- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
15

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Herman Anker, 1839-1896

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

lovande tiltaket var det klårt at skulen måtte få
seg eigen heim. Anker valde ein liten bakke upp
for Hamar med fritt utsyn over Mjøsa, over til
Helgøya og vidare utover. — Der bygde han
store hus til skulen, til Arvesen og til seg sjølv.
Dei kalla skulen og staden Sagatun. Der var
stor vigslefest 2. okt. 1865.

Noreg hadde fått sin fyrste folkehøgskule i
eigen heim.

Anker og frue arbeidde der i 10 år. — Fekk
dei sterk motstand frå høgre og frå prestane, so
var fagninga so mykje sterkare frå andre. —
Bjørnson helsa skulen i tale og dikt. «Dette blir
først og fremst en mægtig løftestang for
bøn-derne,» sa han. «Her har adelen og bonden gjort
fælles sag!» Bjørnson stridde for mange saker i
det lange arbeidslivet sitt. Folkehøgskulen var
den saka som stod hjarta hans nærast både i
ungdomen og lenge utetter. Eit av hans finaste
og mektigaste diktverk «Arnljot Gelline» er
tileigna folkehøgskulane i Norderlanda «med tak
og lykønskning». Det var folkehøgskulen som
gjorde at han kjøpte gard i Gausdal og slo seg
ned der.

I den fyrste tida var han so sterkt med og
gjorde so mykje, at det er uråd å gjeva ei
skildring av folkehøgskulen utan å fortel ja noko um
Bjørnson og arbeidet hans.

Til Anker og Arvesen skreiv han i 1874:

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0017.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free