- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
22

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Herman Anker, 1839-1896

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

å vakne at i lengda vilde ikkje barneskulen vera
nok. I eit folkestyrt land kunde ikkje den vera
den einaste upplysingskjelda for folks
ålmenn-daning.

I ei og onnor bygd hadde dei difor alt freista
med «høiere almueskole». Desse skulane var
bygde på gamle grunnsetningar og nytta gamle
upplæringsmåtar. Her kunde dei soleis heller
ikkje få noka hjelp. Dessutan kjende dei ikkje
større til desse skulane. Dei måtte skapa noko
nytt i landet. Det fall då av seg sjølv at dei såg
til Danmark. Og det naturlege var, at for det
fyrste vart skulen mest etter dansk mønster. Men
dette vilde ikkje alltid høva. Den røynsla gjorde
dei nokso tidleg.

Andre vanskar var der og. Dei gutane som
kom til skulen, var ikkje alle slike som Arne,
Øivind og andre som bonderomantikken hadde
skapt. Både lærarane på Sagatun og mange
andre høgskulelærarar har nok gjort sine tunge
røynsler her. Men vitelyst, kunnskapstrong,
ideel trong hadde gutane, og etter kvart arbeidde
ei norsk form seg fram.

Fleirtalet av elevane hadde lite eller inkje
kjennskap til verds- og kyrkjesoga då dei kom
på skulen. Anker måtte difor taka med meir
elementære ting enn han frå fyrst av hadde
tenkt. Han freista serleg å gjeva bilete av livet
i dei sterkaste brytingstidene.

Det var ikkje alltid at dei best utarbeidde fore-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0024.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free