- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
20

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Herman Anker, 1839-1896

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Aasmund Vinje vilde ogso ha eit ord med i
laget. Han vitja Sagatun i 1870 og kom straks etter
med eit innlegg i «Dølen», noko av det siste han
skreiv.

Vinje går inn på dei grunnane mot
folkehøg-skuletanken som då vart førde fram, og segjer:
«Snu det som du vil, so må ein slik skule vera

til gagns.–Vi hava få folk med vilje og endå

færre med råd til at leggja ut ein skilling på ein
tanke, og det at Anker har havt både vilje og
råd til dette, merker mannen ut som ein framifrå

mann.–Det er ein god tanke, so sannt som

det er godt at upplysa folk.–-Grundtvig-

domen er ein god dom, når han vert brukad med
måte og til tid og stad. Han er i sin grunntanke
ein fridom frå skinnbrev og bokstavtru. Der er
noko fritt og folkelegt i den, og den stend derfor
i næraste samband med sovel den politiske som
tankens fridom. Derfor er den og national like
sovel her som i Danmark.»

Litt seinare skreiv han um kor turvande det
er at både bønder og forretningsfolk får «ein.
ålmenn åndeleg underbygning».

Faste timar med bibellesing, religion og
tilsvarande lekser hadde dei ikkje på Sagatun. Dette
fann mange av den gamle skulen underleg og
ukristeleg. At ein kunde få det religiøse med, når
ein ikkje hadde faste fag og timar til det, det
skyna dei ikkje.

Anker tok religionen med i kyrkjehistoria og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0022.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free