- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
187

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

-

25de November 1882.

Fedraheimen.

187

Haandskrifter av Testamentet paa
Gresk ter det ymse Lesemaatar hell
Brigde, det skal vera 50,000 i det
heile, og 1 det fyrre Aarhundradet tok
dei til aa samanlikna desse og gran-
ska i dei paalitlegste Haandskrifter
for aa finna ut den Formi hell Lese-
maaten, som kann vera den rette og
skreven fraa Upphavet. Det er den
Utgaava, som Tischendorf hev gjevi,
som no er halden for den beste. Difor
synest det saa rimelegt, at Umsetnin-
garne og no bør helst halda seg til
den, for at Folket kann hava Boki
likeso god og rett paa sitt Maal, som
dei Lærde hev fengjet henne i Stand
paa Grunnmaalet.

Det tykkjest au vera rimelegt, at
naar Bibelen skal vera ei Folkebok,
maa ein ikkje leggja nokor Tyngd
paa Lesaren, men helder letta Les-
ningi alt, ein kann. Den Maaten, som
no er den vanlege, er verkeleg aa
plaga Foik, soleids avstaka i Vers alt
saman, so Samanhenget dett mest
sund for ein; det er ikkje bruke-
legt i nokor Bok no hellest; kvi skal
daa Bibelen gjerast tyngre aa lesa enn
andre Bøker! Det er ikkje berre dette,
at det er tungvinnt, men det gjev au
eit gali Inntrykk av Skrifti, at det
berre skal vera som Setningar hell
”Spraak”, som er sette Side um Side,
og som ein difor kann lesa like godt
kvart for seg som i Samanheng, og
som ein hellest kann bruka kvart for
seg serskilt til aa sanna og avsanna
likt og ulikt etter sin eigen Hug. Det
er naturleg so med Bibelen som med
alle andre Bøker, at einskilde Set-
ningar og Spraak ikkje hev sitt fulle
Verde etter sin eigen Ljo og Meining,
men etter den Plass og Meining, det

- hev etter Samanhenget i det heile.

I dei greske Utgaavurne no bruker
dei jamt aa setja det samlinjes, so
lenge Tanken rekk, og skifta det i
Bolkar etter Meiningi og ikkje etter
den vanlege Kapiteldelingi, som ofte
er ei daarleg Deling etter den Grunn
daa, som Vitenskapen no hev fengi i
Samanhenget. Inkje er denne Delingi
so gamal hell, det skal vera ein spansk
Kardinal, som heitte Hugo (f 1262),
som hev gjort Kapiteldelingi som no
er den bruklege, og Versdelingi er
sett til paa 15 Hundra Talet. Fyrr
den Tidi dela dei paa andre Maa-
tar, so kann væl au me hava Rett
til aa dela paa den Maaten, som me
held for den beste. Den gamle og
vante Inndelingi kunde ein setja i
Mergen, men hellest burde det vera
sett til Yverskrifter og Delingar netupp
etter Innhaldet og Meiningi. Det vilde
vera utruleg myki Letting i dette,
Folk vilde koma til aa lesa Boki med
Umtanke, men no er det faae, som
jer det, for det er stor Skilnad millom
det aa lesa ”i ei Bok” hell læra nokre
Setningar og Ord her og der og so
lesa ei Bok i Samanheng. Myki av
den Vankunnskapen vilde koma burt,
som no raar um Bibelen og dens
Bruk. Eg kann ikkje skyna, at Kyrkja
kann hava fullt lett Hjarta, at ho hev
gjort Bibelen kjend og kjær nok for
Allmannen, fyrr ho hev gjort alle dei
Lettingar, som det er Raa, til at Folk
kann lesa den med Forstand.

Det er væl sume; som meiner, at
um Vitenskapen er komen langt fram,
so bør likevæl Folkebøkerne halda seg

