- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
158

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

158

Fedraheimen.

Tde Oktober 1882.

likso djervt som Adressa, rauk. Legi-
timistarne i Frankrike, som liknar
mykje paa Adresse-Kultarne, hev og
ei ”Sandhed”, som dei strider fyr (med
store Ord, forstend seg), men den Saki
kann ikkje vinna, for det finst ikkje
meir Livsvon i den enn i eit Vindfall.
Det kann nok finnast eitkvart grønt
Bladet att, men det vil snart visna,
naar det ikkje kann suga Kraft av
Jordi.
er eit slikt Vindfall; det hev dei fleste
Røterne sine i Danmark, men dei er
no avhoggne. Nokre smaa Røter hev
det her i Landet, men Stortings-Valet
no syner, at dei fleste er sundrivne.
Dei, som skulde varna um Treet, Sty-
ring og Konge, hev lokkat fram den
Stormen, som skulde riva det ned.
Adressa vil ofra Livet, ser det ut
til. Eg tvilar paa det. Galdt det
Livet, vilde nok Adressa fara varleg.
Adressa gjer den liberale Saki so mykje
Gagn, at det vil visst ingen liberal
Mann taka Livet av den Bladstyraren,
som er no. Adressa tener Pengar og
liver paa denne politiske Striden, for
var ikkje Høgre so fanatisk, kunne
ikkje slikt Blad som Adressa greida
seg, ingen vilde lesa det. Korkje
Adressa elder dei, som held med ho,
vil ofra anten Livet elder nokot annat;
det, dei arbeider fyr, er nettupp aa
halda paa det, dei hev, anten det gjeng
so elder so med Landet, dei hev ingen-
ting aa tapa, trur dei. At dei vilde
vinna baade Magt og Ære, um dei
no gav seg og sluttad seg til Folket,
og at dei lett kann missa det som dei
endaa hev att, um dei stend imot
lenger, det forstend dei ikkje. - Dei
trur, at dei fær meste Vinningi, um
dei held paa og sparkar imot, og difyr
sparkar dei imot; og naar dei snakkar
um aa offra, so er det berre til aa
læ aat. Dei trur som sagt, at dei
ingenting hev aa tapa, daa dei stend
paa fast Løn, og at det berre er Han-
delsmennerne og Fabrikk-Eigararne,
som fær betala Leiken, um det no
gjeng galet med Mindretalet. Forret-
ningarne ligg nede .no under denne
Striden, Handelsmennerne hev ingen
Kreditt lenger, Folk tore ikkje leggja
Pengar 1 nye Tiltak og set dei i Ban-
karne, so desse ikkje kann taka imot
meir — so er det i Kristiania, kor
som er —; men detta bryr ikkje Em-
bættsmennerne seg um. Dei offrar
med lett Hjarta — ikkje sitt eiget Liv
elder sine eigne Pengar, men Nærings-
vegerne. Skal denne Striden vara
lenger, kann det nok koma til aa syna
seg, at Embættsmennerne offrar seg
— ikkje med sin gode Vilje og ikkje
fyr di dei arbeider fyr ei Sak, som
kann liva, men fyr di dei er faavise
og ikkje skynar elder vil skyna si Tid.

Halvor og Olav.

Halvor. Naa, kos likad du deg
paa Folkemøte?

Olav. Aa, eg likadikkje han Per-
sen, han Venstremannen.

Halvor. So? lika du "kje han?

Olav. Nei; han var so radikal,
som dei segjer.

Halvor. Radikal? Kva trur du det
er aa vera radikal?

$

Og vaart Embættsmannsvelde |.

Olav. Radikal, — det er ein, som
vil gjera um Grunnloven, det.

Halvor. I 1821 vilde Karl Johan
gjera um Grunnloven. Var han radikal?

Olav. Karl Johan? Nei, veit eg.

Halvor.
Grunnloven. Å

Olav. dJa; det er sannt, det; Karl
Johan vilde gjera um Grunnloven.
Men han var no ikkje radikal, lel.
Halvor. Nei, han var ikkje helder.
Men altso er ikkje alle radikale, som
vil gjera um Grunnloven.

Olav. Nei, nei; det kjem væl an
paa Maaten, dei vil gjera det paa.

Halvor. Det er sannt. Kva Maate

Men han vilde gjera um

vil no Vinstremennerne gjera Grunn-

loven um paa, trur du?

Olav. Dei vil taka Magti fraa
Kongen.

Halvor. Kor daa?

