- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
204

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

paa!

204

Fedraheimen.

23de Desember 1882

oftare enn til kvar Høgtid, daa er ho
blid au, daa er det Kjering, som Rett
skal vera daa. Daa kokar ho Kaffe,
so sterk, at ho mest drep meg, daa
kann ein kjenna, det er Høgtid daa,
daa merkjer ein, ein heve Kjering daa.
Men hu, rett for alt det Stræv og Slit
det er med det, ja med Veden daa.
Paa Kjeringi skal eg inkje klaga, for
ho er laga so ho, og daa er det Veden,
som fær det, ja um det er dei verste
og vrangaste Kubbarne, som veks i
Skogen, so vert eg so vond og vill,
naar eg tenkjer paa alt dette, at dei
maa sund, til det vert so smaatt og
fint, ja som ho vil hava det.

Nei sjaa han Mors du, no er han ko-
men upp paa høgste Lunnen burtmed
Vedskaalstaket. Han heve Vegen sin
der, men det hev nok komi Snjo paa for
han idag, han gjeng so varsamt og
lyfter Føterne for kvart Stiget og rister
dei, so Snjoen ’skal drysja av, og han
skal ikkje verta vaat paa Potarne sine.

Fy Mons! er det det, du siktar
Det skal inkje vera Kattgjerd i
deg no, det vert Jol. Kvi skal du
vera sjuk for Spurvarne, unner du
ikkje dei detta vesle no daa; skulde
du endeleg freista og lura deg innpaa
dei og faa deg ei Steik kanskje, du
som hev det so godt jamleg, fær liggja
med meg um Næterne jamvæl, og dei
fær det lite godt berre denne Gongen,
og daa er dei fornøgde. Høyr Skjori
paa Laavetaket, kor ho skrattar aat
deg, tak den du, skal du faa Præmi
attaat, stygge Tjovmegga; ho skynar
væl, det er Jol ho au, ho vil laga seg
til noko sers, det er det, ho siktar etter.
Ver Politi for den du, so gjorde du daa
noko nyttugt. Ho ser etter det, som
baate er dyrt og fint, ho vil hava det,
som kann pryda ein Heim ho, lo van-
skar ikkje anten Sylvskeider hell anna.

”Mjau, mjau?!

Mjau, mjau ja, sleik deg kring
Truten, det vert nok ikkje noko den
Gongen. Tenk paa deg sjølv du, og
lag deg til Jol. Mons, Mons! du er
svart som ein Gris. Du som hev fengi
kvite Liter baade paa Potarne og hel-
lest, du burde heidra Skindet dit og
deg sjølv, so du tok deg ein Storvask
til Jol. Jau du skal vera so god
fylgja i Laugestampen etter meg ikveld,
det skal verta ein annan Leik paa
Guten det.

Aa ja, aa ja, eg sit, som eg alt skulde
taka mot Helgi; men eg hev nok att
det verste endaa. Ho hev laga til
Vatten no, ser eg, Kam og Saape kjem
ho med au, Haandklæde og, alt hev
ho plent; daa nyttar det nok ikkje
meg nokon Ting. Eg skal vaska meg
all igjenom, eg skal kjemba meg, eg
skal raka meg, jamen skal eg so, eg
skal byta um Klæde fraa Topp til Taa,
og til Slut skal eg ikast med baade
Katten og Hunden.

Finn fram den nye Skjurta, du veit,
Margit, og Sylvknapparne, dei skal

eg pussa, det skal vera blankt 1 Joli.

Eg hev Halvskjurte au, som eg veit,
ho hev stroki, ho kann mangt ho, men
den skal og spara til i Morgodag, eg
skal til Kyrkja.

Aa raut ikkje Dropla mi, det hev
drygt lenge for Dykk no, fyrr ho kjem,
men ho hev nok ikkje gløymt Dykk paa

slik ein Kveld, ho maa stella meg no
lite fyst.

So ber det daa til, me vert fer-
duge, ho hev mjølka og stelt fraa seg
med sitt, so flir ho unda etter meg og
gjer seg sjølv ferdug. Einer hev ho
rispa i ein Houg uti Skjolet, og so
kjem ho inn med eit Fange og straar
ut yver Golvet. Aa for ei vælsigna
frisk Luft. det angar plent av Høgtid
med det same. So legg ho paa Aaren
av den feite friske Veden og set seg
til aa stella med Grauten. Eg legg
meg paa Sengi med Pipa i Munnen,
no er eg ferdig.

Gjev alle hadde so sæl ei Jol! me
hev det so koselegt og godt, som no-
kon væl kann ynskja det. Det er so
ljost og fint her no, det skin yver
heile Stoga. Eg ligg og ser uppunder
Taket; aa kor reint her daa er, no ser
eg det, det finnst ikkje ein Flekk trur
eg nokon Sta.

Med eg hev fari i Skogen, hev ho
fari yver Bord og Benkjer, upp etter
Veggjerne og innunder Taket, med
Lurva*) og med Vassbytta all Vegen.
Jau det er myki til Kvendfolk, ho
er glup ho.

”Margjit?!
Lat inkji Grauten verta svidd
til Jole.

