- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
149

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fedraheimen.

————> >>> >

Pris fyr Fjordungaaret Kr. 1.10
med Porto og alt.

Betaling fyreaat.

Eit Blad åat det norske Folket,

Lysingar kostar 10 Øre Petitlins,
og daa etter Maaten fyr større Bokstavar.

No. 38.

Kristiania den 28de September 1882.

6. Aarg.

EEE

Bondestudentar.
Av Arne Garborg.

VL

Daniel hadde høyrt, at den mundt-
lige Eksamen skulde vera lett; men
daa det kom til Stykket, fekk han
annat finna.

Han var laakt fyrebudd. Han
hadde havt for mange Skular og for
mange Skulemeistrar. Og dei hadde
arbeidt kvar paa sin Maate. No stod
han der med Hovudet fyllt av ein
Kunnskapsbygnad, som ikkje var annat
ænn ei vid, vill Røys. Somt var fer-
«digt og somt var halvferdigt. Veg-
gjerne stod og gapte og glein paa
lause, sviktande Grunnsteinar, og der
var ikkje Samanheng i nokon Ting;
for Skautarne naadde ikkje ihop, og
dei ulike Bygningsplanarne skar kvar-
andre i alleslags Vinklar. Og so hadde
Daniel havt for liten Hug til aa ar-
beida med sjølv. SE

So var der ikkje annat aa gjera
enn aa lesa. Det galdt Livet no. Dei,
som hadde hjelpt han fram, ventad
at han skulde klara seg; og strauk
han, vilde alle Veger stengjast. Det.
ein ikkje kunde paa annan Maate, fekk
ein altso kunna paa Pugg. Sidan,
naar ein vart Student, fekk ein taka
det heile uppatt fraa Grunnen av. —

Dag og Nott sat Daniel uppe i det
myrke Loftet sitt og las, sveittad og
las, las so han svimrad. Heile Verdi
kom burt for han; han gløymde burt
baade Sol og Jord, baade Heim og
Himmel; han gløymde sine Kjendingar
og Skyldingar; han gløymde seg sjølv.
Og naar han ein Gong um Dagen gjekk
ut for aa faa seg Mat, dreiv han gje-
nom Byen som gjenom ein stor, tom
Draum. —

Hadde det endaa ikkje voret so
varmt! Men August-Soli gjekk gjenom
Himmelen som ein brennande Eld, og
Lufti laag heit og tung som ein Eim
yver Byen. Ute og inne var like fælt;
den arme Guten var i Sveittelaug all
Dagen.

Vaat um Halsen, kleissen paa Hen-
derne, med tunge Dropar paa den
bleike Pannen sat han og strævad;
Flugur foor og song og surrad nerve-
skjerande inn mot Panne og Øyro,
setie seg paa den vaate, nervøse Hudi,
so det bivrad i Holdet, flaug og kom
att, surrad rundt han i mindre og
mindre Ringar, nærare og nærare,
verre og verre, kom støytande inn
mot Haaret, mot Skallen, mot Øyro
med sin Helvites Surr og sine prik-

lande smaae Klør, og Guten sveittad

av Møda, fiktad hjelpelaust mot dei i
Lufti. drap dei, naar dei heldt Brud-
laup i Haaret hans, men var like nære,
— og so las han. Men naar han ikkje
kunde lenger for Trøyttleik og Hovud-
verk, og han lagde seg og vilde sova,
daa laag han og vreid seg i tunge,
kyævne Halvdraumar elder i vonlaus,
pinefull Strid mot Flugesurr og smaae
brennande Klør paa Nase, Hals og
Hender.

