- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
157

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og vart tidt mistekne for Taterar, som

Synd og Skamm. I ei Bok kallast

« han ein forherd Syndar; 1 ei onnor

Elstow. Mr. Ryland, som eingong var

’ mennt Folkevit og aalmenn Ære kann
negte,

Fedraheimen.

— =>" OED OD D————

Pris fyr Fjordungaaret Kr. 1.10
med Porto og alt.

Betaling fyreaat.

Eit Blad aat det norske Folket.

Lysingar kostar 10 Øre Petitlins,

og daa etter Maaten fyr større Bokstavar.

No. 40.

Kristiania Jen 7de Okiober 1882.

6. Aarg.

IRER AER

John Bunyan.
(Etter Macaulay.)

John Bunyan er den mest namn-
gjetne religiøse Bokskrivaren i det
engelske Maale. Han vart fødd i El-
stow, ikring ein Fjordung fraa Bed-
ford, i Aare 1628. Ein kann gjerne
segja, at han vart fødd som Kjetelbø-
tar. Kjetelbøtaranne var daa ei erve-
leg Klasse, som ikkje vart mykje vyrd.
Dei hadde Ord for aa vera ”langfingra”

dei og likna i mange Stykkje. Faer
til Bunyan var meir vyrdande enn dei
fleste av same Slage. Han hadde ein
fast Bustad og kunde sende Guten sin
til ein Landsbyskule, der dei lærde
Skrivning og Rekning.
John vaks upp i dei Aari, daa den
puritanske Aanden stod i si høgste
Kraft yver heile England; og ingen-
stad var derne Aanden sterkare enn
i Bedford-Greivskape. . Ein Gut, som av
Naturen hadde ein so sterk Drøymehug| ’
og 80 gløgge Kjenslur, at det ofte mest
vart som ein Sjukdom, maatte natur-
legvis snart koma inn i gudelege Stri-
der. Fyrr han vår ti Aar gamall vart
han ofte teken av Anger og. Vonløyse
midt i Leikanne sine, og um Notti
vart han uroa av Djevlar, som prøvde
aa fljuga avstad med han. Daa han
vart eldre, vart dei aandelege Stridenne
hans endaa hardare. Dei sterke Ord,
han brukar, naar han skriv um dei,
hev paa ein underleg Maate narra alle,
som fyrr hev skildra John Bunyans
Liv, so nær som Southey. Det hev
lenge vori ein fast Skikk hjaa religiøse
Bokskrivarar aa nemne Bunyan som
eit Døme paa, korleis den overjordiske
Krafti aat den himmelske Naaden kann
fri ei Sjæl ut av dei djupaste Djup av

kallast han ein Brand tekjen ut or
Vermen. I Soga aat Baptistarne av
Ivimey kallast han den syndefulle Bun-
yan, den udygdige Kjetelbøtaren fraa

ein stor Mann millom dei sertruande,
tek i soleids: "Ingen Mann med aal-

at Bunyan var ei endefram
Gudløyse, ein verdlaus, svivyrdeleg.
vantru og fraafallen Mann, ein so
sjælehatande, sjæledrepande, sjælefor-
dømande og tankelaus Fark, som kunde
liva paa Jordi. Men Himmel, undra
deg i all Æve, og furdast, Jord og
Helvite, solenge Tidi varer! Netupp
denne Mannen vart eit Vidunder av

