- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
17

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Herman Anker, 1839-1896

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det gjekk likevel ikkje so lett og snart for
bonden å nå «sin tabte adel på odelsgrund».

Ein av elevane på Sagatun dei tvo fyrste åra,
ein bondegut på Hedmark, Lars Alhaug, har i
eit dikt gjeve uttrykk for korleis so mang ein
kjende det:

«Aanderne strålte orer slægter, som led
og stred for brødet i ansiktets sved
med ludende hoved og ryg så kroget;
skalderne sang for slægter, som sov
dorsk under tryk af vanern.es lov,
sukkende tungt under trællekårsåget.»

Det står ikkje bra til hjå eit folk, «der
skal-dene synger for slægter som sover». Noreg var
kome med i det ålmenne åndslivet, hadde havt
og hadde «ånder som strålte over slekterne». Men
for størsteparten av folket var det menneskjelege
åndslivet noko ukjent. Guds uendelege stordom og
kjærleik som syner seg i skaparverket og i soga,
i kunst og dikting, i menneskjeånda med trå og
leiting mot ljos og klårleik og lukke, sigrar og
nederlag, ny leiting og nytt arbeid, — alt dette
var løynt for dei fleste, ei bok med sju segl fyre.
Anten var det synd å røra ved slikt, eller i beste
fall nyttelaust for vanlege folk. Det kunde
kanskje vera noko for storfolket; men det kom ikkje
dei andre ved. Dei hadde ikkje bruk for det, —
det kunde ikkje hjelpa det minste i det harde,
daglege strevet for maten og utkoma. Det ein

2 — Fire folkelærarar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0019.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free