so langt tilbake, at dei berre tek upp!-

det, som Vitenskapen hev arbeidt ut so
væl, at den alt sjølv hev komi seg
ifraa det, og at dei ikkje bør taka
upp noko av det, som endaa ikkje er
fullkomleg fullført av den, um au
Principet alt kann vera slegi fast som
visst. Dette tykkjer eg iallfall ikkje
kann ganga for seg med Bibel-Utgaa-
vurne, eg trur den maa fylgja utruleg
tett etter den theologiske Vitenskapen,
nokre Aarhundrad er daa allvisst for
stor ein Skilnad. For Skrifti skal
meir enn andre Bøker tala til det
Fölk, som liver idag, og di maa den
tala paa den Maate og i den Form,
som dei kunnigaste og beste Menn til
kvar Tid held for den rette. — Hellest
kann det nok væl vera noko Faare,
naar Folk ser dei gamle Ord brotne
og bøygde, dei som dei trudde maatte
vera ubrigdeleg 1 all si Tid, soleids
som dei hev set dei, fraa di dei var
smaae, dei kann koma til aa dovna
noko i si Tru paa det heilage og ufor-
anderlege ved Skrifti, men naar dei
fær betre Greide, vil dei nok forstande,
at dei hev vunni paa Byte. For verre
var det, um den Tanken skulde koma
ut, at det vert gjort Fusk, at dei
Lærde hev for seg ein Bibel, som ikkje
er som den vanlege, men at dei ikkje
torer leggja han fram for Folk; dei
maa træ!a med den gamle og upaalit-
lege. Kom slikt ut, so vilde Folk,
som ikkje visste meir, verta so kri-
tiske, at dei ikkje vilde lata myki verta
att som fullt paalitlegt i den Bibelen,
dei hadde og berre skjota til det, at
det er so myki gali i den, so ein kann
ikkje vita anten att hell fram. Men
kjem han sjølv soleids, som han er god-
kjend, so fær dei sjaa, at det daa
ikkje er so myki gali etter Grunnen
lel i den gamle, dei vil nok kjenna
Boki att. For so upplyste Folk, som
no er, vilde det ikkje vera til nokon
Støyt, men til Bate, og var det like-
væl nokon, som vilde taka Støyt, so
vilde Prestarne lett kunde upplysa og
taka Støyten burt.

Ved Bibelumsetjingi paa Norsk og
er det greidt, eg meiner, det var det
rettaste, um ho kunde halda seg etter
det eg her hev nemnt. Men eit anna
er kva som er det klokaste etter Tidi.

Ved eit slikt Tiltak som aa faa
Bibelen paa Norsk er det greidt, at
Motmennerne vil vera passuge, og det
gjeldst daa, at dei ikkje paa nokor
Leid kann faa Tak paa oss og setja
ut vondt um Tiltaket. Bonden er paa
ei Side og Bymannen paa den andre.

Kjem ein med for myki nytt, um det!

kann vera aldri so rett etter Viten-
skapen, berre det vert ein framand
Sving paa noko, og annleids enn det,
dei hev lært, so vil dei leggja det
Norsken til Last, at Maalmennerne vil
vrida um Bibelen, det er difor dei fær
med dette nye Maalet.

Tok ein det formyki etter den van-
lege Talemaaten, so vilde Bymannen
og Bokmannen koma og segja, at det
er for ”bondsk og plat”, og at der
kann ein sjaa, at Norsk er ikkje fint

nok Maal til slikt, og at ein maa takka
til, at ein hev so godt eit Maal som
Dansken til slikt Bruk.

Aasen og Blix hev gjengi utum
baae desse Støytsteinarne, i Romar-
brevet. Det er væl ein god Mun betre
enn det vanlege i Umsetjingi, betre
Sving paa Stilen og greidare Meining *),
men det held seg daa etter det gamle
i det meste.

Dei hev ogso lagat myki etter som
Folk talar, men dei hev daa sers lagt
Vinn paa aa passa Vyrdnaden og ikkje
vaaga seg til aa snu for myki paa dei
serskilde paulinske Talemaatarne og
anna slikt, som liksom er grott inn i
Folk, at so skal vera. Berre no dette
aa segja: Pauli Brev, naar ein skulde
taka det strengt, det er unorskt. Paals
Hatt, er det ingen som segjer, men
Hatten hans Paal hell dilikt. — Men
slikt er noko, som ein maa tola.

Hadde det vori meir av nytt paa
nokon Maate, hadde Folk komi til aa
set mest paa det, men som det no er,
er det Maalet, som er det nye aa kalla
her, so Folk berre fester sitt Auga

paa det og kann samanlikna det med

Dansken og døma, kva dei likar best.
Inkje meir enn ein ny Ting i Senn
toler me; no er dette nytt i Maal, og
Umsetningi av Bugge er ny etter si
Form og Tyding. Naar desse tvo vert
kjende, so vil dei laga ein fast Grunn-
vold i Folkemeiningi, som ein kann
byggja ei fullny Umsetning paa baate
etter Maal og Maate, som kann høva
vaar Tid og vaart Folk.

Det er sumt ved Maalet her, som
eg kunde vilja havt annleids, men
som maa vera for andre sin Del;
men sumt ogso no trur eg helst burde
vera noko paa ein annan Maate. I
Staden for Saal, Daup, Ande, Limer
vilde eg havt Sjæl, Daap, Aand, Lemer
og for Dauden kanskje ogso Døden.
Andre Ord skal eg nemna, som eg
tykkjer er for lite kjende hell for
gamalt til aa brukast her: Kynde,
valdar, gjegnordig, i syndo, Tynsla,
aabryden, Skrifterna, ero og skulo,
(men dei hev kastat Fleirtal jamt i
Fortid). ”Romararne” ser au stivt ut.

Men fell Folkedomen som Domen
min, vil nok slike Smaating slipast av
med Tidi, og fær me heile det nye
Testamente so godt som dette Brev,
daa fær me det etter Folks Krav, daa
fær me ei Bok, som vil vera til Væl-
signing for Kyrkja, til Nytte for Skulen
og til Æra og Prydnad for det norske
Maalet.

