- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
195

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ode Desember 1882.

Fedraheimen.

195

-spottske Smil, at de hava høyrt um

heile Saki. Eg kunde verta galen.

Rowley. Me skal ikkje negta
det, Sir Peter, at me kjenna til det.
Eg møtte Lady Teazle, daa ho kom
ifraa Master Surface, so motlaus, at
ho endaa bad meg leggja inn eit godt
Ord for henne hjaa deg, Sir Peter!

Sir Peter. Veit Sir Oliver det
og, alt dette?

Sir Oliver. Ja, kvar Ting!

Sir Peter. Um Koven og um
Skyggje-Gavlen?
Sir Oliver. Ja, ja, og um den

litle franske Pyntseljar-Gjenta. Aa,
den Røda heve eg havt god Moro av.
Ha ha ha ha!

Sir Peter. dJa, det var rett moro-
samt!
Sir Oliver. Eg heve aldri lætt

meir i mitt Liv, det lova eg for,
ha ha ha!

Sir Peter. Ja, det var mykje
morosamt! hahaha!

Rowley. Ja, og Josef med hans
göde Grunnsetningar, hahaha!

Sir Peter. Ja, ja, hans Grunn-
setningar! — hahaha! den Kjeltringen!

Sir Oliver. Ja, og den Skjelmen
Karl, som drog Sir Peter ut or Ko-
ven, hahaha! E

Sir Peter: Hahaha, ja det var
morosami.

Sir Oliver. Hahaha, jau, eg
skulde vilja set Andlitet dit, daa dei
reiv ned Skyggjegavlen, hahaha!

Sir Peter. Ja, Andlitet mitt, daa
Skyggjegavlen fall ned! hahaha. Nei
eg borde aldri syna meg fram for
nokor Menneskja meir!

Sir Oliver. Naa, naa, eg veit
det; det er ikkje pent aa læ aat deg,
min gamle Ven! — men eg kann, paa
mi Æra, ikkje halda meg for det.

Sir Peter. Og eg bed deg, legg
ingji Tvang paa din Galningskap for
mi Skuld! Det gjeng ikkje meg for
nær. Eg ler sjølv til heile Saki. Eg
tenkjer eg er ei fast Skotskiva no til
Løgje for alle Kjenningar. I Morgo
stend det væl i Bladi aa lesa um Ma-
ster S., Lady T. og Sir P., kann eg tru?

Rowley. Med Aalvor, du maa
ikkje bry deg um det, at Jaalarne læ.
— Men eg ser Lady Teazle kjem i
nærmaste Rom. Du ynskjer vist like-
som ho aa koma til ei god Utgrei-
ding dykk imillom.

Sir Oliver. XKannhenda det er
ikkje godt, at eg daa er her; kann-
henda hindrar det henne i aa koma
til deg. Eg vil lata vaar gode Row-
ley vera her, til aa leggja eit godt
Ord inn imillom dykk; eg sjølv gjeng
til Master Surface att; um eg inkje
kann umvenda ein Ranglar, so skal eg
daa riva Grima av ein Skrymtar.

Sir Peter. Ja, eg ynskjer nog
aa vera til Stadar, naar du uppedagar

for deim, kven du er, alt um dette er

ein reint ubheppeleg Stad til Uppe-
dagingar.

Rowley. Me skal koma strakst
etter.

Sir Peter.
Rowley?

Rowley. Nei, men ho heve latet
Stovedøri standa opi, som du ser, og
ho sit der og græt.

Sir Peter. Ei liti Døyving for ei

(Sir Oliver gjeng).
Ser du, um ho kjem,

Kona kann ikkje skada. Trur du
ikkje, det vil vera godt aa lata henne
vera aaleine ei Stund aa tenkja yver?

Rowley. Aa, du er altfor streng,
Sir Peter!

Sir Peter. Ja, eg veit ikkje, kvat
eg skal tenkja. Du minnest det Bre-
vet, eg fann hjaa henne — det var
vist ifraa Karl.

Rowley. Det var eit faiskt Brev,
Sir Peter, som dei med Yverlegg hadde
lagt so, at det skulde koma deg i
Hender. Det er ein av dei Ting, som
Snake vil kunna yvertyda deg um.

Sir Peter. Aa, eg skulde ynskja
aa vera viss paa det! Sjaa, ho ser
dit! Kor pent ho snur paa Hovudet!
Rowley, eg vil ganga til henne.

Rowley. Ja, gjer du det!

Sir Peter. Men naar Folk fær.
vita, at me er forlikte, so vilja dei læ
ti Gonger meir aat meg.

