- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
169

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fedraheimen.

——>—O00E OD Dr —mm—

Pris fyr Fjordungaaret Kr. 1.10

med Porto og alt. Betaling fyreaat.

Fit Blad aat det norske Folket.

Lysingar kostar 10 Øre Petitlina,
og daa etter Maaten fyr større Bokstavar.

No. 48.

Kristiania den 28de Oktober 1882.

6. Aarg.

TITT

Baktalings-Skule.

Lystspel’i 5 Bolkar
af Richard Brinsley Sheridan
(fødd i Dublin Septb. 1751, daaen 7 Juli 1816.)
I Umskrift fraa Engelsk.

(Framhald.)

Mrs. Candour. Eg tilstend Mr.
Surface! at eg toler ikkje høyra paa,
at Folk vert baktalade; og naar det vert
sett eit leit Ord ut um nokon av Kjen-
ningarne mine, so tenkjer eg altid det
beste um deim. — For alting, eg
trur no ikkje, at Bror din er so reint
Øydelagd.

Jos. Surf. Jau, Mistres, eg ottast
for, at det stend mykjet daarlegt til
med honom.

Mrs. Cand. Ja, eg heve høyrt
det. Men du maa raada honom til
aa vera ved godt Mot; det gjeng med
næstan kvar ein som med honom.
Lord Spindle, Sir Thomas Splint, Kap-
tein Quinze og Mr. Niekit: — med alle
«esse ihop er det gjenget samaleids i
denne Vika, høyrer eg, — so um Karl
ær øydelagd, so vil han finna minst
Helvti av Kjenningarne sine paa sama
Vis, og det er daa ei Trøyst.

Jos. Surf. Ja, ei stor og god
Trøyst, Mistres!

Tenaren (som kjem inn att) Mr. Crab-
tree og Sir Benjamin Backbite koma
«han gjeng ut). Å

Lady Sneer. So Maria! du ser,
koss Friararne stræva etter deg. Du
kjem sanneleg ikkje burt.

(Crabtree og Sir Benjamin Backbite koma inn).

Crabtree. Lady Sneerwell! eg
kysser Handi di, Mistres Candour! Eg
trur ikkje du kjenner Systerson min,
Sir Benjamin Backbite. Aa, Lady,
han heve godt Flogvit og han er ein
god Diktar. Er han ikkje det, Lady
Sneerwell?

Sir Benjamin. Nei fy daa, Mor-
bror!

Crabt. Ja, ja, men det er daa
sant. Eg torer vaaga, at han i Spor-
rak og i Spottedikt er den beste
Versemakar i Rikjet. —Heve Lady
høyrt det Verset, han skreiv i den
siste Vika, daa det gjekk Eld i Vifta
hennar Lady Frizzle. Les upp det,
Benjamin, elder det Sporrak, du dik-
tade siste Nott paa standande Fot, daa
Mrs. Drowzie hadde Etarlag — kom
no! den fyste Stavingi er Navnet paa
ein Fisk, den andre paa ein stor Sjø-
Høvding og — —

Sir Benj. Morbror, eg bed deg — —

Crabt. Ja, sanneleg, Lady, du
skulde undra deg aa høyra, kor gjild

han er i slike fine Smaadikt.

NAA

Lady Sneer. Eg undrast paa det,
Sir Benjamin, at du aldri heve gjevet
nokot ut.

Sir Benj. Sant aa segja, Lady,
er det so ringt aa lata nokot prenta,
og daa mine Smaadikt mest er Spot-
tevers og Neisingar til sume visse Folk,
so heve eg funnet, at dei helst bør
breidast ut i Afskrivter imillom Kjen-
ningar og Vener: Vistnog heve eg
nokre Elskhugs-Visor, som eg kunde
lata prenta, um du gode Lady med
dit venlege Smil vilde visa, at du tykjer
godt um deim.

