- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
12

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Herman Anker, 1839-1896

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

dalen til Nidaros og sjå på kryninga der 5.
august 1860.

Fyrr danskane for frå Noreg, gjorde dei den
avtalen at Anker og Arvesen skulde koma til
Kjøpenhamn og vera der ein vinter. Dei får
same hausten og var der frå 16. sept. 1860 til 14.
april 1861.

Nokre jamngamle teologiske studentar hadde
skipa eit lag der, som dei kalla «Lille
theologi-cum». Føraren var Ludvig Schrøder. Her
møttest mange av dei som seinare vart
fyregangs-menn for folkehøgskulen. Dei tvo nordmennene
kjende seg snart heime her. Dei kom og sume
tider saman hjå Grundtvig på gl. Kongevei.

Diktaren var viljug til å svara på spursmål
frå ungdomen. Men det vart til det at han tala
og dei høyrde, utan å koma med mange
spursmål.

Elles fyrebudde dei tvo seg til teologisk
embetseksamen der nede. Ludvig Schrøder las
dogmatikk med dei og Ludvig Wagner hebraisk.

Heimen til Ludvig Wagner var samlingsstad
for mykje ungdom. Her kom m. a. dotter til
presten Bojsen, Marie eller Mix, som dei vanleg
kalla henne. Syster til Wagner, Charlotte, vart
her trulova med Schrøder, og Anker med Mix
Bojsen. —

Herman Anker kom soleis inn i ei ætt med
serleg interesse for folkehøgskulen. Sokneprest
Fre-derik Engelhart Bojsen i Stege var bladstyrar for

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0014.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free