- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
196

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

196

Fedraheimen.

9de Desember 1882.

sitja utanfyr Soveromet til Kongen,
tildess Kongen skulde leggja seg, og
at dei laut venta i 7 lange og 7 breide,
og at Kongens Broder jamnaste sat
paa ein Stol og sov.

Endeleg let Kammertenaren til
Kongen, Bloin, Dørerne upp. Bloin
er mykje til Mann. Sæl er den Adels-

mannen, som ser seg Kans til aa faa

snakka eit Ord med honom. Kongen
kjem inn og fer til aa hava av seg
Klædi, og hine steller seg upp i Ra-
der umkring han. Dei, som er lengst
bak, stend paa Tærne til aa faa berre
ein liten Glytt av han, Dei misunner
den Prinsen, som hev det Gjerefaret
aa fli Kongen Skjorta, og den, som fær
den Æra aa halda Ljoset.

Og so gjeng Kongen til Kvila, og
Hoffmennerne hev seg burt. Men fær
dei so vera i Fred? Nei, no lyt dei
skunda seg og aka til Mendop, for
det er ein AÅdelsmann, Marskalk d
Uxelles, som kvar Dag sender Kanin-
hovud til Bikkja aat Frilla aat Krun-
prinsen, og difyr lyt dei no gjera seg
til Godvener med einkvar av Kammer-
tenararne. Men endaa hev dei mykje
att aa gjera. Det er ikkje nok aa
gjera seg til Godvener med Monseig-
neur og Kammertenararne hans og
Frilla hans og Bikkja til Frilla, dei
lyt blidka Frilla til Kongen og, Madam
de Maintenon, og Venen hennar, Her-
tugen av Maire, som er Lausunge til
Kongen, og som er slik Sæling, at han
gjeng til Skrifte fyr aa sleppa aa fara
til Heren i Flandern. Men skal dei
smeikja seg inn hjaa Hertugen av
Maine, lyt dei fyrst gjøla fyr Hertugen
av Vendöme og helsa fælt so stort
paa han; og det kann nok lata seg
gjera au, soframt det vinglar so til,
at han ikkje er drukken, naar dei
kjem. Men endaa er det mange att,
som dei lyt gjøla fyre, so dei hev
fulltupp aa gjera. Det hjelper litet
aa vinna Prinsarne fyr seg, naar dei
ikkje fær Ministrarne paa si Sida og.
Og det er ikkje berre Ministrarne
helder, men Skyldfolket deira og Ve-
nerne og Tenararne deira lyt dei god-
snakka med. Um Morgonen lyt ’dei
lyda Messa, so Madam de Maintenon
kann sjaa dei, um Formiddagen lyt
dei helsa paa Hertuginna av Bour-
gogne, og so lyt dei lyda innum til
Hertuginna av Orleans, soframt ho
ikkje jagar dei av elder Hertugen firer
ut ein lang Kjeft. Lenger fram paa
Dagen lyt dei vera til Stadar, naar
Kongen spelar Billard, naar han er
ute og reikar umkring, er paa Veide-

stig elder held Gjestebod, og so lyt

dei vera hugtekne, naar han segjer
eit naadigt Ord til dei, og graata av
Gleda, naar han smiler, og allstødt
leggja ut um, at dei høgvyrder han.
Og so lyt dei gaa paa Reveklør, gjera
seg mjuke, aka med han, venta i For-
stova; eit tomt Liv! krjupa som ein
Tenar, og Uro som ein Handelsmann.
Slikt er det Livet, som Einveldet legg
paa Hoffmennerne.

Men er detta Livet tomt paa aande-
legt Innhald, so er Pengefortenesta so
mykje større. Daa Hertugen av Orle-
ans hadde gjort Law til Generalkon-
trollør, so skulde han trøysta Hoffmen-
nerne fyr det og gav mange Pengar

til fleire av dei. Han gav 600,000
Livres (ein Livre er umkring 70 Øyrur)
til La Fare, som var Kaptein ved Liv-
vakti, og 100,000 Livres til Castries,
som vartad upp hjaa Hertuginna av
Orleans, 200,000 Livres til den gamle
Prinsen av Courtenay, som trong hardt
um dei; Prinsen av Talmont fekk
20,000 Livres i Naadeløn um Aaret,
og Greven av La Marche, som knapt
var 3 Aar gamal, fekk 60,000 ein Gong
fyr alle. Den franske Adelen trong
um Pengar paa den Tidi. Fyrr hadde
han livt heime paa Borgerne sine og
trassat Kongen, men no strøymde han
til Versailles og skulde te seg der med
Drust og Dramb, og daa det kostad
meir enn han hadde Raad til, heldt
han paa no og døydde seg ihel av
Svult, og laut daa tigga Kongen. Og
han var nærmast til aa hjelpa dei og;
for han skulde liksom vera Fader fyr
Folket sitt, men Folket — det var
paa den Tid berre Adelen; alle hine
hadde ingen Rett.

