- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
7

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Herman Anker, 1839-1896

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

HERMAN ANKER


1839—1896



Ein dag ut på våren i 1858 stod tvo teologiske
studentar utanfor universitetet i Oslo og
venta på professor Gisle Johnson som dei båe
skulde inn og høyra på. Dei kom i samtale og
gjekk ein tur burtetter gata. —

Den eine var 28 år, høgvaksen og breid, stø og
sikker i tale og i rørsler. Den andre var 19 år,
ikkje nær so høg, men breid over akslene, og
hadde eit drøymande drag i det fine, mest
barnslege andletet sitt. Han vagga litt når han gjekk.
Båe var dei frå Austfold. Den eldste var
bondegut, son til ein fiskar og gardbrukar i Onsøy.
Den yngste var frå ein herregard, son til ein av
rikaste mennene i landet då var, av adelsætt og
uppkalla etter ein greive.

Den fyrste heitte Olaus Arvesen, den andre
Herman Anker.

Arvesen hadde vore lærar ei tid og hadde alt
teke til med bladskriving. Nyleg hadde han
gjeve ei livsskildring av Ole Vig, som var avliden

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0009.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free