Crabt. ctir maria). Ved Himelen, Miss,
du vil verta udøyeleg ved desse Vers,
— dit Minne vil verta gjevet til vaare
Etterkomarar likt Minnet til Petrar-
ka’s Laura elder Waller’s Sakarissa.

Sir Benj. Ja, Miss, eg trur, du
vil lika deim, naar du fær sjaa deim
paa eit fint stort Fjerdingsblad, der
ein Bekk av væne Vers renn ned
imillom Rammor som blomrike Engjer;
det vil verta det vænaste av sit Slag.

Crabt. Men, Ladyer, heve De
høyrt nytt?
Mrs. Cand. Kvat, Sir, meiner du

det, dei fortelja um — — —

Crabt. Nei, Misstres, d’er ikkje
det. — Miss Nicely vil gifta seg med
Tenaren sin.

Mrs. Cand. Det er umogelegt!

Crabt. Spør Sir Benjamin!

Sir Benj. Det er verkeleg sant;
alt er tilbutt, og Brurstasen er alt
kaupt. 3

Crabt. Ja, det hadde nog Hast-
verk; det kunde ikkje verta sett ut
lenger.

Lady Sneer. Jau, eg heve høyrt
nokot um detta fyrr.

Mrs. Cand. Det kann ikkje vera
Raad — og eg undrast paa, um no-
kon kann tru ei slik Røde um ei
so klok, fin og høg Jomfru som Miss
Nicely.

Sir Benj. Aa Mistress! Det var
nokon Grunn til aa tru det med eitt.
Ho heve altid voret so varsam og
haldet seg tilbaka, at kvar og ein
maatte tru, det var nokot annat paa
Botnen.

Mrs. Cand. Det er visst, at" eit
so leidt Ord er so skadelegt for Vyrd-
naden til ei fin Jomfru av hennar
Stand, som ei Sott for ei sterk Helsa.
Men det er eit Slag av skrypleg, sju-
kall Vyrdnad, som altid kjenner ilt,
og som kann tyna det beste To hjaa
hundrad smeiksame Jomfruar.

Sir Benj. Visseleg, Mistress, d’er
dei, som er sjukalle i Vyrdnad so væl

VVS

som i Helsa, som vita um deira Skryp-
lekdom, som vara seg for alt Luft-
drag, og bota paa deira Skort paa
Kraft med Umhug og Varsemd.

Mrs. Cand. Væl, men dette maa
vera eit Mistak. Du veit, Sir Benja-
min, at dei minste Ting kann faa ein
til aa tymta paa dei fælaste Gjerningar.

Crabt. Det gjera dei, det kann
eg sverja paa, Mistress; du heve væl
høyrt, korleis Miss Piper miste baade
Kjærasten sin og sit gode Lov i Sum-
mar i Tunbridge. Hugsar du det, Sir
Benjamin?

Sir Benj. Javist, det underlegaste
Mistaket, som ein kann tenkja seg.

Lady Sneer. No, korleids var det?

Crabt. Ein Kveld, daa der var eit
Etarlag hjaa Mrs. Ponto, kom dei til
aa tala um Sauder ifraa Ny Skottland
her i Landet. No kom ei ung Lady
i Laget til aa segja det: Eg kjenner
eit Prov paa det; for Miss Lætitia Pi-
per, som er av mine Ættingar, hadde
ein Saud ifraa Ny Skottland, som hadde
fengjet Tvillingar. ”Kvat”, ropad Lady
Dovager Dundizzy (som du veit er
dauv som ein Stokk) ”heve Miss Piper
fengjet Tvillingar?” Av dette Mistak
— kann du skyna — kom heile Laget
til aa læ. Men um Morgon deretter
vart det fortalt allestader, og innan
faa Dagar vart det trutt i heile Byen,
at Miss Lætitia Piper verkeleg hadde
aatt tvau Born, eitt Gutebarn og eitt
Gjentebarn. Og innan ei heil Vika,
visste Folk aa nemna Faeren og det
Bondehus, der Tvillingarne var leigde
ut til ei Amme.

