- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
176

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

176

Fedraheimen.

4de November 1882. |

haanelser mod dem, der tilhøre en an-
den politisk Side.” Og so tek Bispen
fat paa Vinstre-Uppropet. Et saa fana-
tisk Parti-Opraab, en saa fripostig For-
vrængning af Kjendsgjerninger, en saa
tirrende. Udslyngning af Beskyldninger
og forargelig Omgang med Sandheden,
et saa letfærdigt Ja og Nei med sit
Partis Hensigter — —!" segjer Bispen.
Ein skulde mest tru, at den høgvyrde
Bispen sjølv var ”Avis”-Redaktør. —
Morgenbladet og Fædrelandet — som
hellest no er komne i Luggen paa kvar-
andre — hev her fenget ein Medstridar,
som dei ikkje hev forsømt aa gjera
Bruk av. Men naar me ser den gamle
vyrdelege Kyrkjeherren i slikt Lag, so
kann me ikkje annat enn segja med

Welhaven:

”Hvad vilde du, du sølverhvide Hyrde

i djerve Rovdyrs og Banditters Flok?
Se, Aftensolen skinner paa din Lok,

er du endnu ei træt af Kampens Byrde?

O, du har glemt, at Striden for det gode
er evigt ny og vexlende i Art;

nu er der Jagt med flyvende Standart,
hvor dine stive Grenaderer stode.

Og derfor Skinnet din Betragtning daarer;
du hader Væsnet for den nye Form; —
ak, du var selv vor Sidemand til Storm,
hvis der var Ungdom nu i dine Aarer!”

Budstikka hev alt teket til aa tala
um ”Grunnloven av 4de November” att.
Det stod ikkje lenger paa med den ”17de
Mai”-Stasen. :

Vælbekome Dykk, Kristiania-Vel-
jarar!

Slik kann Morgenbladet skriva um
ein god Mann, naar han ikkje er Hø-

gremann:

”Uden at besidde dybere Studier eller
Indsigter paa noget af de Felter, hvor
man særlig venter at den virkelige Po-
litiker skal være hjemme, er Rektor
Steen efterhaanden avanceret op til de
høieste Stillinger inden den Sverdrupske
Generalstab, og har ved fortsat Lydig-
bed mod Partiparolen kunnet overleve
adskillige Kollegers Kassation og Fjer-
nelse fra Skuepladsen. Hans Hjertes
Higen har imidlertid havt andre Maal,
og lange tantaliske Kvaler, samt Ær-
grelser over vedbliyende i den halve Del
af Aaret at maatte mnedstige til Ludi-
magisterens beskedne Rolle, have hos
ham udviklet en høi Grad af Arrighed
og Biskhed.”

Um Vant paa ”Studier og Indsigter”
som hev Attest
fraa gamle Dunker paa, at han ”er i
Besiddelse af en omfattende Uvidenhed”.
Um ”Arrighed og Biskhed” skriv den
same Mannen, som — etter Professor
Sar”s Ord — ikkje hev gjort
annat i mange Aar enn staa i ein Port

skriv Kristian Friele,

sanne

og gøy paa Folk.

Og ei Skriving som denne, so in-
derleg raa, so gjenom simpel, — den les
vaare ”Dannede” til kvar Dag, les, og
drikk Kaffi, og smattar. ”Slik skal dei
ha dét, desse radikale!”

— Men med Munnen full av slikt
Snakk og med Hjartat fullt av Hat og
Hemn stig so Kristian Friele fram som
Riddar — for Kristendomen. Han er
Riddar for Kristendomen mot Presten
Oftedal, som han prøyer aa gjera
mistenkt, fordi han hev gjort Lag
med Vinstre i Politikken. Paa same
Maaten hev Friele forsvarat Kristen-
domen mot Professor Aubert, som no
skal gjelda for ein halv Kristendoms-

fiende, fordi han er kyrkjeleg Reform-

ven. Det er, som me altid hev sagt:
det. nyttar lite aa vera Kristen, naar

ein ikkje er Høgremann; — men er ein |

Høgremann, so kann ein stiga fram som

Kristendomsriddar, um ein;so er — Kri-
stian Friele.

