- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
184

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

184

Fedraheimen.

18de November 1882.

og ei Stund, Folk slog stort paa. men
det viste seg, trur eg, at dei ikkje var
mogne til det endaa, dei hadde myki
ugjort endaa, dei kunde ikkje stelle
seg, for dei hadde ikkje lært aa arbeida
rett, dei hadde berre træla og ikkje
stort anna. Det var nok Arbeidskraft,
og kanskje Framtak au, men heile
Stellet hell Institutionarne var so gamle
og utslitne, at det maatte verta anna
Greide med det, skulde det gaa, hell
so laut dei reisa dit, det var betre
Stell sjølve, naar Stellet ikkje vilde
koma til dei.

Alle Interessur baate aandelegé og
materielle vart standande og banka
paa ei Dør, som ikkje vilde latast upp,
og til lenger det leid, til større vart
Møte, til fleire Kantar ifraa kom dei

saman, for alle stod det som ei Steng-

sel denne Politiken. Han kunde formaa
aa samla all Slag Folk, fordi han er
serskilt laga no Politiken vaar, so alle
finn sitt; for baade etter sitt Upphav
og etter sin Maate i det heile er han

aa taka Ideen praktisk, men han er au

aa taka Matstrævet idealt. Strævet
for Hovudet og Strævet for Magen hev
no slegi seg ihop um eit sams Stræv
for Politiken, som soleids hev si Kraft
baate ovatil og neatil, ja paa alle
Leider. Det politiske Spursmaalet no

inneheld Løysning for alle Ting; alt

ifra Kunstmannen og Vitenskapsman-
nen og til Bonden og Arbeidsmannen,
so ventar dei seg betre Tider, naar
det kann verta anna Stell med denne
Politiken.

Um det au ikkje var annan Nytte
ved Politiken, so hev han daa gjort
den Nytten, at han hev samla det
Norske Folk, han hev gjort det, som
her hjaa oss *tykkjest vera noko av
det umogelegaste aa gjera.

Dei talar væl um det sume, at Po-
litiken sløkkjer og kvæver alle andre
Hugar baate for det eine og det andre.
Men dei forstend det ikkje. Er det
Strid, som det gjeldst so myki um, so
er det greidt, at det er meir Von um
det skal verta snart avstridt, naar
Folk legg ifraa seg myki anna for aa
taka i til Gagns, der det er røynand
paa. ;
Er det nokon, som hev mnoko Slag
Hug fyrr, og han so kjem upp 1 Poli-
tiken og sagtnar i sin fyrste Hug, so
vil han væl koma med att, sosnart
det vert so fredsamt, at det kjem Gror
paa slike Tankar att, og daa vil Ar-
beidet hans hava so myki meir Mun,
naar det hev ein stø politisk Grunnvoll
under seg.

Og er det nokonstad Folk hev ikkje
byrjat tenkja seg um og livna til paa
nokor Vis, so hev eg set Prov paa, at
Politiken kann vera ein overlag god
Vekkjar, og eg trur daa, at kvar .god-
meint Høgremann au maa sanna, at
det er betre for eit sunnt Folkeliv, at
Ungdomen samlest for aa sjaa i Bla-
dom og granska Politik enn at dei
kjem saman paa Drykk og Spil og
Fjas med Gjentom. D. u.

Bossuet og Fenelon*).

Bossuet var katolsk bisp, visste at
snu seg, hadde ordet i si magt og stod

*) Utt.: Bossyé, Fenelong.

seg godt med kongen, Ludvig fjortande.
Han hadde ein disipel, som seinare
vart bisp og lærar åt tronervingen i
Frankrike og heitte Fenelon. Denne
Fenelon var ogso veltalande på sin
måte. med varm kensia for sanning og
rett, ærleg og beintfrem, og endå han
var ein utifrå fredsæl og vensæl mann,
kom han i strid med sin fordoms læ-
rar. Det gekk so til. Fenelon skreiv
ei bok, heitte Telemaque, som 1 mange
utgåvor vart spreidd ut yver Evropa
og var skrivi forat visa, korleids gode
og vise fyrstar skal regera. Bossuet
las boki, straks ho kom ut, og ”fann,
at dei siste deler var ein kritik yver
den regering, som var, yver kongen
sjølv og hans ministrar. Heile verdi
såg det, ogso kongen sjølv. Kvifor ut-
giva eit slikt skrift, og ka gagn kunde
det vera for erkebisp Fenelon? Rime-
leg tenker hans vener på, at han ikke
åleine skal verta kend for den beste
skribent, men ogso få den æra, at han
er den einaste, som har mod at segja
sanning1”, Dette er ordi frå ei dagbok
åt ein abbed. Og det var nok so, at
Fenelon åleine hadde dette mod, som
Bossuet var plent fri for. —Derifrå
kom hoffmanshatet, dei likte ille, at
Fenelon ved sjølve hoffet tok på det
despotiske einveldet og vilde få krun-
prinsen burt ifrå den usanning, smiger,
det, ovmod og dei lærdomar, som for-
førde Ludvig fjortande. — Denne einvel-
dige regent vart endaa meir harm yver
eit annat verk av Fenelon. Han fann
det blant krunprinsens papir og kastad
det 1 ovnen, for det talad so klårt og
avgjerande um kongedømet, ka det skal
vera til, at det vart til ram spott yver
hans regering.