Hellest vert Tuftekallen vill,
han site ventar i Skjole.

Hjulmakar-Visa.
(John Lie).

Hurra! No fær mi snart Patent,
No hev mi funne upp, — san

Ei Vogn, som ”expederar pent”
All Fridom i ein Snupp — san

I hennar sanne Veto-Menn

Kan kjøyra lognt og trygt — san
Kring Lande it: i By og Grend,
Trass all Uppviglar-Klykt — san.

Ja, de er hennars store Dygd
Ho hyldar vaart Parti — san
Og ho so absolut er bygd,
Ho toler ingen fri — san.

Nei, kjeme der ein Fridoms-Mann

Og sete trygt seg paa — san
Daa upp og ned ho skjeke han,
So han veit ingjo Raa — san.

Daa gjelle de han passar seg

Og inke er for sein — sann

For hellest ber ho slik i Veg,
Han Armar bryt og Bein — san.

Der ligge han so saar og klein,
Han prøva fekk tilslut — san:
Vaart Veto gjeng til Merg og Bein,
Og de er absolut — san.

Hurra! No fær mi snart Patent
Paa denne Vogni gjæv — san,
Den vonar mi ska pjera plent
Umsonst alt- Fridoms-Stræv — san!

Kristiania, den 22de Desbr.

Fraa Rauland. (Brev). Høgrepartiet
likar seg nok inkje no ette det ”poli-
tiske Dksiomunøter , Som det fekk
istand meste fyri Valmansvalet. Dei
tenkte vel daa paa aa faa gjort det av
med Venstrepolitikken. og det er sant,
dei slengde ut stygge Beskyldningar mot
Venstre, og fekk Tak te aa kjyte svært
av sjave seg, som dei, der stridde baade
fyr Trui aa Grunaloven: Venstre, Van-
trui og ”Verdens Gang” var uok noken-
lunde det sama, og Høgres Politik var
ein Strid mot desse vonde Magter,

*) Vaskeklut.

som ved Valmannsvali,

Partiet vart motlagt, og det tos lik-
som vise seg, at dei ha klen Greie
baade paa Politik og Kristendom — etter
Grunnloven aa Bibelen daa. I Ord-
skiftet kom dei te aa seia noko, som
dei nok kje viar likar no etterpaa, og
dei hev no paa arbeide i ”Opbyggelser”
og are Sta med aa faa ”dementere” det
dei ha sagt, men der var so mange paa
Diskussionsmøtet, som hørde hot der
blei tala, at det er kje so godt aa faa
skulle det ut paa berre ”Misforstaaelser”.
— n.

Retting. * I Stykket ”Fraa Landbruks-
utstillingi i Stavanger” (No. 43) stod:
O. Norheims Gjenteskule istadenfor
Onarheims Gjenteskule.

Regjeringi held paa aa faa i Stand
Jarnvegs-Styret, slik som ho vil hava
det. men som ikke Stortinget hav sagt
sit ja til. Ho vil hava Trafikdirektør
Segelcke til Generaldirektør (Løn 6400
Kr.), Overstyrar Engelstad til Trafik-
direktør (Løn 5000, frit Hus. Ljos og
Ved), Direktør Pihl til Jarnvegsdirek-
tør, Distriktsinsjeniør Oxaal til Maskin-
Direktør.

I Stortinget hev. det vorte tvo nye
Åmtmenner. Bormeister Bang hev vorte
Amtmann for Sudupplandi, og Fut og
Skrivar Rynning for Finnmarki.

Pen norske Rikstidende* skal slutta
no; men so skal ei Kungjeringstidend,
som Stortinget gav Lov um, koma i
Staden. Der skal alle Slag offentlege
Kungjeringar standa.

Formannsvali beld dei no paa med
rundti Byarne. Det er høgre elder ven-
stre i dei Vali au no. Det gjeng mest
kann ein vita.
Men i Trondheim og Kraakerøy, som
fekk Høgremenner til Tings, vann Vin-
stre ved Formansvalet, og i Larvik og
Kristjansund, som hev Vinstremenner
paa Tinget, vann no Høgre. — I Kri-
stiania skal det vera Val den 29de Desbr.
”Centrum” med ”Fædrelandet” i Brodden
hev til det skilt seg ut fraa Høgre-
partiet og set upp 5 Mann for seg, til
dei 3 som er paa baade Listorne. Av
dei 5 er endaa 2 Vinstremenner. Di
maa Vinstre og hava seg mannsterke
fram, og um dei ikkje vil røysta heilt
paa ”Fådrl.s” Liste, so lyt dei freista
paa aa faa fram dei tvo Vinstremen-
nerne. Vilde ”Fådrl.” taka 3 av vaart
Parti, burde me ellest taka heilt den

Lista det hev sett upp.

Kina hev tekje eit Stykkje av Bak-
India, som heiter Tonkin; men det er
uvisst, um Fransmennerne vil tillata
det, for dei hev og Land i Bak-India.

I Egypten skål der no verta folkelegt
Sjølvstyre, er det sagt.

Rusland buer seg til Herferd mot
Tyskland, er det mange, som trur.

