- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
30

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Herman Anker, 1839-1896

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

folkehøgskulen var i gang der, var Anker av og
til på skulen, las upp, oftast drama, eller han
tala over eit litterært emne. Han hadde eit
privat bibliotek på Gamle-Sagatun på over 4 000
band; både elevar og lærarar fekk låna bøker av
honom. Det var mest historisk litteratur og
diktverk. Men noko anna skulearbeid var han
ikkje med i. «Det var tydelig nok at se,» fortel
Arvesen, «at Ankers hjerte fremdeles var ved
skolens gjerning, og at det gjorde ham ondt at
han ikke var der lenger.»

Herman Anker elska poesi og åtte stor evne
til å rettleida ungdomen og vekkja skyn og
kjærleik hjå elevane til dikting. Skapande diktar i
vanleg tyding var han ikkje, og hadde heller
ikkje store tankar um seg sjølv i so måte. Han
skreiv mange dikt, m. a. brudlaupssongar til Ida
og Wollert Konow, Katti og Kai Møller og til
Karen og Johan Castberg.

Songane hans, som er lite kjende utanum
ætta-krinsen, ber bod frå ein fin, religiøs mann med
barnsleg tru og glede.

Den siste songen han skreiv, er tung og sår,
som ein kan venta det, etter livstilhøva hans i
dei siste åra. Mix Anker døydde 15. okt. 1892,
og ikkje so lenge etter vart han sjuk. Nokon
sterk mann hadde han aldri vore. Det siste året
han livde, var han blind.

Då både dags- og livsljoset tok til å dimmest
for honom, skreiv han:

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0032.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free