Og Nætterne var lite betre enn Da-
garne. Naar August-Soli hadde steikt
ein heil Dag mot Taksteinarne yver
Hovudet hans, var dei som gloande
Jarn, og. det laage Loftsromet heldt
seg døynende badstugevarmt til langt
ut paa Morgonen. Og aldri surrad
Flugedansen galnare enn um Notti,
og aldri var Fluga sliare elder Fluge-
foten saarare enn daa. Men verre enn
alt vondt var det aa vakna um Mor-
gonen, vekkt av Solsteik og Fluge-
song. — *

Det var ei stor Ulukka for Daniel,
at naar han var ute i fri Luft, kunde
han ikkje lesa. Der ute var der so
mangt, som lokkad Augo og Tankar;
han sat og glodde paa Tre og Blomar
og drøymde um Berta Maria og Inga

Holm og alislags Vas, og gløymde

heile Eksamen. Lufti var fri og lett,
fyllt med dirrande Ljos og Blenkjing,
med Laat og Ljom og alle Slags Liv;
Eksamenstankarne døydde i den som
Smaatroll i Soli.

Altso sat Daniel inne, sveittad og
vreid seg, fiktad med Flugur og gram-
matikalske Reglar, røykte, drakk Vatn
og misste Mathugen. Dag for Dag
kjende han seg armare; Dag for Dag
maatte han stiva seg upp paa nytt.
Og di meir han las, di meir totte han
han hadde etter.

Ein Dag raakad han Sven Dufva
paa Gata og jamrad si Naud for honom.
Sven Dufva sagde, at den beste Raadi
var aa drikka Kinavin. ”Den brukar
eg,” sagde Sven Dufva, ”og den baade
kveikjer og styrkjer. Det er Jarn og
Kinin, maa De vita.” — 80 kjøpte
Daniel Kinavin. Og naar han vart
altfor trøytt og arm, drakk han av
den og totte han vart betre.

Det var ein lang Strid. Var ein
ferdig med eit Fag og hadde leset seg
mest troten paa det, so kom næste
Faget, som var likso vrangt, og i Se-
len maatte ein paanytt. Det røynte
nok for Aalvor paa Helsa no, og um
Notti, naar Daniel laag og ikkje fekk
sova, fordi Hovudet verkte so vondt,
og Flugurne surrad, og alle dei gram-
matikalske Reglarne dansad i Hausen

og bankad og hamrad som ”Timbre-
menn” etter ein Rus, — daa kunde
det henda, at Guten flaug upp i skjel-
vande Rædsla og trudde han skulde
verta galen.

— Og han, som hadde voret so
glad paa Russedagen, og trutt, at det
verste var yver daa! — Han hadde
ikkje visst, kva som fyrestod. Og han
hadde ikkje visst, at Russelaget var
ein Fest for den sanne Russen, men
ikkje for slike, som braut seg inn i
det akademiske Riket Fabrikvegen.

Den sanne Russen, som var av
paalitelegt Folk, og som hadde sovet
seg fram gjenom ein paaliteleg offent-
leg Latinskule, slapp igjenom det
munntlege nokonlunde lett; for baade
maatte ein gaa ut ifraa, at slike Gutar
visste litt, og dessutan var det i Grun-
nen det skriftlege, det kom an paa i
dette Landet. Men Fabrikk-Russen
hadde Universitetet ein naturleg Mis-
tanke til. Det var Folk med ukjende
Namn, Folk, som tidt saag svært lite
akademiske ut, og som dessutan kom
stormande inn i dei heilage Hallar
som Tjuvar og Røvarar gjenom ein
galen Port, — og slike Karar maatte
ein sjaa paa Tennerne. Der var all
Grunn til aa tru, at dei foor med Fusk
og vilde snyta seg inn i Visdomsriket;
og der vart tilmed skrivet imot dei i
”Den gode Borger”. Dei var, som ein
i seinare Tid vilde ha sagt, akademi-
ske Myrmenn. Dei var Kamelar, som
skulde gaa gjenom eit Naaleauga; og
mange strauk, anten fordi dei var
Kamelar, elder fordi Naaleaugat var
altfor trongt. Og det hende nok meir
enn ein Gong, åt ”Gammeln”, naar
Eksamen var slutt, vart gjestad av
ein Universitetsgut, som skulde helsa
og segja, at ”Hr. Bestyreren hadde
tapt sin Demissjonsrett.” Men daa
kunde det og henda, at Gammeln paa
ein svært tydeleg Maate viste Guten,
at sin Demissjonsrett hadde han ikkje
tapt, — kor det no kunde vera med
Dimissjonsretten.