Naade, ein Spegil av Visdom, Godleik,

SAS

Heilagdom, Sanning og Kjærleik.” Men
kvar, som bryr seg med aa granske
Saki, vil finne, at dei gode Menn, som
skreiv dette, hadde vorte narra ved
ein Maate aa tala paa, som dei burde
ha skyna betre, daa dei hadde høyrt
den og sjølve bruka den gjenom heile
sitt Liv. Ein kann ikkje gjera eit
større Mistak enn aa døma, at ein
gudeleg Mann hev livt eit styggare
Liv enn andre, fordi han med sterke
Ordelag klagar’yver, kor overlag synde-
full han er. Mange utmerkte Folk
hev livt upp til ein høg Alder utan at
noko Menneskje hev visst noko vondt
um dei aa segja; og likevel hev dei i
Dagbøker hell Sjølyskildringar — og
tvillaust i god Tru — tala um seg
sjølve i Ord so strenge, som ein kunde
bruke dei um dei verste Skarvar. Det
er visst, at Bunyan, 18 Aar gamall,
vilde ha. vori halden for ein framifraa
aalvorleg og uskyldig ung Mann. Og
det som meir er: han vart harm og
forsvarad seg kraftigt, naar ei Klage
i Røyndi vart reist imot han, plent
som so mange andre angerfulle, som
i aalmennelege Ordelag segjer, at dei
er dei verste av heile Ætti. Det er
sannt, at han segjer, at han hev sloppi
laus Taumarne for Lysterne sine, at
han hev funni Glede i aa synde paa
alle Maatar mot den guddomelege Logi,
og at han hev vori Formannen for
heile Ungdomen i Elstow i alt Slag
Synd. Men naar dei, som vilde han
vondt, klaga han for ulogleg Elskhug,
bad han Gud og Englarne um aa vitne
um hans Uskyld. Inkje Kvende, så
han, i Himelen, i Helvite hell paa
Jordi, kunde segja paa han, at han
nokotsinn hadde komi ho for nær.
Han hadde ikkje berre vori tru mot
Kona si, men endaa fyre Giftermaale
livde han heiltupp sedsamt: Av det,
han sjølv gjeng ved, kann ein ikkje
sjaa, um han nokon Gong var full;
men ingen Motstandar fertel det helder.
Ein stygg Vane hadde han: aa bruke
gudlaus Tale; men han fortel oss, at
eit einaste Ord heilbrigda han, so han
aldri gjorde det meir. Det verste, som
kann segjast paa denne stakkars Ung-
domen, som det hev vorti Skikk aa
Bruk aa stelle fram som den synd-
hardaste Gudløysa, er, at han var
svært glad i fleire Slags Leik, som
var skuldlause nok i seg sjølve, men
som vart fordømde av dei strenge Hei-
lage ikring han; og Meiningi deira
vyrde han overlag. Dei fire Hovud-
synderne hans var Dans, Ringjing med
Kyrkjeklokkurne, Ballslaaing og Lesing
av Sir Bevis av Southamton’s Soge.

NARA SEE

Mn Prest vilde ha stellt fram
slik ein Gut som eit Mynster for heile
Sokni. Men Bunyan hadde lært sine
Meiningar um godt og vondt i ein
annan Skule; og Striden millom Lyster
og Tvilsmaal gjorde honom sjuk.

Daa han var ikring 17 Aar, gjekk
han inn i Parliament-heren og var
med i Herferdi 1645, som var Slag i
Saki. Dette Hende merkte Tankarne
hans for all Tid. Allt det, me veit
um han som Hermann, er, at ein av
Kammeratarne hans, som hadde tekje
Vagti for han, vart drepen av ei Kule
utanfor Leicester. Bunyan trudde al-
tid sidan, at det var Forsynet, som
hadde stelt dette so, serleg for hans
Skuld. (Meir.)

Tu ne cede malis, sed contra
audentior ito!

Soleids skriv ”Throndhjems Adresse”,
og ”Morgenbladet” prentar det av med
feite Typar. Daa ”Intelligensen” jam-
naste ikkje er alt so stiv i Latin, so
umskriv Adressa detta Verset paa
Dansk soleids:

”Blink ei for Fiendens Hug,
lad ham føle din staalhvasse Klinge!”