Her er nokre Prøvyur paa, korleids
dei tagg Kongen.

”Herre Konge, ver so naadig og
tenk paa mine smaa Forretningar;
eg-hev Kreditorar, som er etter meg,
set dei paa Bastillen, so fær eg Fred
fyr dei.”

Ein annan sender inn ein sovoren
Søknad: ”Eg hev sett ei Dotter i Klo-
ster, ein av Sønerne mine hev eg gjort
til Munk og ein til Prest, endaa han
ikkje var hugad paa det; gjer no so
væl og trøyst han med eit Abbedi, og
gjev eldste Son min eit Embætte.”

Ein annan bed um aa faa eit Gods,
som Kongen hev teket fraa ein Prote-
stant.

« Ein annan segjer so: ”Vognerne
mine kostar fælt mykje; gjev meg
Pengar liksom Hertugen av Grammont
fekk; han fangad ein Protestant, som
hadde rømt, og som var dømd til aa
bøta 12000 Livres, og fyr det fekk
Hertugen af Grammont 50,000 Livres.
Lat meg og faa ein Protestant, det
same kven det er, elder Rett til aa
krevja ei Avgift paa ei 20—30,000
Livres av Sjapperne elder av den offent-
lege Skyssen. Endaa um det er Bor-
garar, som fær betala, er Pengarne
like gode fyr det.”

”Herre Konge, Kona mi er ikkje
tru, set ho i Kloster.”

”Herre Konge, det er ein ung Mann,
som gjeng paa Friing til Dotter mi,
set han paa Bastillen.”

Alt slikt skal daa Kongen greida
med. Han dømer i alle huslege Spurs-
maal, segjer til Mannen, at han skal
setja Kona si i Fangehuset, og til
Faderen, at han skal gjeva Son sin ei
dugeleg Skrape. Kongen er den Penge-
sekken, som dei skal fylla Lummurne
sine utor, han er den Staven, som skal
refsa Fiendarne deira. Han er den,
som kann gjeva dei Rang og Titlar;
det stunda dei alle ihop etter; kann
dei berre faa seg ein Titel, bryr dei
seg ikkje um Faare, og daa gjer dei
med Glede det styggaste, som finst.
Samfundet er fyr dei liksom ein stor
Stige, og alle slæst og braakar fyr aa
koma eit Steg høgre upp og misunner
og skjeller paa dei, som er ovanfyr.
Øyst uppe, paa det høgste Steget, stend

Kongen sjølv i yvermenneskjeleg Glans,
liksom Jupiter paa øvste Tinden til
Olympos. Han er so høgt yver Folket,
at det knapt synest vera same Grjotet
i honom og 1 det stakars Kreket, som
kravlar umkring i Dufti, djupt under
Føterne paa den simplaste Tenaren
hans. Jamvæl store og gaaverike
Menner kranglad i Aarevis um aa
koma eit Steg lenger upp.

Madame de Guise var Barnebarn
til Kongen av Frankrike, og Mannen
hennar hadde ikkje kongelegt Blod i
seg, og difyr stod han djupt under ho.
Kvar Middag flidde ban Salveten til
ho, og naar so ho hadde sett seg i
Armstolen og breidt ut Salveten, so
sagde ho til Tenaren, at han skulde
duka fyr honom, og daa fyrste fekk
Mannen Lov til aa setja seg ved hin
Enden av Bordet. Graahærde Gubbar
helsad mjukt paa unge Gyplingar, som
stod yver dei i Rang. Soleids lutte
den namngjetne Admiralen Tourville
seg djupt fyr ein ung Hertug, som
nettupp var komen fraa Skulen.

Det var slikt stivt og flokutt Cere-
moniel paa Kongsgaarden, at i vaare
Dagar var det ikkje andre enn kine-
siske Mandarinar, som kunne læra
slikt. Kongen hadde likso lange og
aalvorsame Raadleggjingar um aa
stella til ein Rang-Regel fyr Frille-
Sønerne sine, som det skulde gjelda
dei største Statssakerne.. Det skulde
eit heilt Geni til fyr aa setja ihop ein
Rang-Regel som denne:

Frillesonen til Kongen, Monsieur de
Maine, skal hava Lov til aa bera same
Slags Hatt som Prinsarne av Blodet,
men som ikkje dei øvste Adelsmennerne
(Pairarne) hev Rett til aa bera. Men
naar han skal sverja, skal han sverja
den Eiden, som Loven krev av Pair-
arne og ikkje av Prinsarne, og korkje
han elder Pairarne skal hava den Æra
aa gaa tvert yver Golvet; det hev berre
Prinsarne Lov til. Ein skal nemna
Monsieur de Maine og Pairarne med
Namn, men det skal ein ikkje gjera
med Prinsarne, og naar ein helsar,
skal ein taka Hatten djupare av fyr
Prinsarne enn fyr hine. Naar Mon-
sieur de Maine kjøyrer til Kongen,
skal ein Mann av Dørvakti fylgja han,
baade naar han stig ut or Vogni og
naar han stig inn. Prinsarne av Blo-
det skal hava tvo Mann til aa fylgja
seg, men Pairarne ingen.