I det seger Fenelon til krunprinsen:
”Kvar forstandig fyrste bør ynskja
berre at handheva loverne og at ha eit
statsråd, som set grense for hans.magt...
Har De, utan at smigra Dykk sjølv,
søkt at erkenna grensorne for Dykkar
myndigheit? Har De under-
søkt, ka middel der er til at lindra
tilstandet for undersåtarne, so De ikke
legg andre byrder på deim enn slike, som
statens sanne tarv har nøytt Dykk at
påleggja til gagn for borgarne sjølv?
Det, dei eig, bør berre brukast til deira
eiget sanne vel . . ... Kærleik til fol-
ket, det otfentlege vel, dei ålmenne in-
tresser i samfundet bør vera den ufor-
anderlege faste lov for fyrstarne; denne
lov er kelda til alle dei andre og deira
pålitande målesnor; den, som regerer,
bør vera den fyrste i at lyda denne
grunnlov; berre då steller fyrsten seg,
som det sømer seg for eit krunat ho-
vud, når han gløymer seg sjølv for
skuld det offentlege vel ...... Den
lovlause despotisme hos suverænarne er
krænking av dei rettigheiter, som høy-
rer til det menneskelege brodersam-
fund”. Tvertimot dette hadde kongen
lært av Bossuet. I instruksionen til
krunprinsen ver Ludvig 14de: ”Han,
som har sett kongar yver folki, vil, at
ein skal æra dei som hans statshal-
darar. Det er hans vilje, at kvar, som
er fødd til at vera undersått, skal
visa heil lyding”. Bossuet seger i
sin ”politik etter den heilige skrift”, at
fyrstarne er Guds fullmegtige, hans
stathaldarar på jordi, at den kgl. trona
ikke er trona åt eit menneske, men
Guds eigi . . . at fyrstarne er Gudar
og har i visse måtar del i guddomleg
sjølvvyrde, at deira gjerningar og per-
sonar åleine står undar Guds dom.

Ludvig fjortande hadde fått istand
eit kursus i folkeretten, og der står
millom annat: ”Nationen har ingi
samfundsmagt 1 Frankrige denne er
berre og aaleine i kongens person.”
Og Bossuet i sin ”politik etter d. h.
skr.”: ”Heile staten er i kongens per-
son; i han er magti og viljen åt folket.
Ein bør tena staten på den måten som
fyrsten finn riktigt. Hos han er det
vitet som styrer staten.” Alkoranen

åt Ludvig l4de var: ”Staten det er
eg”, og Bossuet var den Muhamed, som
sette artiklarne inn i den nye alkoran.

Bossuet og Fenelon var no helder
ikke like i religiøs tenkemåte. Fene-
lon talar soleids til sin disipel: ”Fram-

fyre alle ting, nøyd aldri Dykkar un-
dersåttar at skifta religion! ingi menne-
skeleg magt kann storma samvitsfridom-
ens faste borg. Tvang kann aldri giva
menneskorne ei onnor yvertyding; den
ger berre byklarar. Lat der vera bor-
garleg toleranse for alle og søk at
vinna folk med roleg yverteljing!”
Ein kann no tenkja seg, at slike
ord måtte harma kongen, som tok
burt det nantiske edikt, og Bossuet,
som 1 ei preika hadde rost dette ”for
at vera den penaste bruk av regerings-
magti, Og eit verk, som var regeringi
verdigt,” og seger: ”Vort hjerta strøy-
mer yver, når vi kem ihug Ludvigs
fromme liv. Mot himelen stiger vor
jubel upp! og lat os til æra for denne
nye Konstantin, denne nye Theodosius,
denne nye Marcian, denne nye Karl
den store segja det, som 630 kyrke-
fedrar fordum sa på synoden i Kalce-
don: Du har gjort trui fast, Du har
rudt kættarne ut; det er eit verk,
som er di regering verdigt, det er dens
rette serkennée.” (Meir.)

Kristiania, den 17de Novbr.

Skal Loven sova paa Val-Dagen. og
kvart Valstyre kunna fara aat som det
vil, endaa Storthinget hev baade Retten
og Skyldnaden til aa halda Vali reine
og Loven ved Magt, — so vil det gaa
galet med mange Ting her i Landet,
og Stortinget vil tapa mykje av sin
Vyrdnad.

+ Verre enn alt vil det vera, um Stor-
thinget tigjer i slike Tilfelle, daa det
kann sjaa ut som at det ikkje hev Mod
til aa tala.

— I Kristiania ventar sjølve Høgre»
at Valet vil verta umgjort. Det eina-
ste, dei liter paa, er, at Storthinget
stundom hev vist Hug til aa vera ”klokt”
— i Utid.

Den nye Prinsen beiter Oskar Wil-
helm Olaf Gustav Adolf.

