- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
168

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

168

N Fedraheimen. ’

21de Oktober 1882.

andre, som der ikkje var Stunder til

aa innføra.

Under sjølve Valet vart alle Bygsel-
menn avviste, endaa um dei hadde stor
Bygsel.
Løytnant Morgenstjerne stod innanfor
Skranken (bjaa Valstyret) og ”proteste-
rad,” kvar Gong det kom ein Bygsel-
mann, og Høgremenn stod utanfyre og
skreik Bravo, naar Val-Styret hadde
afsagt sin ”Kjendelse.” Statsrevisor
Hølaas fekk endeleg drivet Hr. Morgen-
stjerne utanfor Skranken; han kunde
ikkje forstaa, kva Rett Løytnanten hadde
til aa sitja der aa vera Over-Valstyre,
”Ja, eg hev ikkje bedet han
koma her inn,” sagde Borgarmeistaren,

Kaptein Heyerdahl og sidan

sagde han.

— og so patlad Løytnanten seg ut.
Det gjekk fælt seint med Uppropet.
Fyrste Dågen heldt dei paa til Klokka
9 um Kvelden og naadde ikkje lenger
enn til utimot Slutten av Bokstav H.
Det er ei aalmenn Meining, at dette
Valet ikkje kann godkjennast.

Fraa Drammen. ”Drammens Blad”
skriv eit Stykkje, som er so ægte Høgre,
at me vil sjaa litt paa det:

”Høire eier Kraft (Selmers Ministe-
rium?) og freidigt Mod (ein held Øyro
stive), har Penge og renere Mel i Posen
sen end Venstre (ja, Pengar hev dei,
men det reine Mjølet i Posen, det vil
me fyrst sjaa), det har en Statschef,
som er en Sønnesøn af Bernadotte (so
det er Høgre serskilt, som hev den
Statschefen?), og som med vor Regje-
ring ikke vil andet end Folkets Vel
(men det kunde han naa væl so godt med
ei onnor Regjering?), og saa har det
en, som lever endnu (Vaarherre, — er
han og serskilt Høgre-Gud ?) efterat alle
er bortvandrede, som gav os vor For-
fatning (fyrr var det altso ikkje so
faarlegt med Vaarherre?). Han stod
”ataat” (det einaste norske Ordet, Dram-
mensbladet kann, og det kann det ikkje
helder) dengang, og han staar ”ataat”
(skal vera attaat, Drammensblad!) hver
redelig Nordmand til Dagenes Ende
(altso stend han attaat kvar ærleg Vin-
stremann og). Denne Tiltro og disse
Goder mangler Venstre (det vil segja,
at Kongen ikkje er Konge yver Vinstro
og Gud ikkje Gud yver Vinstre); der-
for har Opviglerne været saa flittige
(aa, skal ein døma etter det, so —!) og
som Slanger og Ræve arbeidet sig frem
gjennem Snigveie (er det Vaarherre,
som ”stend attaat” her?) for at skaffe
sin Afgud Sverdrup (stakkars Høgre,
som ikkje eig nokon slik ”Aveud”!)
Stemmemaskiner, som nu vil komme
tilsyne paa Thingbenkene (men dei fraa
Finmarki osfr., — det er ikkje ”Stemme-
maskiner”, det). Men bi kuns! (naa
daa!) hvis det skulde findes nødvendigt
(naa — 7) da kan vi nok faa at vide,
hvori det absolute Veto bestaar (aa,
ikkje verre? — Ja, det fær me visseleg
vita, — so snart det absolute Veto vert
innført. Men just af den Grunnen er
det, at Nordmennerne ikkje vil hava
Vetoet innført. Forstend du, Dram-
mensblad ?).

Byarne lyfter paa seg. Fleire Byar,
som. fyrr hev havt berre Høgreblad, vil

no faa — elder hev fengje — Vinstre-

blad, og i Byar, som til dessa hev voret
kjende som dei verste Bakstrævarbøle,

er det no so mange frilynde Folk, at
det kann spyrjast um dei ikkje vippar
Høgre ved sjølve Thingvalet, liksom dei
hev gjort t. D. i Kristianssund.

Dette er -beilest ikkje aa undrast
paa. Upplysningi veks, og Høgrepoli-
tikken vesnar; Folk maa væl eingong
faa Augo upp.

