- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
202

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

209

Fedraheimen.

23de Desember 1882.

ventad Heidningarne, at dei fulla kunde
pina honom, til han sagde det han
ikkje meinte. Men der tok dei i Mist.
Endaa dei prøvde alt dei visste. fekk
dei ikkje ut or honom, kvat han heitte,
kvat Landsmann han var, ja ikkje
eingong, um han var Træl elder fri-
boren. ”Eg er ein kristen!” sagde han
paa Latinsk, og med det laut Heid-
ningarne lita seg: han vilde ikkje heita
etter andre enn. Kristus. Landshov-
dingen og Meistarmennerne vart so
sinnade paa honom, at dei sidstpaa
var reint uppraadde. Men daa fann
dei paa aa leggja glodheite Kopar-
skjeljar paa Likamen, der det maatte
vera saarast. Det gjorde lika mykje,
han heldt paa med sitt, for han var
”kveikt og magnat*) av Kristus med
Livsens Vatn fraa Himmelkjelda, som
gjeng ut ifraa hans Liv.” Likamen
aat Sanktus var i eit Saar, og han
saag litet ut som ei Menneskja. ”Men
Kristus, som leid i honom, fekk Heider
og Æra” ved honom. Og han var eit
Vitnemaal fyr andre um, at ingenting
er fælt fyr dei, som elskar Faderen,
ingenting vondt, der Sonen vert ærad.
Nokre Dagar seinare gav dei gudlause
seg til aa pina honom atter. Hite og
Trote var komet i Saari, so han ikkje
tolde, at dei kom aat honom med
Hondi. No skulde dei daa vinna med
honom, elder han vilde døy av Verken,
so hine kunde verta skræmde. Men
denne Pinsla skadde honom inkje, ved
Kristi Naade vart ho til Læekjedom:
Likamen hans rette seg atter, han fekk
det rette Skapet sitt og kunde bruka
Limerne, som ingenting var.

Ei Kvinna heitte Biblias. Ho var
millom dei fallne, og henne vilde den
Vonde bruka til aa skjemma dei kristne.
Ved eit hardt Forhøyr skulde den
kleinvorne og hugsprengde Kvinna
verta nøydd til vitna um Ulivnad
millom dei. Men ved Pinslurne kom
ho til seg sjølv, ho vaknad som or

ein tung Svevn, kom i Hug Sviden i

Daudingheimen og sagde no imot alt
det stygge dei kristne vart skuldade

*) Magnat: styrkt.

fyr. ”Skulde dei,” sagde ho, ”smaka
Kjøtet av Born, dei, som ikkje maa
njota Blodet av dei maallause Dyri
eingong!”*) Ho var bori av Anden;
ingen kunde syna klaarare enn denne
Kvinna, kor meiningslaust det var aa
segja slikt paa dei kristne. No gjekk
ho og ved, at ho var kristen, og vart
rett millom Vitni.

Men det munad inkje med alle dei
harde Forhøyri. So vart Sanningsvitni
stengde inne i dimme Fangehus, og
der vart dei pinte fælt. Soleids i Fot-
stokken. Føterne spanad dei ut, og
soleids laut Armingarne standa lange
Rider. Ellest freistad dei alt, som
djevelsleg Illska kunde finna paa.
Mange gjekk til i Fangehusi. Ung-
domarne døydde i Mengd, og likeins
slike, som var fangade, etter at dei
tok til aa halda Forhøyri i Fangehusi.

(Meir.)