Men hans rette Namn skal vera
Gustav Adolf; Resten er berre daude
Namn, som han ikkje skal bruka.

— Dei hev viljat gjera det væl.
Men det er Uraad med det:
kor dei høyrer heime.

ein ser,

Stortingsval. For Kraakerøy er vald:
Overtollbetjent P. O. Nilsen, Varamann
Anton Larsen-Naur —- baade høgre.

I Tunsberg J. V. Harbitz, Vara-
mann I. H, Christiansen, baade Høgre.

Valmannsval. I Holmestrand og i
Porsgrunn er der vald Høgremenner.
No er det berre Årndal (og Grimstad)
og Risør, der Val ikkje hev vore.

I Austagder fær Høgre ved Lag 20
Valmenner, og Vinstre 26.

Demokratarne hev ved det siste Vale
fengje Yvertaket i det amerikanske Fol-
ketinget, 50 fleire enn Republikanarne.
Dei tru det er eit Fyrebod paa, at De-
mokratarne og kjem til aa sigra ved
Presidentvalet um 2 Aar.

Egypten. Det er mno vist, at den
tyrkiske Sultanen sjølv uppmanad Arabi
til aa fri Landet for Engelsmennerne.
Dei hev funne Brevi, han fekk fraa det
tyrkiske Styre, um den Ting.

I Italia hev det fyrr vore vandt for

noko Styre aa faa Fleirtal i Tinget. |:

Der hev vore so mange ymse Parti av

Vinstre. Men etter dei nye Vali hev

det vorte onnorleides. Depretis, som
stend i Brodden for (Venstre) Styret,
vil faa eit Fleirtal paa 400 Mann, me-
dan han berre vil faa 184 mot seg av
alle Slag: Republikanarar (60), Sling-
ringsmenner, konservative.

Santalmissionen vil faa sit eiget Blad
her i Landet og, for Santalkomitéen i
Kristiania vil fraa Nytaar taka paa med
eit Maanadsskrift, som Skulestyrar B.
Pauss skal vera Styrar av.

Retting: I Stykket um Polykarp
stend: ”der han (Ignatius) skulde dø-
mast av Trajan til aa verta kastad fyr
dei ville Dyri” -— skal vera: der han
etter Domen aat Trojan skulde verta
kastad fyr dei ville Dyri.

Lysingar.

Qvams Skole.

er tilflyttet den forhenværende Mariboga-
dens Skoles Lokale, Maribogaden No. 11.
Alle Middelskolens Klasser er i Virksomhed,
ligesaa det etaarige Middeiskoiekursus for
ældre paa Latin- og ’Engelsklinjen, Latin-
gymnasiets lste Klasse og begge Realgym-
nasiets Klasser. Flere Elever kan nu mod-
tages.

oe
a é 3

Vinterkaaber.
Vort Lager af Vinterkaaber anbefa-
les Handlende og Forbrugere i største
Udvalg til billigste Priser hos

Brødrene Dobloug,
Hjørnet af Storg. & Nygaden.

Nye Kjoletoigr.

Til vort Lager af Kjoletøier er an-
kommet ny Forsyning i sorte og coul.
Kjoletøier, der anbefales Handlende og
Forbrugere til billige Priser.

Brödrene Dobloug.
8)
Grundtvigs Levnetsløb
af

H. Brun

erholdes tilkjøbs i Nordmandens Eks-

pedisjon. Prisen er 14 Kroner — sendt

i Posten 14 Kroner 65 Øre.

Paa Ed. B. Giertsens Forlag i Bergen
er udkommet:

GLIMT.

To Fortællinger
(Eline — Gjensyn)
af

Konrad Dahl.
Pris heftet 3.50, smukt indb. 5.00.
heim (nye), I.

Norske Songar :: ce»

gjevaren, I. Bøhn (held hjå M. Skard),
Foldbu, Gubrandsdalen. Pris 10 ø. +
3 postpng.; 10 for 80 ø. q- 10 og 26
for 1.85 —+ 15; gjerna i frimerke.

åt skule og

Q
ag 66

,Fedraheimen*

Fedraheimen kjem ut i Kristiania kvar
Laurdag og arbeider for Norskdom, Fri-
dom og Upplysning. Bladet inneheld
Avhandlingar og Smaastykkje um ymse
Dagsspursmaal, dessutan Skildringar, Fortel-
jingar, Folkesegner, Dikt, Nytt, Rispur o. d.
Bladet kostar Kr. 1.10 for Fjordungaaret og
kann tingast paa alle Posthus. Elder Ein
kann senda Brev beint til Kristiania, og
daa med Utskrift: «Til Fedraheimens Ekspedi-
tion, Kristiania. Avissak.* Pengar maa fylgja.

I Kristiania tingar Ein Bladet i Ekspe-
ditionen, Torggata No. 5 b (Nikolai Olsens
ry kkery.

Sheridans vidkjende Spelstykkje *Bak-

talings-Skule** vert upptekje i Fedraheimen
dette Fjordungaaret.

Kristiania.

Nikolai Olsens Boktrykkeri.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0186.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free