- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
191

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Er tk Va Lg DE

kom fram! (han fører Sir Peter inn).

2dre Desember 1882.

Fedraheimen.

191

Karl Surf. Jau men! Sir Peter,
Kvat?
Min gamle Formyndar? Kvat? Fr du
vorten ein Løyngranskar no. som ligg
paa Lur?

Sir Peter. Gjev meg Handi di,
Karl! Eg trur, at eg heve mistenkt
deg utan Grunn; men du maa ikkje
vera vreid paa Josef — det var mi
Raad.

Karl Surf. Nei verkeleg?

Sir Peter. Men eg frikjenner deg.
Eg segjer for visst, eg heve ikkje nær
so vonde Tankar um deg no, som eg
heve havt fyr. Det, som eg høyrde
no, heve gjort meg roleg.

Karl Surf. Ja,’so var det godt,
at-du ikkje fekk høyra endaa meir. —
Var det ikkje det, Josef?

Sir Peter. Aa du vilde faa kastat
det heile yver paa Josef.

KarlSurf. Aa ja, det var Skjemt.

Sir Peter. Det viste eg væl, for
eg kjenne Josef alt for godt til aa
tru annat.

Karl Surf. Ja, du kunde like
so gjerne hava mistenkt han som meg

i den Saki. Kunde han ikkje det,
Josef? Så
Sir Peter. Ja, ja! Bg trur deg.

Jos. Surf. (avsides).
tvo var væl paa Døre!
(Ein Tenar kjem inn og kviskrar til Josef Surface).

Sir Peter. Her etter kann henda
me ikkje verta so framande for ein-
annan.

Jos. Surf. Mine Herrar! Tillata
de, at eg fylgjer dykk ner paa Trappi?
der kjem ein Mann til meg, som heve
eit serlegt Ærend. (xenaren gjeng ut).

Karl Surf. Aa, du kann tala
med honom i eit annat Rom. Sir Pe-
ter og eg heve ikkje set einannan paa
lang Tid, og eg heve mykjet aa tala
med honom um.

Jos. Surf. avsides). Dei maa ikkje
vera her aaleine (nes). So vil eg sende
Mannen burt denne Gongi og koma
att strakst (avsides til Sir Peter. Du maa
ikkje nemna eit Ord um den franske
Pyntseljar-Gjenta!

Sir Peter æakte til Josef). Nei ikkje
eit Ord (osef gjeng ut). Aa Karl! Um du
hadde meir Umgjenge med Bror din
so kunde ein vona, at du snart vart
betre. Han er ein Mann med gode
Grunnsetningar. — Ja d’er ingjen Ting
so herlegt i Verdi scm ein Mann med
gode Grunnsetningar.

Karl Surf. Aa, eg meinar, at
han driv det for vidt med dei gode
Grunnsetningarne og heve for mykje
Umsut for Namnet sitt, som han kallar
det, so eg trur, at han helder let ein
Prest koma i sit Hus, enn ei Gjenta.

Sir Peter. Nei, nei, seg ikkje
det! Du gjer honom Urett. Nei, Jo-
sef er ikkje nokot Avrak; men er helder
ikkje nokot reint Heilagmenne i det
Stykkje ævsides. Eg skulde hava stor
Hug til aa fortelja honom — me skulde
daa faa god Moro yver Josef.

Karl Surf. Aa, han er vist so
stød og heilag som ein Klostermann
elder Einbuar.

Sir Peter. Nei, høyr! du maa
ikkje baktala han — han kunde kann
hende faa vita det att — ja —

Karl Surf. Kvat? Du vil daa
væl ikkje fortelja honom? — —

Gjev dei baae

Sir Peter. Nei — men paa ein
annan Maate — avsides. Eg trur, at
eg fortel det til honom we. Høyr!
Heve du Lyst til, at me skal hava
godt Løgje til Josef?

Karl Surf. Jau, det skulde eg
lika rett godt.

Sir Peter. Ja me skal hava Moro
daa, so fær han Lika for, at han uppe-
dagad meg. Han hadde ei liti Gjenta
hjaa seg, daa eg kom.

Karl Surf. Kvat? Josef? Du
skjemtar?
Sir Peter. Hyss! Ei liti fransk

Pyntselgjar-Gjenta. — Og det beste av
Leiken er, at ho er enno inni Stova her.

Karl Surf. Ho er daa væl
ikkje det?
Sir Peter. Hyss! Eg skal segja

deg det (han peikar).

Karl Surf. Bakum Skyggje-Gav-
len! — Aa, Plage! Me maa hava
henne fram!

Sir Peter. Nei, nei! No kjem
han — du maa ikkje gjera det!