Naar Joli kjem,

er det Kveik paa gamal og ung. Det
er nokot framifraa ved Joli. Me hev
andre Festar au, men dei er liksom
ingen Ting mot Joli. Dei er alle so
serskilde; det er religiøse Fester, det
er politiske, og det er andre, men det
er ingen, her i Landet allvist, som kann
samla slik Glans um seg som Joli.
Ho er ein Folkefest. Mest alle, so
gled dei seg til Jol, um det au ikkje
er nokot serskilt, dei kann hava aa
gleda seg til; ja ho hev ein .Kveik
med seg, som gjeng fyre ho jamvæl,
heile Maanaden. For alle dei Hender
og alle dei Tankar, som arbeider mot
Jol! Med aa baka og stella, koka,
bryggja, sauma og spita og krota,
Skreddar og Skomakar arbeider baate
Nott og Dag. Og so alt det Vatnet,
som flyt, all den Skuringi og all den
Vasken; — tru. det er den, som ikkje
gjer seg ein Storvask til Jol! Um Su-
maren, naar Vattnet renn flust, er det
mange, som ikkje bryr seg um det;

*) Detta vart teket ved paa Apostelmøtet
i Jerusalem (Aar 50).
lenge i Menigheiti, paa sume Stader
lika inn i Midaldren.

Det stod ved Lag:

men i denne Tid, naar Vetteren gjerest
kald, kjem det paa dei som ei Sott
etter Vatten, um dei so skulde bræda
det ut or Snjoen desheld. Ja alle dei
Arbeid, som skal vera fraaseggjorte
til Jol, all den Spinning og Karding
og dei Vevar, som skal vera nedhavde,
alle dei Eksamenar og Prøvur, som
Joli er den sæle Enden paa. Alle dei
Føter, som rører seg, alle dei Stig,
som vert gjorde med Joletankar i
Hausen, daavist i Byarne. Alle dei
Gaavur, som skal tenkjast ut til Skyl-
dingar og Vener, jamvæl til Mama og
Papa, for dei Pengar, som Mama og
Papa sjølve vil gjeva til det Bruk.
Og so det Floget med aa faa Tak paa
det, ein skal hava, i Gaturne yrer det
av Folk, meir og meir, til nærare det
lid innpaa, Byfolk og Bønder, alt gjeng
1 eit Renne, dei snur um Gatehyrnurne

|1 eit Braakjøyr, dei flyg innpaa kvar-

andre, dei snaavar paa dei haale
Gatetramarne, stansa gjer dei berre
fyr: dei store Glasvegger til Vindaugo
av, Kraambuderne, straalande upplyste,
som dei er med Lampur og Gas um
Kveldarne, so det er ljost som Dagen
1 slike store Kaupmannsgatur, der det
er Bud berre Side um Bud og langs
heile Gata paa baade Sidur reine Glas-
veggen aa kalla. Og Kaupmennerne
hev sett upp der innafor det gildaste,
dei hev, det er blankt og glimande
alt saman og nykomet for det meste,
dyrt er det, men det bryr Folk seg
ikkje um til Jol, for dei maa hava det,
som blenkjer; ein kann øyda burt no-
kot til Stas au daa.

Inne 1 alle Buder ser ein store
Hopar Folk, som vil kaupa, Tiggarar
og løynde Tjovar smetter seg imillom,
og paa Handelsgutarne er det eit Renn
og ei Handefating og ei Bukking utan
Ende.

Der treffest det Kjendingar, dei fær
sjaa, kvat andre kauper, og Damurne
tiskrar og kviskrar og samraadest med
kvarandre. Denne Skarka hell Tidi
fyri Jol er 1 det heile ei Fysetid for
Kvendi. Hellest, naar det er for kaldt
til, at dei kann fara nokot større ute
og sviva, maa dei finna upp Basarar

og slikt. Men det er likevæl ikkje so
morosamt med dei som med Joli, det
er ikkje so aalment, ikkje so, at alle
Folk arbeider med det og snakkar um
det, utan det daa plent er av dei store
og ovfine, dei kongelege, der det er e
Ære aa faa vera med, men som sjel-
dan gjeng paa. Dessutan er det her
mest berre Kvende, som staakar, men
dei likar seg aldri fullvæl, naar det:
skal berre vera dei aaleine; nei daa
er Joli nokot annat, der er ”Herrarne”
au med, i den er dei med alle, ung:
og gamal, fatik og rik, alle talar det
um den, ventar paa den og lagar seg
til den, so at der kjenner Kvendi seg;
i ei fast Stelling, dei eig ein stød
aalmenn Grunnvoll, dei veit dei er
drivne av den Makt og dei Tankar,
som raader daa i Tidi — daa likar
Kvendi seg, alt gjer dei hugheilt, og:
dei gjerdet væl.

