ærlegt
av Kongen helder aa draga ihop so
mykje Folk, naar det maatte sjaa ut,
liksom han vilde gjera seg til Mein-
eidar og yverfalla sitt eiget Land.
Fyrst og fremst er det vel Karl Johan,
som ein lyt lasta i detta Tilfellet, Karl
Johan elder andre, som kann henda

.| stod attum og tvingad han.

I 1859, strakst fyre Stortinget ved-
tok Forslaget um Stathaldarposten, so
kom den ancharsviirdske motionen fram
i den svenske Riksdagen og kallad eit
Samlag millom Norig og Sverige paa
slike Vilkaar som er fyreskrivne i
Riksakti, fyr ”krenkjande” fyr Sverige
og kravde, at dei skulde føra Norigs
Stilling i Samlaget attende til Kieler-
freden (det vil segja, dei skulde reikna
Norig fyr herteket Land), og Norig
skulde vera eit Tillegg til Sverige og
Skadebot fyr Finnland og Pommern.
Daa det ikkje hadde lagat seg so, at
Sverige fekk Norig som Eigedom i

1814, so skulde dei 1 1859 taka sin
Mun att.
So tok Stortinget ved Stathaldar-

| posten og let seg ikkje skræma den
|Gongen.

Strakst etter kom den dalmanske
motionen fram i den svenske Riksdagen
og meinte, at Nordmennerne kunne ikkje
avlysa Stathaldarposten, av di han
var komen inn 1 Grunnloven, daa Um-
fram-Stortinget i 1814 tingad med dei
svenske Utsendingarne; (sameleids laut
daa heile den norske Grunnloven vera
ein Kontrakt med Sverige og Vetoet i
Grunnlovsaker so absolut som Dovre).
No kom det upp, at Mesteparten av
det svenske Folket heldt Norig fyr
svensk Eigedom og kallad Stortings-
mennerne, som hadde avteket Stathal-
darposten, fyr Upprørarar og vilde
piska sturskheten ut or Nordmennerne.
Dei tyo Motionarne vart sende til eø:o-
nomi-utskottet til Innstilling, og der
kom det ei Innstilling, som hadde vaskat
seg; ho lagde Kielerfreden til Grunn
(braut soleids Konventionen til Moss)
og kravde ei Umgjering av Riksakti,
so Norig kunne verta under Sverige
og den norske Grumnlov ein Kontrakt,
som Nordmennerne ikkje kunne vøla
um utan Samtykkje av dei svenske
Statsmagterne. (I Røyndi det same
som Novembermennerne vil no.) Denne
Innstillingi vart vedteki paa Riksdagen.

17de Marts 1860. Av Borgarar og
Bønder var der eit Mindretal, som
røystad mot. I Riddarhuset huad og
skreik 300 Adelsmenner utetter Notti
slik, so dei var mest rædde, at dei
gamle Murarne skulde ramla ned.

28de April 1860 hadde Stortinget
eit Møte fraa Klokka 5 um Eftanen
til yver Midnatt. Gav ikkje Stortinget
etter no, laut det bera til med Ufre-
den, soframt ein skulde tru, at det var
Meining 1 det, som var hendt i Sve-
rige. I Stortinget sat dei utetter Notti
liksom i Riddarhuset; men i Stortinget
var det ingen, som huad og skreik,
alt gjekk stillt og fint. Samrøystes
tok Stortinget ved ei Adresse, som
viste burt dei svenske Krav.

Byrjad so Ufreden? Det var ikkje,
som no, den norske Kongen, men
det var dei svenske Statsmag-
terne, som kravde absolut Veto, og
som trugad med Ufred. Stortinget
viste fraa seg slike Krav, og Ufreden
kom ikkje. Vaart Høgre var i den
Tid med og varnad um Landsens Ære.