Med Romarbrevet hev Aasen og
Blix lagt Grunnsteinen, dei hev brøytt
Veg gjenom ulendt Land, og godt er
det gjort, det skal alle sanna.

Kann Norsken greida Romarbrevet,
som treng so mange tinglause Ord

*) Sjaa til ei Samanlikning ulikt umsett
etter same Teksti K. 5,16.

Den gamle: Og Naadegaven er ikke
som det, der kom formedelst den ene,
som syndede; thi Dommen er vel kommen
af et Fald til Fordømmelse, men Naade-
gaven hjælper af mange Fald til Ret-
færdiggjørelse.

Den nye: Og ikkje er det med Gaava,
som det var med Syndi av den Eine;
for Domen kom fraa den eine til For-
døming, men Naadegaava etter mange
Fall til Fridøming. ;

Bugge hev det endaa noko annleids.

(abstracta), so hev han Evne til aa
greida heile Dogmatiken allvist det,
som trengst paa ein Preikstol; den
treng ikkje staa ibeit, anten det gjeld
Gud hell Mann. U.

" Bossuet og Fenelon.

(Slutten).

Alle edikt, kunngjeringar og stats-
rådsbeslutningar, som frå 1679—1700
er gjorde mot den sokallade reformerte
religion, er hundrad og seksti, upptek-
nade 1 trykt skrift frå 1701, givet ut
etter kgl. privilegium. Men det gekk
ikke, som Bossuet meinte. Trua vart
ikke fast, dei vilde ha fleire katoli-
karar, men der vart færre kristne.
Dei vilde få burt kalvinistarne, men
hvervde tropper til Voltærs her. Frå den
dag det nantiske edikt vart teket burt,
forfall religionen, og kongedømet dalte.
Ved sin død let Ludvig etter seg Frank-
rik fatigt og audmykt og eit hoff, .
som yrde av vantrue folk. Det gekk,
som det altid går: dimeir ein forfyl-
ger i religionens namn, dimeir veks
talet på dei, som liver utan religion.
Fenelon vart dømd for eit skrift ”grunn-
setningar for dei heilige”, deri talar
han um sjølvnegtande kærleik til Gud.
Seinare seger paven i ei tala til nokre
bispar: ”Fenelon har syndat i ein-
sidig at yverdriva den guddomelege
kærleik, men de har syndat ved
mangel på kristeleg kærleik”, og sigtar
dermed serleg til Bossuet, som gekk
framum alle sine medtevlarar i myn-
dig ordhegd og theologisk lærdom, men
stod tilbake for dei alle 1. redeleg
og samvitsfull åtferd. Lamartine har
sagt um Bossuet, at det er rettast at
kalla han med det eine ord ”prest”,
når ein vil segja, kven han er. Ja,
seger Peyrat, men det er ikke ein slik.
prest, som historia syner oss 1 Johan-
nes Krysostomus, som så keisarinna
Evdoksia sanningi med fåre for sitt
eiget liv, elder i Ambrosius, som for-
baud Theodosius, myrdarn av sitt folk,
at gå i kyrkja. Det er ein prest, som
er fødd av religiøse strider, som varde
i 200 år: han er herold og forsvarar
av den absolute magt, som 1 handi
har eit flammande sverd, 1 røysti riv-
ande og trugandetonar. Det er umo-
gelegt at ikke høgvyrda talaren, men
det er umogelegt at elska mannen.
Det gjer ein vondt, når ein må venda
seg frå synet av ein mann, der so
stor ei ånd er saman med so småleg
ein karakter.

Då krunprinsen var død og Fene-
lon etter han i 1715, seger den gamle
kong Ludvig 14 um den siste: ”Det
var ein mann, som vi kunne trengja
til i desse store ulykkor, som heimsø-
ker mitt rike”. Kor litet den seine
anger har at tyda, at setja pris på
geniet, når det er sloknat, og dygdi,
når ho er sokki i si grav! seger La-
martine og legg til: ”Folk er meir
rettferdige i si døming, enn vi trur.
Fenelon elskad, det var hans geni; han
vart elskad, det skal vera hans heider.
Av alle store menner i Ludvig fjor-
tandes store århundrad er ingen, som
i si heile verksemd læt etter seg so
milde og upplivande inntrykk. Fin
må utan ein veit av det leggja nokot
innarlegt i røysti si, når ein talar um
denne mann. Hans heile liv er eit
stort dikt, som viser oss den ædle mann
i kamp med umogelegheiti i hans tid.
Ein seger, at han ikke har genomført
nokon av dei pene ting, han tenkte på.
Nei; men han har gjort meir: han har
givet tanken dertil. I sin tanke har han -
gjort evangeliet til liv i samtundet.
For kongarne har han preikat um dei
heilige rettigheiter åt menneskja, og
for undersåttarne um borgarplikterne.
Han har gerna viljat sjå kristeleg lik-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0189.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free