- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
34

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Olaus Arvesen, 1830-1917

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Onsøy i Austfold på ein av dei ytste oddane som
stikk ut i Skagerak. Her ligg eit lite bruk,
Bu-vik, på lag rett aust for Færder fyr, so nær
havet at drivet står høgt over hustaka i stormvér
frå vest.

Då guten var 1 år gamal, flutte faren til
ættegarden sin, Skåre, lenger aust i bygda, tett ved
Glåmosen. Faren, Arve Olsen Skåre, var ein
trottig fiskar og dreiv mykje på sjøen attåt det
vesle gardsbruket. Han sat trongt i det. Det
vart vanskeleg nok ogso etter at dei var flutte
til Skåre. Han sat i stor skuld og hadde ein stor
huslyd å syta for. Vanleg var han uppe kl. 5
um morgonen og i arbeid til seint på kvelden
saman med sønene, i onnetida. Han fekk likevel
tid til å lesa «Morgenbladet», og i kvilestundene
fortalde han husfolket um det som gjekk for seg
ute i verda. Det var tvo menn han interessera
seg for fram um alle andre: Ole Gabriel Ueland
og Ludvig Kossuth (Ungarn).

Mora stelte heime utan tenestegjente — det
hadde dei ikkje råd til å ha — i kjøken, fjøs og
grisehus. Det var vel ikkje alltid so lett for
henne. Ho hadde sét betre dagar, dotter til provst
Ole Røhmer Aagaard Sandberg i Onsøy.

Arve Olsen var ein flink og vakker kar, som
både las og skreiv godt, so det var på tale å få
honom til umgangsskulelærar i bygda. Han
hadde interesse for ting som låg langt utanfor bygde-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0038.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free