- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
10

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Herman Anker, 1839-1896

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gonger, andre gongen med Catrine (Trine)
Gløer-sen, dotter til major Gløersen.

Den 15. juli 1839 fekk desse ein son, som vart
uppkalla etter greive Herman Wedel Jarlsberg.

— Det var «vår> Herman Anker. —

P. M. Anker har fått eit gjævt ettermæle. «—

— Ethvert patriotisk foretagende havde i ham en
varm talsmand og redebon støtte, også videnskab,
kunst og litteratur havde i ham en trofast støtte
og varmhjertig beskytter.» (Norsk Forf.
Leksikon). M. a. hjelpte han Rikard Nordråk med
pengar til eit upphald i Berlin.

Trine Anker var kjend med presten Wexels.
Fleire gonger kvart år reiste ho den lange vegen
frå Halden til Oslo for å høyra han preika. Ho
fekk mange og lange brev frå honom, las i hans
«Andagtsbog for Menigmand», «Christelige
Be-tragtninger» og «Huspostil».

Grundtvigs tankar og ideal kom soleis inn i
denne norske stormannsætta. Under påverknad
av desse voks Herman Anker upp. At han valde
teologien då han var ferdig med studenteksamen
i 1857, var soleis sjølvsagt.

I Oslo kom han mest saman med Wexels
vener. Dei skipa eit lag «Mandagsforeningen».
Kvar måndagskveld heldt dei møte med song og
upplesing av Grundtvigs preiker. Sume gonger
var det ordskifte etterpå.

Det var ut på våren 1858 han vart kjend med
Arvesen. Um hausten 1859 var båe på eit skan-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0012.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free