Rowley. Lat deim læ, og refs
deira Vondskap aaleine med det, at
du viser du er lukkeleg, til Traass
for alt Slarv.

Sir Peter. Ja, det vil eg, og tek
eg ikkje imist, so kann me enno verta
lukkelege.

Rowley. da, det var rett, Sir
Peter. Den, som ei Gong heve lagt
av sin Misstanke — —

Sir Peter. Stopp, Master Rowley!
Heve du nokon Vælvilje til meg, so
maa du ikkje koma med nokor Preika,
for av deim heve eg høyrt so altfor

mange i mit heile Liv (dei ganga un.
(Meir.)

Kakismepreika
um
politikken åt ein kristen.
(Av ein lutersk prest.)

2. Statenogreligionen.

Den gamle staten var’sambunden
med religionen på en slik måte, at
det ikke var tenkjande på at- skilja
dei åt, serleg galt dette um det store
romarske rike. Difor vart der ogso i
statens namn gjort motlegg mot den
kristne tru, då ho begynte at få fram-
gang bland Romararne. Desse hadde
ein gamal lov, som forbaud framand
gudsdyrking at setja seg på sida av
den, som var statens. Og då kristen-
domen ikke som mange framande hei-
denske religionar vilde smyga og
smetta seg fram, då vart der eit styr
og eit ståk og ein skrik imot, so det
var reint forfælande. Korki stat elder
folk hadde Tanke um at vera tole-
rante, det er, la kvar dyrka sine gu-
dar på den måten, han fann at vera
best, og dei gudar, han hadde hug til.
So skulde då helder ikke ein kristen
få vera i fred og tru på sin Gud, når
han ikke ogso samstundes vilde ofra
til statens gudar og æra Keisaren som
gud. Ja sovidt var det komet, at
sjølve statsmagti vart forgudad. Det
er fælt at tenkja på, men det var so.
So måtte vel og dei kristne koma ihug
Kristi ord, um ikke berre at giva kei-
saren det, han skulde ha, men ogso
Gud det, som er Guds, so måtte dei
vel minnast apostelordet, um at lyda
Gud framfyre menneskjor, og endå for-
stod dei ordet um at vera all menne-
skeleg ordning undergivne, og at all
styremagt i det utverdes og verdslege,

i staten, er av Gud. So forstod dei,
at ogso den ugudelege styremagt skal
lydast i alle ting, som ikke er mot
Guds ord og bud. Kor myket enn
styremagti i staten vil setja seg fram
som ein gud, kor mange der enn er,
som forgudar henne, den kristne vil
då altid berre halda seg til den eine
sanne Gud, anten det berre er ein
mann, som styrer, elder heile folket
styrer seg sjølv; han vil aldri tru
korki på keisarguden elder folkeguden.
Den kristne veit altso at gera skilnad
millom staten og religionen, og som i
hi gamle tidi vil han ogso no arbeida
på, at staten ikke ger seg sjølv til
religion.: Ka skal vi no segja um den
staten, vi liver i, og den styremagt,
som gjeld i vårt land, er den so vel
foreint med religionen, at den, som vil
tru på kristendomen, lyt ogso tru på
staten og styremagti som på Gud? Um
so var, er vi ikke komne lenger enn
heidningarne. Dei, som ikke ger skil-
nad millom den norske statsforfatning,
vår borgarlege ordning, vår styremagt
på den eine sida og den kristne re-
ligion på den andre, ka skal dei ret-
teleg heita? Og ka skal vi kalla deira
tru og læra? Kristeleg er den ikke,
langt derifrå, sjølv um dei vil, den
skal heita so. Det er ein politisk re-
ligion, politisk kristendom, den tru
og læra, at berre ein viss politikk,
som visse folk set fram, kann for-
einast med kristendomen, og at dei,
som er imot den eine, er difor og mot
den andre. Av denne læra fylgjer, at
kristendom er bunden til ei viss stais-
form, som serleg er av Gud, og solenge
denne statsform ikke fanst, var der
helder ingi kristen tru. Men no er
der eit parti i vårt land, som meiner
seg hava funnet den eine rette stats-
formi, som kann foreinast med den
kristne religionen, dermed har dei då
ogso funnet upp religionen sjølv, og
dei reknar ogso berre slike for truande,
som fylgjer deira politikk. Der er eit
parti, som trur likso myket på politik
som på kristendom, den eine høyrer
likso myket til deira religion som den
andre. Dersom dette parti ikke snart
døyr ut, vil det giva seg elder få eit
sers namn i historia. Eg vil nemna
dei ”politikkdyrkande” so lengje, og
deira læra den ”moderne politikktru”,
og vil åtvara alle mot den som ei
falsk og fårleg læra. Den ”moderne
politikktru” må etter sitt vesen vera
fanatisk og intolerant, og det verste
er, at ho vil gelda for kristendom, og
netupp fører burt frå den eine kriste-
lige apostoliske grunnvoll; ho tek vel
ikke beintfram Kristus burt, men ho
set si statsform ved hans sida og på
ein syrgeleg måte riv dei godtruande
med seg. Den er serleg tiltalande for
vår vonde natur, for meunesket vil so