Karl Surf. Aajau! Me vil berre
kika inn til den litle Pyntseljar-Gjenta.

Sir Peter. Nei ikkje for alt i
Verdi! Josef vil daa aldri gjeva meg
det til.

Karl Surf. Aa eg skal standa
paa di Sida.
Sir Peter. Aa, der er han! «an

Surface riv ned Skyggje-Gavlen, medan Josef Surface
kjem inn).

Karl Surf. Lady Teazle! Det var
daa underlegt!

Sir Peter. Lady Teazle!

Karl Surf. Jau, det var ei av
dei finaste franske Pyntseljar-Gjentor,
som eg heve set. Det synst som at
de alle hava moroat dykk med aa
leika Gjøymsla her. Men eg veit ikkje
rett, kven som er komen ut or Gjøym-
slet. — Maa eg beda deg, gode Lady,
aa fortelja meg det? — Ikkje eit Ord.
— Min Bror, vil du vera so god aa
greida ut den Saki for meg? — Kvat?
—’Ogso dei gode Grunnsetningar tigja
stilt — Sir Peter! Du heve gjenget i
Myrkr fyrr, kann hende, du ikkje gjerer
det no? — Alt er maallaust. — Ja,
eg kann ingjen Ting gjera ved alt
detta; men eg tenkjer, at den eine

forstend den andre væl — og vil so-

leids yverlata det til dykk sjølve. ean
Min Bror! det gjerer meg ilt
aa sjaa, at du heve gjevet denne gode
Mannen Grunn til mykje Misnøgje her.
— Sir Peter! d’er daa ingjen Ting so
herlegt i Verdi, som ein Mann med
gode Grunnsetningar (han gjeng.

han gjeng).

Jos. Surf. Sir Peter — um eg —
eg tilstend det — dette Syn klagar
yver meg — um du vil hava Tolmøde
— 80 tvilar eg ikkje — at eg skal
greida ut alt — so du vert fornøgd.

Sir Peter. Verso god og tala, Sir!

Jos. Surf. Saki er den, Sir, at
Lady Teazle, som kjenner min Tanke
paa Maria, Myndlingen din, — eg
meinar, Sir — at Lady Teazle, — som
hadde Otte for ditt Aabrydskap — og
som kjende mit Venskap for Ætti —
ho, Sir, segjer eg — vitjad meg her
— med det Fyremaal — at eg maatte
gjera Greida for desse Tankarne med
henne — men daa du kom — og ho
vart forstøkt — som eg sagde — av

dit Aabrydskap — so gjøymde ho seg

— og dette er heile Saki — det kann
du lita paa.

Sir Peter. Det var rett god
Greida paa det heile, og eg torer sverja
paa, at Lady Teazle vil sanna kvart Ord.

Lady Teazle. Nei, ikkje eit einaste
Ord, Sir Peter.

Sir Peter. Kvat? Du trur ikkje
ei Gong at det er verdt aa sanna
Lygni hans.

Lady Teazle. Nei, det er ikkje
eit einaste Ord sant av det, som denne
Fagnamannen heve fortalt deg.

Sir Peter. Det trur eg og, paa
mi Sjæl, Lady!

Jos. Sur f. (avsides til Lady Teazle). For
Plage! du vil daa væl ikkje forraade
meg?

Lady Teazle. Gakk ifraa meg,
Skrymtar, med dine Strik! Eg vil tala
for meg sjølv.

Sir Peter. Ja, lat henne tala
aaleine! Du vil finna, at ho fær til
ei betre Soga enn du, utan Paaminning.

Lady Teazle. Høyr meg, Sir
Peter! Eg kom hit, Sir Peter, ikkje
for aa tala med Myndlingen din, daa
eg ikkje viste um, kvat han meinte
um henne. Men eg kom hit, daa denne
fagre Fuglen narrade meg med Kun-
sterne sine, for aa høyra paa, at han til-
kjennegav meg den Kjærleiken, som han
segjer, at han heve, — um ikkje for
aa missa Æra for hans Kjeltringstrik.

Sir Peter. No trur eg, at San-
ningi kjem fram.
Jos. Surf. Kona er gali.

Lady Teazle. Nei, ho heve fengjet
att Vitet sitt, hans eigen Kunst heve
gjevet meg Tilhøve til det. — Sir Pe-
ter, eg kann ikkje venta, at du vil tru
meg. Men den Medkjensla for meg,
som du nyleg ordade um, og som eg
er viss paa, at du ikkje trudde at eg
høyrde, det heve gjenget so stærkt
innpaa meg, — so at um eg hadde
sloppet for denne skamlege Uppe-
dagingi, so skulde mitt heile Liv her-
etter vitna um, at eg tregar hardt paa
min Utaksemd, og at eg heretter vil
strævå aa vera takksam. Og naar eg
tenkjer paa denne smeik-talande Skrym-
laren, som vilde forført Kona til sin
beste Ven, som hadde altfor god Tru
um honom, medan han letst vilde tala
um sin Hug til Myndlingen hans, —
daa ser eg honom no i det verste og
styggaste Ljoset so at eg aldrig skal
tilgjeva meg sjølv for, at eg lydde paa
det, han sagde (ho gjeng).

