- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
170

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

170

Fedraheimen.

28de Oktober 1882.

Crabt. Ja, han heve gjort mykje
leidt, d’er visst (han vill ganga).

Sir Benj. Men, daa han er Bror
din — — —

Crabt. Me skal fortelja deg alt ei

onnor Gong.
(Crabtree og Sir Benjamin ganga ut).

Lady Sneer. Der umogelegt for
deim aa sleppa ein, fyrr dei hava

fengjet draga honom reint ned i Skarnet.

Jos. Surf. Og eg trur, at deira
Baktaling var ikkje meir likad av deg,
gode Lady, enn av Maria.

Lady Sneer. Eg trur so nær, at
ho heve større Kjærleik enn me tenkja.
Men heile Huslyden kjem her ikveld;
so.kann de vera her og eta Kvelds-
mat, so kann me sjaa, kvat meir der
kann vera aa gjera. Eg vil ganga
og tenkja ut noko Krokar, og du kann
ganga aa tenkja paa Kjenslur.

Andre Møtet.
Eit Rom i Sir Peter Teazles Hus.

(Sir Peter Teazle kjem inn).

Sir Peter. Naar ein gamal Svein-
kall giftar seg med ei Ungmøy, kvat
heve han daa aa venta? — D’er no
seks Maanader sidan Lady Teazle
gjorde meg til den lukkelegste Mann
— og eg heve voret i den Tid den
ulukkelegaste Hund. Me mukkadst
htt, daa me gjekk til Kyrkja for aa
vigjast; me skjentest dugeleg, fyr dei
tok til aa ringja med Kyrkjeklokkom.
Mitt Galdr var meir enn ein Gong i Kok,
daa me livde i Kveitebraudsdagom
og eg hadde til Slut tåpt all Gleda
i Livet, som mine Vener hadde ynskt
meg. — Og endaa hadde eg valt
med Varsemd, — ei. Gjenta, som var
fødd og alen upp paa Landet, som
ikkje hadde kjent til annan Yverdaad
og Stas enn ein Silkjekjole, og ikkje
hadde visst av onnor Moro enn eit
Danselag ein Gong i Aaret under Kapp-
kjøyringsfesterne. Men no er ho med
i alle dei grummaste Narrestrek, som
til er i den høge Folkemugen og i
Hovudstaden, og det med slikt Lag,
som um ho aldri hadde set ei Buska

elder ein Grasflekk utanfor Grasvenor-|

Hagen. Dei svivyrda meg alle mine
Kjenningar, og eg er komen i Avisorne.
Ho øydelegg all min Medel og øyde-
legg alt mitt Godlynde. Men det
verste av alt er, at eg trur, at eg
held av henne, for ellerst skulde eg
aldri kunna tola alt dette. Men eg

vil aldri vera so vesall, at eg vill.

standa ved det.

Rowley (som kjem inn. No, Sir Pe-
ter, eg er til Tenesta, koss stend det til?

Sir Peter. Mykje daarleg, Master
Rowley, mykje ille, her er berre Sorg
og Sut og Pina og Plaga.

Rowley. Kvat vondt heve det
hendt deg sidan igaar?

Sir Peter. Ein god Spurnad til
ein gift Mann!

Rowley. Eg er daa viss paa det,
at Kona di ikkje er Skuld i, at du er
i daarlegt Lag.

Sir Peter. Heve nokon fortalt
deg, at ho er daud?

Rowley. Kom, kom, Sir Peter,
du held av henne, um de sume Tider
er usams.

Sir Peter. dJa, men ho er aaleine
Skuld i, at me ero usams; for eg er
den godlyndaste Mann, som kann ganga

i tvo Skor; og eg hatar all Mukking,
det segjer eg henne hundrad Gonger
um Dagen.

Rowley. Verkeleg?

Sir Peter.
mest merkjelegt, ho heve altid Urett,
naar me ordkastast. For Lady Sneer-
well og det Drøsarlaget, som ho kjem
saman med i hennar Hus, det skjem-
mer henne reint ut. Og for aa gjera
meg den største Plaga, so hava dei
fengjet Maria, min Myndling, som eg
borde hava Magt yver, til no reint aa
setja seg upp imot meg og forsmaa
den Karen, som eg lengje heve tenkt
paa til hennar Ægtemann, daa ho
meinar — som eg trur — aa kasta
seg reint burt til den Ranglefanten,
Bror hans.

Rowley. Du veit, Sir Peter, at
eg altid heve tillatet meg aa hava ei
onnor Meining enn du um dei tvo unge
Brør. Eg ynskjer berre, at du ikkje
maa verta narrat i di Meining um den
eldste. Naar me tala um Karl, so
torer eg vaaga Livet mit paa det, at
han vil betra seg ifraa sine Fel. Hans
verduge Far, som var min agtver-
duge Herre, var i dei unge Aari paa
sama Vis ein Villstyring; men daa
han døydde, var det knapt nokon, som
var meir avhalden enn han.