gerna stola på eiget verk og gerning,|,

på eigne påfunn og innretningar, på
menneskeleg ordning og styring. Etter
politikktrua er ikke kristendomen frel-
severket åleine, men berre i samband
med ei viss statsform, statsidealet, det
politiske ideal, den fullkomne rege-
ringsform på jordi. Det er no ikke
få som er komne inn på denne ”mo-
derne tru;” eg har høyrt og séet mange
ytringar frå henne, og ho held på at

breida seg ut yver heile landet. Ho
kem so fint med det, som alle parti
ger 1 fyrstningi, ho kem fyrst med
dette, at der er somyket vantru iblant
oss, Og at der er somange, som arbei-
der for den moderne vantru, som ikke
vil vita av stat elder styremagt, men
berre snakkar um folket og folkelegt
sjølvstyre og folkesuverænitet, og vil
at folkets røyst ska vera Guds røyst.
Tenk for ei vantru, seger dei, sjå på
all denne røring og høyr alt dette
prat um fridom og likheit, og kor litet
ein no bryr seg um det fjorde bud og
yverheiti.” Skal denne moderne vantru
breida seg ut, kem venstre til at vinna
og få fleirtal, so får vi krig, so misser
vi kristendomen, so vert det berre heid-
ningar alle ihop. Soleids på lag talar
den ”moderne politikktru” i vårt land,
og der er mange, som går frå hus til
hus for at få den i fleirtal. Og det
er ikke berre lægfolk, som er med i
at arbeida for denne ”moderne tru”.
Altso den ”som vil bevara den kristne
tru for vårt land og folk, han stande
på vakt!” — Og lat oss ikke vera rædd
for at tala beint fram; mange av dei,
som er med høgre i politikken, er og
med på at få den ”moderne tru” inn-
førd, ei tru, som i sitt indre vesen er
antikristeleg. Lat oss preika mot denne
tru, lat oss halda menneskesetningar
og sjølvvald gudsdyrking burt frå kri-
stendomen, iat staten arbeida for den
sanne kristendom, men ikke for ei
ukristeleg samanblanding av politikk
og religion! Og alle, som har syn for,
kor forderveleg og fårleg er slik saman-
blanding er båte for kyrkja og for
staten, arbeid på ei ordning for kyrkja,
at ein prest her i landet, når han
preikar sann kristendom, ikke skal
verta forfylgd for sin politikk, ikke
skal vera ein træl under staten, når
han ikke ger mot landets lovar, når
han betalar sin skatt og ikke fylger
annan politikk, enn han kann forsvara
for Gud og sit samvit og som ikke
openlyst strider mot kristendomen. Vil
den norske stat vara um den luterske
kyrkja, so lat presten fritt forkynna
den luterske læra, og lat det vera ei
kyrkesak, um han bevisleg forkynner
ei læra, som er ulutersk, lat kyrkja
avgera den ting, og lat staten gripa
inn fyrst då, når han preikar upprør
og umvelting. Men er det nokon, som
trur, at prestestandet berre då er kri-
stelegt og lutersk, når det held seg til
ein viss politikk, då er det ikke kriste-
leg tru, men den moderne politikktru,
som med tvang vil ha presten til at
tala si sak. Eg har lovat at forkynna
den luterske læra, og dermed ogso
vera mot alt, eg held for ulutersk,
sosom ”den moderne tru”. Vil no
staten, at eg skal bryta min lovnad?
Eg vonar, den ikke vil.

Ludvig den l4de og Hoffet hans.

(Utdrag af H. Taine: Esswis de eritique et
d’histoire etter Historisk Aktiv.)
(Framhald fraa No. 39*).

Me fortalde sist, at Broder til Kon-

gen og alle hine Hoffmennerne laut
*) Lesaren fær ikkje vera vond, fyr di detta

kjem so seint, men Umsetjaren hev voret
ein Sving uppe i Politikken.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0197.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free