Jos. Surf. Um alle desse Umstø-
der er imot, er Himeln mitt Vitne — —

Sir Peter. Aa, du er ein Kjel-
tring. Eg vil yverlata deg til dit eiget
Samvit.

Jos. Surf. Du dømer for rask,
Sir Peter, du skal høyra. Den Mann,

som ikkje vil høyra paa — — (sir Pe-
ter og Josef Surface ganga ut. Josef talande).
(Meir.)
Kakismepreika

um
politikken åt ein kristen.
(Av ein lutersk prest.)

l. Statsformi.
Mine vener, små og store, vert ikke
rædd, ottast ikke, for eg er ikke høg-
lærd, vil helder ikke giva meg ut for

at vera det; men eg har av og til seet
i kakisma og gjort meg ei meining, og
den vil eg ut med. Fyrst vil eg segja
mi meining um Staten. Det er ei inn-
retning berre for dette liv, ei timeleg
ordning med lov og rett i utverdes
ting, ein lovanstalt og ein tvangs-
anstalt for alle, som ger imot og ikke
synest um dens lov og rett. Staten
er verdsleg, av denne verdi, har ikke
at gera med annat enn utverdes og
verdslege ting, med det utverdes sam-
liv på jordi, med jordsida av menneske-
livet; men den er etter syndefallet
plent naudsynleg. Utan den vilde det
ikke verta verande i landet, det vilde
berre verta myrding og røving, folk
vilde bli som ville dyr, den eine
vilde eta upp den andre. Difor har
Gud viseleg og kærleg styrt det so,
at folk har givet sig inn i stats-
samfund under lov og rett og styre-
magt; og der vart, etter som folki for-
meirad seg og spreidde seg ut yver
jordi, mange statar og mange slag av
statsordningar, so staten ikke var ski-
pad like eins yver alt. Den verdslege
historia har somyket at fortelja um
statarne alt frå den eldste tidi, og viser
oss somange statsformer og forandrin-
gar ut genom tidi, Snart er det berre
ein, som styrer og steller i staten,
snart nokre få og snart ’det heile folk.
Dei fyrste statar var heidenske d. e.
dei, som høyrde staten til elder livde
saman i den, var heidningar og trudde
på slike gudar, som vi kallar avgudar
elder folkegudar, for kvart folk trudde
på sine gudar, og der var i den gamle
tid berre eitt einaste, som trudde på
den sanne Gud, nemleg Israel. I Israel
skulde statsformi vera theokratisk, det
vil segja, at Gud sjølv skulde vera den
øvste og einaste styrar og herskar og
konge, og folket hadde i alle ting at
retta seg etter den ordning, han gav
ved Moses. Til nærmere at tyda hans
lov gav han yppersteprestar. På Sa-
muels tid fekk folket hug til at ha eit
menneske til konge yver seg, og Gud
lét folket få sin vilje; fyrst fekk dei
Saul, sidan David og hans ætt, som
vart eit forbilæte på Kristus, den rette
kongen yver Jacobs hus i all æva, men
ikke ein verdsleg konge yver eit rike
av denne verdi. Kristus og hans apost-
lar talar ikke eit ord um, at den bor-
garlege statsordning etter Moseloven
skulde vera ålmennt geldande. Tvert-
um ser vi, at heidningar, som lét seg
kristna, ikke trengde um at retta seg
etter jødiske seder og skikker i det
utverdes. For kristendom er ikke
vesentleg lov med tvang og reglar,
den er evangelium med gode ord og
frelsebod til alle menneske, til alle
land og folk. Der er ikke skilnad på
Jøde og Grækar, træl elder fri, mann
elder kvinna, alle er eitt i Kristo Jesu,
og alle er kallade til fridom. — Utan
lov og bokstav og tvang, berre ved ånd,
ikke utantil, men innantil, gjorde kri-

|stendomen ogso store forandringar i

det beståande og fyrebudde ei heil
umveltning og ei heil fornying av skip-
naden i alle ting, i begrep og sam-
fundstilstand. Staten vart ikke teken
burt, der kristendomen vart ålmenn,
men folk fekk eit nytt syn på staten
og mange forhold i den, der kom ei

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0193.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free