Sir Peter. Du tek imist, Master
Rowley. Du veit, at daa Faren døydde,
vart eg ein Slags Formyndar for deim
baae tvo, til at dei ved sin Farbror
Sir Olivers store Gaavor kom til aa
kunne staa paa eigne Føter. Difyr
kunde ingjen døma betre enn eg, um
kvat To der var i deim, og eg heve
aldri i mit Liv teket imist. Josef er
verkeleg eit Mynster for alle unge Men-
neskjor. Han er ein Mann, som heve
Grunnsetningar, og han fylgjer deim.
Men den andre — du kann vera viss
paa det — um han hadde ervt litet
av Dygder, vilde han hava øydelagt
deim med sine andre Ervemedlar. Aa,
min gamle Ven Sir Obver vil verta
mykje leid, naar han fær vita, kor
ille hans Gaavor til Karl heve voret
brukte.

Rowley. Det gjerer meg mykjet
vondt, at du heve so daarlege Tankar
um denne unge Mann, daa det no er
det Tidskifte for honom, som gjeld

mest. Eg heve her nye Tidender, som
vil gleda deg.
Sir Peter. No? lat meg faa
høyra!

Rowley. Sir Oliver er no komen
til Byen.

Sir Peter. Han er daa væl ikkje

det? Eg trudde ikkje dei ventad ho-
nom i denne Maanad.

Rowley. Det gjorde helder ikkje
eg; men Heimreisa hans heve gjen-
get fort.

Sir Peter. Aa, det skal gleda meg
aa sjaa att min gamle Ven; det er
femtan Aar sidan me saag einannan;
me hava livt mange glade Dagar sa-
man; — men vil han enno, at me skal
dylja for hans Brorsøner, at han er
komen heim?

Rowley. Ja det vil han framfyr
alt. Han tenkjer paa aa setja deim
paa Prøve, fyrr han uppedagar seg.

Sir Peter. Det trengst ikkje mange
Kunster for aa læra deim aa kjenna;

Ja, og det som er|

Ji Daude.

men han fær gjera, som han vil. Men
seg meg: Veit han, at eg er gift?

Rowley. da, og han vill snart
vera her og ynskja deg til Lykka.

Sir Peter. Kvat for nokot? det
er det sama som aa drikke paa Helsa
til den, som ligg for Dauden. Aa,
Oliver vil læ aat meg. Det var vaar
Vis, naar me var sanian, a4 driva
Skjemt med Gifting, og Oliver heve
haldet fast paa sit. — Men han maa
no snart vera her. Eg vil no strakst
laga til aa taka imot honom. Men
Master Rowley, du maa ikkje ymta
eit Ord um, at Lady Teazle og eg er
USAms.

Rowley. Nei langt ifraa.

Sir Peter. For eg kunde aldri
tola, at han tok til aa svivyrda meg.
Men eg vilde gjerna, at ban skulde
tru, at me er eit lukkelegt Par.

Rowley. Eg forstend deg. Men
so maa de og vara dykk for aa trætta,
medan han er inne hjaa dykk.

Sir Peter. Ja vist, det maa me,
— men det er umogelegt. — Aa —
Master Rowley — naar ein gamal
Sveinkall gifter seg med ei Ungmøy,
so er han verd — Felen heve Refste
med seg sjølv — (aei ganga ut). — (Meir.)

Fraa Kyrkjesoga.
(Av 0. V.)

Me veit ikkje rett mykje um alle
desse Menn og Kvinnur, som var store
i Kristi Tru i den gamle Kyrkja. Og
der var mange store. Eusebius, som
me heve det meste ifraa, fortel ein
Stad, at det i dei Tider var mange
Ettermenn aat Apostlarne i fyrste Led,
som viste seg som vyrdande Læresvei-
nar av sine store Lærarar. Dei hadde
fatat Gudsordet inderleg og aatte den
friskaste Hug til den Visdom, som av-
segjer det verdslege. Difyr gav dei
ut Godset sitt til dei fatige og foor
ut i den vide Verdi, forkynnte Trus-
ordet og strøydde ut det sælgjerande
Himmeriks-Sædet. Og mange merkje-
lege Storverk gjorde dei, for dei
underfulle vKrafterne aat Gudsanden,
verkad gjenom dei. Desse Evangeli-
star og Hyrdingar kann Eusebius ikkje
eingong segja Namnet paa, fortel han.
Han lyt halda seg til Bisperekkjurne
og slike, som heve latet etter seg
Skrifter. Tidi var ung og frisk og
tenkte ikkje paa aa skriva si Soga.
Det var ein Eldhug og eit Arbeid,
som Verdi aldri hadde set Liken til.
Og som jamt i sterke Arbeidstider
visste dei ikkje annat, enn at dei hadde
si Soga i sine Gjerningar, liksam Kri-
stendomen og hadde sine beste Vit-
nemaal 1 dei. I Skrifterne fraa den
Tidi fær ein ikkje vita stort um Livet,