Det er ein ”modig” Artikel, som
stend i Adressa, og som sluttar med
detta fagre Verset. Adressa vil ikkje,
at Høgre skal gjeva seg. ”Der er dog
skjænket Menneskelivet saadanne Kræf-
ter, at det selv med det menneskeligt
talt sikre Nederlag lige for Øinene
kan reise sit Hoved og sige: ”Jeg
skal dog seire, ogsaa gjennem dette,
ja ved dette” (Hovedet?). Det er stort
aa vera motig, og det er hugnadsamt
no aa sjaa, at Byraakratiet vaart hev
vortet so motigt. Berre ein no kunne
lita paa det. Kontorfolk plar elles
ikkje vera motige. Me ser, at Adelen
kann slaast fyr si Sak, so Fjødri fyk,
ikkje med Penn, men med Sverd. Eit
Folk kann og slaast fyr Hus og Heim,
men kven hev set Kontorfolk slaast
annat enn med Penn elder Munn?
Skrivarar og Futar lata Fienden kjenna
sin ”staalhvasse Klinge?” Det hev nok
til alle Tider strøymt meir Blekk enn
Blod fraa slike.

Er vaare Embættsmenner so mo-
tige, som Adressa segjer? Me veit, at
dei ikkje no stend so høgt, som dei
gjorde i 1814. Var Embættsmennerne
so motige daa? Daa stod Fiendar imot
oss med ”staalhvasse Klinge” — men
Soga veit ikkje um, at Embættsmen-
nerne synte stort Mot. Dei var bra
og skikkelege og vilde Landet godt,
men større Mot hadde dei ikkje under

den stutte Ufreden enn ventande var
av eit Byraakrati, og Folket fekk ikkje
røyna seg skikkeleg i Striden. Daa
det sidan bar.til aa tinga med Sven-
sken, og det ikkje spurdest um ”staal-
hvasse Klinger” lenger, daa gjekk det
mykje betre. Og Ære vere Embætts-
mennerne fyr det. Ein kunne ikkje
venta større av eit Byraakrati.

Kor hev so i vaare Dagar Byraa-
kratiet teket sitt store Mot fraa, no,
som det i det heile er gjenget til At-
ters med Embætts-Standet? Under den
siste politiske Striden hev dei skræmt
oss med svenske Soldatar; det tyder
ikkje paa stort Mot hjaa ”Intelligensen”.
Rædde er dei sjølve og kunne aldri
tru anmat, enn at Folket skulde lata
seg skræma det og. Men no hev dei
med eingong vortet motige.

”Blink: ei for Fiendens Hug,

dad ham føle din staalhvasse Klinge!”
men ein skynar snart, at naar desse
Kultarne er motige, so er det liksom
naar Jakob von Tybee skal ut i Her-
ferd, ”at saadan Krig haver ikke meget
at betyde” Kvat er det fyr Hogg
som ein ikkje skal blunka med et
fyr? Jau, at Vinstremennerne møter
upp og røyster. Og kvat er det fyr
ein ”staalkvas Klinge”, som Fienden
skal faa kjenna? Jau, at Høgre møter
upp og røyster. Men detta skal det
no ikkje so faarleg mykje Mot til.
Elder er det so litet Mot i Høgre no,
at dei lyt setja i med ein heil Mar-
seillæse fyr aa stiva seg upp til aa
møta Vinstre — ikkje i Strid — men
ved eit fredelegt Val?

”Det ved enhver, som i Overbevis-
ningens fulde Kraft kjæmper for den
Sandhed han elsker, og for hvilken
han gjerne, om det kræves, ofrer sit
Liv, at denne Sag kan ikke dø,” skriv
Adressa. Ein skulde tru, at Avisa
var uppglødd fyr ei Sak, som kunne
vera til Framgang fyr Menneskja; daa
kunne desse varme Ordi høva. Er det
den rette Trui, som Adressa vil gaa
paa Baalet fyr? Slæst ho med Sverd
i Hand fyr aa fri Folket sitt ut or
Trældom, sidan ho talar um aa offra
Livet fyr ei Sak? Nei, det er nok
berre sprikjande Ord um ein liten
Tanke: Løningar og Magt fyr Embætts-,
menner. Slik Sak, som den Adressa
hev huglagt, kann og skal døy, og
mange slike Saker hev døytt fyrr og.
Skulde ein halda Liv i allslags gamle
Saker, so kunne ikkje Menneskja leda
seg under den svære Byrd av gamalt
Rask paa sin Veg fram mot betre
Tilstand. Den ”Sandhed”, som Fari-
sæararne hadde huglagt og stridde fyr

k

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0159.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free