- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
171

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

28de Oktober 1882.

Fedraheimen.

171

beste Vitne baade, medan han livde,
og daa han var gjengen burt. ”Jamt
lærde han det han hadde fenget av
Apostlarne, og som endaa vert yver-
gjevet oss av Kyrkja”, segjer Irenæus,
”liksom der helder ikkje er nokor on-
nor sann Læra”. Han hadde visst
mange Læresveinar. Irenæus var ein
av dei fremste. Han nemner tidt Poly-
karp i sine Bøker, og han er allstødt
det mest paalitande Vitne um Trui,

- som ellest gjekk fraa Mann til Mann.

— Polykarp skreiv ikkje stort, me veit
ikkje um meir enn eit Brev til dei
kristne i Filippi, men det vart haldet
svært gjævt, kann ein sjaa. Og det
er boret av den same Anden som Åpo-
stelskrifterne, men det gjev ikkje nye
Tankar og Syner. Polykarp var éi
kristnad Menneskja, men ikkje nokot
annat helder. Og Kyrkjegrunnen var
lagd fyrr, so dei kristne hadde berre
aa byggja paa den.

Han kjenner ingen annan Visdom
enn Kristi Tru. Og Kjærleiken er den
ypparste av alle Dygder, Kjærleiken
til Gud, til Kristus og til Næsten, for
den, som heve Kjærleike, er langt ifraa
all Synd. —Prestarne skal vera milde
og hava Samhug med alle, — dei, som
er komne ut i Villa, skal dei leida
heimatter, — alle sjuke i si Menigheit,
alle Ekkjur, farlause og fatige skal
dei lydast um, og dei skal hjelpa alle.
Gir, Mannemun og Snikjesykja skal dei
ikkje hava. (Meir).

Fraa den katholske Tidi.

(Framhald.)

At Ægteskapet skulde vera eit
Sakrament, kunde nok ikkje Nordmen-
nerne i den fyrste Tidi forstaa. Kyr-
kja hadde ikkje annat med den Ting
aa gjera enn aa passa paa, at ikkje
Skyldfolk kom isaman. Dei gamle
Kristenrettarne veit ingenting um, at
Vigjing skulde vera naudsynleg til eit
rett Ægteskap.

Naar ei Kyrkja var bygd paa ein
Stad, maatte Tufti aldri leggjast i
Øyde. Kvar ny Kyrkja maatte vigslast
av Bispen, som like eins serskilt vig-
slad Altari og Klokkurne. Vart Kyr-
kja so medfari av Eld elder annat,
at ho maatte byggjast um, trong ho
ikkje til aa vigslast paa nytt, utan
naar sjølve Høgaltaret hadde voret
øydelagt elder skamfaret. Kyrkja og
Kyrkjegard var fredheilage Stader, der
inkje Valdsverk maatte gjerast. Vart
det gjort likevæl, fekk Gjerningsman-
nen stor Straff, ja kunde verta lyst
utlæg, og Staden var urein, til dess
Bispen med Bøner og vigt Vatn hadde
skirslat han.

Sundagshelgi vart reknad fraa Nons-
bil (Kl. 3 E. M.) um Laurdagen og
til Maandags Morgonen i Otta (ikr.
Kl. 3 F. M.) Den, som gjorde nokot
Arbeid i denne Tidi, maatte bøta til
Bispen. Kvar Helgedag, og i Faste-
tiderne kvar Dag, var det Kyrkjete-
nest 3 Gonger: Ottesong um Morgonen,
Høgmesse imot Middagen, Aftansong
um Ettermiddagen. Processjonar elder
kyrkjelege Høgtidsferder var mykje i
Bruk; serleg vigtige var dei, som vart
gjorde paa Kristi Himmelferdsdag (Hei-
lag-Torsdag) og dei tri Dagarne fyre

den; daa skulde kvar Prest gaa med
Krossar og brennande Ljos framfyre
seg, lesande Bøner og doggande med
vigt Vatn, ikring Kyrkja og Kyrkje-
garden, og alt Soknefolket skulde fylgja
han; og like eins skulde kvar Husbond
med alt sitt Husfolk gaa ikring Huset
sitt og yver Aaker og Eng og beda
Gud signa Grunn og Grøda. Desse
Dagarne fekk difor Namn av ”Gang-
dagar”.

Av Fastetider var der tri, umframt
kvar Fredag: Langefasta, i 7 Vikur
fyre Paaske, Kvatemberfasturne, 4
Gonger um Aaret, 3 Dagar kvar Gong,
og Jolefasta, dei 6 Dagarne fyre Jole-
dagen. I desse Tiderne (og um Fre-
dagen) maatte dei halda seg ifraa all
Kjøtmat. Stundom hadde dei Faste
paa berre Vatn og Braud og Salt, ja
paa berre Vatn (vatnfasta).

