- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
13

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Herman Anker, 1839-1896

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Budstikken» og vart vanleg kalla
«Budstikke-Bojsen». Sonen hans, Frede, vart gift med syster
til Anker, Karen, tvo år etter giftarmålet millom
Anker og Mix Bojsen. Noko av Anker-midelen
kom soleis til Danmark og vart nytta til å reisa
ein folkehøgskule der. Frede Bojsen bygde
Rød-kilde højskole (Møen) på eigen kostnad.

Det 3. skandinaviske kyrkjemøtet i 1861 vart
halde i Oslo. Frå Danmark kom m. a. Ernst
Trier og Ludvig Schrøder. Det var då fyrste
gongen Chr. Bruun kom med i det laget. Året etter
kom ein annan nordmann til, Kristofer Janson.
No tok dei til å samla seg: Anker, Arvesen,
Bruun, Janson, Schrøder og Trier.

Arvesen vart teologisk kandidat 1862, og i 1863
Anker som straks etter heldt brudlaup med Mix
Bojsen. Dei busette seg for det fyrste i
Kjøpen-hamn.

Straks etter døydde Peter Martin Anker på
Rød. Han let etter seg mange pengar, over 4 mill.
speciedalar. Herman Anker var no ein rik mann.
Han hugsa den lovnaden han hadde gjeve til
Arvesen sju år fyrr. Og utan å spyrja nokon
sette han seg fyre å byggja Noregs fyrste
folkehøgskule. Mor hans likte ikkje at han vilde bli
skulemann. Ho hadde alltid ynskt at han skulde
bli prest. Men Anker heldt fast på
ungdomsdrau-men sin. — For det fyrste måtte dei leiga hus åt
skulen.

Medan Anker var i Danmark sumaren 1864,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0015.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free