men mykje meir um Dauden og Fraa-

fallet, for det meste er Strids-Skrifter.
Skulde ein halda seg til dei, laut ein
tru, at Kristendomen var svært illa
faren: at den var vorten ein Kaste-
kjepp fyr heidne og kristne Vismenn.
Men naar dei lærde slost, heldt Menig-
heiti trufast paa Livsordet, som hadde
gjenget fraa Munn til Munn, og som
dei kristne vitnad um baade i Liv og
Og var det nokot dei livande
kristne var i Uvissa um, so heldt dei
seg til dei, som hadde set og høyrt

Apostlarne. For Vismennerne kom tidt

Jmed græsk Visdom i Staden fyr Kri-

stendom. Men kann desse Skrifterne

ikkje segja oss annat, so fær me daa

vita, at Kristi Brur hadde faarlegare
Motmenn 1 dei, som vilde taka hennar
Tru, enn i dei, som tok Livet aat dei
kristne.

Det vilde voret gildt no, um me
hadde fenget visst, korleids Menne-
skjurne vart dregne fram mot Kristen-
domen, men me veit ikkje stort. Det
er reint eit Høve, at me fær vita nokot.
slikt. Dei fleste møter me, naar dei
vitnar um si Tru i Dauden, og det er
ei stutt Soga, men ho fortel nok.

IE
Polykarp.

Polykarp var Bisp i Smyrna i Lit-
leasia. I sine unge Dagar hadde han
set Apostlarne, og han vert endaa til
kallad Læresveinen deira. Og dei
hadde sett honom til Hyrding. Men
ein Stod segjest det berre. at han var
vorten innsett av dei, som hadde set:
Herren med sine eigne Augo, og som
hadde tent Honom. Apostelen Johan-
nes hadde han voret mest i Hop med.
Og det er trulegt og, for ban budde i
Efesos paa dei Tider. Polykarp svipad
mykje paa den namngjetne Læraren
sin baade ved sin Kjærleike og si fred-
same Framferd. Fi liti Forteljing sy-
ner oss, korleids Minnet um Johannes-
var livande bjaa honom. Fingong
møtte han den vantruaude Marcion,
som vilde nøyda honom til aa gjeva.
seg den kristne Broderhelsingi, og han
sagde: ”du kjenner meg daa!” Men
Polykarp svarad: ”eg kjenner deg, du
Satans Frums Unge.” Det hadde run-
net honom i Hugen, kvat Johannes
gjorde, daa han kom inn i Laugar-
stova i Efesos fyr aa lauga seg og
raakad Cernith der. Denne Cernith
lærde, at Kristi Rike skulde verta eit.
jordiskt Rike, der ein skulde eta og
drikka i Kvendelag og fylgja alle sine
Loster. Daa Apostelen saag honom,
snudde han seg til dei, som var med,
og sagde; ”lat oss skunda oss burt,
Laugarstova kunde sturta i Hop yver
Cernith, den Fienden av Sanningi.”

Polykarp gjorde ei Ferd til Rom
fyr aa tala med Bispen der, Anicetus
heitte han. Dei kristne var usamde
um Tidi, daa Paaskehelgi burde hal-
dast. Dei Judekristne i Litleasia heldt.
Paaske den 14. nisan*) liksom Ju-
darne, men dei kristne av Heidnin-
garne vilde plent hava Paaskedag paa.
ein Sundag. Polykarp stod paa 14.
nisan, for paa den Dagen hadde han.
haldet Paaske saman med Apostelen
Johannes. Dei tvo Hyrdingarne kunde
ikkje semjast um detta, men til Merkje
paa, at dei var samde um Kristi Tru,
let Anicetus den andre vigja Nattver-
den i Kyrkja si. ’

I Rom førde Smyrnabyrdingen
mange vantruande inn i Guds Kyrkja
atter, for han forkynnte, at Kyrkjetrui,.
som han hadde fraa Apostlarne sjølve,
var sann, og alt annat var Paafund
av dei vantruande. — Heime i Litleasia
hadde han stor Vyrdnad i alle Menig-
heiterne, og han vart halden fyr det.

*) Judarne hadde Maanemaanadar, so ni-
san kunde koma baade nokot fyrr og:
noket seinare enn April.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0172.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free