Lady Sneer. Det var daa reint
fælt.

Crabt. Men det er sant, det kann
eg lova for. Men Mr. Surface, er det
sant, at Sir Oliver, Farbror din, vil
koma heim no?

Jos. Surf. Nei, ikkje det eg veit,
Sir!

Crabt. Han heve lengje voret i
Aust-India. Du kann væl knappast
minnast honom, kann eg tenkja. Det
vil vera litet hugsamt for honom aa
koma heimatt aa faa høyra, koss det
heve gjenget med Bror din.

Jos. Surf. Karl heve voret uklok,
Sir, det er vist. Men eg vonar, at
ingjen tenstviljug Aand heve sett upp
Sir Oliver imot honom. Han kann
koma seg.

Sir Benj. Det vonar eg visst og.
For min Deil heve eg aldri trutt, at
Karl er so reint utan Grunnsetningar,
som Folk segja; og um han heve mist
alle sine Vener, so heve dei fortalt

IEEE

meg, åt ingjen er betre likad av Jø-
darne enn han.

Crabt. Det er sant, Frendet! Um
den gamle Jødefjerdingen i Staden
hadde voret eit Samlag, so vilde Karl
voret Aldersformann; ingjen er betre
umtykt hjaa deim. Eg høyrer, at han
bitalar deim likeso store Rentor som
den irlandske Tontine; og naar han
heve voret sjuk, so heve dei latet beda
fyr honom i alle sine Gudshus.

Sir Benj. Ingjen Mann kann leva
paa ein større Fot ern han. Dei for-
telja, at naar han held Lag for
sine Vener, so er det med ei Tylvt av
hans Kaveringsmennar; og der sit ein
heil Hop av Pantelaanarar og ventar
i Forstova, og der stend ein Politite-
nar bak Stolen til kvar Gjest.

Jos. Surf. Dette maa vera til
Nøgje for deg, Sir; men du tenkjer
litet paa, kvat ein Bror maa kjenna
ved ei slik Røda.

Maria (avsides) Vondskapen deira er
fæl. (mes. Lady Sneerwell, Eg maa
segja Farvæl; eg er ikkje rett frisk
idag (Ho gjeng).

Mrs. Cand. Aa, den fagre Gjenta.
Ho skiftar so ofte Leter.

Lady Sneer. Fylg med henne,
Misstres Candour, ho treng til Hjelp.

Mrs. Cand. Det vil eg gjerna.
Den stakkars kjære Gjenta. Kven
kann vita, koss det stend til med
henne?

Lady Sneer. Det var væl ikkje
annat, enn ho kunde ikkje tola aa
høyra, at Karl vart umtalad paa det
Vis, alt um dei nog er usams.

Sir Benj. Ja, den unge Gjenta
er vist ikkje greid.
Crabt. Men difyr maa du ikkje

gjeva deg tapt i dit Fyreset, Benjamin.
Fylg henne og sjaa til aa faa henne i

godt Lag. Les upp sume av dine Vers

fyr henne! kom eg skal hjelpa deg.

Sir Benj. Master Surface! Eg
vilde ikkje segja deg nokot vondt.
Men ver viss paa det, det er reint
ute med Bror din.

Crabt. Ja, dessverre, so reint ute
med honom, som det kann vera. Han
kann ikkje faa laant ein Dalar meir.

Sir Benj. Og dei segja, at alt i
Huset, som ikkje er naglefast, skal
vera selt.

Crabt. Eg heve ikkje set nokon
Ting, som er att der i Huset, utan
noko tome Buttlar, som dei ikkje
hadde set, og noko Ætte-Bilæte, som
var murat fast i Veggen.

Sir Benj. Og eg ottast fyr, at
me faa høyra mange leide Rødor um.
han (han vil ganga).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0171.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free