I Kingston paa Jamaika (Vestindia)
hev det vore ein øgjeleg Eldebrand, som
hev øydelagt Hus og Varur for — 27
Mill. Kronor. 5 Mannaliv strauk med.

Der er mange Ulykkor rundt um i
Landi med Eld, i Gruvor o. m. Mest
til kvar Dag er det fortalt um eitkvart.

Rispur.

Ei Vanraad. Dei var ein Kar, som skulde
ut og faa seg Tenesta; men han var slik
ein Storetar, at Folk kunde mest ikkje bava
han. Eingong spurde han etter Tenesta
hjaa ein Mann, som visste um dette. ”Nei”,
svarad Mannen, ”hjaa meg kann du ikkje
faa Tenesta; men han Far derburte er so i
Beit fyr ein Tenestgut, og der skal du sleppa
aa svelta, det skal eg lova: for di meir Te-
nararne hans eter, di betre likar han dei;
han plar endaa altid setja Mat i Mengdevis
fram, naar han tek imot dei og, den Maten
maa dei ha” i seg, hellest faa dei ”kje vera.

Dersom han ikkje tykker, det munar med
Etingi, riv han seg i Haaret og kjem reint
i Ulag.” Jau, dette likad Guten. Daa han
kom til Tor, fekk han Tenesta med det
same, og inn bar dei Mat i Mengd, so Guten

|vardt mest fælen; men han klembde paa og

aat det beste han kunde. Far tok seg ba!
Øyra. Dette munar nok ikkje, tenkte Guten,
og klembde betre paa. Men di meir han et,
di meir riv hin seg i Haaret, og di meir
hin klorar seg, di meir et Guten. Daa han
hadde etet seg mest ende paa, sagde han:
”Nei no kann eg ikkje meir.” ”Aa, eg tykkjer
du heve væl gjort”, sa” hin, og sette Dyri
paa vid Vegg; ”no kann du gaa.” Guten
var komen til ein girug Knark, maa vita,
som altid paa den Maaten prøvde Mathugen
aat dei, han skulde taka i Tenesta.

Praktisk. Fin Laurdagsettermiddag gjekk
Jens kavande full med ein Stompesekk paa
Ryggen og song paa Gata. Politiet skulde
daa ta” han. ”Nei idag hev eg slett ikkje
Tid,” sa" Jens; ”for eg maa heim til Kjering
og Ungar med nokot Stomp. Men um Maan-
dag kjem eg nedatt, daa skal eg vera so
lenge, de vil ha" meg.” Han slapp den
Gongen.

Ein ivrig Maalmann. I eit Flekkefjords-
blad skriv ein ”Tn.” til ”Maalsagens Venner”
m.a. ”Jeg vil forsøge at bevæge en eller
anden af eder til at sætte sig i Spidsen for
et Maalblad. Vi har rigtignok ”Fædrahei-
men” (!) derinde i Hovedstaden, men dette
Blad ligger saa lavt, at jeg er tilbøieligst
til at modarbeide det. Heller da intet Maal-
blad end sligt Skrab. Fritænkeri og spot-
tende Radikalisme har vi ingen Brug for.
Det sætter hele Maalsagen i Miskredit hos
det norske Folk, naar dens Organ er slig.
Derfor synes jeg at Maalstrævet ingen Avis
har til at tolke sine Tanker; thi ”Fædra-
heimen” (!) er værre end intet. Det var
herfor jeg kommer frem med dette Opraab
til Landets Maalmænd. Lad os faa et Maal-.
blad, der staar helt paa Guds Side og uden-
for eller over alle politiske Partier!

Ønskes optaget i ”Vestlandsposten” og
”Fædrelandet”.”

Hm! Fyren turyvte visst ikkje beda um

det siste. -

Årbeidsudvalget for Kidsvolds-
monumentet beder Indehavere af
Bidragslister at beholde disse ind-
til Videre og godhedsfuld at ved-
blive at virke for Bidragstegning.

Lysingar.
Qvams Skole.

er tilflyttet den forhenværende Mariboga-
dens Skoles Lokale, Maribogaden No. I1.
Alle Middelskolens Klasser er i Virksomhed,
ligesaa det etaarige Middelskolekursus for
ældre paa Latin- og Engelsklinjen, Latin-
gymnasiets 1ste Klasse og begge Realgym-
nasiets Klasser. Flere Elever kan nu mod-
tages.

Kun 1 - én - krone årlig

koster

R 66
,Morgeneryet*,
som er den avis, der behandler kri=

gens afskaffelse, masse-
: mordenes ophør og men=
mn
da

reskeslagteriets forsvin-

en. ”Morgengryet” udkommer i
1 Kristiania fra nytår 1888 og koster
2 I krone årlig eller 50 øre halvårlig-
gå Fredssamfundet: yNordisk forening

T mod krige står i forbindelse med
EG fedakienen. Breve, som sendes til
bladet, adresseres: ”Morgengryet”s.
Z:expedition, Centraltrykkeriet,
" Avissag, Kristiania.

Kristiania.
Nikolai Qlsens Boktrykkeri.

SDAIS vu o9peg0t G Ed

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0206.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free