So er det det Løyndelaget, som er
ved Kvendi, her fær det tull Spilrum.
Kvendi er liksom fødde med ei Løine-
gaave, og dei likar seg ille, fær dex
ikkje bruka den. Ofte kann det koma.
berre vondt ut av det, men her kann
dei fara med det tryggt og med godt.
Samvit, det gjeng ut paa aa gjera Folk
glade, og Kvinna er best, naar ho sviv:
i slikt.

Alt dette Løyndestellet, Løynde-
gangarne ut i Byen, desse Løynde-
kveldarne, og Stunderne etter Mid-
dagen, naar dei tru, dei andre kviler,
kvar stengjer seg av med sitt, og dei
trur, at andre ikkje merkjer det, men:
alle gjeng med ei vigtig Mine og ymis
Bragd, som aukar, til nærmare det.
lid, til Jolkvelden kjem, som opnar
fyllte Skuffur og opendagar Intrigar
og falskt Spll, daa kjem det braavel-
tande heile Mugar av Kaupsaker, av
Arbeid, av uttenkt og forseggjort Stell::
Striden og Skalkskapen er endat, alt.
løyser seg uppiSmil og Fagnad, bhjaa.
den, som hev uttenkt, og hjaa den,
som vert tiltenkt, hjaa den, som gle-
der og den, som vert gledd.

Ja, Jolkvelden sjølv kjem med ei
slik Braavelting inn paa ein, som dei

Valdres.

Den ikring 120 Km. lange Valdres-
dal mæ sine Siedala gaar fraa Nordvest
til Sydaust; han møte mot Nord Jotun-
heime mæ Filefjell, paa Vestkante
Hallingdal, mot Syd Aadalen o Land,
mot Aust Gudbrandsdalen mæ laage
Fjell imot Valdres, so nok er gøtt inn-
gjert mæ Fjell paa alle Kanta.

Nord fraa Jotunheime o beint mod
Sø gaar Beinævasdrage. Dæ renn fort
og villt, til dæ kjem ni Dalen, der dæ
kann faa kvile ut o liksom tenkje se um.
Noko: smaae Bergryggji i Dalbøtte*)
gjera, at Vatne demmist upp o dana
fleire Fjora o Aastubba mæ Føssa i uti-
gjøuo Dalen, Ner ein kjem so langt
so te Aurdal, ser dæ ut so Vatne i si
Ti ha stae mykje høgre. Aasrygjidn
paa baao Sio aat Dale nordanfraa har
fyrst sleft seg ut i Breidd, o gjeve Rum
te Bustao o lete Vatne breie seg meir,
liksom før o syne fram den Ynde o
finheit, eit Fjellvatn kann hava; og so
stupa dei mæ ein Gong heilt tesamen;
0 derte fylle dei i Dalbøtn, so han der
er mykje bøgre. Dæ synist vera eit

*) Dalbotnen.

Samlag myljo Fjellrekkjo um aa steng;je
før alt: men Vatne mæ sin Frihug ar-
beide med Samhelde paa Utveg te sitt
feresette Maal. Dei gamle Bergknau-
sane ha maatt gjeve etter før dæ Krave,
so samla so mange Vilja te eiu. Vatne
gaar der mange, mange Favne nei
Fjelle tungt o alvorsamt, liksom dæ har
ei Kjensle taa, o Vyrdna før dæ so der
gjønom Tiedn æ gjort. Grøn o Bjørke-
skog har klædt Bakka o Aasa, so fa-
rande Folk synist dæ er fint, helst paa
Sumars-tienn, ner Skog o Bakka er
grøue, Fjoradn stille enn*) mæ sakte vel-
tande Byljegaang kruse innpaa Strønde.
Lyfte du so Auga upp att, ser du Snjo-
fjell o blaae Jetteknausa kvile paa Vegen
te den høge Skog der Lufti æ lettar aa
reinar. Ette kunuige Menns Skjøn er
Lufti i Valdres taa dei beste o høve-
legaste i heile Lande. ’Tonsaasens Sana-
torium i Valdres kjem te aa ’faa stor
Søkna for den Skuld. å