Olav. Dei vil taka fraa Kongen

det absolute Veto.
Halvor. Hev Kongen absolut Veto
daa?

Olav. Ja, veit eg.
Halvor. Kor stend det?
Olav. Det stend ikkje plent nokon

Stad; men det maa væl vera Meiningi.
Halvor. Dersom det var Mei-
ningi, — kvi stend det daa ikkje?
Olav. Aa, dei hev væl trutt, at
det kom av seg sjølv.
Halvor. Men =det
ikkje?
Olav. Nei; ikkje beintfram.

stend altso

Halvor. Stend det daa, elder
stend det ikkje?
Olav. Aa nei; det stend ikkje.

Halvor. Kven er det daa, som
vil gjera Grunnloven um? Er det dei,
som vil hava Grunnloven, som han
lyder, elder er det dei, som vil setja
inn det, som ikkje stend?

Olav. Ja; — men Meining: . . .

Halvor. Meiningi i ein Lov maa
ein væl skyna av Ordi.

Olav. Ja; — det skulde væl
vera S0.
Halvor. Men naar ikkje Vetoet

stend i Ordi, — kor veit du daa, at
det stend i Meiningi?

Olav. Ja; men det burde staa.

Halvor. Men kven er det daa,
som vil gjera um Grunnloven? Er
det dei, som vil hava det, som stend,
elder er det dei, som vil hava det,
som burde staa?

Olav. Naa,
same

Halvor. Nei, det er ikkje det
same; for du sagde det, at dei, som
vilde gjera um Grunnloven, var ra-
dikale!

Olav. Ja; men Meiningi .

Halvor. Det, som var Meiningi,
maatte væl vera sagt! Det, som Folk
meiner, segjer dei væl, og helst segjer
dei det, og segjer det tydelegt, naar
dei skriv Lovar.

Olav. Dei segjer ikkje det, som
segjer seg sjølv.

lat det vera det

Halvor. — Dersom det absolute
Veto sagde seg sjølv, so kunde her
ikkje vera Strid um det.

Olav. Aa, det hadde væl altid
voret godt, um det hadde voret sagt
i Grunnloven.

Halvor. Ja; vilde Eidsvollsmen-
nerne hayt ein slik Ting, so maatte

dei sagt det. Dei var ikkje so tanke-
lause, dei Kararne.

Olav. Nei tankelause var dei væl

ikkje.
Halvor. Sagde dei altso det dei
meinte, elder sagde dei det ikkje?

Olav. Aa, det dei’ sagde, det
meinte dei væl.
Halvor. Men dei sagde ikkje,

at her skulde vera absolut Veto.
Olav.: Ja, ja, du er so vrang, du

Halvor. Me fær no halda oss til det,
som stend . .. 3
Halvor. Der stend ikkje, at

Kongen skal hava ab solut Veto.
Olav. Neinei, det stend ikkje...
Halvor. Altso, endaa ein Gong:

kyen er det, som vil gjera um Grunn-
loven? er det dei, som held paa Grunn-
loven som han lyder, elder er det dei,
som vil hava Grunnloven stellt slik
som dei trur, at han burde lyda?

Olav. Aa ja, eg forstend nok, kor
du vil av.

Halvor. Du gjorde betre, um du
svarad meg beint og greidt.

Olav. Ja ja; det fær no vera som
det kann med Grunnloven daa. Men
trur du no ikkje det var godt, um
Kongen hadde absolut Veto?

Halvor. Ja; — du gjeng altso
inn paa, at det er Høgremennerne,
som vil gjera um Grunnloven?

Olav. Naa naa, lat det vera som
det kann. Men trur du ikkje det var
godt, um Kongen hadde absolut Veto?

Halvor. Jau, — dersom me alle
ihop var Naut.

Olav. Naut?

Halvor. dJa; dersom heile det
norske Folk var ein eimaste stor Bu-
skap, som ikkje aatte Vit.

Olav. Du brukar slike store Ord,
du Halvor.
Halvor. Eg brukar slike Ord som

til høyrer. Fit av tvo: anten maa
Nasjonens Ord gjelda, naar Ordet er
sagt tri Gonger etter 6 Aars Etter-
tenkjing, elder so maa heile Nord-
mannafolket vera ein einaste stor Flokk
av Naut.

Olav. Jaja, det kann so vera;
men det er ikkje Meiningi, at Kongen
skal bruka det absolute Veto.

Halvor. Ja kva skal han daa
med det?

Olav. Aa —; det kann altid vera
godt aa hava det.