Dei ”sjølystendige”, den ”bedre Bel” osfr.
Vinje skreiv i 1868: ”Daa eg heime i
mi Fødebygd hende til at sjaa ein Krok-
rygg med Hatten i Hand og beda om
nokot, saa tenkte eg: ”Ja, Herregud,
dette er no Stakkarsdomen her upp i
Fjellstoga. Men naar eg kjem til Byen
og Uplysning, so skal eg vera fri for
slike Fantesyn.” —

Jagu’ sa” eg det!

Nei det vart verre og ikkje betre.
Det er no aldri rødande um den utifraa
Armodsdomen der kan vera beint imot
den store Rikdom, og den Trælenaturen,
som dette utviklar hjaa den faakunnige
Mannen. Men jamvel uplyste, prest- og
andre embætslærde Folk finna seg i
mange Ting, du aldri skulde tru moge-
lege, og dei bøygja seg slikt, at du
skulde bli skamfull paa deires Vegne.
Eg hev seet Ombudssøkjarar koma in
til Ministerar og luta seg og seet so
syndefulle ut, at kver fri og sjølvsten-
dig Mann maatte hava vondt af deim.
Det er Bikkja, som seer up til Bordet
etter Matbiten. So koma dei daa herin,
naar dei ikkje bu her, og liggja her og
venta og hanga etter ”Statsraadens
Øyra” og ellers den som kan leggja in
eit godt Ord for deim. Eg hev fylgt
slike Folk paa Gata, og dei hava spurt,
om dei hadde den rette Andlitsliten, om
Kjolen sat fint og dei i det heile saag
godt ut. Det er paa Frieri dei fara,
maa vita. Og det er ei Lykke, at vi
bava Statsraadar, som ikke spilla stort
ved det aa tala burt ei god Tid med
slike Folk. Var dei ein Mann, som
dugde nokot, so vilde han snart i Mo-
ralens og . Folkeskikkens og Arbeidets
Navn læra desse aa staa strake og halda
seg heime. —

Men kor kjem mno dette fraa? Ja
det er gamalt, ein eldgamal Arv fraa
det sjølystyrde Kongedøme, daa ein slik
Bønsøkjare om eit Embæt sagde til Kon-
gen: ”Og dermed liter eg paa den
naadige Gud og vaar allernaadigste
Konge.

I Bøker og Brev fraa den Tid sjaa
me nok af slik Bikkjeskap. Dei laago
mest aa gruve liksom Austerlendingen
for Gudane sine, og dei talad som til
Vaarherre om eit Lensmansombod til
Åmtmannen og eit litet Soknekall til
Bispen.

Jamvel her etter 1814 sjaa me utru-
lege Talemaatar i denne Vegen. Slikt
døyr ikke ut so fort.

Dette er vel Bøn om Biten, men so
er her enno mest som eim Gudstanke
ved Kongen. Du høyrer enno rett dyg-
tige Folk tala i fuldt Alvor om ”vaar
allernaadigste Konge,” og det med Skjelv
i Mælet (Tremuleren) paa ”aller:” vaar

”a —a—2—ha— ha—ha —ha —allernaa-
digste.” Den skjemtefulle Baktanke med
alle desse Ord og Ordalag er enno ikke
stort utviklad. Og med dette stend det
daa i Sambeng aa ganga til Kongen
krokvegs og rettfram, og taka ei Gaava
af honom som ein rettferdig og vis Lag-
nad. Derfor faa hellerikke slike Snul-
tregjester ved Riksens Bord den Van-
agt, som dei eingong maa faa, naar den
rette Mening om Kongens Magt og Fol-
kets Magt verdt meir uppklaarad. Og
naar so den Tanken rett trenger igjenom,
at det ikke er Kongen og Statsraaden,
som eiger Embættet, og naar Kravet til
ein Embætsmann verdt uplyst at vera
nokot annat en at have sin Examen og
ein vis Alder og Tenestetid, ja daa vil
desse Snultregjester koma til aa sitja
ved den rette Bordenden.