— Fabrikk-Russen, og Daniel med
dei andre, vart bleikare um Nebben
for kvar Dag, som gjekk, og den eine
etter den andre vart sjuk og lagde
seg etter, ein i den Bakken og ein i
den, liksom trotne Soldatar paa ein
Feltmars. Men Fabrikk-Gutarne hadde
ikkje Lov til aa vera sjuke helder; —
ingen trudde paa Attestarne deira.
Professorarne drog paa Åkslerne; Rus-
sen lo. ”Han er sjuk i Matematikk,”
sagde dei; ”han hev vondt i Græsken.”
Og i "Den gode Borger” stod der
skumlande Stykkje um, kor rart det

aan ——rrrr EEE

var, at det just skulde vera Fabrikk-
Russen, som var so sjukleg i Eksamen.

Hans Haugum og Markus Olivarius
heldt seg nokso godt; men Halvor
Mosebø og fleire andre vart sjuke.
Daniel tenkte sterkt paa aa melda seg
sjuk, han med. Men so raakad han
Sven Dufva ein Dag i Vestibylen. Sven.
Dufva var utrulegt bleik, og dei store
rædde Gaselle-Augo stod i Hausen
hans so kvite og stive som Klinkenag-
lar. ”Men Herre Gud, De er ikkje
frisk!” sagde Daniel forstøkkt. Sven
Dufva riste paa Hovudet. ”De maa.
til Doktaren og faa Attest!” sagde
Daniel; han kjende seg heilt ivrig.
Daa stirde Sven Dufva paa Daniel, og
ein raud Skugge lagde seg yver And-
litet hans. ”Nei!” sagde han med sitt
dundrande Maal, ”det gjer eg aldri!”
Og daa Daniel vilde vita Grunnen til
dette, sagde Sven: ”Det skal ikkje De
helder gjera. Dei trur oss ikkje!” Og
den raude Skuggen kom sterkare att,
og vart liggjande.

Daniel forstod Guten. Han vart
skamfull og tenkte, at Sven Dufva
hadde Rett. Og daa han sidan talad
med Haugum um det, sagde denne det
same. Haugum kunde dessutan for-
telja, at naar ein lagde seg sjuk, vart.
ein sidan eksaminerad so mykje stren-
gare, so det i alle Maatar var best
aa halda ut. Daniel drog ein tung
Sukk og sagde, at han fekk so gjera,
naar ikkje onnor Raad var.

Men paa Slutten kunde han ikkje

lesa. Naar han sette seg til med Boki,
so berre svimrad det for han. Ikkje
torde han drikka Kinavin helder lenger,
for Haugum hadde sagt, at det var
faarlegt.

So fekk det staa til. Han hadde.
i det siste havt som ei Von um aa.
faa Laud; for han hadde. gjort det.
uventande godt i dei fleste Fag, og i
Historie og Geografi vilde han hava
1,1. Men no fekk den Voni fara.
Naar han ikkje fekk lesa paa Fransk
og Tysk, so kom dei Fagi til aa
øydeleggja Laud’en hans i alle Til-
felle. —

Forunderleg uok gjekk det godt i
Tysk og Fransk. Han forstod ikkje
dette; men det kom seg væl av, at
han no som altid visste meir enn han
i Grunnen visste, naar han sat under
Eksamensklemma.

No var han trygg paa Laud. Han
gjekk og huggad seg med aa tenkja
paa, kor glade dei skulde verta, dei,
som hadde hjelpt han fram, og som:
ventad, at han skulde gjera det godt,
— og kor staut det vilde vera aa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0151.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free