Naar ein les slikt, so skynar ein

I betre Grunnen til den store franske

Revolusjonen.

Kristiania, den 8de Desbr.

Den nyfødde Prinsen, som alt er
Hertug av Skaane og Riddar elder Kom-
mandør elder Storkross av tvo Ordenar,
ligg no um Dagen og søv i Vogga hans
Karl den tolvte.

Um Karl den tolvte melder Soga,
at han var ein halvgalen Mann, som
øydelagde Sverig med sine endelause
Krigar, gjorde tvo Herferder mot Norig
og vart skoten av ein norsk elder svensk
Mann paa Norigs Grunn.

Me fær vona, at den nyfødde Prin-
sen og Hertugen ikkje vert nokon Karl

«den tolvte, fordi um han ligg i Vogga

hans. Gustav den 4de, som og var

halvgalen, batt paa seg Karl den tolvtes

Sverd, men vart ingen Karl den tolvte

for det.

Smaae og store Bokstaver. Det sven-
ske Riks- og Hoffbladet ”Posttidningen”
tek til aa prenta Kongen og Dronningi
med store Bokstavar: HANS MAJE-
STÆT KONGEN, HENDES MAJE-
STÆT DRONNINGEN.

Derimot vert Vaarherre prentad med
smaatt som fyrr.

I Bibelen stend: Den Æra, som bør
Æra; no fær ein kanskje leggja til:
Den Stas, som — treng Stas.

So mykje er visst, at kaun dei store
Bokstavarne hjelpa nokot mot Republi-
kanismen, so var det aldri verdt aa
spara!

Det hev gjenget smaatt med Novem-
berlaget i seinare Tid, fortel det i Aars-
meldingi si. Faae nye er komne til, og
some av dei gamle — er daude.

Åa ja, dei gamle døyr. Og dei
unge, — dei gjeng sine eigne Veger.

Det er ikkje urimelegt, at Novem-
berlaget kjem til — beintfram — aa

døy ut.

Det siste Stortingsvalet var i Arndal,
som vél saman med Grimstad. Men
Grimstad-Valmennerne kom ikkje fram
for Snjofok so Arndølerne maatte velja

aaleine. Dei tok den, dei hadde fyrr:
O. Schrøder, og til Varamann J.
Hanssen. .

Åv Stortingsmennerne er Jaabæk og
Motzfeldt dei eldste, dei er fødde i 1814,
Nikolai Sørensen den yngste, han er
fødd i 1850. Jaabæk er og eldst som
Tingmann, han var fyrste Gongen paa
Tinget 1 1845. 36 av dei, som no er
valde, hev ikkje vore paa Tinget fyrr.

Knut Nilsson beiter ein Nordmann i
Åmerika, som no er vald til Stortings-
mann fraa Minnesota. Han er den fyrste
Nordmannen som sit 1 det amerikanske
Stortinget.

Arabi vart dømd av med Livet, men
naada med Landlysing. Det er sagt at
han skal taka Bustaden sin synst 1 Afrika.

Dei som ikkje vil hava Fedrahei-
men lenger en Aaret ut, maa segja
ifraa i Tide.

Lysingar.
Qvams Skole.

er tilflyttet den forhenværende Mariboga-
deris Skoles Lokale, Maribogaden No. 11.
Alle Middelskolens Klasser er i Virksomhed,
ligesaa det etaarige Middelskolekursus for
ældre paa Latin- og Engelsklinjen, Latin-
gymnasiets 1ste Klasse og begge Realgym-
nasiets Klasser. Flere Elever kan nu mod-
tages.

66
,Nordmanden*,
frisindet Folkeblad, udkommer i Kri-

stiania i 2 Udgaver:

Den daglige Udgave

koster Å kr. 80 Øre Kvartalet, Post-
penger iberegnet. 5’eller flere Eksemplarer
koster Kr. 1.50 for hvert, 10 eller flere å 1.40.

Tgeudgaven,

som indeholder et Uddrag af den daglige,
udgaar hver Torsdag i stort 6-spaltet Format
og koster med Postpenger Kr.0.83 for Kvar-
talet; — 5 Eksemplarer koster Kr. 3.50, 10
Kr. 6.50.

For 1 Dollar

vert Fedraheimen send til Amerika i
8 Maanadar,

rane ors

Kristiania.
Nikolai Olsens Boktrykkeri.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0198.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free