— Hellest maa me segja, at me ikkje
hev vondtav korkje Oftedal elder Aubert
i denne Saki. Dei gode Herrar hev nok
ikkje voret frie sjølve for aa driva den

Trafikken aa bruka Trui til Vaapen mot

Uvenner, og dei kann altso hava godt
av aa sjaa, kor slikt berav. Hauk yver
Hauk! Der er Rettvisa i Verdi —:

”Der gaar en Nemesis igjennem Livet,
at kunne undfly den er ingen givet.”

Professor Monrad, som skreiv med
Redaksjonstrykk i Morgenbladet, at ei
”dristig” Regjering ikkje vilde vaaga
stort, men tvertimot hava dei beste i
Landet med seg, um ho gjorde Statskup,

-|er for dette sitt halvgalne Snakk komen

i ei leid Knipa. Han skriv Stykkje paa
Stykkje i Mrgbl. for aa forsvara seg, og
der segjer han daa naturlegvis, at han
ikkje hev meint det han skriv, men hev
meint plent det motsette. Og det ståk-
kars ”Fædrelandet”, som fyrr fann det
so ”naturlegt”, um Kongen vilde bruka
Magt, men som no hev vortet moralskt
og ikkje vil vita av det Monrad-Frieleske
Statskup, — ”Fædrelandet” fær no av
sin gamle Medkjempar høyra, at ”gegen
die Dummhbeit kåmpfen selbst Götter
vergebens”, d. e.: mot Faavisaa (Naute-
skapen) kjempar sjølv Gudar til inkjes.

— Det er av sine eigne, ein skal
hava det, Fædreland! — Me maa hellest
Mot Faavisa
kjempar Gudarne sjølv til inkjes, — og
daa naturlegvis endaa meir Professor
Monrad, som nok ikkje er nokon Gud.

gjeva Professoren Rett.

Kristendom, kvar er du? So skriv
”Romsdalsposten” etter Valet i Kristi-
ansund:

”Det segjest med Vissa, at sume
Grossistar hemna. seg paa dei faae Ar-
beidararne, som røystad med Vinstre,
paa den Maaten, at dei gjeva deim Av-
skil og gjera deim arheidslause no imot
den myrke Vetteren. Dei fortelja, at
desse Grossistarne fyre Valet let Arbei-
dararne vita, at dei ikkje vilde faa Ar-
beid ein Dag lenger, soframt dei røy-
stad med Vinstre. Til Vissa eit aal-
vorsfullt Trugsmaal, og dette Trugsmaa-
let skal no vera sett i Verk imot sume
av dei Mennerne, som inkje vilde brjota
Eiden sin og røysta imot si Yvervitning,
endaa dei vaaro so hardt trugade. So
er det sagt, at fleire gjæve Arbeidarar,
paa Alder 35—60 Aar, og alle med
Huslyd, som hava voret i Arbeid hjaa
desse Herrarne fraa 3 upp til 24 Aar,
no ero sette paa snaude Bakken, fyre
di at dei røystad som dei gjorde.

Paa den eine Sida Høgre-Grossistar.
Grossistar, sitjande i Ruggestolen med
Morgenbladet, Havanasigar og Kaffi og
Kyrasaa, lesande seg arge yver di at
Kristendomen skal vera so ettersett,
Grossistar, som taka Braudet fraa Ar-
beidsmannen, fraa Kona og Borni hans,
fyre di han vaagad seg til aa røysta
med Vinstre.

Paa hi Sida Arbeidsmannen med tvo
trauste Hender, som ikkje tener stort
meir en berre or Hand og i Munn; Ar-
beidsmannen med Hjartat fullt av Kjær-
leik til dette Landet, som han ikkje
kunde svika mno, daa det var i Naud;
Arbeidsmannen, som ikkje let seg lokka
og ikkje skræma, som røystad med Vin-
stre etter si Yvervitning, og so vardt
sett paa Porten. — —

”Ærer alle, elsker Broderskabet!”
Er det ikkje so, du segjer, ”Fædreland?”
Bo 36

I Utlandet taka dei no til aa verta
utrygge paa vaare norske Statspapir.
Her um Dagen kom det heim fraa ein
Mann i Frankrike ein Pakke med 300,000
Krunor 1 slike Papir, fortalde ein Rik-
mann i Kristiania liksom klagande.
Franskmannen hadde leset 1 dei utlend-
ske Bladi, at det norske Folket foor
med so myken Styggedom no um Da-
gen, at ein kunde venta det verste; og
so vilde Franskmannen venda sine norske
Statspapir og faa sitt paa det turre,
fyrr en den norske Skuta gjekk i
Aakeren..