At Valdris er so lite umtala i dei
gamle Sogudn er rimelegt. Der, Folk
foro mest daa, var te Sjøs og ette Sjø-
kante. Det fyrste Valdris er nemd i
Soga er i Harald Haarfagers Ti, daa
han skjikka Sendemeénnar fraa Hadland

*) elder.

der upp før aa hente den høgtenkte
Gyda, so vart fostra hjaa ein Storbonde
der. Dei har tenkt se paa Kvie, ein
Gard synst i Vangs Prestegjeld. . Ho
var hellist fraa Vestlande, Døtte te Fi-
rik av Hordaland. N

Andre Gongen, Valdres er nemt, æ paa
Haakun Jarls Ti ve dæ vitgjetne Slage i
Hjørungavaag ikring 980, der Lender-
mannen GCsissur fraa Valdres vart skoten
ef Jomsvikingerne. Haavard hoggande
istaden før Erik Jarl. Etter dæ aa
døme var Gissur ein stor og ven Mann.
Ikring 1083 kjem Olav d. helige fraa
Voss til Valdres før aa faa Valdresadn
te aa bli kristne Menner. Han kjem
paa Bøndadn uventandis, tek Baatadn
deiris, før aa sikre se paa HFjoren;
bed dei so te Things o by dei taka ve
Kvitekrist, enn (hell) daa skulde dei
faa anna veta. Men Bøndadne ba” han
tia mæ Trugsmaale seno, enn daa skulde
dei lere hono, dei, o Olav maatte daa
slaa over paa noko anna, daa han inkji
sjele*) trudde seg mæ dei. Likevæl
heldt Bøndadn seg samla. Daa reiste
han over paa den andre Sia aa sette
Eld paa nokre Gara; detta hjelpte; dei
hadde "kje meir Skog enn dei turvde

*) skilleg, ”rigtigt”.

den Ti helde, maa veta: Dei laga se
daa te aa tru paa Kvitekrist; men var
det Fare paa Fære, syndist dei nok Odin
o Thor maatte vera sterkare. Olav
reiste gjøno Dalen; men torde ”kje gaa
langt fraa Fjore. Han var rædd Bøn-
dadn, so heldt seg samla heile Natte
før aa møte hono. Han reiste daa til
Thoten, derifraa til Trandeim. Dæ-
var eit stort Verk, han gjorde, Olav.
Den gamle Normannstru var utlevd;

no kom den nye Tru som eit friskt

Pust med sterke Tankar inn i Folke-
live o førde dæ inn paa nye Leide.
Folket byggde Kjyrkjo taa Stein,
so dei skulde vara lenge. Fylkkeskjyr-
kjudn (dei som var for eit heilt Fylke,»
var dei største. Ei slik ei taa Stein,
kan hende fraa dæ llte elder 12te Aar-
hundre, er vestre Slidre Huvudkjyrkje
i Valdres. Ho er uppbygd taa uthoggin
Graastein. Kjyrkjeskjepet er ein lang-
voren Firkant; Koret er paa sama Lagje,
men mindre, Ein stor Dørkvelv er
imyljom Koret og Skipet. Ho vart å
seinare Tid mykje prydd mæ WUtskje-
ringar o ber paa Baksiunn* Aarstalet
17386. Dei meine det skal vere Presten
Abelsted, som ha gjort detta. Han har
og gjort ymse are Umvyelinga ve
Kjyrkja. Soleids har han mura att den

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0204.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free