- Project Runeberg -  Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket / 6:e Aargang. 1882 /
205

(1877-1891)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

.so drog dei av Stad med honom, og

som stod mnærmaste,

Fedraheimen.

————> >>> >> —————

Pris fyr Fjordungaaret Kr. 1.10
med Porto og alt.

Betaling fyreaat.

Eit Blad aat det norske Folket.

Lysingar kostar 10 Øre Petitlina,
og daa etter Maaten fyr større Bokstavar.

No. 52.

ISI

Kristiania den 380te Desember 1882.

| 6. Aarg,

Fraa Kyrkjesoga.
(Av 0. V.)

(Framhald.)

Potinus, som hadde Bispetenesta i
Lyon, var no yver 90 Aar. Kroppen
var so veik, at han snaudt vann røyva
seg. Men han var frisk i Hugen og
vart difyr sterk, daa han saag Vitne-
kransen, som var etlad aat honom.
Daa han skulde fyre Domaren, kom
han med ei heil Skreid: Hermennerne,
det høge Byraadet og heile Folkehopen
fylgde honom. So fekk han føra fram
det velsignade Vitnemaalet sitt. Daa
Landshovdingen spurde, kven denne
Guden aat dei kristne var, svarad han:
”er du verd det, skal du faa vita det.”
Aldri so snart hadde han sagt detta,

dei bar seg ikkje aat som Folk: dei,
brukad baade
Hender og Føter paa honom, og dei
gildad seg av det; den høge Aldren
hans ansad dei ikkje, og dei, som ikkje
kunde koma so nær, slo til med det
dei hadde i Henderne. Det var reint
ei Høgtid aa vera med: dei skulde
hemna Gudarne sine paa den Maaten.
Daa han kom i Myrkestova, var det
snaudt Liv i honom, og han sloknad
tvo Dagar etter.

Dei falme, som neittad Kristus,
slapp ikkje fyr det. Heidningarne
skynad godt, at desse ikkje slepte
Trui, um Pinslurne gjorde déi veike.
Dei, som stod til, at dei var Kristi
Vener, sat i Myrkestova som kristne
og hadde ingi onnor Skuld. Men dei
falpe hadde tvifald Skuld: baade var
dei kristne, og so var dei Stakkarar
attaat. Vitnegleda, Voni um den lo-
vade Sæla, Kjærleiken til Kristus, An-
den aat Faderen gjorde hine frihugade.
Menigheiti tolde ikkje, at nokon tok
det lett med Trui; utrugi skulde ikkje
Kristi Brud vera. Mangein Gong var
Menigheiti uhugad aa gjeva ein fallen
Kristennamnet atter, for han hadde
skjemt det. Det var daa ikkje annat
ventande, enn at dei falne i Lyon og
Vienne hadde eit saart Samvit attaat
alt bitt. Og det laag utanpaa dei.
Sanningsvitni var glade og fegne:
Vyrdnad og Tekkje lyste ut or Augo
deira, det var Pryda i Lekkjurne,
Bruri var prydd med Gullsylgjurne
sine. Men hine gjekk der so hug-
stolne og laake, at det var ilt aa sjaa.
Og Heidningarne gløymde helder ikkje
aa kalla dei Nidingar. Mordarnamnet
sat paa dei, men Namnet med Æra,
Heider og Livskraft hadde dei kastat

fraa seg. Det vart tekne mange, etter

TETT TT TATT TATT NTT NTN TNT TEN

at Forhøyri hadde byrjat, og dei vitnad
opet og djervt alle i Hop.

Sakerne hadde sitt Gjenge. San-
ningsvitni fekk Domen sin. Og alle
Vitni batt ein Blomekrans, som hadde
so mange Liter, som det var truande.
Den Kransen ofrad dei til Faderen.
Dei edle Kjempurne fekk etter Striden
og Sigeren den fagre, ukrenkjande
Kruna. Det vart sett ein Dag til det, og
daa skulde Vitni verta kastade fyr dei
ville Dyri. Heidningarne skulde hava
Høgtid, men dei kristne hadde det og.