Ja, her er fin Trafikk, kann du tru.
Fyrst skriva skamlause Høgremenner
Brev til utlendske Blad og setja ut
Drøsor um ”norske Forhold” so avstygge-
lege, at det er det reine Landssvik.
Desse Brev ero og brennemerkte av Vin-
strepressen vaar; men ”Morgenbladet”
tek deim inn og liksom vigslar deim
lika radt, og i Utlandet sjaa dei sjeldan
stort annat av den norske Pressen en
”Morgenbladet;” det vert sytt fyre det.
So trur Utlendingen alt dette stygge;
han vert rædd dei norske Statspapir og
sender deim hit i ”pakkevis;” og so
kjøpa Høgre-Rikmenner her heile Pakken
til laagaste Pris; dei vita, at vaare Stats-
papir ero fullgode, og! dei gjera ”en pen
Forretning.” e.

Som me veit, er den franske Grunn-
logi av 1791 paa ein Maate Moder aat
Grunnlogi vaar av 17de Mai 1814. No,
Dotteri plar no inkje vera so ulik
Moderi. Etter den franske Grunnlogi
hadde Kongen den utøvyande Maet og
utsetjande Veto paa 4 Åar, so nær som
i Bevilgningssaker og likeins i Grunn-
logsaker. — Forandringar i Grunnlogi
gjekk soleides fyr seg: Naar tri Ting
etter kvarandre samrøystes ynskte For-
andring i ein Paragraff, so skulde eit
”Revisions-Ting” revidera (gjenomsjaa)
denne Paragraffen. Det fjorde Tinget,
aukat med 249 Tingmenner umfram
det vanlege Talet, skulde vera Revisions-
Ting, og det, som detta tok ved, vart
Grunnlog utan kongeleg Sanktion.

Den 30te September svor Kongen
Eiden sin paa denne Grunnlogi. —Fol-
ket trudde altso den Gongen, at det
gjekk an fyr ein Konge aa sverja paa
ei Grunnlog, um ho kunde umgjerast
imot hans Vilje! —

sBaktalingsskule*. For eit Aar sidan
stod det i”Fedraheimen” eit namngjetet
Lystspel av den franske Skalden Moliére,
”Partuffe”, som ogso kom ut serskilt.
Der gjeng det hardt ut yver Hyklardom
og Skinheilagskap. Det er mykje av
den i vaare Dagar og. Me sjaa og høyra
daglegdags, at naar Folk leggja inn eit
godt Ord for vaar Folkefridom og segja
imot deim, som vilja minka den Fridom,
som me heve fengjet med, Grunnlogi,
strakst segja dei: det er Vantru, ”Fri-
tenkeri” og meir stygt, det verste dei
kann tenkja upp. Trui er daa i Faare.
Men um ein av Ufridomsmennerne segjer,
at han tvilar paa eit og annat, men
held Tvilen for seg sjølv, so er han like-
væl ein, som styd Trui og Kristen-
domen. Eg tenkjer mangein vilde hava
godt av aa lesa Tartuffe i vaare Dagar;
ogso der talast der baade um den rette
og den urette Trui og um det rette og
det usanne kristelege Livet.

