- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
203

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

23de Desember 1882.

Fedraheimen.

208.

au segjer som ein Talemaate, naar det
er nokot uventat, at det kjem som Jol-
kvelden paa Kjeringi.

Um Hausten; naar ein netup er
komen som best inn i det Arbeidet og
dei Tankarne, som daa høver, daa er
det ein, som kann segja: Ja no er det
ikkje meir en 6 Vikur til Jol. Folk
vert alt daa forbina, naar dei høyrer
det, dei hadde ikkje tenkt, det var so
nær, Jol med full Vetter og dugeleg
kaldt — hev voret lenge —, og Jordi
kann daa knapt vera klakad og Lauv
kann hengja att paa Trei, so Folk mest
liver paa Sumaren endaa og Minne og
Arbeid fraa den. Men, naar dei høyrer
daa dette, gjer dei liksom ei Kast med
Hovudet og byrjar snu seg til den an-
dre Sida, til Vetteren.

So lid det ei Tid, ”Aa nei, no er
det berre tri Vikur til Jol”. Daa maa
Folk jamen taka til aa skunda paa
seg. Snart er det berre Fjortandagar,
og so um litet: Veit du det daa,
det er berre otte Dagar um Sundagen
til Jolkvelds. Og det, at det er Ott-
Dagar til Jol, det tykkjest vera likeso
stutt Tid som tvo, tri Dagar hellest, allt
gjeng med slik Fart daa, Tidi og Ar-
beidet og altsaman, Dagarne løyp, som
dei hadde Hjul, og Arbeidet vert aldri
so raskt gjort som daa, so det skulde
tykkjast kunna fylgja godt etter og, daa
Jamndygret hev sine fulle 24 Timar
no som hellest, men forunderleg: Tidi
flyg jamt ifraa det, og fær ein Fyre-
mun, so ho kjem dit ho skal, og fyrr
du hev naatt Fjordedelen, tek ho Jol-
kvelden og kastar han beint i Fanget
paa deg so uventat, at du støkk for
kvar ein Gong, so ofte det au kann
hava hendt deg.

Um du er ring og fatik og mot-
laus og ikkje ventar andre Gaavur,
so er det Gaave stor og sæl nok berre
denne Braatakingi, denne Forbiningi,
som Joli velter inn paa deg med aa
koma sjølv, berre du kann gjeva deg
yver, opna Årmarne og taka imot.
Straks fyre Jol, det er slikt Uhyggje
all Stad, det er Roting og Surr, Vask-
ing og Stell, kor du snur deg, ingen
Ting paa Plassen sin, du vert jagat
fraa Rom til Rom, og ute tungt og
myrkt Vedr, motlaust, kor du sviv.

Men daa, Klokkurne ringjer, og
Kvelden kjem. Det vert Høgtid, det

eine Utdøre i Kjyrkjunn”, so no er det
ei i Kjyrkjenm og i Kore, baae mot
Sø. Kjyrkja hadde fraa fyste Ti 12
Klukko; men har no berre 9. Dei 12
sammstemde mæ inan, ner dæ vart
ringt, so dæ tok seg visst fint ut. Hi
taa dei kalla dei no Munkeklukka. Ein
Kalk taa Sylv, førgjylt o sett mæ mange
køstbare Steina, gjevin te Kjyrkjunn
ikring 1830 taa Bisp Salomon i Oslo*),
er svært kunstigt arbeidd. Ein Daupe-
fond i Kjyrkjunn? har slik Innskrift:
?Virtute Virgimis electe virtute Marie
virginis.?

Dei gamle Glase (smaae o langt
uppaa Veggi) hadde Spisbøgastil; men
Døridn hadde Bøgastil. Dæ er i Kanto
taa Murbygningi brukt ei Slags ukjend
Stein som rimelegt er ei Slags Klibber-
stein.

Valdris Fylke høyrde Stavangers
Bispedøme til 9, 1631; so kom det
under Oslo Bispedøme.

Per Berge.

*) Salomon var Bisp ifraa 1322 til 1352.

vert Fred og Soning. Gamlen bøygjer
sine kvite Krullar og minnest dei kjære
Barnedagarne. Og Borni, so fulle av
Fagnad, dei nyt Livet som det er
utan Maal og Maate, dei tenkjer ikkje
anten fram hell attende.

Tak imot Gaavurne, halt ”kje imot,
det vert slengt deg Pakkar i Fanget:
Ro og Kvild, Fred og Sæle, gode Voner
um lange Dagar, Sol og ljose Tider;
kannhenda meir: ein Fagnad, som hev
ein høgre Grunn og ei djupare Kjennsla,
ein Lovsong, som stig uppum dei blanke
Stjernur, ei Von, som kløyver dei fremre
Tider alt burtanum Alder til Ævelegdom.

Sumaren hev Kveik noki seg sjølv,
med alt Livet og Ljoset sitt og med
Ferderne sine, Veteren lagest det ein
Kveik, der han mest treng det, naar
Tidi er tung og Dagarne myrke, den
letter Øykti baade ved Von og Minne.