Folket hadde sankat seg i Hop paa
Leikvollen og skulde sjaa paa. DMatu-
rus og Sanktus vart tekne fram. Dei
laut tola Pinslurne paa nyom, liksom
dei ikkje hadde lidet fyrr. Og no
skulde dei vinna Sigerkransen. Svipurne
hadde dei fenget kjennt fyrr og, men
no maatte dei laupa Speissrot. So
vart dei ute fyr Dyri, som reiv og
sleit i dei.
det og ein annan paa det, og det vart
gjort altsaman; for det var gildaste,
naar ein kunde koma paa nye Pinslur.
Sistpaa sette dei Maturus og Sank-
tus paa den glodheite Jarnstolen, og
der sat dei, til Røyken av dei svidne
Limerne kom ut yver heile Leik-
vollen. Desse Trolli hadde ikkje fenget
Metten sin endaa: dei vilde sjaa, um
det var reint raadlaust aa bøygja
denne Herdigskapen. Men Sanktus
hadde berre det same Vitnemaalet som
fyrr: ”eg er ein kristen.” Daa det
endaa hekk Liv i dei, vart dei av-
rettade. — Blondina hengde dei upp
paa ein Paale og slepte so Dyri paa
henne. Det kveikte upp mange, daa
ho hekk der som paa Krossen og bad
so varmt. I Systeri, som stridde, saag
dei eit Bilæte av den krossfeste, som
gjorde sine truande visse paa, at den,
som lid til Hans Æra, skal liva sam-
bunden med den livande Gud. Daa
ingi av Dyri vilde røra henne, vart
ho teki ned atter, ho skulde gjøymast
til seinare. Den granne, veike Kvinna,
som var klædd i Kristi Kraft, skulde
rett til Gagns faa syna, kor sterk Han
er. — Hopen huad og skreik, at no
skulde Attalus fram. Han var ein
namngjeten Mann. Aalvorsamt hadde
han gjenget i Skule hjaa Kristendomen,
og han galdt mykje millom dei kristne.
Til Dauden var han vel buen, og han
gjekk med godt Samvit. Daa dei,
sow Bruk var, let honom ganga kring
Leikvollen, bar dei ei Tavla fyre

honom. Paa den stod skrivet paa
Latinsk: ”detta er Kristmannen At-
talus.” Men medan Folket med Blod-

sinne ventad paa den blodutte Leiken,

RER

I Hopen ropad ein paa

AK

kom Landshovdingen etter, at Attalus
var ein Romar. So var det berre Kei-
saren, som kunde døma honom. —Atta-
lus laut inn i Fangehuset att. Brev
um alt i Hop vart sendt til Keisaren,
og dei maatte venta paa Domen hans.

Denne Millomtidi kom svært vel
med fyr dei kristne. Ved deira Tol-
mod viste Kristi endelause Miskunn
seg i sitt rette Ljos. Dei livande
hjelpte til, at dei daude livnad upp
atter, dei, som hadde vitnat og lidet
fyr si Tru, synte Kjærleike mot dei,
som hadde maatt gjevet seg. Og det
var ikkje liti Gleda fyr Ungmøyi, som
var Moder deira, daa ho fekk. sine
daudfødde atter livande. Dei fleste
falne vart som nyborue og livfengne
paa nytt Lag og fekk Livsgneisten
uppkveikt i seg atter, so dei vann
halda ut, daa dei med nytt Liv og
friske Krafter andre Gongen skulde
fram fyr Domaren og greida fyr seg.
– Ei liti Forteljing fraa Fangehuset
høyrer visst til her. Ein av Sannings-
vitni heitte Alkibiades. Han var aldri
van aa njota annat enn Vatn og Braud.
I Fangehuset heldt han paa med det
same. Men det vart openberrat fyr
Attalus, at Alkibiades ikkje gjorde
rett i detta. Han burde ikkje mis-
meta Guds Gaavur, allvisst daa han
harmad andre med det. Alkibiades
let seg telja og skilde ikkje ut sidan,
men han takkad Gud fyr alting. For
Vitni hadde Guds Naade med seg og
let Heilaganden leida seg.