For tvo Vikur sidan byrjad ”Fedra-
heimen” med ei Umskrift av eit annat
Lystspel ”Baktalingsskule” av den en-
gelske Skalden Sheridan. Det hev gjen-
get med honom som med vaar Lands-
mann Skalden Wessel, som skreiv ”Kjær-
lighed uden Strømper”. Dette Stykkjet
gjorde honom namngjeten og gav honom
eit høgt Rom i Bokheimen. Men det
andre, han skreiv, vart mindre kjennt.
Likeeins gjekk det med Sheridan. Bak-

talingsskule (paa Engelsk: The School
for Skandal) heve voret væl umtykt
allestader, umskrivet paa mange Maal
og spelat paa alle Skodespelhus. Men
hans andre Stykkje heve voret litet um-
tykte. Det er ”den oplyste Del af Na-
tionen”, som det gjeng utyver i Bak-
talingsskulen. Det er dei fine høge
Verdsens Menneskjor, som her vert refst
og snertat rett kraftigt med Svipa. Og
det kann trengjast. Dei sparer ikkje
den ringare Folkelyden dei, skulde ein
tru; dei klandra nok deim som tidast
for alle deira Lyte. Men det gjeng no
so til i Verdi, at Folk ser so lett Ogni
i sin Brors Auga, men ikkje store Stu-
ven i sit eiget Auga. Det er difyr best,
at dei minna seg paa aa draga fyst
denna ut, og sidan Ogni or sin Brors
Auga.

Størtingsval. For Larvik og Sande-
fjord er vald: Adjunkt N. P. Arc-
tander; Varamann Hamnefut O. An-
dersen — Vinstre.

I Drammen er valde: Bormeister
T. C. Bang og Sakførar Rynning;
Varamenner: Byfut Rolfsen og Kaup-
man Broch.

I Brevik Byfut L. Smitt, Varamann
Kaupmann M. Helland.

I Skien Verkseigar D. Cappelen,
Varamann Amtmand U. F. Arneberg.

Ved Valmansvalet i Fjekkefjord vann
Vinstre; i Halden vann Høgre.

Eit kyrkjelegt Stiftsmöte bev vore
halde i Kristiania denne Vika. Mest
vart tala um ”den kristnes Forhold til
Politikken”. Endaa dei ikkje skulde
tala um vaar politiske Strid, taut det
no ut av dei fleste Talararne, at dei var
Høgrefolk. Paa den andre Sida stod
Christopher Bruun og Oddmund Vik.

FEE

SSE

Lysingar.

Qvams Skole.

er tilflyttet den forhenværende Mariboga-
dens Skoles Lokale, Maribogaden No. 11.
Alle Middelskolens Klasser er i Virksomhed,
ligesaa det etaarige Middelskolekursus for
ældre paa Latin- og Engelsklinjen, Latin-
gymnasiets 1ste Klasse og begge Realgym-
nasiets Klasser. Flere Elever kan nu mod-
tages.

åt skule og

Norske Songar :-> ro

Å få bjå ut-

gjevaren, I. Bøhn (held hjå M. Skard),

Foldbu, Gubrandsdalen. Pris 10 ø. +

3 postpng.; 10 for 80 ø. + 10 og 26
for 1.85 + 15; gjerna i frimerkje.

AA. Be-Eo le

ved Andreas Austlid,

Vestmannalagets Utgaava, J. W. Eides Forlag,
kostar 25 Øyror innb.

4 Bøker fritt i Posten ... Kr. 1.00.
12 — EE EET
HTG SE ms 500

naar ein sender Pengarne i betalt Brev til
Bokprentar J. W. Eide, Bergen.

9

ag 6

vLFedraheimen*.
Fedraheimen kjem ut i Kristiania kvar
Laurdag og arbeider for Norskdom, Fri-
dom og Upplysning. Bladet inneheld
Avhandlingar og Smaastykkje um ymse
Dagsspursmaal, dessutan Skildringar, Fortel-
jingar, Folkesegner, Dikt, Nytt, Rispur o. d.
Bladet kostar Kr. 1.10 for Fjordungaaret og
kann tingast paa alle Posthus. Elder Ein
kann senda Brev beint til Kristiania, og
daa med Utskrift: Til Fedraheimens Ekspedi-
tion, Kristiania. Avissak.* Pengar maa fylgja.
I Kristiania Er Ein Bladet i Ekspe-
ditionen, Torggata No. 5 b (Nikolai Olsens

Trykkery).

Sheridans vidkjende Spelstykkje *Bak-
talings-Skule** vert upptekje i Fedraheimen

dette Fjordungaaret.

Kristiania.

Nikolai Olsens Boktrykkeri.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0178.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free