Halvor. Kva skal det vera godt
for aa hava det, naar han ikkje skal
bruka det?

Olav. dJa —; det var, um ein
tilfellig Majoritet . . .

Halvor. Ein tilfellig Majoritet i
seks Aar? Og det i Grunnlovsspurs-
maal, som kvar Gong maa verta fyre-
lagde Veljarfolket, fyrr dei kann koma
fram i Thinget?

Olav. Ja; men dei, som var med
paa Yde Juni, vil ikkje at Kongen skal
hava nokot Veto.

Halvor. Deter noikkje so. Fleir-
talet av dei, som var med paa 9de
Juni, vil hava suspensivt Veto. Og
Høgremennerne segjer paa sin Maate,
at det ikkje er Meiningi, at Kongen
skal bruka sitt absolute Veto, um
han fær det; det skal i Røyndi vera
suspensivt.

Olav.
slaast um?

Halvor. Det er den gamle Stri-
den millom Embættsvelde og Folke-
velde.

Ja kva er det so, me

Olav. Ja trur du det, Halvor?

Halvor. Ja det viser sig meir og
meir.

Olav. Ja Embættsvelde vil eg
ikkje hava! *

Halvor. Ikkje eg helder.

Er det sannt, at høgrepressen og
samningi kem ut på eitt!

Ei

Høgre vil no ha det so til. For
dei har altid so myket at segja på.
sine motmenn i politiken, og jamnast
er det dette, at venstre ikke held seg
til sanningi og berre lokkar elder skræ-
mer folk 1 frå henne. Då eg ikke er
nokon høgremann, so vil eg ikke rekna
meg til dei ”upplyste”. Difor vil eg
berre segja, ka eg trur um den ”upp-
lyste” høgrepresse. Eg trur ikke denne

presse er so upplyst, som den biller

seg inn. Ein verkeleg upplyst mann
roser seg ikke sjølv, og når ein høgre-
redaktør held fram, at hans meining
er den same som alie upplyste og
redelege folk har, då trur eg, at ein
slik redaktør er langt frå sanningi.
Var det slik, at ein fem-seks høgre-
redaktørar sat inne med all upplys-
ning, og med den fulle sanning, som
trengdest i rådet og stortinget, ka sku
då vera i vegen for, ati vi sette to
elder tri av dei inn i rådet som mini-
strar, og sette dei andre på tingben-
kén, og at so vi andre kunde leggja
oss at sova? Elder er det ikke mangel
på ei slik ordning, som ger, at alt i
dei siste ti åri er vortet so reint galet?
Kor gott vi kunde havt det, seger
høgrepressen, når berre høgre hadde
fått styrt og stelt med det heile! Ja
du kann so segja, det er skammelegt,
at ikke venstre vil høyra på dette.
Istaden for at fylgja i hælen på ein
høgreredaktør, so fer folk etter folke-
talarar, som forvrengjer og snur upp
ned på alt forat lyfta seg sjølv upp.

Detta seger ein høgreredaktør, som er

so svært sint, når nokon fornærmar
folket, det norske folk.

2

Det går so vitt med det, at høgre
og sanningi er eitt, at når ein høgre-
mann og venstremann seger det same,
so er det likvel berre sannt, når den
fyrste seger det. Når bispen seger,
at regeringi har gjort ein stor og den
største politiske dårskap, då er det
vel sannt; men tru um det er sannt,
når ”Verdens Gang” seger det same?
Det er soleids ein herleg ting at gå
med. høgre. Du må ikke riva ned

på øverheiti, det er, venstre må ikke

gera slikt, men høgre kann gerna riva
ned på stortinget somyket — um for-
lating — eg meinte stortingets fleir-
tal, for stortinget som institution, det
er ei onnor sak. Eg har i den sei-
nare tidi seet og høyrt somyket, som
høgre giv ut for den klåre sanning,
at eg meir og meir forstår, at høgre
og sanningi må vera eitt. For kor
gal ein ting ellest synest vera, har
ein høgremann sagt, det er so, so er
det so. * Det er ikke tvil um den tings
Elder er der nokon, som verkeleg trur,
at ein høgremann kann ljuga i politik?
er der nokon høgreredaktør, som trur
det? Og mon ein vinstremann kann
tala fullt ut sannt i politik? Det skal
vandast um det. Når venstre meinar
seg føra fram grunnar og fakta og
historia, nei då er det vriing og for-
vrengjing og usans mest alt ihop. Det

|

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0160.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free