So er det daa 1 vaare Dagar. Den
norske Kongen krev absolut Veto,
det svenske Folket bryr seg ikkje um
aa leggja seg upp i vaare Greidur og
ynskjer Framgang fyr vaar Fridoms-
sak. (Her ein Dagen sagde ein Sven-
ske til meg: ”Førsta Kammaren er
ta mei . . . . det størsta Onde, Jorden
bår.”) Her er ingen Faare fyr Ufred
med Sverige lenger. Men daa Veto-
mennerne ikkje vinn med Grunnar, so
lyt det bera til med Trugsmaal no og,
men Folket er ikkje ræddare slike
Trugsmaal enn fyr Tyrken og Paven.
Daa det ikkje hev hjelpt, alt det
Morgenbladet, Fedrelandet. Kjerulf og
C. A. Selmer i Trontala hev trugat,
so hev dei no gjort Kongen i Vegen,
og som øvste Herførar hev han no
personleg (men utan personlegt And-

svar) haldet ei Tale, som, (etter det
fyrste Referatet) stolar paa, at Offise-
rarne ”under alle Tider og alle Om-
stændigheder” wil fylgja ”Mig”.

Eg veit ikkje um Lesaren kann
slaa Kilar. Der er nokot, som heiter:
”8 um Kongen;” daa ramlar alle &
Kilarne, og berre Kongen stend att.
Det er eit gasta Slag, fyr den som
spelar — ikkje fyr Kilarne. Soleids.
er no den politiske Situationen. Det.
Yrkjet, som dei svenske Statsmagterne-
tok paa seg 1 1860, det hev no Novem-
bermennerne teket paa seg, men daa-
dei er litet vensæle og folkekjære, og
det ikkje finst ein Novembermann +
heile Landet, som Folket vilde ropa-
Hurra fyr, so gjer dei Kongen i Vegen
fyr seg.

Kongen hev gjenget ut or
Skjoldborgi og vaagat seg fram
i Hoggskiftet.

So hev ein norsk Konge gjort fyrr.
Paa Stiklestad, daa det tok til aa.
tynnast i Raderne frammanfyr Kongens.
Merke, so gjekk Kongen fram or Skjold-
borgi. —

Høgremennerne sender Kongen per-
sonleg uti Striden, — og so fortel
Høgremennerne, at Kongen gret i
Drammen. Detta heng ikkje godt ihop,.
og aa vasa slik er vel mest Majestæts-
Brot.

Eg vonar, at Vinstremennerne vil
taka Kongen med varlege og kjærlege
Hender og føra han ut or Striden og
setja han upp paa Trona att, innan-
fyr Skjoldborgi av trufaste Menner-
Der vil Grunnloven han skal vera, og
Folket vil og han skal vera der. Naar
Kjerulf og Selmer ryk, so sit Kongen
endaa trygg. Alle Trugsmaali hev
gjort so mykje, at det no er Vinstre,
som lyt bergja Kongen.

Fraa Femdagsstrien ved Drammen.

(Framhald.)

Næste Morgonen drog me vidare,
sume fyre og sume sia. Dæ bar gjenom:
Drammen daa. Der var myki Folk
paa Føtene, i alle Gatur og Glas
var dæ Folk. Dæ var morosamt aa
leggje Merkje te, dæ var ikkje paa
same Maaten, Folk stirde paa oss,
dæ saag eg paa Andlite deires, Arbeis-
folk og dei som viste ka dæ er aa
træle sjølve, totte vondt um oss, men
Gjentune dei log og sende oss Augne-
kast og Smil; berre dei ser ei Munde-
ring dei, vert dei reint upp i dæ, endaa
me alle gjekk med upussa Knappar
og var baate sveite aa fæle, so ansa
dei vist ikkje paa dæ. So dei unge
Gutane, som snart skulde iveg sjølve,
dei sto berre reint stille og såag uhuga
ut, ”me fær væl spenne i me au snart”,
tenkte dei væl. Men Smaaguten sprang
med, svart og fillutt i store Hopar —
og ropa Hurra og ynskte berre han
kunde verte so stor au eingong, at
han kunde koma med paa slik Moro,
som dei totte dette var. Dei fine Frøk-
ner kom oss imote langt utmed paa sin
Morgontur, med Parasol paa Årmen;
dæ var meste Løytnantane, dei sigta
etter. Daa me kom gjenom Storbyen,
sat dei bak Spegelglase sine, Storin-
gane, med ein fin aristokratisk Smil
og naut Syne attmed Pipa og Morgon-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0140.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free