Sjølve Helgedagarne var Festdagar;
daa kunde dei, utanum Kyrkjetiderne,
halda seg lystige og glade. Dei eldste
Kristenretterne fyreskriv, at dei store
Høgtiderne, serleg Joli, skulde høg-
tidast med store Gilde, som fleire
Bønder skulde gjera i Lag (liksom i
Heidendomen) og minnast Krist og dei
Heilage i sine Skaaler. Ølet skulde
(segjer den gamle Gulathings Kristen-
retten) ved Jol og Allehelgensmesse
”signast Krist og St. Maria til Takk,
til gode Aaringar og Fred.”

I vigd Jord skulde alle Kristne jor-
dast, so nær som dei grovaste Brots-
menn, Bannstøytte og Sjølvdraapsmenn >
desse skulde gravast ned i Stranden,
der, som Sjø og grøn Torva møtest.
Lik maatte aldri utan Naud staa ujor-
dat i meir enn 5 Dagar. Naar Liket
kom til Kyrkja, skulde Presten gaa
imot det og syngja yver det dei fyre-
skrivne Bønerne mot lovleg Betaling:
Var ikkje Presten heime, skulde Liket
gravast ned likevæl, og naar Presten
kom heim, skulde dei støyta ein Staur
ned gjenom Moldi til Lik-Kista, og
Presten skulde bhella vigt Vatn i
Holet og syngja Liksong yver Gravi.
Aa grava Lik ned i eldre Grav, so at
der gjordest Ufred mot den, som fyrr
laag der, var forbodet, og like eins
var det forbodet aa kasta daud Manns
uppgravne Bein ut av Kyrkjegarden.
Funne Lik, og Lik av Stavkarar,
skulde førast til næmaste Kyrkja, og
Presten kunde ikkje negta dei Jord-
festing. Kyrkjegarden var utskift etter
dei vigtigaste Stender. Ein Lut var
for Lendermenn, ein annan for Bønder,
ein for frigjevne Trælar, og ein for
Trælar og for ukjende Lik, som var
uppdrivne av Sjøen, og som ein paa
Haarskurden kunde sjaa var Nord-
menn. Den fornæmaste Plassen var
tett med Kjyrkeveggen (”under Tak-
dropen”), den simplaste tett utmed
Kyrkjegardsgjerdet.

Alle Sokneprestar (Sjælesyrjarar)
skulde kvar Sundag preika for Sokne-

folket sitt um Trui og dens Artiklar,

um Daapen og Konfirmasjonen, og læra
baade unge og gamle ”Credo” (Artik-
larne), ”Pater noster” (Fader vaar) og
Ave Maria (Bøni til Jomfru Maria),
og jamt prøva dei i dette, og straffa
dei, som ikkje vilde læra det.
Prestar og andre Kyrkjeforstandarar
skulde idugt undervisa Læge og Lærde

um aa tru paa og æra Kristi Lekam
og Blod (i Sakramentet). Naar det
vart lyft i Messa elder vart boret til
Sjuke, skulde alle, som var tilstades, leg-
gja seg paa Kne med bert Hovud og upp-
rette Hender. — Prestar, som bar det
til dei sjuke, skulde hava Messeserken
paa seg og bera det under ein rein
Duk, og fyre seg skulde dei lata bera
Kross, Klokka og brennande Ljos,
utan dersom det var altfor lang Veg;
daa skulde dei bera det i ein rein
Pung um Halsen.

Presten maatte berre lesa ei Messa
um Dagen, utan paa Joledag, Paaske-
dag, Kvitsundag, Sundag, paa dei
største Festårne, elder naar Lik kom
til Kyrkja, elder naar Bispen hadde
gjevet honom tvo Kyrkjur aa styra;
daa kunde han med Bispens Løyve
syngje tvo Messur paa ein Dag. In-
gen maatte syngja Messse, utan ein
Klerk var med, som kunde hjelpa med
brennande Kjerte og dei andre Ting,
som høyrde til.

Den vigde Oljen og det vigde
Braudet skulde Presten gjøyma under
Laas, og passa paa, at Kalken, Sakra-
riet (det Gjøymsle i Altaret, der det
vigde Braudet laag), Vatsfatet, Døype-
fatet, Messeklædi og ”Corporale” (det
Klædet, som breiddest yver Nattverden)
var reine. Kom der nokot ureint’ til
dei heilage Ting, misste Presten 1 3
Maanader Retten til aa syngja Messe.
Ingen Prest maatte gjeva Folk or ei on-
nor Sokn Sakrament, utan i Naudhøve.

Ingen Prest maatte krevja Pengar
elder innleida nokor Kontrakt elder
orsaka seg med usann Forhindring,
fyrr han forrettad Salving, Liksong,
Brudvigjing elder annat presteligt Em-
bætte. Men dersom nokon etterpaa
ikkje vilde gjeva Presten Fullnad etter
vanleg Vedtekt, skulde han tvingast
til det av Bispen elder Bispens Om-
bodsmann.