Døri opnar seg for Barneflokken
til Sideromet, der dei sit i Myrkr og
ventar, og Ljosglansen og Angen strøy-
mer imot dei fraa Stoga og den prydde
grøne Grani.

Døri opnar seg for ung og gamal.
Han er med ein Gong lyft fraa Mas
og Myrar um Haustdagar upp i Skar-
det, der det er Snjo og Føre, og han
øygner fyri seg burtgjenem Nyaaret til
Vaar og Sumar som ned i ein ven Dal
med grønt Gras og blaae Elvar, dit det
hallar so jamt og fint. Aa han skal
skrida ned gjenom paa Skierne so lett,
han treng berre halda Staven i Haandi.

—d.

Fit og annat um Stortings-Valet.
(Framhald fraa No. 50.)

I Nedenes Amt var det Valmanns-

Val frametter i November. Ingen

trudde, at det skulde vera nokon Faare-

der. Naar Søndre Trondhjems Amt
og Nordre Bergenhus-Amt hadde valt
heilt ut liberalt, kven kunne so tvila
um Nedenes? Andre Stader møtte Bøn-
derne godt fram, reint utruleg godt,
skulde so Nedenesingarne sitja heime?
Bygder, der Høgre hadde trugat med
Ufred og Borkebraud, og som fyrr
hadde voret med Høgre, gjekk yver
til Vinstre denne Gongen, kvifyr skulde
ein so ottast, at Nedenes, som fyrr
hadde voret med Vinstre, no skulde
skjeiva av til Høgre?

Og likevæl hadde det so nær gjenget
som 1 Finnmarki, Bønderne møtte
ikkje godt npp, Høgre vann so mange
Stader, at det spøkte reint ille ei
Stund. Kvat kann no slikt koma seg
av? Eg hev tenkt mykje paa det.
Truleg er det mykje vondt som heng
att fraa Dansketidi. Finnmarki og
Nedenes var dei tvo Amt, som vart
mest plagad i Dansketidi. Ingen Stad
gjorde Kornmonopolet større Skade
enn i Nedenes, Bønderne, som laut
kaupa laake Varur til høge Prisar og
laut selja sine eigne Varur til Under-
pris til aa faa Korn, vart reint ut
fatige. Og so gjekk det der som so
tidt; naar det vart smaatt fyr Aal-
mugen, kom det pengekjære Fmbætts-
menner og kastad seg yver han, liksom
Hyæna paa Daudskrotten. Vinje skreiv
eingong um Juristarne, at det er med
dei som med Gikti: hev du vondt ein

Stad, so set Gikti seg fast der. I

Nedenes var det mange slike, som
flaadde Aalmugen. Daa det vart for
ille, reiste Bønderne seg under Kristian
Lofthus, og Byarne ned med Sjøen
ventad, best det var, Fjellbønderne
skulde fara ned og herja.

At det kann vera litet Upplysning
og smaatt med Sans fyr Fridomen og
Grunnloven paa slik ein Stad, kann
vera trulegt. Der hev Høgre no fenget
godt Mot og kjem vel no til aa leggja
all si Magt paa aa taka Nedenes fraa
oss til næste Gong.

Berrsynt hev det voret i heile Haust
under Valstriden, at i dei Bygderne,
der det hev voret jamnaste Vælstand
og best Upplysning, hev dei helst fylgt
med. Vinstre. Den gamle norske Odels-
bonde-Tanken hev haldet seg vak:
Qdelsbonden eig Landet og vil ikkje
vita av ei Magt utanfyr, som til evige
Tider kann setja seg imot Folkeviljen.
Um Odelsbonden er aldri so konser-
vativ, so lyt han endaa gaa med Vin-
stre. I nokre faa Bygder, der det
finst Stor-Kaksar, Fabrikeigarar og
Skipsredarar og Sjømenner, hev Høgre
vunnet.

Det skulde synast undarlegt, at
Jarlsberg og Larviks Amt skulde vera
det einaste Amtet, som gjorde Fylgje
med Finnmarki 1 Valstriden; for i
Jarlsberg og Larviks Amt finst det
eit upplyst. og megtigt Gardbrukar-
stand, og det er tettgrendt etter Maaten,

so det er rake Motsetningi til Finn-

marki. Men endaa tvilte mange fyr,
at i detta Amtet skulde Vinstre koma
til aa rjuka.