Og so maa her koma større Krav

til vaare Statsmenn. Det maa vera Folk,
som fylgja med si Tid, og soleids og
vita Skilnad millom det høvelege og
uhøvelege for ein agtad Mann i hans
Tid. Faakunningen og det mindre gode
Hovud ligg likso langt tilbake i sin
Moral om slike Ting som i sine Kund-
skapstankar. Han lappar paa gamle Sko
overalt, Og dersom ikke dei fleste af
vaare Styresmenn laago ein Mannsalder
tilbake, so vilde dei snart læra desse
Trælar, at det ikke var den rette Maa-
ten at koma fram pe2a dette. Og med
det vilde det meste af denne vonde Luk-
ten koma burt.

Men, naar Folk sjaa, at det gjeng
for seg, og liksom bøyrer med til Dan-
sen, (at detta ikoll) so er det inkje Un-
der, at den arme Stakkaren gjeng paa
Stormannstrappene og bukkar og skra-
par, naar han kjemin. Fin Mann, som
skal vera værd eit Embæt, bør kjenna
seg sjølv og Livet ikring seg somyket,
at han ikke søker, fyrr der er god Grunn
til det; og dersom han daa søkte over
tri Gonger f. E., so skulde han aldri
faa nokot, hadde eg nær sagt. Om ein
Mann just ikkje skal vera so saar der
som i Frieri, so er det ikke langt ifraa
heller. Det er daa likevel eit Spurs-
maal om Ære og Mannaværd, naar der
er Folkeskikk paa Riksstyret.

Det er Kappsprang om den arme
Føda. Herregud, at upplyste Folk ikke
døy, fyrr dei gjer slikt! Det er daarlig
Uplysning, og den ”Kulturen” og ”Intel-
ligentsen” kan ikke bera langt fram. —

Ja, ”Armoda er stor, men so er der
somange om ”a-0g”, sa” Mannen, So-
lenge det ikke verdt Folkemoral, at alt
slikt er urett, solenge vil det vara. Og
det trengst til, at denne Moralen verdt
utgreid og framhalden. Her verdt fleire
og fleire ombodssøkjande Menn i alle
Greiner, og skal derfor ikke den heile
Stand af desse siga ned til eit Fatik-
mannskap, so maa Æra halda deim uppe;
men desse Framgangsmaatar, som her
ero utlagde, føra til aa taka burt den.

Men, det er ein Politik dette og.
”Den eine Kroken krøker i den andre,
og so verdt det Krok alt ihop.” Be vil
ikkje segja, at vaare Styresmenn hava
denne Politik med full Vilje og Vitande.
Dei ero forlitet omtenkte til dess, og so
ero dei vist altfor gode og. Men det er
nokot tilvant, nokot som dei sjaa kan
vera nyttigt at hava slike Sælinger un-
der seg. Det vilde heller aldri ganga
an for mange af desse ”Simpletons” at
vera Statsraadar og Øvyerheitsmenn, der-
som der var sjølvstendige Folk i den
lægre Embætsflok. Den eine hyljer den
andre med Taterplagget, og so hava dei
det alle so lognt og varmt.”

Rauland. (Brev). Valmansvale i
Rouland vart halde den 4de Oktober;
til Valmann vart kora Lensmann S.
Knutsen med 30 Røyster; han er en
stø Vinstremann. Den som hae dei fle-
ste Røyster deretter var Prest Norberg;
han fekk 12 aa vart soleis Varamann;
han er aa rekne til ytste Høgre. Bygdi
hev 55 røysterettige; 42 møtte, 2 Set-
lar vart forkasta. Bg hev høyrt sagt,
at so mangment hev Folk aldri mødt
upp til Val i Rouland, — Dagjen fyri
Valdagjen var Veljarane samla til Prø-
veval aa Ordskifte. Knut Svalastoga
blei vald til Ordstyrare, aa han heldt
daa eit Inleiingsforedrag, som var eit
stutt Utdrag af Fakultetsbetenkning:i.
Deretter fekk Presten Orde. Han byrja
med aa fortelja, at han var kje anten
Høgre hell Vinstremann; han var der-
til lite inni dei politiske Spursmaali, so
han inkje vilde prøve aa paatrykkje no-

kon sin Meining, sa han; men han kom

desforutan med eit langt Foredrag, der
han forsvara det ”absolute Veto”, Neg-
tingi af ”Senksjon” paa Stemmeretsfor-
slagi, Overhus, Upløysningsrett, kortsagt,
han uttala seg som ein av dei radika-
laste Høgremennar, eg hov” høyrt, lens-
mannen fekk so Ore, aa imøtegjekk