Til Egteskap vart lyst paa 3 Helge-
dagar i Kyrkja; kom nokon med For-
bod mot Egteskapet, og Presten fann,
at Forbodet var rett, skulde Egteskapet
skjotast ut, til Saki var avgjord for
dei kyrkjelege Domarar. — Dei, som
gjorde løynlege Festarmaal, kom i
Straff, og Born, som vart avlade i slike
Egteskap, kunde ikkje faa nokot kyr-
kjelegt Embætte. Men dei Prestarne,
som ikkje hindrad slikt, elder som
ikkje lyste paa rette Maaten, elder som
ikkje heldt seg burte fraa slike ulov-
lege Brudlaup, skulde missa Embættet
sitt i tri Aar og kunde faa Straff dess-
utan.

Desse Reglarne, og nokre andre,
vart i Samanheng uppsette og fyre-
skrivne paa eit Kyrkjemøte i Nidaros
1290 under Erkebispen Jørund.

(Meir.)

Fraa Landbruksutstillingi i

Stavanger.
(Brev til Fedrah.”).

No etterpaa, daa ein kann tenkja
rolegt, utan aa verta riven med av
Statsminister Selmers Talur elder av
alle dei Skaaltalur, som vart haldne
i desse Selskap, vil eg freista aa teikna
upp eit og annat, som eg minnest fraa
Utstillingi.

Fyrr eg vaagar meg i Kast med
nokot einskilt av all den Mengdi som
var utsynt, er det best aa greida litt
ut um, korleids denne Mengdi var
ordnat. Heile Utstillingi var skipat
i 5 store Avdelingar. I Avdeling:
Møte med Foredrag og Diskussjon.
II Avdeling: Husdyr. III Maskinar og
Reidskapar. IV alle Slags Framav-
lingar av og for Jordbruk. V Viten-
skapelege Hjelperaader for Jordbruket;
VI Handverk og Industri.

Til heile Utstillingi var innmellt
ikr. 2595 No. Ikring 530 Premiar
vart gjevne. ;

Fyrr eg gjeng vidare gjenom dei
ymse Avdelingar lyt eg segja fraa um,
at her korkje er Tid eller Rom til aa
taka med alt det som var verdt at
nemna. Det er og myket rimelegt,
at ein og annan vil finna, at mangt
av det, som her vert nemnt, burde hava
gjevet Rom fyr eit og annat, som er
sprunget yver.

Og so vil eg beda Lesaren fylgja
med upp paa Borgarmoen paa Eigje-
nes, der Avdeling IT var. Her vil me
fyrst sjaa litt paa alle Hestarne, ialt
ikr. hundrad og firti. Ein Flokk ljos-
gule staute Dyr fraa Baroniet Rosen-
dal, dreg Augat mest til seg, liksom
nokre Hestar, som var utsynte av
Hr. Ingemar Fasting, Voss, er væl
værde aa sjaa. Leidt nok, at desse
Hestarne skal førast ut av Landet.
Men kannhenda netupp slike Dyr bør
sendast ut, daa dei helder kunde vinna
vaare Fjordhestar eit godt Ord og
Avsetnad i Utlandet, so Hesteavlen
vaar vart meir lønande. Vel heve
denne framifraa gode Sumaren gjort
sitt til, at Hestarne er med sers godt
Hold og ser godt ut; men ein kann
likevæl segja, at Hesteavlen hev gjen-
get fram, sidau Hesteutstillingarne kom
i Stand, her paa Vestlandet. Av Bufe
var innmeldt 324 Stykkje. Av desse
var umlag *, av reint norskt Buslag,
som vart dømt fyr seg, og Resten
blandat med framande Slag, mest Ayr-
shire. Mesteparten var gilde staute
Krøter, so det var visst ikkje godt aa
avgjera, kven som var uverdig til
Premi. Fyr Samling av norskt Bufe
fekk M. Nygaard, Sandnes, Sølvme-
dalje, og N. Hagen, Røldal, Extrapre-
mie fyr Samling av Thelemarkskyr.
Som nokot merkjelegt kann minnast
at han kom køyrande med ein stor
Ukse fyr Karjolen. Det kann no ellest
vera eit Spursmaal, um ein Fehand-
lar, som kauper upp store Flokkar av
Krøter og kann taka ut dei besste,
burde kunna vera med aa tevla um
Premie likt med Upp-alarar. 15 Uk-
sar og 68 Kjyr av norskt Slag fekk
Premi. Fyr framande Buslag fekk
Kapt. Kjelland Sølvmedalje fyr Sam-
ling av reint Ayrshire-Fe og Cand. A.
Budde Extrapremie fyr norsk Ayrshire.
I dei Møti, som vart haldne innan Ut-
stillingi, vart der antrat kvasst, um
reint norskt, eller Kryssning med fra-
mande Slags var besst. Fyr blandat
Slag ikr. 40 Premiar.

Av Sauder var innmeldt uppimot
100 Numrar, messt Blanding av Norsk
og Cheviot. Ein liten langullad Is-
landsk Vedr, var lagt sers Merkje til.
Det vart sagt, at han skulde vera av

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0173.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free