Det var komet Svar fraa Keisaren,
og dei kristne skulde døy; dersom dei
neittad Trui, skulde dei sleppa lause.
Marknaden skulde nettupp byrja.
Landshovdingen visste, at det vilde
koma mykje Folk lange Leider, og
det høvde godt aa taka dei kristne
fram daa, so kunde Folk faa moroa
seg. Eit nytt Forhøyr vart haldet.
Dei kristne, som hadde Borgarrett i
Rom, skulde missa Hovudet, dei andre
skulde verta kastade fyr Dyri. Stor
Æra hadde Herren av dei, som fyrr
hadde neittat Trui. No heldt dei paa
henne, og Heidningarne vart forbinade:
var dei kristne reint vitlause? desse
kunde daa sloppet lause! Men utanfyr
Menigheiti vart berre slike, som i
Grunnen aldri hadde trutt, som korkje
brydde seg um Brureklædnaden elder
hadde Age fyr Gud, og som hadde
gjort dei kristne til Skammar med
Livet sitt: det var Taps-Borni. Dei
andre vart tekne upp i Menigheiti
atter. Ein Mann fraa Frygia heitte
Aleksander. Han var Lækjar og hadde
i mange Aar butt i Gallia. Vidgjeten

var han fyr sin Kjærleike til Gud og
sin djerve Tale, for han var ikkje utan
Gaava som Apostel. Denne Mannen
hadde stellt seg nær Domstolen, og
der stod han og veiftad Von og Mod
til Fangarne. Og han var so fus, at
han ansad ingenting. Folket terrad
seg upp paa det, at dei, som hadde
sagt nei fyrr, sagde ja no, og Hopen
ropad til Aleksander, at han var Skuld
i detta. Landshovdingen tok honom
strakst fyre seg, han skulde greida
ut, kven han var. ”Ein kristen!” I
Sinne dømde Landshovdingen, at han
skulde kastast fyr Dyri. Dagen etter
gjekk det fyre seg, og Attalus, som
endaa eingong skulde moroa Folket,
maatte halda Lag med honom. Alle
Pinereidskaparne vart mnyttade, men
baae heldt ut, kor hard Striden so
var, til dei laut taka Livet deira med
Sverdet. Det knyste ikkje i Aleksan-
der heile Tidi, men i Hjartat talad -
han fulla til Gud. Attalus vart sett
paa Jarnstølen, til Røyken av hans
steikte Likam steig til Vedrs, daa
snudde han seg til Folkehopen og
sagde paa Latinsk: ”no, detta, som de
tek dykk til, er aa eta upp Folk, men
me korkje ét Folk elder gjerer annat
vondt!” Dei spurde, kvat Gud heitte.
”Gud heve inkje Namn som ei Men-
neskja!” svarad han.

Sidste Dagen desse Leikarne stod
paa, kom Blandina fram atter og i
Lag med henne Pontikus, ein Gut paa
femtan Aar. Kvar Dag hadde dei
maatt sjaa, korleids dei andre leid.
Heidningarne vilde faa dei til aa sverja
ved Bilæti aat Avgudarne. Men dei
var støde, og viste slikt svivyrdeleg
ifraa seg. Daa vart Hopen so sinnad.
at han gløymde, kven han hadde fyre
seg: ein Smaagut og ei veik, ung
Kvinna. Heile Rekkja av Pinslur laut
dei fara yver, og alt i eit vart dei
minnte um, at dei berre skulde sverja.
Det munad inkje. Syster heldt Mod i
Broder, og jamvel Heidningarne laut
sjaa, at det var ho, som manad honom
upp og studde honom. Han tolde
Pinslurne som ei Kjempa og sioknad.
Den sæle Blandina stod einsaman atter.
Ho var som ei hugstor Moder, som
heve kveikt upp Borni sine til Striden
og skikkat dei i Fyrevegen til Kongen
med Sigren. Ho sjølv skulde koma
etter og bu og byggja med dei, men
fyrst skulde ho i Gaman og Gleda
freista paa nyom alle Lidingarne ho
og Borni hadde havt. Og i detta
Stykket er ho eit fagert Bilæte paa
Kristi Menigheit, som i dei sidste Da-
garne skal taka uppatt heile Striden

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 01:22:53 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/fedraheim/1882/0207.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free