- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
37

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Olaus Arvesen, 1830-1917

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

overs, gjekk han på stortingsgalleriet i den gamle
stortingssalen og vart serleg teken av Johan
Sverdrups talekunst. Politikaren og folketalaren
skulde bli, lærde her mykje som han seinare fekk
nytte av.

Elles fekk han i desse åra til umgangsvener
mange av dei fremste mennene i tida, slike som
Bjørnstjerne Bjørnson, Ole Vig, Eilert Sundt, Ivar
Aasen, Aasmund Vinje, Henrik Ibsen, Jonas Lie,
Ludvig Lindeman o. fl.

For den gåverike og sterke mannen stod no
mange vegar opne. Det drog vel i ymse leid i
dei fyrste studentåra. Men etter møtet med
Anker i 1858 og vinteren i Kjøbenhamn såg han den
vegen han skulde gå og fylgde den sidan.

Arvesen hadde lett for å taka i mot og bli
påverka av andre. Men det han kunde få av alle
sine store norske vener, kom likevel ikkje upp
mot det han tok i mot frå Grundtvig; han måtte
ha ei reint merkeleg makt over folk.

Bjørnson var ikkje serleg audmjuk og blyg av
seg. Men andsynes «den største ånd i Norden»,
kjende han noko som han viljugt bøygde seg for.
Ein kan då lett skyna kor sterkt Grundtvig
måtte verka på andre. Mange unge danskar som
seinare vart millom dei fremste i landet, var
beintfram redde honom. «På mine spørgsmål om
ham,» skriv Arvesen, «afgav disse ungdommer
(Schrøder, Nørregaard, Trier og m. fl.) meget
snart den bekjendelse at de var grundtvigianere,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0041.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free