K. Svalastoga aa Presten i — eg ha”
nire sagt eit glæmrande — Foredrag,
som visa, at han ha" sett seg grundigt
in 1 den politiske ”Situasjon.” Her er
mange her i Rouland som trur, at S.
Knutsen er det beste Stortingsmanns-
emne, Telemarkje eig, av Bønder daa,
som inkje hev studera. Han er enno
forlite kjende, so de bli nok inkje Tale
um ?n denne Gongji, men kanskje den
neste. Der vart tala baade om det eine
og det andre. Presten, Lensmannen og
K. Svalastoga var dei, som jamnaste
skifte Ord. Alle dei eg tala med totte*
at ”Høgre” laag mykje under i Orskjifte.
8—10—82. >

Ting mannsval. I Inntrøndelagen
er valde: Å. Qvam, W. A. Vexelsen,
L. M. Bentsen, H. K. Fosnes. Va-
ramenner: P. T. Holst, K. M. Hægstad,
C. Skar, O. Five. Alle Vinstre.

Paa Kongsberg er vald Overfør-
ster I. O. Lange og til Varamann
Berglækar BE. C. Poulsson — baade
Vinstre.

For Aalesund og Molde er vald:
Skrivar F. Roll og til Varamann Bok-
handlar Johs. Aarflot — Høgre.

Der er no i alt vald 62 Vinstre-
menner og 2 Høgremenner fra Landet,
9 Venstre og 9 Høgre fraa Byarne.

Lysingar.

Overretssagfører Kr. J. Olsen,

Torvgaden 5b. Kristiania,
udfører Retssager, Inkassationerm. v.

Qvams Skole.

er tilflyttet den forhenværende Mariboga-
dens Skoles Lokale, Maribogaden No. 11.
Alle Middelskolens Klasser er i Virksomhed,
ligesaa det etaarige Middelskolekursus for
ældre paa Latin- og Engelsklinjen, Latin-
gymnasiets ste Klasse og begge Realgym-
Re Klasser. Flere Elever kan nu mod-
ages.

Udkommet er paa Det Norske Sam-
lags Forlag:

Norigs Soga (2den uforandrede Ud-
gave, udgivet med Statsunderstøttelse).
Kristiania 1882. 9285 8. 1.8. Pris
indbundet Kr. 0.80. *

A. 0. Vinjes Skrifter i Utval, lste
Hefte. 416 S. st. 8. Pris Kr. 5.00
(2det Hefte lægges nu under Pressen).

Norigs Soga serlig skikket for Å mts-
skoler og Folkehøiskoler. — Faaes
i de fleste Norske Boglader. — Vinjes
Skrifter ogsaa i Svenske og Danske —
og hos Samlagets Regnskabsfører Hallv.
Johansson, Lökkeveien 13, Kristiania.

ANB. De, der indmelder sig som
Medlemmer af Samlaget for 1881, faar
Vinjes Skrifter og de øvrige Bøger,
Samlaget udgiver — deriblandt Romer-
brevet og senere Markus" Evangelium
m. fl. frit sendte med Posten for Med-
lemsbidraget Kr. 4.00 aarlig.

Lærere og Skolekommissioner anmodes
om at bestille Norigs Soga i Partier
hos Regnskabsføreren; de vil da faa
Bøgerne frit sendte med Pakkeposten.

Kristiania, August. 1882.

Styret for Det Norske Samlag.

(N. 4687 X 4). F

eo e
p 66
v, Fedraheimen".
Fedraheimen kjem ut i Kristiania kvar
Laurdag og arbeider for Norskdom, Fri-
dom og Upplysning. Bladet inneheld
Avhandlingar og Smaastykkje um ymse
Dagsspursmaal, dessutan Skildringar, Fortel-
jingar, Folkesegner, Dikt, Nytt, Rispur o. d.
Bladet kostar Kr. 1.10 for Fjordungaaret og
kann tingast paa alle Posthus. Elder Ein
kann senda Brev beint til Kristiania, og
daa med Utskrift: «Til Fedraheimens Ekspedi-
tion, Kristiania. Avissak.* Pengar maa fylgja.
I Kristiania tingar Ein Bladet i Ekspe-
ditionen, Torggata No. 5 b (Nikolai Olsens
Trykker).

Kristiania.

Nikolai Olsens Boktrykkeri.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0170.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free