Der er tvo Grunnar iser, som gjorde
det. Fyrst ligg no detta Amtet som
”en Berserk, klemt af Skjolde*, inne
imillom eit reint Utal av illsinnad
konservative Byar av det argaste Slaget.
Fyrst Drammen mot Nord, Drammen,
som hev gjort’seg vidkjent no i Su-
mar ved Fanatisme. Kjem det ein
liberal Mann dit, er det liksom Ole
Høiland hadde brotet seg ut av Fange-
huset. So kjem Svelvig, som vel vil
folka paa seg, naar det eingong fær
att rette Namnet sitt, Sverdvik, og
Holmestrand, der det nok ikkje fanst
ein einaste Liberal, so vidt eg minnest,
og Horten med alle sine Sjøoffiserar,
som, er fælande harme paa Marine-
styringi, men likevæl gjeng med Re-
gjeringi mot Bønderne og hine ”simple”
liberale, daa dei held seg sjølve fyr
mykje gjævare enn alle andre Folk
under Soli og berre lengtar, hev dei
fortalt, etter aa gaa paa Stortinget.
So kjem Aasgaardstrand og gamle
Tunsberg, konservativ som Puntlæder,
Pensionistbyen Fredriksvern, og San-
defjord og Larvik, der dei liberale
Smaafolk hev Yvertaket. Dei store
Forretningsmennerne og Bankarne i
desse Byarne hev mange av Bønderne
i Lomma, og hev nok trugat dei hardt
med aa driva inn Gjeldi og segja upp
Laan. Dessutan hev ymse Høgrefolk
og Anton Brask Rustad gjenget fraa
Hus til Hus. Naar so til detta kjem
fargad Røystesetlar og mangt annat,
so er det ikkje vandt aa vita, korleids
det laut spenna av.

Det var no alle desse Byarne, ja.
Men so kjem alle Sjøbygderne, med
sine Skipsredarar og Sjømenner. Skips-

redararne held med Høgre, kann ein
vita paa Fyrehand, og hev mange under
seg, som ikkje vaagar aa gaa sin eigen
Veg. Sjømennerne er gjerne konser-
vative dei og. Paa Sjøen, veit dei
nog, der er alt Liv, Framgang, ei
æveleg Røra med Rullingar, Dyningar
og Vindflagor, stavstillt den eine Stundi,
men næste Stundi kjem han stygg og
svart. Paa Sjøen er Sjømennerne Fram-
strævs-Menner og Liberale, men kjem
dei paa Landjordi, skal alt vera stillt,
ingi Forandring, inkje Slinger i Valsen.
Der vil han kvila seg ut til Gagns, og
daa er han so reaktionær som ein
Kolapram. Sjømannen hev, liksom
Helge den magre, tvo Gudar, ein paa
Sjøen og ein paa Landjordi. Sjøbyg-
derne røystad med Høgre, og daa det
er fleire, som hev Røysterett der enn
i Gardbrukar-Bygderne med dei større
Eigedomarne, so hadde Høgrebygderne
fleire Valmenner enn Vinstrebygderne.
Korleids det gjekk, veit me alle; Høgre
skræmde, sende ut stygge Upprop og
agiterad og vann; men Gardbrukar-
Standet fylgde med Vinstre. —Jarls-
bergs Futeri vann paa Larviks Futeri.
Kaksar, Embættsmenner, Sjøoffiserar,
Skipsredarar og Sjømenner slo Bøn-
derne. Men det var ein undarleg Si-
ger. Det høyde seg so, at i heile
Amtet hadde Vinstre umkring eit Tjug
meir av Utveljararne med seg enn
Høgre.

Men Høgre hadde Yvertalet av Val-
mennerne og fekk alle 4 Tingmennerne.

(Meir)

Paa Kveldsida.

”Det lid til Jol for deg au no”,
sagde ho Margit, daa eg kom slengj-
ande inn med det siste Vedfanget.
Daa var Kvila god, aa faa seg ein
Røyk. ”Jo no skal du rett faa ein Kaffe- -
kopp, som er fullsterk au”, sagde ho,
”so fløyg med Ved hev eg aldri vori
nokor Jol, det eg kann minnass.” Og
ho sagde sannt du, Kaffeen var god,
og godt gjorde den. Ja eg hadde for-
tent den, det skal eg tru. Aa desse
Kvendfolki og all den Veden. Sjaa
no bak um Aaren, det er ein heil
Lunne, ja han er dubbelt au, og so
hardt og tett pligga, at eg trur mest
ein lyt hava Øks, skal ein faa Hol paa.
Og under Benkjen, kjenn, og i alle
Krør, fullstappa all Stad, og uti Kleven
heile Ladi, under Sengerne, kor du ser,
og det god og turr Ved all saman. Vil
eg plent hava Kjeringi blid, so er det
berre aa godstella meg med Veden aat —
ho. Det er som det ikkje var ein væl-
stelt Gard, segjer ho, naar ikkje alle
Rørne er fulle med Ved, men er det
det, so er det heiltup vent aa sjaa.
Men ho er ikkje nøgd med det hell,
naar ho skal vera storblid, for daa
skal det vera slik ute au, at kor ho
snur seg, fram ved alle Vegger skal
det staa Vedbrottarne, den eine berre
større og gildare enn den andre,
Bjørkved og Furuved, Kvist eg Tyri,
Ramskat, alt som er. Ein kann sjaa,
det er som ein Vælstandsgard daa,
segjer ho. Betre med, skire Sanning
er det. Men naar ho fær det, som ho
vil i alle Maatar, som no ikkje hender

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0205.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free